166 102 103MB
Norwegian Nynorsk Pages 196 Year 1995
JAN ARVE GJØVIK
Naturbruk og friluftsliv Nynorsk
G Nasjonalbiblioteket Depotbiblioteket
Yrkesopplæring ans 1995
© 1995, Yrkesopplæring ans
1. utgåve, 1. opplag
Godkjend av Nasjonalt læremiddelsenter i januar 1995.
Godkjenninga er knytt til fastsett læreplan av oktober 1993. Godkjenninga gjeld så lenge læreplanen er gyldig.
Grafisk formgjeving: Runar Wold Sats: Runar Wold Grafisk Produksjon
Omslag: Reidar Gjorven/Cover Design as Teikningar: Siri Sørlie
Printed in Norway by a.s Joh. Nordahls Trykkeri, Oslo 1995
ISBN 82-585-1092-4
Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverkloven og
fotografiloven eller i strid med avtalar om kopiering inngått med KOPINOR, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar og inndraging, og kan straffast med bøter eller fengsel.
2
Innhald FORORD FOR LÆRAREN
1 • KULTURLANDSKAPET Gammal og ny naturbruk formar landskapet Kulturlandskapstypar 12
Korleis har jordbruket påverka LANDSKAP?
vegetasjon og
12
Jordbruksepokar 13
Behov
for vern av kulturlandskapet 24
Økonomisk støtte til vern og stell 26
Kulturminne 28
Byggjeskikk 30
Industriell påverknad på KULTURLANDSKAPET
31
2 • NATUR OG KULTUR Nasjonalromantikken 35
Idrett og friluftsliv 38 Utanlandsk påverknad 39
Turliv med røter i gamle næringar 39 Natursynet gjennom tidene 40 Naturen som
inspirasjonskjelde for kunstnarleg UTFOLDING
3
42
INNHALD
Ting Natur og
du kan gjere sjølv 43
friluftsliv som inspirasjonskjelde for
POSITIVT samfunnsengasjement
46
3 • FRILUFTSLIV Kva er friluftsliv? 51 Ferdselsretten 54
Holdningar +
kunnskapar
+
dugleik
TRYGGLEIK 55
Skikk og bruk 56
Ta rådgjerder - ver trygg 56
Om å finne vegen 60 Klede 62
Kosthald 65
Verneutstyr 66 Ryggsekken 68 Overnatting ute 69 NÅR UHELLET ER UTE 69
Nødovernatting 69
Førstehjelp 72
Båtar og båtbruk 75 Ferie- og turbåtar 75
Båtar for jakt og fiske 78
Kano- og kajakkpadling 79 Tryggleik om bord og til sjøs 80
Spiskammerset i naturen 81 Fritidsfiske 82
Jakt 100
Bær og sopp 114
4
=
INNHALD
4 • NATURVERN
Historisk Klassisk
bakgrunn 119
naturvern og det utvida
NATURVERNOMG REPET 121
Motiv
for naturvern 122
Biologisk mangfald 123 Matnyttig mangfald 125 Naturmedisinar 125
Lønnsamt mangfald 126
Mangfald på fleire nivå 128 Menneskeleg påverknad på det biologiske
mangfaldet 129
Norsk biologisk mangfald 129
Klassisk naturvern 134 Naturreservat 135 Nasjonalpark 135
Naturminne 138
Landskapsvernområde 138
Vern av vassdrag 138
Korleis vel vi ut fredingsområde? 139
Moderne
naturvern 140
Naturforvaltning i Noreg 140
Globaliseringa av miljøproblema 149
5 • FLEIRBRUK Fleirbruk av skog 155 Korleis kan skogsdrift ta fleirbruksomsyn i
praksis? 156
Fleirbruk i jordbruket 159
Fleirbruk av vassdrag 162 Fleirbruk i strandsona 164 Fleirbruk av kystressursane 165
INNHALD
6 • ETIKK OG MILJØFILOSOFI Aukande
motstand mot jakt i
Noreg og? 170
Livsstilen påverkar holdningane våre 172
Synspunktet til jegeren 173 Synspunktet til jaktmotstandaren 174
Synspunktet til samfunnet 175 Synspunktet til viltet 179
Moralfilosofiske retningar 182 Menneskesentrert etikk 182 Konsekvensetikk og sinnelagsetikk 183
Økologisk etikk 183
LITTERATUR 190 STIKKORDREGISTER 193
6
Forord for læraren it hovudmål for undervisninga i naturbruk og fri luftsliv er å vere med på å skape det miljømedvitne mennesket. Faget kan medverke til dette ved å motive re for engasjement gjennom å framelske naturglede. Naturglede er evna til å kjenne seg heime i naturen, til å bli begeistra over å oppleve vakker natur, det å kunne fryde seg over samspelet i naturen. Dette er ikkje noko ein kan lære ved å lese ei bok. Naturgleda må utvikle seg gjennom aktivt friluftsliv. Det ei lærebok kan yte i denne samanhengen, er kunnskapar til å auke dugleiksnivået. Ved å meistre situasjonar betre kan ein flytte grensa for det ein oppleo ver som vanskeleg eller umogleg. A kjenne seg trygg i naturen er ein føresetnad for å finne glede i friluftsliv. I denne boka er kapittel 3 om praktisk friluftsliv eit hovudkapittel. Det handlar om holdningar, kunnskap ar og dugleik som til saman er føresetnader for trygg leik utanfor allfarveg. Dessutan er det lagt vekt på omtalen av haustingsaktivitetane fiske, jakt og bær- og soppsanking. Dette er aktivitetar med djupe røter i tra disjonell bruk av utmark. I tillegg til ei innføring i kor leis fiske, jakt og sanking går føre seg, er tradisjonell konservering av mat omtalt. Avsnitta om konservering høver for samarbeid med undervisninga i naturfag. Kapittel 1 har kulturlandskapet som tema. Kapitlet gir ei historisk oversikt over korleis naturbruken i pri mærnæringane har påverka landskapsutviklinga. Det er viktig at læraren finn høvelege demonstrasjonsområde i lokalmiljøet, slik at elevane får konkretisert samanhengen mellom natur, naturbruk og kultur. Kapittel 2 om natur og kultur viser korleis nasjonal romantikken blei inspirert av norsk natur, og korleis
E
7
FORORD FOR LÆREREN
kunsten på 1800-talet medverka til å skape ein nasjonal identitet. Det er dg teke med døme på at elevane kan lage enkle ting sjølv. Læreplanmålet om at elevane sjølv skal la seg inspirere til kunstnarleg verksemd, stiller openbert store krav til kvar einskild lærar. Det er igjen avgrensa kva lærebok og teori kan yte. Kapittel 1 og 2 høver for tverrfagleg undervisning i samarbeid med norsk. Kapittel 4 handlar om naturvern. Målsetjinga er at elevane skal forstå kva biologisk mangfald er, og kvifor det er viktig å ta vare på det. Vidare gir kapitlet ei inn føring i skilnaden på klassisk naturvern og ei økologisk tilpassa naturforvaltning. Omgrepet berekraftig utvik ling blir dg behandla. Dette er stort sett stoff som går ut over den ramma læreplanen definerer for grunnkurset. Etter mi meining er det likevel viktig at elevane allereie på dette trinnet får ei positiv holdning til naturvern. Omgrepa mangfold, klassisk naturvern og berekraftig utvikling bør alle gå gjennom. Resten av kapitlet kan leggjast opp som fordjupingsstoff. Kapittel 5 handlar om fleirbruk som eit verktøy for planlegging av naturbruk. Elevane vil dg bli presenter te for fleirbruksomgrepet i andre fag på grunnkurset. Det kan vere nyttig med litt større fordjuping i kva dette inneber, samstundes som vi ser på fleirbruk med friluftsliv, naturvern og alternative bygdenæringar som ståstad. Kapittel 6 tek opp etiske og miljøfilosofiske problem stillingar. Dette er utan tvil svært vanskelege tema. Det er neppe alle grunnkurselevar som vil ha utbytte av dette. På den andre sida er det mange elevar som er engasjerte i naturvern. For dei kan det vere inspireran de å utfolde seg filosofisk. Den generelle læreplanen legg vekt på etisk orientering som ein nødvendig føre setnad for heilskapsforståing og handling. Etikk og miljøfilosofi høver godt for samtalekveldar under turar. Eg har freista å gjere stoffet mindre abstrakt ved å ta utgangspunkt i ein diskusjon for eller mot jakt. Kvar einskild lærar må vurdere om dette emnet passar for heile klassen, eller om det bør leggjast opp som for djupingsstoff. I boka er ein del av stoffet sett inn i rammer. Dette er fordjupingsstoff om tema som blir behanda i hovudteksten. Det er opp til kvar einskild lærar å avgjere om stoffet i rammer skal bli gjennomgått. Mange av bilet
s
FORORD FOR LÆREREN
tekstane er lange og gir ein del tilleggsopplysningar i høve til hovudteksten. Lite motiverte elevar vil ha utbytte av å studere bilete og bilettekstar. Eg har teke med såpass mykje fordjupingsstoff (kapittel 6 og delar av kapittel 4 og rammetekstane) for å gjere boka eigna for differensiert opplæring. Oppdal, 5.8.1994 Jan Arve Gjøvik
I
9
FOTO: STEINAR MYHR
Einer (Juniperus communis) er vanlegvis ein liten busk, men kan somme stader få ein rett stamme (søyleeiner) og bli store som tre. Fleire stader i verda var eineren i gamle dagar rekna som eit heilagt tre. Sannsynlegvis kjem det av at einebæret har ein kryss på toppen. I kristen tid har dette blitt tolka som ein kross, og i eldre tider meinte folk at det likna på Tors hammar. Den gamle julesongen "Så går vi rundt om en einebærbusk" har truleg eit hei densk opphav. I det gamle Hellas blei einer nytta som tempelrøykjelse. I Noreg har den magiske krafta til eineren blant anna gitt seg utslag i at det var vanleg å strø golvet med opphakka einer ved gravferder. Elles har einer vore mykje nytta til røyking av kjøtt og fisk. Einebær treng to år på å bli modne. Derfor vil
vi alltid finne grøne og blåsvarte bær på same busk. Det usannsynlege i at alle bær skulle bli modne same år blir avspegla i denne regla: "Når hvert et einebær er sort, da giftes alle piker bort." Den svenske varianten lyder: "Når alla enbår hunnit mogna, bli alla flickor gifta och trogna." Det siste må vel vere enda meir utru leg? Einer blir mykje nytta som krydder i mat og drikke. Til dømes blir gin og genever krydra med einerekstrakt. Einerolje kan gi ein kraftig nyreirriterande effekt. Personar med veike nyrer bør derfor halde seg unna gin og genever, og elles vere varsame med einer. Einelog er avkok av einekvister. Einelog blei før i tida mykje nytta til ølbrygging og til vask ing av trekjørel. Einelog verkar desinfiserande, og luktar dessutan reint og godt.
KAPITTEL
1 Kulturlandskapet GAMMAL OG NY NATURBRUK FORMAR LANDSKAPET
i deler vanlegvis landskapet inn i tre hovudtypar avhengig av korleis og kor mykje menneska har påverka og omforma det: naturlandskap, kulturland skap og bylandskap. I dette kapitlet er det kulturland skapet vi skal sjå på. Kulturlandskapet er landskapet utanom byar og tettstader. Til skilnad frå naturland skapet er det forma av samspelet mellom naturlege prosessar og menneskeleg verksemd. Kulturlandska pet er natur som er prega av dyrking, forhausting, dyrehald og skogsdrift. Det er med andre ord i første rekkje landbruket som har forma kulturlandskapet. Men etter kvart har dg ureining frå industriell verksemd og folkekonsentrasjonar byrja å prege landskapsutviklinga. Industriell påverknad på kulturlandskapet blir omtalt i siste avsnitt av dette kapitlet. Industrielt påverka kultur landskap blir av og til kalla teknisk landskap. Ofte skil vi mellom det kultiverte landskapet og kul turelement i landskapet. På den eine sida har vi vegeta sjonen, på den andre sida bygningar, steinmurar, grav haugar og andre spor etter busetnad og gammal næringsverksemd. Vegetasjon og kulturelement skaper til saman ein heilskap som vi opplever som vakker og harmonisk, eller det motsette. Eit kulturlandskap er eit historisk landskap som for tel oss korleis lokalmiljøet har blitt til. Ved hjelp av kul turhistoriske kunnskapar kan vi lære å tolke landska pet. Betre forståing gjer opplevingane våre rikare, gjer oss meir knytte til ein plass og gir oss sterkare identitet.
V
11
KULTURLANDSKAPET
Kulturlandskapstypar Vi kan dele inn kulturlandskapa i Noreg på denne måten: Kystlandskapet den ytre delen av strandflata, med øyar, holmar og skjer.
Lyngheilandskapet dei trelause røsslyngheiane vi finn i fleire nordatlantis ke land.
Fjordlandskapet det frodige landskapet i fjordane lenger inne frå kysten.
Flatbygdlandskapet det opne jordbrukslandskapet med rolege former på Austlandet og i Trøndelag. Skogsbygdlandskapet område der landskapet er prega av barskog.
Dal- og fjellbygdlandskapet høgareliggjande område prega av fjellskog og areal over skoggrensa. Høgfjellslandskapet landskap prega av fjellbjørk, vidder og toppar. I dei neste avsnitta skal vi sjå på korleis jordbruk, skog bruk og fiske har forma desse landskapstypane.
Korleis har jordbruket påverka vegetasjon og landskap? Vi kan gå ut frå at Noreg med unntak av høgfjellet og dei mest vérharde kystområda var skogkledd før jord bruket byrja å prege landskapet. Jordbruket har påver ka vegetasjonen på mange måtar: Skogrydding - skogbrenning - trefelling
12
KULTURLANDSKAPET
Husdyrbeiting. Påverknaden heng saman med mange faktorar: - beiting med fleire artar (ku, hest, sau, geit, gris) - beiting med berre ein art - beiteintensiteten (talet på dyr pr. arealeining) - tidspunktet på året og lengda på ein beitesyklus Forhausting - høy (innmark/utmark) - lauv, kvist og lyng
Dyrking - planteart - jordarbeiding - gjødsling - drenering - hausting (til dømes kantslått) - driftsopplegg (vekselbruk, monokultur, haust-/vår-
pløying) - mekaniseringsgrad Heilt sidan folk byrja å halde husdyr, har vegetasjonen og dermed landskapsbiletet vore i stadig forandring. Kunnskap om gamle driftsmetodar i jordbruket er vik tig for å forstå korleis det kulturlandskapet vi har i dag, har blitt til. Slik kunnskap er dg viktig for stell av kul turlandskapet.
JORDBRUKSEPOKAR
Flytte jordbruk i yngre steinalder til bronsealderen (2500-1000 f.Kr.) Vi reknar med at det var i yngre steinalder at folk byrja å dyrke jorda i Noreg. Dette blir ofte kalla den første jordbruksrevolusjonen. Dyrkingsteknologien var basert på å bruke eit område til utbyttet blei for lite. Deretter flytta dei til eit nytt område og lét det gamle liggje brakk og gro igjen i ein eller fleire mannsaldrar til det på nytt var fruktbart. Bruken av jorda var hovudsakleg basert på husdyrbeiting i skogområde og rydding av små lysningar der dei dyrka korn. I denne perioden var klimaet i Noreg varmare enn i dag. Skogen var dominert av varmekjære lauvtre. Det var ikkje nødvendig å ha buskapen i hus om vinteren, og heller ikkje å sanke vinterfor. Da klimaet forverra
13
KULTURLANDSKAPET
seg mellom år 1000 og 500 f.Kr., trongst det vinterhus for dyr, og dermed måtte jordbrukarane bli bufaste. Permanent åkerland i bronsealderen fram til romersk jernalder (1000 f.Kr.-0) Overgangen til permanent åkerland basert på bruk av husdyrgjødsel blir kalla den andre jordbruksrevolusjonen. Vi reknar med at denne teknologien blei teken i bruk omkring 1000 år f.Kr. i vårt land, og at eit jordbruk basert på eit skilje mellom innmark og utmark levde side om side med det gamle flyttejordbruket fram til omkring Kristi fødsel. Dei endringane som jordbruket førte til i landskapet, var små heilt til skiljet mellom innmark og utmark blei systematisk utnytta for å auke avlingane omkring Kristi fødsel.
Innmark/utmark-jordbruk (0-1850) I dei første hundreåra etter Kristi fødsel auka folketalet raskt. Dette var ei tid med nyrydding av mange gardar. Men arkeologiske undersøkingar viser at i siste halvdel av 500-talet blei ei rad gardar liggjande øyde. Det ver kar som om folkemengda har blitt kraftig redusert. Ein teori er at pest var årsaka til dette. Men allereie hundre år seinare har mange øydegardar igjen komme i bruk. Jordbruket blei i denne perioden kraftig intensivert, og avlingane auka fordi utmarksbeiting auka tilgangen på husdyrgjødsel. Husdyra blei sleppte på beite i utmarka og blei sette i kve eller fjøs om natta. Dermed kunne ein del av gjødsla samlast opp og nyttast på inn marka. På denne måten blei plantenæringsstoff samla i utmarka og tilført dyrka jord ved hjelp av husdyr som omsette utmarksressursane til gjødsel. I tillegg blei det samla store mengder vinterfor i utmarka frå slåtteteigar. Lauv og kvist blei bg berga frå såkalla lauvingstre og styvingstre som mange stader er karakteristiske i landskapet den dag i dag. Seterdrift har vore vanleg i Noreg iallfall sidan vikingtida, men omfanget av setringa auka raskt på 1700- og 1800-talet, i takt med folkeauken. Seterdrifta medverka til at utmarka blei nytta enda meir intensivt. Forsankinga i utmarka var med på å auke gjødselmengdene som kunne nyttast i innmarka. Omkring 1850 kunne 25 % av vinterforet i visse område komme frå gjødsla inn mark, mens 10-20 % kom frå setervollar og heile 60 %
14
Gjetarane måtte drive sauene ned frå fjellet og setje dei i grindgjerde på innmarka over natta. Når grindgjerda hadde stått på same plassen nokre netter, blei dei flytta slik at heile enga kunne bli gjødsla. Dette blei kalla gjødsling med grindgang.
På utmarksslåttane i fjellet var det vanleg å setje høyet i stakk til det blei kjørt heim på sledeføre om vinteren. For å verne høyet mot beitandefe blei det sett eit steingjerde omkring stakken. Dette biletet er frå Jæren i Rogaland.
15
KULTURLANDSKAPET
FOTO: SIGURD A. FJÆR
Folkeauken på 1800-talet førte dei fleste stader til rovdrift på jord og skog. Det øvste biletet er frå 1865 og viser at llaberga i Bymarka i Trondheim var snauhogd. Skogplanting blei sett i verk frå 1872. Etter siste verdskrigen har igjen store areal i Bymarka nådd hogstmoden storleik. Det nedste biletet er frå 1992 og viser at llaberga igjen er skogkledd, og at somme område allereie er avverka.
JON SUULS BILLEDARKIV
frå slåttar i utmarka. Eit gammalt ordtak seier at "enga er mor til åkeren". Næringstransporten frå utmark til innmark gav grunnlag for folkevekst i det gamle bondesamfunnet. Frå omkring 1800 voks folketalet raskt og blei nesten tredobla fram til 1900, trass i utvandringa til Amerika. På 1800-talet fekk vi ein kraftig vekst i talet på hus menn. Det er sagt at befolkningseksplosjonen var ei følgje av freden, vaksinen og poteten. Den nordiske krigen blei avslutta i 1720, poteten kom i alminneleg bruk mot slutten av 1700-talet, og koppevaksinen blei teken i bruk i Noreg i 1810. Folkeveksten førte til rovdrift på jord og skog. Landskapsmåleri frå midten av 1800-talet og gamle fotografi frå hundreårsskiftet viser eit ope og trelaust kulturlandskap. Matkorn blei ofte sådd på branntomter etter at dei hadde svidd av skogen. Denne forma for jordbruk var vanleg den gongen menneska dreiv flyttejordbruk, og hadde ei viss utbreing heilt fram til moderne tid. På
FOTO: OYSTEIN SANDSDALEN
1600-talet tvinga uår i Finland mange husmenn og bønder til å forlate bruka sine og drive svijordbruk i skogane. Mange kom til Noreg, spesielt til områda aust for Solør i Hedmark, som i dag blir kalla Finnskogane. Lyngheiane langs kysten blei danna omkring Kristi fødsel, og er resultatet av ein kombinasjon av skogrydding, husdyrbeiting, sanking av røsslyng til vinterfor og regelbunden lyngbrenning for å halde lyngen frisk. Nær kysten var vinterklimaet så mildt at husdyra kunne gå ute om vinteren. Lenger inne i landet var snømengdene så store at heller ikkje den hardføre utegangarsauen greidde seg utan foring og tak over hovudet. Derfor blei jordbrukspraksisen ein annan innover i fjordbygdene og dalbygdene. Lyngheilandskapet er derfor avgrensa til dei yttarste kyststrøka. Elles blei kystlandskapet etter kvart prega av sjøbuer og fiskehjellar, og større og mindre hamne- og kaian legg. Allereie på 1200-talet var eksporten av tørrfisk gjennom Bergen stor (hanseathandelen). Rorbuene i fiskeværa kom seinare, og fekk først stort omfang omkring 1850 da salting og klippfiskproduksjon blei viktigare enn tørrfisken. Klippfisken blei tørka på sva berg som blei reinska for vegetasjon og jord. Saltkoking kravde store mengder trevirke, og dette førte fleire stader til avskoging. Vekselbruk med periodevis avlingsskifte, brakklegg-
17
I kulturlandskapet på jæren finn vi enno døme på at lyngheiar blir haldne i hevd ved beiting. Dei atlantiske lyngheiane dekkjer dei britiske øyane, delar av NordFrankrike, Belgia, Holland, Nord-Tyskland og Danmark og norskekysten opp til Troms. Dei har utvikla seg under fleire tusen års bruk til lyngsanking og beite. Regelmessig brenning av lyngheiane var nødvendig for å halde dei i hevd og for at lyngen skulle ha god næringsverdi.
GYLDENDALS BILLEDARKIV
Klippfisk er salta torsk som blei tørka på svaberg i sol og vind. Svaberga blei reinsa for jord og kosta og spylte før fisken blei lagd utover. Midt på dagen blei fisken snudd, og om kvelden blei han lagd opp i såter med "hatt" for å verne han mot nedbør og nattedogg. På biletet ser vi eit klippfiskberg ved Kristiansund.
ing, pløying, såing og ugrasluking kom etter kvart i bruk, men blei alminneleg først da dei første jordbruks skolane kom på 1800-talet. Hard beiting førte til at vi fekk store område med opne beiteskogar prega av grasartar som toler beite, og urter som husdyra ikkje åt (til dømes den giftige tyrihjelmen). I dal- og fjellbygdene blei fjellskogen prega av seter bruket. Ein føresetnad for fullseterdrift med ysting var god tilgang på brensel. Mot slutten av 1800-talet blei koking av brunost vanleg. Brunost kravde lang koketid. Det gjekk med særleg mykje brensel til brunostkok-
Etter at seterdrifta gjekk sterkt tilbake under og etter siste verdskrigen, har setervollane og beiteskogane blitt meir og meir gjengrodde. Figuren viser utviklinga i Romsdal i perioden 1900-1980. Dei opne seterbeita er kraftig reduserte sidan 1940, mens fjellbjørkeskogen har gått tilsvarande fram.
18
KULTURLANDSKAPET
ing. Som eit resultat av dette blei skoggrensa senka så mykje som 400 m visse stader på Vestlandet. Husdyr beiting i fjellbjørkeskogen har framelska fin grasvegetasjon med innslag av høgstaudar. Hogst av brensel og trevirke førte til avskoging fleire stader. Rørosvidda var tidlegare skogkledd, men det blei drive rovdrift på skogen frå midten av 1600-talet for å skaffe trekol til smeltehyttene til Røros koparverk. Viddelandskapet vi har i dag, er eit resultat av hogst i kombinasjon med husdyrbeiting som hindra gjenvek sten. Etter folketradisjonen var det jegeren Hans Olsen Aasen som fann ein ertsklump under jakt mellom Røros og Aursunden. Det førte til at Røros Koparverk blei oppretta i 1644. Den første eigaren var kammerherre Irgens, embets mann for danskekongen. Seinare blei verket teke over av kjøpmenn frå Trondheim med Thomas Angell i spissen. I perioden 1644 til 1814 blei det produsert 45 000 tonn kopar, og verket var rekna som eit av dei rikaste bergverkskonserna i Europa. På det meste var over 2000 mann knytte til drif ta. Det er berekna at verket i dei første 230 åra brukte 10 mil lionar kubikkmeter trekol og 300 000 famnar ved. Dette svarer til 9,3 millionar kubikkmeter fast trevirke. Den siste gruva, Olavsgruva, blei nedlagd i 1972. Verket gjekk konkurs i 1977. Olavsgruva blir i dag driven som museum. På grunn av dei særprega trehusa er Røros teken med på UNESCOs World Heritage List, og er dermed rang ert som eit av dei viktigaste minnesmerka i verda.
Jernverka som blei starta på 1500- og 1600-talet, førte mange stader til avskoging. Tidlegare var jernproduksjonen basert på myrmalm, og vi kan særleg i fjellskogen finne blåstergroper og slagghaugar som viser at her var det jernvinne. Tjærebrenning i miler gjekk dg hardt ut over skogen mange plassar. På midten av 1600-talet blei det innført forbod mot å nytte anna virke enn vind fall og røter i tjæremilene. Dette blei gjort for å spare tømmerskogen, som hadde blitt verdifull etter at vasssaga blei oppfunnen på 1500-talet og la grunnlaget for ein omfattande trelasteksport. Plukkhogst eller dimensjonshogst var hogstmetoden i gullalderen for trelasten. Det vil seie at dei plukka dei største og beste enkelttrea og let resten stå. Alle tre som heldt 5 tommar (12 cm) i diameter 6 alen (3,75 m) over bakken, gjekk med i dimensjonshogstane. Den genetiske kvaliteten
19
KULTURLANDSKAPET
på det som stod igjen, kunne vere tvilsam. I store om råde omkring fløytingselvar, innsjøar og fjordar blei barskogen ganske glissen etter kvart. Dei store eikeskogane på Sørlandet blei drivne hardt og blei nesten øydelagde, fordi eik var eit godt skipstømmer.
Vekstskifte og handelsgjødsel (1850-1950) Med aukande befolkning blei etter kvart jorda utpint. Det gamle systemet med overføring av plantenæring ved hjelp av husdyra frå utmark til innmark kom til kort. Vekstskifte med nitrogenfikserande plantar (erter og kløver) kom i bruk. Etter kvart blei det dg vanleg å importere gjødselstoff frå fjerntliggjande økosystem, til dømes menneskegjødsel kjøpt frå byar og tettstader, beinmjøl og mergel, og etter kvart guano frå SørAmerika og fosformineral frå Asia. Samstundes blei det vanleg å drenere vassjuk jord, og vi fekk nye tek nikkar som djuppløying og bruk av foredla plantesortar. I denne perioden, spesielt mellom 1850 og 1900, gjennomgjekk norsk landbruk “det store hamskiftet". Denne nemninga viser til overgangen frå eit sjølvbergingsjordbruk med hovudvekt på naturalhushald til eit handelsjordbruk med hovudvekt på pengehushald. Bøndene byrja å dyrke korn og potetar og lage kjøtt- og mjølkeprodukt for sal til ei aukande bybefolkning, som ikkje lenger framstilte sin eigen mat. Kontantinntektene frå salet gjorde det mogleg å kjøpe innsatsfak torar som gjødsel, drensrøyr og maskinar som slåmaskinar og treskjeverk. Dette er perioden for hestemekanisering. I flatbygdene blei det i denne perioden drenert mykje våtmark, og grunne innsjøar blei tappa ned og dyrka opp. Samstundes blei landskapet påverka av jordutskiftinga som skjedde omkring 1900. Befolkningsveksten på 1700- og 1800-talet hadde ført til oppdeling av gardar og etablering av nye bruk og husmannsplassar. Når ein gard blei delt mellom to søner, var det vanleg at begge skulle ha litt av både den beste og den dårlegaste jorda. Dette førte til oppdeling av teigar og ein eigedomsstruktur som blir kalla teigblanding. Både innmark og utmark blei prega av steingjerde, utgardar, fegater (gei lar, gutuer) og driftsvegar på kryss og tvers. Dette mosaikklandskapet var ikkje veleigna for handelsjord-
20
KULTURLANDSKAPET
bruket, som krev større samanhengande åkrar og rasjo nell transport. Derfor pressa det seg fram ei utskifting av jord med sikte på at jordlappane som hørte til ein gard, skulle samlast til eit areal som var praktisk ut frå dei nye krava i tida. Som ei følgje av utskiftinga blei steingjerde og åker reiner fjerna, og fegater og driftsvegar blei oppdyrka. I skogen blei det hogd ut nye eigedomsgrenser, som ofte arta seg som rette linjer frå dalbotnen og opp til skog grensa. Alle bruk skulle ha litt av alt, og derfor blei skog en ofte utskifta i lange, smale teigar "frå fjære til fjell". Trass i desse endringane var likevel kulturland skapet omkring 1950 prega av mindre rovdrift enn tidlegare, stor variasjonsrikdom, økologisk mangfald og gode levevilkår for ville dyr. Det er først med den omfattande traktormekaniseringa og effektiviseringa som har skjedd etter 1950, at kulturlandskapet er trua av utarming. Industrielt landbruk (1950-) Innføringa av det industrielle landbruket blir kalla den tredje jordbruksrevolusjonen. Han er kjenneteikna ved at bruken av kunstgjødsel blir heilt dominerande, sam stundes med at traktoren avløyser hesten og maskinar erstattar manuell arbeidskraft. Da skurtreskjaren kom i bruk i 50-åra, forsvann kornbandstakane som mange stader prega haustlandskapet. Monokulturar som blei haldne ved like ved hjelp av plantevernmiddel, kom i aukande grad i staden for vekselbruk. Areala blei til passa bruken av tunge maskinar mellom anna ved at ein fjerna gamle steingardar og åkerholmar. På grunn av tilskotsreglar blei det lønnsamt å planere bakkar, leggje bekker i røyr og drenere våtmark og vassjuke areal. Jordbruket blei i denne perioden heilt avhengig av kunstgjødsel, kjemikal, maskinar og drivstoff, med andre ord innsatsfaktorar produserte av industrien. Omlegginga av jordbruket i Noreg etter 1950 har ført til spesialisering av kornproduksjon i flatbygdene, og grovforproduksjon og husdyrhald i fjell-, dal-, fjord- og kystbygdene. Intensivering av produksjonen har ført til miljø- og ureiningsproblem, som jorderosjon, gjødselavrenning og spreiing av kjemikal. Utmarka har stort sett blitt teken ut av produksjonen, og landskapet er mange stader prega av gjengroing. Gamle drifts bygningar og våningshus er rivne og erstatta med
21
FOTO: SVEIN GRØNVOLD
Spesialisert kornproduksjon og tilpassing av areala til effektiv maskindrift har gjort landskapet einsformig i flatbygdene. Biletet frå Ringerike viser eit landskap som er variert.
Teikningane (Eva Preede) viser korleis kulturlandskapet har utvikla seg på flatbygdene etter 1950. 1950: Allsidig gardsdrift med vekstskifte skaper eit variert kulturlandskap i god økologisk balanse. Skogbryn, åkerholmar og delelinjer skaper gode leveog skjidområde for naturleg dyre- og planteliv. Hamnehagar og beitemark blir haldne i hevd ved husdyrbeiting.
22
KULTURLANDSKAPET
1980: Jordbruksproduksjonen er lagd om frå allsidig drift og husdyrhald til intensiv kornproduksjon. Ei rekkje verdiar i kulturlandskapet er forringa eller forsvunne ved bakkeplanering, bekkelukking og samanslåing av mindre jorde til få og større. Fegater med steingjerde er fjerna, og vegetasjonen i delelinjene er ofte sprøytebrakka. Hamnehagen er tilplanta med gran, og gammal beitemark gror til med naturleg vegetasjon. I gardstunet er frukthagen og hekken rydda.
2000: Det er gjennomført forbetringstiltak for å leggje til rette for fleirbruk og ferdsel. Ein nyplanta bjørkeallé fører fram til gardstunet.Tynningshogst er gjennomført i tidlegare gjengrodd beitemark, og no blir det skjøtta som beita hagemark og bjørkeskog. Skjøtselen har skapt opne og breie skogbryn og kantsoner som er gode leveområde for naturleg dyre- og planteliv. Frå gardsvegnettet og kantsonene er det gode høve for ferdsel, utsikt og opplevingar av kulturlandskapet i landbruksområdet.
23
KULTURLANDSKAPET
Behov for vern av kulturlandskapet Verdifull kulturarv, mangfald og miljøgode er i ferd med å gå tapt. Det hastar med å komme i gang med vern av kulturlandskapet, miljøvennlege driftsformer og aktive skjøtselstiltak. Det mosaikkprega og mang faldige kulturlandskapet på landsbygda er ein del av den nasjonale kulturarven vår, og er med på å gi landet særpreg. Mange meiner at det norske kulturlandskapet framleis er noko av det vakraste som finst i Europa. Framleis er mykje av kulturlandskapet frå 50-åra teke
FOTO UNNI DAHL GRUE
Dyreartane har ulike beitevanar. På utmarksbeite et geita 1/3 gras, mens lauv, buskar og smatre utgjer over halvparten av fdropptaket. Sauen er ikkje fullt så effektiv til å rydde krattskog, men sau i granplantefelt har vist seg å vere effektivt for å hindre gras og kratt i å kvele dei små granplantane. Storfe er ein typisk grasbeitar, og det same er hest, som klipper graset spesielt jamt og fint. På biletet ser vi sambeiting av sau og storfe. Dette er ein effektiv metode til å halde utmarksbeite opne.
moderne ferdighus som ikkje er tilpassa tradisjonell byggjeskikk. Eit svært ope og lite variert landskap har mange stader blitt resultatet av moderne landbruksdrift med store maskinar. Utarminga av dyrelivet i kulturland skapet er ein indikator på at utviklinga er uheldig. Som ein tommelfingerregel kan vi gå ut frå at eit landskap der ville dyr er artsrike og talrike, dg er eit variert land skap med store estetiske verdiar.
24
KULTURLANDSKAPET
vare på i husdyrbygdene. Utan tvil har dei estetiske verdiane som ligg i kulturlandskapet, mykje å seie for reiselivsnæringa. For å ta vare på det mest verdifulle i kulturlandskap et er det viktig at tilhøva blir lagde til rette for å halde oppe landbruket i utkantstrøka, samstundes som vi legg vinn på eit variert landskap i sentrale strøk. Det er vidare viktig å stimulere driftsformer som fører til eit variert landskapsbilete, slik som allsidig husdyrhald med beite i utmark. Bekkelukking Sidan 50-åra har fleire tusen kilometer bekk blitt kanaliserte eller lagde i røyr. Ein bekk er eit naturleg reinseanlegg som har stor kapasitet til å bryte ned ulike typar ureining. Spesielt effektiv er nedbrytinga av organiske stoff som hus dyrgjødsel, silosaft, utslepp i samband med halmluting og kloakk frå spreidd busetnad, vel å merke så lenge mengda av organisk ureining er avgrensa i høve til vassføringa i bekken. Når bekken blir lagd i røyr, blir reinsefunksjonen øydelagd, og eventuell ureining blir ført ufortynna til større elvar eller innsjøar. Bekker har dg ein flaumdempande funksjon som er med på å jamne ut regn- og smeltevassflaumar. Vatnet renn snøg gare i røyr eller kanalar. Dei store skadeflaumane i fleire europeiske land vinteren 1993/94 kom av at bekker og småelvar har blitt lagde i røyr, eller blitt kanaliserte over store område. Langs bekker og grøfter er det gjerne ein artsrik gras- og urtevegetasjon. Slike område er viktige skjule-, yngle- og leveplassar for mange dyreartar.
Vegetasjonsbelte Naturlege vegetasjonsbelte langs delelinjer, gjerde, fegater og bekker har i stor grad blitt fjerna for å tilpasse areala til effektiv maskindrift. Vegetasjonsbelte minskar farten på overflatevatn og fungerer derfor som ei felle, der jord og næringsstoff blir samla opp i staden for å bli vaska ut i vass drag. Tre og buskar med djupt rotsystem og store rotgangar gir jorda større evne til å suge til seg vatn, noko som reduse rer utvasking og dempar flaumar. Næringstoff i vatn som renn av frå dyrka mark, blir sogne opp av plantar og tre i vegetasjonsbelta og blir frigjorde til bake til jorda ved lauvfall og nedbryting. Trevegetasjon bind næring lenger og betre enn gras og urter. Vegetasjonsbelte vernar jordbruksareal mot vind. Lebelte
25
FOTO: UNNI DAHL GRUE
KULTURLANDSKAPET
Det ideelle vegetasjonsbeltet er breitt, lysope, fleirsjikta og har innslag au blom- og fruktberande buskar og tre. Når lys slepp ned til bakken, utviklar det seg eit gras- og urterikt feltsjikt. Busksjiktet gir viltet skjul og gjer vegetasjonsbeltet til ein god trekkvegfor viltet gjennom kulturlandskapet. Tresjiktet skaper leverknad og hekkeområde for fuglar, som dg nyttiggjer seg bær som føde. Ein biotop som fremmar eit allsidig dyreliv, er dg pen å sjå på.
reduserer uttørking av jorda og dempar temperaturvariasjonar. Vegetasjonsbelte er viktige opphaldstader for vilt, særleg når beltet har eit busksjikt som gir godt skjul. Vegetasjons belte bind saman skogholt og fungerer som viltkorridorar. Dei er vidare viktige landskapselement som gjer landska pet variert og mosaikkprega. Vegetasjonsbelte kan nyttast som ferdselsvegar gjennom kulturlandskapet.
ØKONOMISK STØTTE TIL VERN OG STELL Fordi ein veit kor viktig kulturlandskapet er, blei støtte ordningane for landbruket lagde om frå og med jordbruksoppgjeret i 1990. Det blei da innført eit generelt areal- og kulturlandskapstillegg knytt til desse "grov maska" krava:
- Eksisterande grøfter og bekker skal ikkje kanaliserast eller lukkast - Jordbruksareal skal ikkje planerast
FOTO: UNNI DAHL GRUE
FOTO: RAGNAR FRISLID
I gamle dagar hausta dei lauv og kvist til dyrefor ved å kappe tynne greiner av trea. Slik utvikla det seg styvingstre med karakteristisk kraftig stamme og tynne greiner. Til venstre på biletet ser vi styvingstre som nyleg har blitt hausta, mens vi til høgre ser tre med fleire års tilvekst. Vi kan i dag få spesielle tilskot for å ta vare på tradisjonelle kulturmarktypar som styvingstre, stubbeskotskog, lyngheiar og slåttemyrar.
Beitebakkar er utvikla ved langvarig beiting. Karakteristisk for beitebakkane er einerbuskane som blir ståande igjen fordi dei ikkje blir beita av husdyr. Ofte blei buskeineren rydda unna mens den rettstamma søyleeineren fekk stå til han var på storleik med gjerdestaur. Einer hadde den føremonnen som gjerdestaur at han ikkje rotna så lett. Beitebakkar med einer blir ofte kalla einerbakkar eller einerhagar.
27
KULTURLANDSKAPET
- Eksisterande skogbryn og kantvegetasjon skal ikkje fjernast - Eksisterande åkerholmar, steingjerde og rydningsrøysar skal ikkje fjernast - Kantvegetasjon skal ikkje sprøytast - Eksisterande ferdselsårar skal ikkje stengjast Hovudmålet med denne ordninga er å ta vare på eksi sterande kulturlandskap og hindre ytterlegare tap og skadar av kulturlandskapsverdiar og økologisk mang fald i produksjonsareal. Det blir dg gitt ekstra areal- og kulturlandskapstillegg gjennom jordbruksavtalen for restaurering og stell av særleg verdifullt kulturlandskap, og til drift av musealt kulturlandskap og tradisjonelle kulturlandskapstypar. Musealt landskap er kulturhistorisk viktige areal og landskapselement som er verna etter kultur minnelova eller naturvernlova. Tradisjonelle kulturlandskapstypar er beitemark, urterike slåtteenger og setervollar, lyngmark, hagemarkstypar, styvingstre og rotskotskog. Landbrukets utbyggingsfond gir dessutan støtte til å setje i stand særleg verdifullt kulturlandskap.
Kulturminne Fornminne er kulturminne frå oldtid og mellomalder fram til reformasjonen i 1537. Alle fornminne er auto matisk freda med ei sone på minst 5 meter rundt kvart objekt. Døme på slike fornminne er: -
helleristningar og fangstgraver buplassar og gravhaugar oldtidsvegar kyrkjer og kyrkjeruinar bygdeborger og forsvarsanlegg fangstgraver og leiegjerde
Samiske kulturminne som er eldre enn 100 år, er dg automatisk freda. Døme på slike kulturminne er:
- offer- og jordfestingsmerke - telt- og buplassar - naust- og fiskeplassar
28
GYLDENDALS BILLEDARKIV
KULTURLANDSKAPET
Kulturminne som ikkje utan vidare er freda, men som kan vere viktige miljø- og landskapselement, er til dø mes:
-
eldre gardsbygningar og tufter husmannsplassar og tufter gjerde, stigar, vegar, bruer rydningsrøysar, steingjerde og bakkemurar historiske hagar sag- og kvernanlegg seteranlegg, tufter, gjerde og slåttebuer utmarksløer, stakkstenger skogshytter og fløyingsdammar tomter etter kol- og tjærebrenning jakt- og fiskehytter
Det knyter seg viktige vitskaplege, historiske og peda gogiske interesser til fornminne og kulturminne i land skapet. Mange kan glede seg over dei i fritida og under rekreasjon. Ein del slike minne har gått tapt på grunn
29
Vi skil mellom fornminne og nyare kulturminne. Fornminne skriv seg frå før reformasjonen i 1537 og er automatisk freda. Biletet viser eit helleristingsfelt frå tidleg jordbrukskultur i Skjeberg i Østfold.
KULTURLANDSKAPET
av manglande kunnskapar, feil prioritering, oppdyrk ing og utbygging. Det er ei viktig oppgåve å ta vare på det som er igjen, og stelle og utvikle landskapet omkring desse minna. Stadnamn er viktige kulturminne som ofte fortel om historisk bruk av staden. Namn på teigar, åkerlappar, slåtteenger og liknande er i ferd med å gå i gløyme boka. Det er viktig å få registrert så mykje som mogleg av denne tradisjonen før dei som hugsar dette, går bort.
Byggjeskikk Gardsmiljø med bygningar, byggjeskikk, tun, hage og vegar rommar verdifull kulturarv og historie. Ufor standig riving eller restaurering av gamle bygningar, eller oppføring av nye bygningar som bryt med lokal byggjeskikk, er med på å forringe dei estetiske verdi ane i kulturlandskapet. I dei ulike landsdelane har det utvikla seg eigne tunformer og bygningstypar tilpassa klima, naturgrunn lag, terreng og tradisjonelle driftsformer i mellom alderen og seinare. Fellestrekk for eldre gardsmiljø er tette og tronge tun med mange og små hus konstruerte av naturmaterialar. Typiske tunformer er:
- klyngjetun på Vestlandet og i delar av Nord-Noreg - rekkjetun i Telemark, på Sørlandet, i delar av Møre og Romsdal, i Nord-Noreg og på Vestlandet - to-tunsanlegg med inntun og uttun i Gudbrands dalen - firkanttun i fjellbygdene på Austlandet og i Trønde lag Langs kysten har vi landskapsestetisk verdifull buset nad rundt hamner og i form av sjøhus, handelshus, prestegardar og væreigargardar. Tuntreet Opphavleg var tuntreet eit heilagt tre som voks på den stad en der haugbonden var gravlagd. Haugbonden var den som først rydda garden og grunnla ætta. Andre namn på haug bonden er rudkall, gardvord, tomte og haugtusse. Folk trud de at haugbonden heldt eit vake auge med gard og ætt frå den haugen han budde i. Eit stort tre som voks på haugen, blei dyrka som lekamleggjeringa av haugbonden. For å blid-
30
FOTO: TRYM IVAR BERGSMO / SAMFOTO
gjere han var det vanleg å bere mat og øl til treet. Det måtte ikkje nyttast skarpt på eit slikt heilagt tre, det vil seie at treet ikkje måtte lauvast eller på annan måte skadast av øks eller kniv. Seinare blei skikken med ofring til heilage tre og heilage lundar avløyst av skikken med å plante eit spesielt tre på ein høveleg plass i gardstunet. Framleis blei det rekna som ei ulykke om tuntreet skulle bli skadd. Dersom tuntreet døyd de, blei det rekna som eit dårleg varsel foi framtida på gard en for slekta. Store, gamle tre er kulturminne vi skal verne om. Opp gjennom tidene har tre vore viktige som religiøse og kultu relle symbol. Frå Bibelen kjenner vi kunnskapstreet, og frå norrøn mytologi kjenner vi Yggdrasil. Verdstreet Yggdrasil var ein ask, som nådde over himmelen og breidde greinene sine over heile verda. Yggdrasil skulle skjelve før ragnarok, og varsle om verdsundergangen.
Industriell påverknad på kulturlandskapet Industrien har, saman med byane og urbaniseringa som følgjer med, påverka landskapet på ein gjennom gripande måte i dei siste 100 åra. Som nemnt inn leiingsvis i dette kapitlet skil vi mellom kulturlandskap og bylandskap, og den sistnemnde landskapsforma
31
Kulturlandskapet langs kysten er prega av hamner med tradisjonelle sjøhus. Nusfjord er blant dei best bevarte fiskeværa i Lofoten.
SAMFOTO R. SORENSEN
FOTO: J.B. OLSEN
'
I reguleringsmagasin blir ofte skogsmark neddemd. Om våren når magasinet er ned tappa, kjem regulerings sona til syne som ein ørken av stein og stubbar. Biletet er frå Neådalen i Sør-Trøndelag.
skal vi ikkje drøfte her. Arkitekturen, kulturhistoria, vegnettet, restvegetasjonen og livsmiljøet gir bylandskapet store opplevingsverdiar, men det knyter seg dg mange miljøproblem til det. Bylandskapet kan ikkje behandlast kortfatta, og er derfor utelate. I dette avsnit tet skal vi avgrense oss til korleis industrisamfunnet påverkar landskapet utanfor byane, altså påverknaden på vegetasjon og landskapselement på landsbygda. Ureining Det er særleg gjennom luftureining at industrien påverkar vegetasjonen over store område. Eit problem i Europa er produksjon av svovel- og nitrathaldige avgassar som blir transporterte over kortare og lengre avstandar med vér og vind og fell ned som sur nedbør. Det store skogområdet Schwarzwald som strekkjer seg frå Sør-Tyskland inn i Tsjekkia, er no prega av at barskogkronene blir glisne, og etter kvart blir det ein
32
KULTURLANDSKAPET
omfattande skogdød. Grenseområda mellom Tsjekkia, Polen og det tidlegare Aust-Tyskland blir kalla det svarte triangelet. På Kolahalvøya har ureining frå smelteverka i Nikkel, som ligg nokre få kilometer frå norskegrensa, ført til total skogdød i eit større område. I Sør-Noreg har sur nedbør utrydda ferskvassfisk i eit område stør re enn 20 000 km2. I eit område på 86 000 km2 er det dokumentert store skadar. Dette er 25 % av det totale arealet til Noreg. Resultata frå skogovervakingsprogrammet som star ta i Noreg i 1988, viser at helsetilstanden i skogen utviklar seg i negativ retning, med dårlegare kronetettleik og fleire misfarga tre. Men ein kan ikkje vere heilt sikker på at dette berre kjem av sur nedbør. Mange stader ser vi no at skoggrensa flyttar seg opp over mot fjellet. Vi reknar med at dette er resultatet av redusert beitepress og mindre vedhogst i seterskogen, saman med gjødseleffekten frå nitratet i den sure ned børen. Utslepp av kjemikal og næringssalt til vassdrag kan skade livsmiljøet både i ferskvatn og i sjøvatn. Lokalt kan sigevatn frå gruver og gruvetippar utrydde alt liv i bekker og elvar. Visuell påverknad Vassdragsreguleringar og kraftgater er omfattande tek niske inngrep i naturen. Reguleringsmagasina er kjen neteikna av demningar og ei gold strandsone om våren og forsommaren. Kraftgatene skjer seg gjennom skog, jordbrukslandskap og høgfjell og forstyrrar landskapsopplevinga. Steintippar med geometrisk rett linjeføring stikk seg ut som framandelement. Kritikken mot slike inngrep voks seg sterk i 1970-åra. Resultatet har blitt at ein i dag tek langt meir omsyn til landskapet ved slike utbyggingar. Dette gjeld dg i sam band med vegbygging, der ein langt meir enn før ser på korleis linjeføring, steintippar og skjeringar verkar i landskapet. Utbygging av turistanlegg, hyttegrender, alpinan legg og andre idrettsanlegg kan dg gi landskapet unød vendige sår. Spesielt verneskogen opp mot fjellet og strandsona langs vassdrag og ved kysten er sårbar for slike utbyggingar.
33
FOTO. J.B. OLSEN / R. SORENSEN
Malurt (Artemisia absinthium) tyder "møllurt". I gamle dagar var det vanleg å leggje malurt mellom klede som skulle leggjast vekk ei tid, for å verne dei mot møll. Det vitskaplege namnet artemisia kjem av Artemis, som var den greske gudinna for jakt og friluftsliv. Malurt inneheld ei rekkje bitterstoff og aro matiske stoff. Det viktigaste bitterstoffet heiter absintin, og er så kraftig at det er mogleg å kjen ne smaken sjølv i ei fortynning på 1:60 000. Malurtolje blir nytta som krydder i vermut, og blei tidlegare nytta til å lage absintbrennevin. Malurtolje inneheld thujon, ei nervegift som gir hallusinasjonar. Storforbrukarar av absintbren nevin utvikla gjerne epilepsi eller fekk psykiske lidingar. Absint blei forbode i dei fleste land før første verdskrig. Den kjende målaren Vincent van Gogh drakk mykje absint. Ein teori går ut på at absintdrikkinga hans var forklaringa på at han leid av epi
lepsi, og at han til tider var psykotisk. Dei impresjonistiske bileta hans med geniale fargekomposisjonar kunne komme av synshallusinasjonar i absintrus. I det heile blei absint mykje nytta av franske kunstnarar mot slutten av 1800-talet, da impresjonismen fekk sitt gjen nombrot. Impresjonistane tok staffelia ut i natu ren og forsøkte å feste augeblinksstemninga direkte på lerretet. Dei forsøkte å måle inntrykka sine av stemningar og sanseopplevingar, eller sin "impression" (fransk). Kan hende dei uvan lege inntrykka kjem av absint? I tillegg til å vere krydder i ulike alkoholhaldi ge drikker, har malurt vore nytta som medisin mot omtrent alt, frå mark hos småbarn, kolera, pest og feber, til "moderens urolighet". Malurt blir nytta i dag som eit mageregulerande mid del. Saman med burot er det malurt som gir grønfargen til grøn bitter.
KAPITTEL
Natur og kultur a Aasmund Olavsson Vinje på den namngjetne ferda si gjennom den norske fjellheimen såg ut over Rondane og lovprisa den vakre Stor-Ronden, for stod ikkje bygdefolket han. Vinje skriv i "Ferdaminni frå Sumaren 1860":
D
"Du segjer, at Runden er fager, du" sagde ei kone på Stavsbuøy til meg, "nei stygg er han som den Vonde sjølv, og når han kjem med sin Snjogufs og Vind Haust og Vetr, so er her mest ikki verande til for Folk men Troll."
Vinje kommenterte dette med å seie at denne bonde kona hadde ein smak "beint imot den noverande Kunstsmak", og seier vidare: "Til styggare Heimefolket finna det, til fagrare vil Målarar og slike Folk finna det. Her var ein Mann, som kann vera ein Mønstermann for Vænleikslæra; han het endå Olaf. Han hadde bygt upp eit Stabur utanfor Vindauget sit og dermed skygt burt Utsynet til Vatnet og Lid og Fjøll: "Det fagraste som til er, det er Staburet, for der er Korn og Mjøl og Kjøt og Flesk," sagde han, då Presten skjende på honom for dette."
Nasjonalromantikken Da Vinje (1818-1870) skreiv dette, var han påverka av nasjonalromantikken, ei retning innanfor kunsten som var dominerande i Noreg omkring 1840 til 1870. Romantikarane vende seg til naturen og folkekulturen for å søkje inspirasjon. Dei teikna eit nytt bilete av naturen som storslått, vakker og forlokkande. Spesielt dei tidlegare så skremmande, ville og ugjestmilde fjella blei dyrka med lidenskap av dei norske romantikarane.
35
Måleri av Hans Gude frå 1859. Motivet er frå Lillesand. Kunstnarane i nasjonalromantikken henta motiva først og fremst frå fjell og bondemiljø, men sjøen og kystkulturen gav dei dg inspirasjon.
Dei framstilte fjell, natur og bondekultur som det eigentlege norske, og var med på å skape eit nasjonalt sjølvbilete der naturgrunnlaget var eit sentralt element i livet og slitet til menneska. I 1850-åra publiserte Bjørnstjerne Bjørnson (18321910) bondeforteljingane sine. Han hadde som klart mål å styrkje den nasjonale sjølvkjensla hos bøndene. Noreg var på denne tida i union med Sverige. Bjørnson tok opp arven frå Henrik Wergeland og blei ein sentral talsmann for dei som ville ha ein sjølvstendig norsk nasjonalstat. Samansmeltinga av den nasjonale hold ninga og romantikken er det som blir kalla nasjonal romantikken. Norsk natur og folkekultur blei samlingsmerke i kampen for norsk sjølvstende. Asbjørnsen og Moe gjen fortalde folkeeventyra i 1841-44, og “Norske huldre eventyr og folkesagn", samla av Asbjørnsen, kom i 1845-48. Ivar Aasen gav ut den nynorske grammatikken sin i 1848 og ordboka over folkespråket i 1850. Innanfor målarkunsten blir Johannes Flintoe rekna som oppdagaren av det norske landskapet og folkelivet. Han blei læremeister for Adolph Tidemand og landskapsmålarar som J.C. Dahl og Hans Gude, som laga idyl liske, nesten sentimentale skildringar av norsk natur.
36
FOTO: O. VÆRING
NATUR OG KULTUR
FOTO:
NASJONALGALLERIET
NATUR OG KULTUR
Dei første teikna til ein spesifikk norsk tonekunst fekk vi da Waldemar Thrane sette tonar til Henrik Bjerregaards songspel "Fjeldeventyret" i 1824. Ole Bull (1810-80) presenterte norsk folkemusikk på konsertane sine, og opptredde saman med den kjende speleman nen Myllarguten (Torgeir Augundsson). Med Edvard Grieg (1843-1907) blei norsk musikk dg kjend utanfor landet. Nasjonalromantikken kom dg til uttrykk i arkitektu ren. Holm Munthe studerte gammal norsk trearkitektur, og bygde Frognersetra i drakestil. "Tilbake til naturen!" Jean-Jacques Rousseau (1712-1778) var ein fransk filosof og forfattar. 11749 leverte han ei avhandling som svar på denne prisoppgåva: "Har framstega i vitskap og kunst verka til å forbetre sedene til menneska?" Rousseau svarte eit avgjort nei. Han meinte at det var i naturtilstanden mennesket had de det best. Rousseau meinte menneska var fødde frie, men at dei overalt lever som slavar - kua av samfunnsordninga. Fridommen ligg i at menneska lever i samsvar med den san ne naturen sin, som kjem til uttrykk gjennom kjenslene. Rousseau meinte at mennesket var skapt godt, men hadde forkommest blant andre og var øydelagt av samfunnet. Han
37
Måleriet 'Morgen ved NyHellesund" av Amaldeus Nielsenfrå 1885. Olavssundet går bakover forbi husa. Segna seier at sundet blei laga ved at Olav den heilage segla rett gjennom berget med båt.
NATUR OG KULTUR
definerte fridommen slik: å vere fri er å etterleve lovar som vi har gitt oss sjølv. Fordi mennesket er godt av natur, vil det å handle ut frå det nødvendige i eigen natur ikkje føre til egoisme. Eigenkjærleik såg han som ufridomen hos men nesket. Nesten all seinare kritikk av vår vestlege sivilisasjon har henta inspirasjon frå Rousseau. Han var utan tvil ein av dei viktigaste inspiratorane for romantikken.
Idrett og friluftsliv Den norske nasjonalhelten Fridtjof Nansen (1861-1930) gjennomførte skituren sin over Grønland i 1888. Dei første skirenna blei arrangerte i 1860-åra, og Foren ingen til Ski-idrettens Fremme blei stifta i 1883. Men det var med publiseringa av boka "På ski over Grønland" i 1890 at vi fekk eit mentalt gjennombrot for friluftsliv og særleg skigåing. Alt dette var med på å prege den norske nasjonalkarakteren. Polarforskinga kom til å spele ei vesentleg rolle som nasjonal identitetsskapande aktivitet. Skiløping som nasjonalidrett "Skiløpningen er den mest nasjonale av alle norske idretter og en herlig idrett er den, -fortjener noen navn av idrettenes idrett, så er det i sannhet den. Intet herder musklene og gjør legemet så kraftig og spenstig som den, intet gir snarrådighet og behendighet bedre enn den, intet herder viljen og gjør sinnet så friskt som skiløpningen. Kan det tenkes noe sunne re og renere enn på en frisk vinterdag å få skiene under føttene og stryke til skogs? Kan det tenkes noe finere og edlere enn vår nordiske natur, når snøen ligger alendyp, drysset bløt og hvit ut over skog og åser? Kan det tenkes noe friere og mer spennende, enn når man hurtig som fuglen stryker ut over de skogkledde lier, mens vinterluft og grankvister suser om kinnene, og øynene, hjerne og muskler er spente, ferdige til å unngå hver ukjent hindring, som i neste øye blikk kastes i ens vei? Er det ikke liksom hele kulturlivet med en gang skylles ut av sinnet og ligger igjen med byluf ten langt der bak-, man gror sammen med sine ski og natur en. Det er noe som utvikler ikke alene legemet, men også sjelen, det har dypere betydning for et folk enn de fleste aner, dette. Gid dette måtte holdes i hevd, og gid skiløpning måtte utvikles og trives så lenge det finnes menn og kvinner i norske daler." Fridtjof Nansen i "På ski over Grønland"
38
NATUR OG KULTUR
Utanlandsk påverknad Allereie tidleg på 1800-talet vitja utanlandske turistar Noreg. Dei gjekk på fotturar i fjellet, fiska laks og dreiv trofejakt på storvilt og sportsjakt med hundar på små vilt. Dette var nytt, og bygdefolket såg til å begynne med på dette som merkverdig. Etter kvart blei vel ståande byfolk i Noreg inspirerte til å gjere det same som dei utanlandske førebileta sine. 1 1868 blei Den norske turistforening stifta, og Norges Jeger- og Fisker forbund i 1871. Friluftsliv for sporten si skuld var altså i byrjinga avgrensa til overklassen. Det var ikkje før i 1920- og 1930-åra at kortare arbeidstid og betre råd gjorde det mogleg for vanlege folk å drive med frilufts liv. Nasjonalromantikken, naturidretten og den utan landske påverknaden er dei viktigaste grunnane til at det norske folket har blitt ein naturelskande og friluftslivselskande nasjon. Knapt nokon stad i verda står turlivet så sterkt som hos oss. Det klassiske friluftslivet "Vor forening har arbeidet med at fræmme en idræt som i sandhed er fedrelandsk. Den befatter sig ikke med at slå rekorder. Målet er et høiere: at vække kjærligheden til folk og land, at virke forfriskende på sindet, ikke mindre end på legemet, gjennem at vise foreningens medlemmer og andre om i landet og gjøre dem fortrolige både med dets stolte natur og med de vilkår, under hvilke vort folk er henvist til at føre sin kamp for tilværelsen. Forsåvidt vi samtidig der med også kan lede den udenlandske reisestrøm op på tinder og vidder, til bræer og fjorde, er det vor forenings stolthed og glæde, at den derved tillige har kunnet gjøre vort land bekjendt." Den norske turistforenings årbok 1893.
Turliv med røtter i gamle næringar Kulturforskaren Tove Nedrelid snakkar om eit turliv med røter i gamle næringar. I det gamle bondesamfun net var hausting av ressursane i utmarka ein vesentleg del av næringsgrunnlaget. Setring, utmarkslåttonn, bærsanking, jakt og fiske og vedhogst var arbeidsopp gåver som hadde sin faste plass i årssyklusen. Ettersom industrialiseringa av Noreg kom relativt seint, kjenner mange menneske framleis at dei har røtene sine på
39
NATUR OG KULTUR
landsbygda. Denne tilknytinga har gjort at haustingselementet alltid har stått sentralt i norsk friluftsliv. Framleis er fisking og bærplukking noko som over halvparten av folket er med på kvart år. Men stadig fleire går på tur utan noko haustingsmotiv i det heile. For dei er andre sider ved naturopplevinga motivet for turen. Vi seier at "naturen er katedralen til nordmenn." I det gamle bondesamfunnet såg ein på naturen som noko fiendtleg som ein måtte kjempe mot. Folk som levde i naturen, førte ein stadig kamp mot naturkrefte ne for å overleve. Folk som hadde arbeidet sitt andre stader, og som derfor berre var på vitjing i naturen, hadde høve til å oppleve naturen som storslått og inspirerande. Den estetiske dimensjonen har etter kvart fått dominere holdninga vår til naturen.
Natursynet gjennom tidene I såkalla "primitive" kulturar er det mytane som gir folk ei forklaring på dei store spørsmåla: Korleis blei verda til, og korleis oppstod menneska? Ofte ligg det noko negativt i å kalle ein kultur primitiv, men i vår samanheng vil ordet primitiv berre seie at reiskapsteknologien er svært enkel og tilpassa leveviset til jegerar og samlarar. Slike naturfolk, eller urfolk som vi ofte kallar dei, oppfattar seg sjølv som ein del av naturen og kjenner eit slektskap med alt levande. Naturen har sjel, og alle gjenstandar må behandlast med omtanke. I den gamle samekulturen heitte det at menneska berre lånte frå naturen, og alt måtte bli gitt tilbake. Vi seier ofte at vogga til den vestlege kulturen stod i Hellas om lag 500 år f.Kr. Filosofane i antikken var ikkje nøgde med religiøse og mytologiske forklaringar på naturen og naturfenomena. Dei ville ha ei fornuftig forklaring på kvifor naturen var slik han var. Dei freista å tenkje seg fram til kva alle ting bestod av, og korleis verda var oppbygd. Ettersom dei ikkje nytta eksperi ment for å utforske naturen, kallar vi vitskapen i hellenismen for spekulativ naturforsking. Tenkjarane i antikken meinte at naturen var fullkom men. Innanfor lækjekunsten var oppfatninga at i ut gangspunktet var alt i harmoni og balanse. Sjukdom kom altså av overdrivingar og ekstreme påkjenningar, fordi menneska sette seg ut over naturlege spelereglar. Da gjaldt det å hjelpe naturen til å lækje seg sjølv. Til
40
NATUR OG KULTUR
grunnleggjarane av lækjekunsten i antikken reknar vi Hippokrates og Galenos. Tenkinga deira om men neskekroppen og miljøet liknar mykje på moderne økologisk tenking: alt heng saman, og kunsten består i å rette opp att den naturlege balansen. Den greske naturvitskapen hadde ikkje som mål å overmanne eller utnytte naturen, men sikta mot å etter likne og gjenskape han. Naturen var ikkje eit stoff som skulle omarbeidast eller omformast, men var førebilet et for god helse, lykke, balanse og harmoni. Kristendomen blei gjord til statsreligion i Romarriket i år 390, og under dei neste par hundreåra etablerte kristendommen seg som den dominerande åndsmakta i Europa. Åndslivet i mellomalderen (500-1500) var prega av religiøs tenking og presteskapet si under trykking av "kjettersk" filosofi og vitskap. Natursynet i mellomalderen var at naturen var skapt av Gud, og at alle ting og alle hendingar følgde ein guddommeleg plan. Ingen ting hende tilfeldig, alt had de mål og meining. Det var ikkje alltid mogleg for men neska å forstå kva meining Gud hadde. Menneska måt te berre følgje påboda frå Gud, slik dei heile tida blei fortolka og forklarte av dei kyrkjelege autoritetane. Naturen blei sedd på som eit stadig fornya mirakel. Naturen stila mot det fullkomne, og når den fullkomne harmonien blei nådd, ville universet stå stille. Natursynet i mellomalderen, som i antikken, var alt så ikkje prega av tanken om å herske over naturen. Dette forandra seg med renessansen, den historiske rørsla som oppstod på 1500- og 1600-talet. Ordet renes sanse vil seie gjenføding, og viser til gjenoppdaginga av den klassiske greske og romerske kulturen. Kon flikten mellom teologi og vitskap tilspissa seg etter kvart som nye oppdagingar sette verdsbiletet til kyrkja på alvorlege prøvar. Copernicus sette på nytt fram teo rien om at det var sola, og ikkje jorda, som var sentrum i verda. Dei store oppdagingsreisene viste at jorda var rund, og at det budde menneske på den andre sida av jorda. Kyrkja hadde hevda at jorda var flat, og at det ikkje kunne bu folk på "undersida". Handel og sjøfart inspirerte ønsket om å kartleggje verda og herske over ho. Den nye naturvitskapen baserte seg på røynsler, observasjonar og eksperiment, og førte til ei rad opp finningar som endra arbeids- og næringslivet totalt. Tida var prega av framstegsoptimisme og tru på
41
NATUR OG KULTUR
den menneskelege fornufta. Synet på naturen blei no at naturen var ufullkommen, og at mennesket burde om forme han og forbetre han. Naturen skulle siviliserast. Dette gjenspegla seg mellom anna i kunsten, som no blei dominert av klassisismen, ei forstandsdyrkande kunstretning med strenge reglar for korleis til dømes måleri skulle komponerast. I hagekunsten fekk vi park anlegg med rette linjer og friserte hekkar og tre. Romantikken var eit opprør mot dette kunstsynet. Verdsbiletet i renessansen blir ofte kalla det mekanistiske verdsbiletet, fordi naturfunksjonane ofte blei for klarte ved å samanlikne med verkemåten til maskinar. Dette verdsbiletet og natursynet har prega tenkinga vår heilt til det siste, og er vel framleis den dominerande måten å sjå ting på. Den økologiske tenkinga, som ser på naturen som eit sjølvregulerande system med klare grenser for kor sto re inngrep det toler, kan vi rekne som eit opprør mot den mekanistiske tenkinga. Det økologiske natursynet er nærmare omtalt i kapittel 4 om naturvern og i kapit tel 6 om etikk og miljøfilosofi.
Naturen som inspirasjonskjelde for kunstnarleg utfalding Naturen var altså inspirasjonskjelde for nasjonalromantikarane, som i sin tur lærte landsmennene sine å sjå naturen med nye auge. Men naturen har til alle tider vore ei inspirasjonskjelde for kunstnarleg utfolding. Helleristningar fortel om det tilhøvet dei første men neska, som var jegerfolk, hadde til naturen. Urfolk over heile jordkloden nyttar røynslene sine frå eit liv i na turen som grunnlag for å skape kunst. Eskimoane skjer dyrefigurar i kleberstein og kvalrosstenner, mens nord amerikanske indianarar framstiller mytane sine i form av karakteristiske totem. Aboriginal-folket i Australia er kjent for borkbileta sine der dei framstiller røntgen bilete av dyr, altså bilete som viser omrisset av dyr pluss skjelett og innvolar. Utskjeringar i tre, steinskulpturering og tekstilkunst utvikla seg når menneska lærte å lage jernreiskapar og plantefargar. Det var stadig mønster frå naturen, myto logien og etter kvart jordbruk og fiske som blei nytta i ornamentikken. Ofte var det hus, reiskapar og nytteI
42
NATUR OG KULTUR
gjenstandar som blei utsmykka. I dag lever denne tradisjonen vidare som kunsthand verk. Tekstilkunstnarar, treskjerarar og kjeramikarar nyttar naturmateriale og ofte mønster frå naturen. Det blir framleis laga folkemusikk og annan musikk inspi rert av natur og tradisjonell kultur. Ei lang rekkje norske forfattarar kan stå som døme på naturdiktarar. Det er særleg lyrikarar som har blitt inspirerte av naturen, men dg mange prosaforfattarar skildrar naturopplevingar. Mikkel Fønhus blir kalla villmarksdiktaren på grunn av dei populære skildring ane av dyreliv og natur. Lyrikaren Hans Børli blir ofte omtalt som skogens diktar. Kvart år kjem det mange bøker som handlar om jakt, fiske og friluftsliv. Somme av desse bøkene er rikt illustrerte med framifrå fotogra fi. Av kjende biletbokforfattarar kan vi nemne Ragnar Frislid, Karl H. Brox og Leo Oterhals. "Den levende stillhet" Av Hans Børli "Det er rart med stillheten i skogen, den er aldri et fravær av lyd, aldri tom og skremmende, slik den kan bli det i lukkede rom. Du hører træmes mjuke riksing i vinden, en korsnebb fløyter sin vedmodige tone, og hakkespetten trommer lydt på en tørrhara,- men summen av det hele er likevel stillhet, en stor ro søm kjærtegner trommehinnene og lar deg høre livet brenne i deg som suset av flammen på et lys."
Ting du kan gjere sjølv Mange amatørkunstnarar hentar inspirasjon i naturen for å tilfredsstille skapartrongen sin. Med litt fantasi kan vi få til dei vakraste dekorasjonar med enkelt materiale som vi kan finne nesten overalt, til dømes: -
tørkeblomar røsslyngdekorasjonar reinlavdekorasjonar handmåla steintroll dørskilt måla på naturstein skulpturar av vridd einer materialbilete av materiale funne ute (skjel, konglar, nåler, blad, greiner, stein og så vidare)
43
NATUR OG KULTUR
Naturfotografering er ein kunst som blir stadig meir populær. Her har Jan Rabben funne eit motiv som mange ville gått forbi utan å leggje merke til det.
Fluebinding er eigentleg kunstnarleg verksemd som både utfordrar fantasien og stiller krav til naturkunn skap og handverksdugleik. Farging av garn og tøy med plantefargar, og deretter gjerne strikking eller veving, er eit anna døme på skapande utfolding inspirert av natur og tradisjon. Naturfotografering har blitt popu lært. Mange driv med teikning og måling, og knivlaging og skjefting har i dei seinare åra fått ein renessanse. Ei anna form for trearbeid er å lage turkoppar, ein kunst som spenner frå det heilt enkle til det flottaste kunst handverk (sjå ramme). Sveiping er ein gammal teknikk for å lage kaketiner og boksar av tre. Slike tregjenstandar bør dekorerast med rosemåling. Handverkssyslar som blir utførte i heimen, blir med eit fellesnamn kalla husflid. I gamle dagar kunne hus flid gi ei viktig ekstrainntekt for mange. I seinare år har husflid igjen blitt populært, og somme har greidd å
44
NATUR OG KULTUR
lage seg ein leveveg av det. Når vi snakkar om alterna tive bygdenæringar, representerer husflid fine høve for inntektsgivande arbeid. Dramatiseringar av historiske hendingar i lokalmil jøet, eller av dagleglivet på garden eller setra i gamle dagar, gir gode høve til fordjuping i kultur og tradisjo nell naturbruk. Ved å lage ein natur- og kulturstig i lokalmiljøet kan vi lære mykje om naturbruken i eldre tider. Samstundes er dette ei fin utfordring til dei skap ande evnene våre. Postar i stigen kan til dømes illus trerast med teikningar, akvarellar eller eigne fotografi. Vi skal likevel hugse på at tilrettelegginga kan over drivast. For mykje skilting og informasjon kan somme gonger verke forstyrrande for naturopplevinga. Lag din eigen drikkekopp Den tradisjonelle drikkekoppen av tre som turgåaren nyttar, blir kalla for koks. Ei skikkeleg koks er laga av ein rikul. Ein rikul er ein kreftkul der treet veks i alle retningar. Dette vil seie at treet i ein rikul blir sterkt og ikkje har så lett for å sprekke. Helst skal rikulen vere av bjørk, men alle lauvtre kan nyt tast. Kokser laga av furu har lett for å sprekke. Du kan leite etter rikular nesten overalt, men det er størst sjanse for å finne gode emne i gammal fjellbjørkeskog. Når du skjer av kulen, må du hugse på å ta med nok tre til hand tak. >, Arbeidet med koksa startar med å sage til profilen sedd frå sida. Deretter teiknar du ein sirkel på snittflata som skal holast ut ved hjelp av tappjem og glattast til med sandpapir. Ei pussekule på ein drill gjer arbeidet enklare. Neste steg er å grovskjere koksa på utsida slik at veggtjukkleiken blir om lag 1,5-2 cm. På dette stadiet må koksa tørkast godt. Dersom det byrjar å vise seg sprekkar under tørkinga, kan du freiste å stoppe oppsprekkinga med lim. Når koksa er tørr, står det att å finskjere utsidå og pusse ho godt. Somme dekorerer koksa med utskjeringar eller svi penn. Til slutt må ho beisast innvendig og utvendig, gjerne med ei blanding av kokt linolje og terpentin. Hugs’ at linolja må herdast i om lag 14 dagar før ho blir hard.
FOTO: HALVARD TOFTEN
Ei halvferdig koks og nokre reiskapar som blir nytta til å lage ho.
45
NATUR OG KULTUR
Vi har glemt Vi har glemt å bøye oss for et tre, spørre hvordan det tok det siste lynnedslaget, glemt å samtale med gresset, med edderkopper og pissmaur. Glemt å la barn belære oss, glemt å lytte til våre nattlige drømmer, glemt å lytte til Fortelleren som sitter der under treet med fjerne øyne og varme hender. Selv en spurv som faller til jorden forteller litt om deg og meg og alt omkring oss. Harald Sverdrup
Natur og friluftsliv som inspirasjonskjelde for positivt samfunnsengasjement
Øvst ser vi det velkjende biletet "Brudeferden i Hardanger" av Tidemand og Gude frå 1848. I samband med striden om norsk medlemskap i EF i 1972 laga Rolf Groven biletet nedanfor.
Naturgleda er evna til å kjenne seg heime i naturen, til å bli begeistra over å oppleve vakker natur, det å kunne fryde seg over samspelet i naturen. Ved å utvikle natur gleda gjennom eit aktivt friluftsliv kan vi bli inspirerte til skapande innsats på fleire område: til kunstnarleg, vitskapleg eller politisk engasjement. Naturgleda er ikkje berre terapi mot stress og opp lading av batteri. Naturgleda kan gjerast til den viktig aste motivasjonsfaktoren når det gjeld å ta ansvar for å verne om naturen og forvalte han på ein god måte. Samstundes kan innsikt i korleis uforstandig natur bruk er ein trussel mot den økologiske balansen og produksjonsevna i naturen, lære oss engasjement og gi oss vilje til å ta ansvar for vår felles framtid. Til saman kan naturgleda og kunnskapar om naturøydelegging skape og forsterke eit positivt samfunnengasjement. Men kva er eit positivt samfunnsengasjement? Alle politiske parti og organisasjonar meiner sjølvsagt at dei har eit positivt samfunnsengasjement, og at dei har løysinga på korleis samfunnet skal få til ei trygg natur forvaltning. Det får vere opp til kvar og ein av oss å ta stilling til kven som har den beste løysinga. Men éin ting er iallfall sikkert: alle organisasjonar har bruk for folk som taler på vegner av naturen, slik at desse sake ne får ein prioritert plass på saklista.
46
NATUR OG KULTUR
Samfunnsengasjementet er i seg sjølv ikkje nok. Gjennomtenkte etiske holdningar og logisk oppbygd miljøfilosofi er nødvendige føresetnader for å unngå blindspor. Til dømes er det viktig å ta stilling til om den truande utviklinga vi har når det gjeld forvaltninga av naturen, kjem av den teknologiske utviklinga i seg sjølv, eller om ho er eit utslag av feil bruk av teknologi. Vi må stille oss kritiske til at svaret på øydeleggjande naturbruk i det moderne industrisamfunnet ligg i å vende tilbake til førindustrielle produksjonsformer. Det er meir sannsynleg at løysinga må basere seg på utvikling av ny og forbetra teknologi, og det krev skap ande innsats frå velutdanna menneske. Men teknologiske løysingar kan aldri erstatte den moralske innsatsen. Kvar og ein må utvikle medvitne holdningar til si eiga rolle som forbrukar og som pro dusent av avfall. Dei rike landa må avklare om vidare forbruksvekst, slik det blir målt i brutto nasjonalpro dukt, skal vere den primære økonomiske målsetjinga. Eller kan velferdsauke til dømes innebere å nytte min dre tid på produksjon og nødvendig arbeid, og meir tid til utfolding i konstruktive fritidsgjeremål og personleg utvikling? Mange snakkar i dag om at vi som bur i dei rike lan da, har skaffa oss ein høg materiell levestandard, men at livskvaliteten vår er dårleg. Vi lever i ei brytingstid da det ikkje lenger er sjølvsagt at meininga med livet er å skaffe seg fleire hjelpemiddel, auke forbruket og tene meir pengar. Den utfordringa vi no står overfor, er å setje oss nye mål for korleis vi skal leve liva våre. Det vil innebere ein prosess der etisk og filosofisk refleksjon blir sentrale element. Dessutan vil vi kanskje måtte utvikle nye økonomiske og politiske styringssystem dersom dei nye målsetjingane våre blir svært ulike dei vi har i dag. Framtida vil stille store krav til nytenking og skapande verksemd. Den generasjonen som i dag går på skole, blir kanskje drivkrafta med omsyn til å skape ei alternativ framtid?
48
NATUR OG KULTUR
Natur
Det gamle temaet for enfoldige malere og poeter, sauegjetere og subsidierte småbrukere. Jordens skrukkete ansikt som langsomt lukker seg rundt beslutningen om å dø ut. I et rom som stadig ekspanderer stuper ennå blaff av renhet gjennom lysårene, som stjemeskinn mot vårt hjørne av tilværelsen. Snart er avstanden så stor at vi må bøye oss ned mot barn og bregner og be dem fortelle hva berg, mold og gress betyr.
Kolbein Falkeid
49
FOTO: STEINAR MYHR
Vanleg tettegras (Pinguicula vulgaris) har blå blomar på toppen av ein 5-20 cm høg stilk. Ved bakken sit ein bladrosett av lysegrøne, tjuk ke og kjertelhåra blad. Blada er på overflata smurde med slim, som insekt sit fast i. Slimet inneheld fordøyingsenzym, som oppløyser dyra. Sjølv om tettegras fangar og fordøyer småinsekt, er ikkje planten avhengig av kjøtt for å leve. Men tettegras trivst betre med kosttilskot av kjøtt.
Tettegras har blitt nytta som medisinplante, blant anna mot ringorm. Den viktigaste tradi sjonelle bruken av planten er likevel til konser vering av mjølk som tettemjølk eller tjukkmjølk. For å lage tettemjølk legg vi 30-40 blad av tette gras i botnen av ei bytte, og heller spenevarm mjølk over. Da blir mjølka seig, slik at surmjølka ikkje kan skilje seg i myse og ostestoff.
KAPITTEL
Friluftsliv Kva er friluftsliv? et kan verke nokså unødvendig å spørje om kva friluftsliv er. Det må da vere ganske opplagt vil mange meine, at dette dreier seg om forskjellige ting vi driv med utandørs? Og det er i og for seg riktig, men vi treng ei meir presis avgrensing når til dømes styres maktene skal leggje opp ein politikk med sikte på å fremme friluftslivet. Det er ein del spørsmål som må avklarast, som til dømes:
D
- Er utandørs arbeid friluftsliv (til dømes skogsarbeid og fiske)? - Inneber friluftsliv mosjon og fysisk aktivitet, eller er det nok å opphalde seg i friluft, til dømes å sole seg? - Må det stillast krav til miljøet vi driv friluftsliv i, eller kan til dømes ein spasertur i bymiljø reknast som fri luftsliv? - Er motorisert ferdsel utandørs å rekne som friluftsliv (til dømes snøskuterkjøring og motorbåtturar)? Som vi skjøner, er det ikkje utan vidare enkelt å avgren se friluftslivet på ein meiningsfylt måte. Vi finn da dg ei rekkje ulike definisjonar av kva friluftsliv er. Her kjem to av dei:
- Opphold og fysisk aktivitet i friluft i fritiden med sikte på miljøforandring og naturopplevelse (St. meld, nr.40,1986-87: Om friluftsliv). - Former for ikke-konkurranseorientert aktivitet i na turmiljøet, som å klare seg uten hjelp av tekniske framkomstmidler, ved å utfordre utøverens fysiske
51
FRILUFTSLIV
og psykiske yteevne. Det kan gi opplevelser på det ytre og indre plan (Nils Faarlund, Norges Høgfjellsskole i Hemsedal).
Begge desse definisjonane seier noko om dei spørsmåla vi stilte innleiingsvis, og som dreier seg om: -
fysisk aktivitet - passivitet arbeid - fritid krav til omgivnadene (friluft, naturmiljø) bruk av motorkjøretøy tilhøvet til idrett tilhøvet til rekreasjon
Definisjonen til Nils Faarlund er den strengaste, i den forstand at han utelukkar utandørs konkurranseidrett, bruk av tekniske framkomstmiddel, utelukkar passive gjeremål og stiller krav til at aktivitetane skal gå føre seg i naturmiljøet og utfordre yteevna vår. Ettersom dette utelukkar til dømes langrenn, bading/soling på tilrettelagde badeplassar og spaserturar i bymessig kul turlandskap (parkar), vil mange meine at avgrensinga hans er for trong. Målet med dei strenge krava til Faarlund er vel å minne oss om at friluftsliv kan gjerast til ein samfunnskritisk kultur. Definisjonen i stortingsmeldinga legg vekt på at fri luftsliv går føre seg i fritida (at det altså ikkje har noko med arbeid å gjere), og at målet skal vere rekreasjon (miljøforandring, naturoppleving). Rekreasjon vil seie gjenskaping, og fører tanken over på at folk blir utsette for ulike former for fysisk og psykisk slitasje gjennom dei daglege gjeremåla sine, og derfor må byggje opp ny styrke gjennom å drive med lystvekkjande ting i friti da. Definisjonen i stortingsmeldinga utelukkar ikkje motorisert ferdsel, passive gjeremål, idrett eller spaser turar i bymiljø. Mange vil meine at denne definisjonen er for vid eller for lite oppdragande i den forstand at han ikke fortel korleis folk bør drive friluftsliv. Men det er denne definisjonen som vi kan kalle den offisielle, og som ligg til grunn for den offentlege friluftslivspolitikken i Noreg. Vi skal likevel merke oss at det er eit skilje mellom fri luftsliv og fritidsaktivitetar i naturen. Ikkje alle fritidsakti vitetar i naturen bør oppmuntrast. I gamle dagar levde folk i pakt med naturen.
52
FRILUFTSLIV
Gjeremåla følgde årsrytmen i naturen. Vi kan kalle det for eit naturliv. Friluftsliv er ikkje lenger eit liv i natu ren, men aktivitetar for folk som vitjar naturen i kortare eller lengre tid, for deretter å vende tilbake til eit "sivi lisert" liv i det moderne samfunnet.
Kva driv vi med i friluft?
Figuren viser ei oversikt over kva typar utandørs fritidsaktivitetar folk deltok i i 1989. Talet til høgre for søylene oppgir kor mange prosent avfolket som hadde gjort denne aktiviteten minst éin gong dette året. Over halvparten avfolket hadde drive med spaserturar, soling, fotturar i skog og mark og bading ute. Når det gjeld fisking, er dette oppdelt i sjøfiske, ferskvassfiske og laksefiske. Dersom vi hadde slått dei ulike fritidsfiskeaktivitetane saman, ville vi dg sett at over halvparten fiska dette året.
FRILUFTSLIV
FERDSELSRETTEN
Det er ein allemannsrett i Noreg å ha lov til å ferdast i naturen og kunne hauste visse produkt. I mange land er ferdselsretten sterkt avgrensa, og slikt som å plukke markblomar kan vere ulovleg. At naturen er tilgjenge leg, er heilt klart ei hovudårsak til at friluftslivet står så sterkt i Noreg. Allemannsretten er eit gratis fellesgode - eit viktig grunnlag for at vi framleis kan ha aktivt friluftliv i Noreg. Allemannsretten er ein del av kulturarven vår. All menta har alltid hatt rett til å ferdast i skog og mark og til å hauste av goda i naturen. Denne allemannsretten baserte seg på at den frie ferdsla gjekk føre seg utan vesentleg ulempe for andre. I lov om friluftslivet av 1957 er ferdselsretten sikra. Du har lov til:
- å ferdast fritt til fots og på ski i naturen - å ferdast over dyrka mark om vinteren (det vil seie når marka er snødekt eller frosen) - å nytte kano, kajakk, ro- eller seglbåt i vatn og vass drag - å ta pausar, raste, slå leir og overnatte i naturen (men ikkje nærmare bustadhus enn 150 meter!) - å sykle og ri langs stigar og vegar i utmarka - å bade i sjøen, vatn eller vassdrag - å ferdast fritt i båt, fortøye og gå i land i utmark langs kysten - å plukke bær, sopp, ville urter og blomar
Alle under 16 år kan fiske gratis med stong frå 1. januar til 20. august i vassdrag utan laks og sjø-aure. Du har plikt til:
- ikkje å skade naturmiljøet - å ta omsyn til næringsutøving - å ta omsyn til andre friluftsfolk
Dette inneber at vi ikkje kan: - tråkke i dyrka mark og eng i perioden frå 30. april til 14. oktober
54
FRILUFTSLIV
- ferdast i skogplantefelt på berrmark (frå plantane er sette ut, til dei når knehøgd) - bryte, skjere eller på annan måte skade plantar og tre - forstyrre fuglar og dyr (spesielt ikkje reir og ungar) - øydeleggje gjerde - tenne bål i perioden frå 15. april til 15. september (skogbrannfaren) - sleppe hundar laus i perioden frå 1. april til 20. august (eller når det er dyr på beite)
Hugs:
- at motorisert ferdsel i utmark i prinsippet er forbode - å respektere åtferdsreglar ved drikkevasskjelder - at det gjeld spesielle ferdselsreglar i naturreservat
Holdningar + kunnskapar + dugleik tryggleik Nesten alle former for friluftsliv inneber ein viss risiko for at vi kan skade oss, eller i verste fall miste livet. Kvart år druknar det mange menneske under bading eller ved bruk av fritidsbåtar, og det hender at folk mis tar livet på turar i fjellet. Det gjeld å sikre seg mot slikt. Desse rådgjerdene byggjer på tre element: - Holdningar: at vi har ei audmjuk innstilling til natur kreftene og ikkje er overmodige når vi kjem utanfor allfarveg. - Kunnskapar: at vi skaffar oss dei nødvendige teore tiske kunnskapane om den typen friluftsliv vi skal drive med. Til dømes må den som skal gå lange ski turar i fjellet, vite nok om bruken av kart og kom pass, ruteval og vurdering av snøskredfare, påklednad, kosthald, utstyr, nødovernatting og førstehjelp. - Dugleik: at vi gjennom praktisk røynsle lærer oss sjølv å kjenne når det gjeld styrke, teknikk og uthaldsevne, og at vi under sikre tilhøve lærer oss til dømes å byggje ein nødbuviakk eller reparere ein båtmotor.
Med kombinasjonen av riktige holdningar, kunnskapar og dugleik kan vi kjenne oss trygge på oss sjølv. Dermed er grunnlaget lagt for å kunne glede seg over å
55
FRILUFTSLIV
meistre friluftslivet dg under vanskelege tilhøve. Da har vi brote ein barriere som hindrar mange menneske i å delta i ulike former for friluftsliv, nemleg redsla for ikkje å greie situasjonen. Gjennom opplæring i friluftsliv ønskjer vi at du som elev skal tileigne deg holdningar, kunnskapar og dugleik der meistring, tryggleik og sikker utøving er stikkord. Men sjølve den tekniske gjennomføringa av ein tur kan aldri bli målet. Målet er naturopplevinga, samværet med turkameratar og gleda over å meistre utfordringar.
SKIKK OG BRUK
I tillegg til tryggleiken må vi tenkje på at vi ikkje skal øydeleggje naturopplevinga for andre, og aller viktig ast: vi skal ikkje øydeleggje naturen! Hovudregelen for skikk og bruk på tur er å vise omsyn til naturen og med menneska våre. Det vil mellom anna seie at vi ikkje skal leggje igjen søppel etter oss. Legg ikkje søppel i ur eller grav det ned. Ta søppelet med heim, dg appelsinskal. Har vi ras ta eller slått leir, skal vi sjølvsagt rydde opp etter oss. Regelen er: etterlat ingen spor! Vi skal takke for turen ved å oppføre oss slik at ingen legg merke til at vi har vore der. Hogg ikkje ved og bryt ikkje kvist i utfartsom råde der mange ferdast. Kva ville skje om alle gjorde det? Gjer ikkje opp eld dersom det er tørt. Dersom du brenner bål, må du sørgje for at det er heilt sløkt før du forlet staden. Urein ikkje lufta med støy. Spel ikkje musikk dersom det kan sjenere andre. Hundeeigarar må respektere bandtvangreglar og halde hunden i reim i område med stor trafikk. Hugs at mange er allergiske mot dyrehår. Ta ikkje hundar med inn på turisthytter.
TA RÅDGJERDER - VER TRYGG Dei riktige holdningane er til dels nedfelte i reglar for oppførsel når det gjeld fjellturar og sjøaktivitetar (fjellvettreglar, sjøvettreglar og badevettreglar - sjå ram mer).
56
FRILUFTSLIV
Badevettreglane
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Lær å symje. Bad aldri aleine. Bad aldri når du er svolten eller like etter måltida. Stup ikkje utan å vite kor grunt det er. Sym langs land, men ikkje under bryggje eller stupebrett. Skyv aldri nokon ut i vatnet. Dukk aldri nokon under i vatnet. Gå opp dersom du kjenner deg kald. Rop om hjelp berre dersom du er i fare. Nytt redningsvest med varefakta.
Sjøvettreglane 1 Nytt typegodkjend båt i god stand. Last han ikkje for mykje. 2 Sei frå heime kvar du fer, og kor lenge du blir borte. 3 Rett deg etter vér og vérvarsel. Nytt båten berre i far vatn som han passar for. 4 Sit roleg i båten. Skal nokon byte plass, må berre éin reise seg om gongen. Nytt fottøy med gummisolar. 5 Ha redningsvest med varefakta til alle. 6 Ha passande brannsløkkingsutstyr i båten. Lær å nytte det. 7 Hugs nødvendig utstyr: ausekar, årar, tollepinnar, tau, dregg, lykt, pose til søppel osv. 8 Bli ved båten dersom han kantrar - og rop om hjelp. 9 Lær sjøtrafikkreglane og følg dei. Vis omsyn. 10 Ver utkvilt og edru når du fører båt.
1 2 3 4 5 6 7 8 9
Fjellvettreglane Legg ikkje ut på langtur utan trening. Meld frå kvar du går. Vis respekt for véret og vérmeldingane. Lytt til erfarne fjellfolk. Ver rusta mot uver og kulde sjølv på korte turar. Ta all tid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev. Hugs kart og kompass. Gå ikkje aleine. Vend i tide. Det er inga skam å snu. Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om nødvendig.
I 1990 drukna det 61 personar frå fritidsbåtar, mens det var 76 andre drukningsulykker (omfattar drukning under sjøtransport med større båt, sjølvmord og
57
FRILUFTSLIV
badeulykker). År om anna er det omtrent dobbelt så mange som druknar frå fritidsbåtar i sjøvatn som i ferskvatn. Skredulykker og dødsfall i samband med turar i skog og fjell er sjeldne samanlikna med drukningsu lykker. Totalt er denne typen ulykker årsak til 5-10 dødsfall pr. år. Sidan 1836 har 1600 menneske mista livet i snøskred. 1 dei fleste tilfella har ulykkene ramma den fastbuande befolkninga. Men i 1947 omkom det 11
DEI LIVSVIKTIGE SNØSKRED-REGLANE o.l. som stikk opp av snøen. Her er snø dekket tynnare og vert halde betre på plass.
• Dei fleste av dei skreda som er farlege for skiløparar, dvs. flakskred, vert vanlegvis
• Det er skiløparane sjølve som utløyser dei fleste snøskreda som fører til ulykker. Vert du teken av skred, så prøv å få av deg
utløyste under eller like etter periodar med sterkt snøfall, vind eller temperatur stigning.
• Fjellsider og skranmgar som ligg i le for vinden, samlar mest snø. Her er skredfaren størst. Hald deg difor unna skråningar der det ser ut som det ligg meir snø enn elles i fjellsida.
• Skredfaren aukar med: — Kraftige snøfall på ca. 20 cm eller meir pr. døgn. — Når det blæs slik at snøen driv. — Når temperaturen i snøen stig snøgt — ved solstråling, regn eller innsig av varm luft.
• Går du under i snømassane, så prøv å skaffe luftrom framfor andletet. Vent med å rope til du høyrer at leitemannskapa er like i nærleiken slik at du sparar mest mog leg luft. Lyden blir kraftig dempa av snøen.
• Faren er som regel størst når det er snø fall og vind samstundes.
• Skiløparar som ser at andre ven tekne av skred, må straks gå i gang med å leite. Gå over skredet og sjå om noko stikk fram. Ta av stavtrinsa og stikk så langt som mogleg ned i snøen der det er størst sjanse for å finne nokon.
• Sjølv om overflata verkar hard og fast, kan lause lag lengre nede i snødekket føre til skredfare. • Lite snø og lengre kuldeperiodar fører til at det dannar seg lause lag nede i snø dekket.
• Dersom du høyrer "drønn” i snøen, er dette teikn på skredfare. • Ver ekstra varsam når du ser at det har gatt skred elles i terrenget.
• Dei fleste skreda losnar i terreng der hellinga er mellom 30 og 50 grader. Ver også oppmerksam i mindre heng dersom skred-signala er til stades.
• Er det fleire i følgje må ein person straks gå for å hente hjelp. Lavinehundar finn nesten alltid dei som er tekne av skred. Andre hundar kan dg brukast til leiting. • Høyr dagleg på vermelding og skredvarsel.
• Legg ruta nær fjellknausar, steinblokker
Statens informasjonsteneste i samarbeid med Norges Geotekniske Institutt. 284/80 I
ItaaaaBBBaaaaiiBaaaBBaaBaBa bis qb nasaiiaii»aBaaaBaBati3KiaBan== ■*■>■■■■■■■ ■>
58
FRILUFTSLIV
Eit flakskred losnar langs ein brotkant når skråninga er bratt nok og det finst ei glideflate med ein annan fastleik under det overliggjande laget. Det har skjedd at folk har mista livet i flakskred i skråningar som ikkje var meir enn 10 m lange.
Årsaker til drukning frå liten båt
1973
1983
1988
Manglande symjedugleik
17
6
0
Alkohol
27
23
15
5
4
6
Nedkjøling
17
11
1
Dårleg vér
9
12
8
For dårleg farkost
8
8
1
Båtbrann langt frå land
2
0
0
Forsøk på å hjelpe andre
1
1
0
Hengande fast ved kantring
1
1
2
Overbelasta båt
2
8
1
5
1
0
4
Fiskesnøre i propell
1
0
Motorkluss og fall over bord
1
1
Glatt dekk
1
0
Vanskar med garn
Grunnstøyting Kollisjon med land i stor fart
0
Sjølvmord
2
Sjukdom
2
Inga sikker forklaring
7
2
0
personar i ulike skredulykker i påskefjellet. I 1969 omkom 7 personar i eit skred i Oppdal, og i 1986 omkom 16 soldatar i eit skred i Vassdalen i Troms. Dei fleste skredulykker som rammar skiløparar, skjer ved at dei sjølv utløyser skredet. Dei farlegaste skreda er flakskreda. Snøskredreglane oppgir korleis vi skal unngå å løyse ut skred, og korleis vi skal gå fram der som uhellet først er ute. Er det mogleg, må vi leggje
Tabellen viser ei oversikt over årsakene til at folk drukna frå liten båt i tre forskjellige år. Som vi ser, er alkoholpåverknad den viktigaste årsaka til drukning. Nedkjøling, dårleg vér og dårleg farkost er andre viktige årsaker.
FRILUFTSLIV
løypa utanom skredfarlege område. Unngå å gå i lesider og tronge bekkedalar: "Ver trygg - følg rygg." Hald god avstand mellom kvarandre i rasutsette område slik at ikkje alle blir tekne dersom eit ras skulle losne. Det er altså friluftsliv knytt til sjø og vatn som er mest risikofylt. Det viser seg at dei fleste som druknar ved bruk av småbåtar, anten er overstadig fulle eller moderat alkoholpåverka. Ein analyse av årsakene til drukning frå småbåtar viser at alkohol er den viktigas te årsaka, mens dårleg vér og vanskar med fiskegarn er andre vesentlege årsaker. Talet på fritidsbåtar auka frå 30 000 i 1950 til over 600 000 i 1985. Men talet på drukningsulykker har gått ned i den same perioden. Det kjem av betre symjedugleik og betre opplysning, mellom anna i regi av Sjøvettskampanjen. Det er viktig å vere klar over at drukning svært ofte kjem av utmatting eller nedkjøling. I kaldt vatn under 5 gradar kan vi neppe overleve meir enn 11/2 time, og sjølv i 15 gradar skal det godt gjerast å overleve meir enn 3 timar. I vatn med temperatur mellom 15 og 20 gradar vil sjølv dyktige symjarar ha problem med å klare ein distanse på 2000 m, og ved temperaturar på 10-15 gradar neppe meir enn 500 m. OM Å FINNE VEGEN
Alle som ønskjer å ta turar utanfor veg eller preparerte løyper, må lære seg å nytte kart og kompass. M-711 er ein kartserie i målestokk 1: 50 000 som dekkjer skog og mark, høgfjellet og kysten. Denne målestokken eignar seg godt både til planlegging av turar og til bruk undervegs. Ein målestokk på 1: 50 000 vil seie at 1 cm på kartet er 50 000 cm i terrenget, eller 500 meter. Slike kart har eit rutenett på 2 cm x 2 cm. Det vil seie at avstanden mellom to parallelle linjer er 1 km. Karta har høgdekurver som viser høgda over havet, og kor bratt terrenget er. I M-711-serien er høgdeskilnaden eller ekvidistansen mellom to kurver 20 meter. Kvar femte høgdekurve er teikna med tjukkare strek. Avstanden mellom to slike tette kurver er altså 100 meter. Der høgdekurvene ligg tett, er terrenget bratt. Sjøkart oppgir djupna i form av loddpunkt. Grunnar og undervasskjer er avmerkte. Alle kart har mykje informasjon i form av kartteikn.
60
FRILUFTSLIV
Kursuttaking for kompassmarsj
Kursuttaking for kompassmarsj Du står ved start og skal gå til mål. I staden for å lese kartet vil du gå på kompasskurs, “gå kompassmarsj”. Da må du ta ut kompasskurs. Det gjer du slik:
1 Legg langsida på kompasslinjalen frå der du står (start), til dit du skal (mål). HUGS: Marsjretningspila må peike mot den staden du skal. (Bry deg ikkje om kompassnåla.)
2 Vri kompasshuset slik at nordlinjene på huset blir parallelle med nordlinjene på kartet. HUGS: N på kom passhuset må peike mot nord på kartet. (Kompasslinjalen må liggje i ro mens du gjer dette.)
Kompassmarsj Etter at du har teke kompass kursen, gjer du følgjande: 1 Hald kompasset vassrett i handa. Hald det med bakkanten inn mot magen. 2 Snu heile kroppen til kompass nåla ligg inne i nordpila i kompasshuset, den raude spissen mot nord. 3 Sjå i den retninga marsretningspila peiker. Ta ut eit siktepunkt i terrenget. 4 Gå til siktepunktet. Derfrå tek du eit nytt siktepunkt.
3 Ta kompasset vekk frå kar tet. Hald det vassrett i handa med bakkanten inn mot magen. Snu deg og kompas set til kompassnåla ligg inne i nordpila i kompasshuset. Pass på at den raude enden av kompassnåla peiker mot N-merket inne i kompass huset. MARSJRETNINGS PILA peiker no i den retninga du skal gå.
Ulike typar grenser, vegar og bygningar er oppgitt. Fargar viser skog, myr og fjell. På sjøkart er fyrlykter, seglingsmerke og tørrfall markerte. Det er viktig å gjere seg godt kjend med tolkinga av kart.
61
FRILUFTSLIV
Med kompasset kan vi orientere kartet i høve til himmelretningane. I god sikt er det vanlegvis enkelt å orientere kartet riktig utan å nytte kompass. I dårleg sikt er kompasset uunnverleg. Er sikta tilnærma null, blir det umogleg å kjenne igjen terrengdetaljar på kart et. Det er da aktuelt å gå på kompasskurs til vi finn dalar, elvar, hytter eller andre merke det er mogleg å kjenne igjen. Kompassmarsj føreset at vi går små etap par mellom kjennemerke og stikk ut ny kurs kvar gong vi når eit kjennemerke. Prøver vi oss på lange strek ningar, er sjansane store for at vi bommar på målet og går oss vill. Vi kan dg gjere oss nytte av teikn i naturen for å finne himmelretningane. Maurtuer ligg nesten utan unntak på sørsida av steinar eller tre. Store frittståande bartre har oftast dei største og kraftigaste greinene på sørsida. Lavvegetasjonen er gjerne kraftigast på sørsida av steinar. Generelt er vegetasjonen best utvikla i sørhellingar. I klarvér veit vi at sola står i sør midt på dagen. Om natta kan vi finne nord ved hjelp av Polarstjerna.
KLEDE
Det er vanskeleg å seie noko generelt om klede som dekkjer alle former for friluftsliv. Friluftsliv nær heim en og ei rekkje sommaraktivitetar stiller ikkje spesielle krav til utstyr og klede. Her skal vi sjå på kva som trengst av klede under lange fjellturar. På slike turar er det viktig at ein er riktig kledd, og at tilleggsutstyret i sekken er valt ut med omtanke. Når vi er fleire timars marsj frå nærmaste bilveg eller bygning, kan det gå på helsa laus dersom vi ikkje er i stand til å takle skiftande vértilhøve med det utstyret vi har med oss. Sam stundes er det eit poeng at vi ikkje skal bere med oss ei tyngre oppakning enn det som er nødvendig. Vi kan seie at antrekket bør basere seg på desse prin sippa:
1 Mange tynne lag med klede i staden for få og tjukke lag Mange lag med klede gir høve for god temperaturregu lering undervegs. Det er viktig at vi verken sveittar for mykje eller frys når vi går. Sveittar vi, blir vi fort kalde når vi kviler eller rastar. Har vi berre ein tjukk genser under anorakken, kan det bli for kaldt om vi tek han av
62
FRILUFTSLIV
oss, og for varmt om vi har han på. Har vi derimot to eller tre tynne genserar, er sjansane for å treffe riktig mykje større.
FOTO: ESPEN BRATLIE / SAMFOTO
2 Nytt klede som absorberer fukt inst Naturstoff som ull og bomull kan suge opp mykje sveitte utan at isolasjonsevna blir mindre. Ull er best, og kan suge opp 30 vektprosent vatn utan at isolasjons evna blir redusert. Bomull er ikkje fullt så bra, men mykje betre enn kunststoff som til dømes nylon og polypropylen. Mange har ei helsetrøye eller tynn trøye av kunststoff ("superundertøy") inst mot kroppen som lett slepper fukt gjennom. Fukta må da absorberast av klede lenger ute. Føremonnen med dette er at huda held seg ganske tørr sjølv om vi skulle sveitte mykje. 3 Nytt vindtette/vassavstøytande klede yttarst Det blæs nesten alltid så snart vi kjem over tregrensa. Vindtette ytterklede er derfor heilt nødvendige. I kraf tig vind er det direkte farleg å gå utan vindtette klede. Dersom vinden blæs gjennom kleda, blir vi fort nedkjølte. Vassavstøytande klede er ein føremonn. Det finst i dag kunststoff (til dømes Gore-tex) som er vindtett og vassavstøytande, men som likevel slepper gjen nom fukt frå innsida. Vasstette klede (regnklede) må nyttast i regnvér. Problemet er da ofte at vassdamp kondenserer på innsida av regnkleda slik at vi blir fuk tige og kalde. Regnkleda bør derfor vere konstruerte slik at mest mogleg av dampen på innsida kan sleppe ut. 4 Ha med hovudplagg, skjerf og vottar Allereie i moderat vind blir varmetapet frå hovudet stort. Opp til 40 % av varmetapet kan komme frå hovudet. "Vil du halde hovudet kaldt i ein vanskeleg situasjon, må du halde hovudet varmt." Nytt hovud plagg sjølv om hovudet ikkje kjennest kaldt! Halsen er eit anna punkt der varmelekkasjen kan vere stor. Ano rakken bør ha hette med skinnkant som tek av for vind. Dersom du ikkje har hette, må lua vere vindtett. Om vinteren vernar ei finlandshette ansiktet godt mot vind og solforbrenning. Det er lett å bli kald på udekte hen der, og fingertuppane er utsette for forfrysing. Vottane bør vere vindtette.
63
Kledd for vinterfjellet
FRILUFTSLIV
5 Nytt solid fottøy av ler I høgfjellet er det mykje stein og ur som slit veldig på solar og skosider. Gode fjellsko av ler toler dette, og gir i tillegg god balanse når vi går med ryggsekk i ulendt terreng. Lér pustar, og derfor blir vi ikkje så snøgt våte på beina av kondens. Lérsko må behandlast med sko krem og impregnering (voks, silikon) for at dei skal halde seg vasstette. Så lenge porene i léret er fylte opp med feittstoff eller silikon, trekkjer léret ikkje vatn. Det er derfor viktig å velje skopuss og impregneringsmiddel som ikkje lett blir vaska ut av vatn. På kortare turar er det nok med gummistøvlar eller kraftige joggesko. Dersom det er plass til tjukke solar og gode ullsokkar, vil dei suge opp mykje kondens, og gummistøvlane kan halde seg varme lenge. Men gum mistøvlar og joggesko gir ikkje så god oklestøtte og balanse. Det er viktig at skoa er akkurat passe store. Det bør vere plass til kraftige solar, strømpar og ullsokkar. Inst mot huda bør vi ha tynne kunstfiberforsterka ullstrømpar. Det er viktig at skoa ikkje er for tronge. Da frys vi lett. Er dei for store, slik at dei kippar, får vi lett gnag sår. Personar som lett får gnagsår, kan førebyggje dette ved å ha på seg gnagsårplaster eller sportsteip på utset te stader før turen startar. Om vinteren er det viktig at vi dekkjer overgangen mellom sko og strømpar med solide gamasjar. I våt snø er det i tillegg ein føremonn med overtrekk på skoa. Skal vi vasse mykje omkring i snøen (til dømes ved graving av snøhole), bør vi nytte fotposar. Dei delane av kroppen som er mest utsette for kulde, blir kalla kuldepunkt. Desse punkta er hender, tær, ledd, lyske, midje, hals og øyre. Det er spesielt viktig å skjerme desse punkta godt. Klede må vere store og rommelege. Dette gjer det lett å lee seg, og det overlap par godt mellom til dømes skjorte og bukse slik at krossryggen er skjerma når vi bøyer oss. Klede må ikkje stramme slik at dei hindrar blodomløpet. I båt og når vi fiskar med vadestøvlar, bør vi nytte flytevest eller andre typar flyteklede. På sjøen skal flyteklede og regnklede ha skarpe signalfargar. I skog og mark er det vanleg med kamuflasjefargar (grønt, brunt). I jakttida bør vi nytte lue med signalfarge (raudt). Det er viktig å skjerme auge og hud mot solforbren-
64
FRILUFTSLIV
ning. Gode solbriller og solkrem med høg faktor (8-12) må alltid vere med. Om vinteren bør vi ha solbriller som skjermar for sidelys, og smørje huda fleire gonger om dagen. Mange dekkjer i tillegg utsette stader (nase, øyreflippar) med sinkkrem. I sterk vind er det ein føre monn å nytte snøbriller (slalåmbriller).
KOSTHALD Når vi går lange turar, nyttar kroppen mykje meir ener gi enn normalt - opp til tre-fire gonger meir ved ekstre me påkjenningar. Dersom vi ikkje får i oss nok energi og væske, kan vi "gå tomme" og miste kreftene full stendig. Mange farlege situasjonar har oppstått på den ne måten. Det ein må tenkje på når ein vel mat for ein lengre tur, er at det må vere nok, og samstundes må ikkje maten vege for mykje eller ta for stor plass i sekken. Hermetikk veg mykje, men har den føremonnen at han er relativt billig og held seg uavgrensa. Frysetørka mat er lett og har lite volum, men han er dyr. Posemat med pølse eller kjøtt (ferdigkokt heime) som tilsetjing er eit rimeleg alternativ. Til tørrmat veg knekkebrød mindre enn brød, men har lett for å bli knust i tusen bitar. På tur bør frukosten bestå av det vi kallar "sakte kar bohydrat", det vil seie karbohydrat som nyttar lang tid på å bli absorbert i tarmen. Havregraut er eit døme på det. Føremonnen med sakte karbohydrat er at dei sti mulerer energiproduksjonen i kroppen i mange timar. Om kvelden må vi syte for å få i oss protein og feitt. Det er vanskeleg å oppgi noko bestemt om kor store mengder ein bør ha med seg. Det kjem an på kropps vekt, kor lange dagsmarsjane er, terrenget, vekta på sekken og individuelle skilnader i forbrenning. Ein tommelfingerregel er at vi bør ha med nok mat til å dekkje det dobbelte av normalt dagskonsum. Dei fleste treng minst 2 1/2 liter væske pr. dag - i varmt vér og ved kraftig sveitting det dobbelte. Vatn av god nok kvalitet finn vi heldigvis nesten overalt i Noreg. Det er neppe mogleg å drikke for mykje vatn, men det går godt an å få i seg så mykje kaffi at det går ut over yte evna. Om vinteren må vi basere oss på å smelte snø. Eit stormkjøkken i lettmetall tek liten plass og veg lite, og høver godt både til matlaging og snøsmelting. Bål brenning er naturlegvis eit alternativ der det finst ved
65
FRILUFTSLIV
vi har lov å forsyne oss av. Hugs at det ikkje er lov å gjere opp eld i perioden 15. april til 15. september. Denne regelen blir praktisert med lempe, men er uhel let ute og det blir brann, er ein erstatningspliktig. Den vanlegaste årsaka til utmatting er såkalla hypoglykemi, det vil seie for lågt blodsukker. Glykogen er eit karbohydrat som er lagra i musklar og lever, og som kroppen nyttar som energikjelde ved tunge belastning ar. Ved lette belastningar greier kroppen seg med å for brenne feitt som er lagra i muskulaturen. Men dersom feittforbrenninga ikkje er nok, må kroppen ty til glykogenet. Glykogenlageret held som oftast til ein-to timar med intensiv forbrenning. Når lageret er slutt, går ein tom for krefter og blir raskt fullstendig utmatta. Ved låge blodsukkernivå mistar ein ofte dømmekrafta og blir forvirra eller apatisk. Vi kan førebyggje og behand le hypoglykemi med regelbunden tilførsel av druesukker (glukose) eller vanleg røyrsukker. Fruktsuppe og søt te eller såkalla sportsdrikker (XL-1 eller Isostar) er bra. Om sommaren kan ein få heteslag. Det er viktig å passe på at barn kler av seg tilstrekkeleg når det er varmt, ettersom barn ofte ikkje sjølv reagerer på var men før det er i seinaste laget. Heteslag kan vere døde!eg. Dehydrering eller stort væsketap kan dg føre til utmatting. Det er ikkje uvanleg at maratonløparar og femmilsløparar kan miste 4-5 liter væske under ein konkurranse. Ved kraftig sveitting bør ein drikke 1/4 liter kvart kvarter. Etter mange dagar med mykje sveitting kan salttapet bli stort. Stort salttap blir kalla hyponatriemi og fører til utmatting og desorientering. Ekstra saltinntak er nødvendig på fleirdagsturar i varmt vér.
VERNEUTSTYR
Vi bør gjere det til ein regel å ha med oss ein del førstehjelps- og verneutstyr på alle turar vi går. Uhellet kan vere ute sjølv på kortare turar, og di raskare vi får behandla ein skade, di betre går det. På lange turar utanom allfarveg må vi aldri ta sjansen på å leggje av garde utan verneutstyr. Eit lite lommeapotek inneheld det meste av det vi treng av førstehjelpsutstyr. Det viktigaste er plaster,
66
FRILUFTSLIV
kompressar og gasbind, sårreinsemiddel, sikringsnåler (mellom anna til å lage fatle), smertestillande tablettar og eventuelt insektmiddel. Dessutan bør vi ha solkrem med ekstra høg faktor og krem for såre og sprokne lep per, dertil gnagsårplaster og sportsteip. I tillegg bør vi alltid ha med oss fyrstikker med ripeflate eller anna fyrtøy i vasstett innpakning (til dømes i ein filmrullboks eller eit tablettrøyr), kniv (gjerne ein lommekniv med mange reiskapar), lommelykt, reparasjonsutstyr (nål, tråd, metalltråd/kraftig hyssing/teip til reparasjon av ryggsekk eller sko), syl og ei lita avbitartong (som er hendig å ha dersom ein får ein fiske krok i fingeren). Eit lite stearinlys er lurt å ha når ein skal tenne bål under vanskelege tilhøve. Ei fløyte med skarp og gjennomtrengjande lyd gir eit fint signal for å tilkalle hjelp. Hugs at ei fløyte av metall kan fryse fast til leppene i kulde og føre til store sår. På skiturar treng vi reserveskitupp og spade, og helst skredline dg. Skismurning (og helst skifellar) er obligatorisk, og må nesten reknast som verneutstyr for di velpreparerte ski er ein føresetnad for å unngå ut matting. Under isfiske bør vi ha med oss ispiggar og flyteklede. På sjøen er nødrakettar eller nødpeilesendar ein føremonn på litt lengre turar eller når vi ferdast i område med lite folk. Vi bør dg ha fløyte og signallykt for å kunne varsle om kvar vi er i mørke eller tåke. Ein vindsekk kan redde liv om véret slår seg vrangt. Vindsekker finst i dag i mange utgåver. I ein fora sekk kan vi ha det bra sjølv i sterk vind og kulde. Ulike typar av vindsekker veg frå 0,5 til 1,5 kg. Det finst ein del hjelpemiddel som avgir varme ved sakte oksidasjon av ulike kjemikal. Somme av desse typane kan avgi varme i opptil 18-24 timar. Dei eignar seg svært godt til oppvarming av frosne føter og andre kroppsdelar, og til tørking av sko, vottar og liknande. Vårteikn Fjellregel nummer 3 seier at vi skal vise respekt for véret og vérmeldinga. Gamle vérteikn kan dg fortelje om kva slags vér vi får.
- Ring rundt månen om kvelden vil seie nedbør og vind neste dag. - Dersom vinden kjem kvast og snøgt, forsvinn han like raskt. Men aukar vinden langsamt i styrke, kan du vere
67
FRILUFTSLIV
-
-
-
-
sikker på at uvéret blir langvarig. Lange skyer som er breiast i enden - revehaleskyer- vars lar vind og nedbør. Raude skyer ved soloppgang gir nedbør om ettermidda gen. Kveldsrøde gjer morgonen klar. Bryt sola gjennom skylaget i ein kraftig stråle, kan du ven te nedbør. Trekkjer sauene nedover mot skogen, blir det uver. Trekkjer dei til fjells, blir det godver. Flyg svalene høgt, blir det godver. Mange kingelnett om morgonen varslar om godver.
RYGGSEKKEN
Ein ryggsekk skal vére lett, sterk, rommeleg og god å bere. I dag nyttar vi både pakkrammesekker og anato miske sekker. Pakkrammesekken heng i ei metallramme, og er best eigna når vi skal bere svært tungt. Anatomiske sekker er godt tilpassa ryggen og eignar seg spesielt godt når vi går på ski.
Prinsippet for pakking av ryggsekk er å plassere lette ting nedst og lengst frå ryggen. Tunge ting er lettare å bere når dei er plasserte høgt oppe og inst mot ryggen. Ting ein treng undervegs, må pakkast slik at dei er lett tilgjengelege, t.d. må regntøy og ekstra genser til bruk ved rasting plasserast i sidelommer eller øvst.
FRILUFTSLIV
På dagsturar kan vi rekne med at sekken veg 4-6 kg. Hytte-til-hytte-turar når vi ikkje treng å ha med provi ant, krev ein sekk på 10-12 kg. Ved tleirdagsturar med overnatting ute må vi rekne med at sekken kan vege opp til 20-25 kg. Reinsdyrjegerar må ofte bere 50-70 kg i mange timar når slaktet skal fraktast fram til veg.
OVERNATTING UTE Den vanlegaste forma for utandørs overnatting er i telt. Det finst i dag ei lang rekkje telt som veg lite, og som har plass til to til fire personar. Teltet bør vere dobbelt, slik at den innvendige duken slepper igjennom fukt og kondensvatn som kan renne av på innsida av ytterduken. Om sommaren kan vi overnatte under open himmel i ein god sovepose. Helst bør vi ha isolerande liggjeunderlag, men dersom ikkje krava til komfort er alt for store, kan vi greie oss med eit stykke plast som vernar mot jordråme. I skog kan vi byggje ein tradisjonell gapahuk dersom vi har lov til å hogge småtre og ta granbar. Det er elles vanleg å nytte ein vindduk eller presenning som tak i ein gapahuk. Om vinteren er overnatting i snøhole eit godt alter nativ til telt. Temperaturen inne i ei snøhole ligg omkring null, mens vi i eit telt kan ha mange kulde gradar. I ei snøhole høyrer vi ingenting til vinden på utsida, mens blafringa i ein teltduk har gitt folk mang ein søvnlaus natt.
Når uhellet er ute NØDOVERNATTING
Ufrivillig overnatting ute går som oftast bra når vi er førebudde på slike situasjonar. A grave ei snøhole tek to til fem timar, avhengig av storleiken, kor hard snøen er, kor mange som er med på gravinga, og kor utkvilt ein er når ein begynner. Det er derfor viktig at vi ikkje ventar med gravinga til vi er utslitne. Det kan dessutan vere vanskeleg å finne ein høveleg snøskavl i dårleg vér. Somme år kan snødekket vere så tynt at det ikkje er så mange snøskavlar. Andre år kan dei fleste skråning ar vere rasfarlege. Det er spesielt vanskeleg å vurdere
I 69 _-__________ .
FRILUFTSLIV
Ved graving av snøhole lønner det seg å starte med ei stor opning i ståhøgd. Først grev vi hola ut med ei benkehøgd minst 50 cm over nivået i opninga. Deretter kan vi nytte snøblokker til å mure igjen den delen av opninga som er høgare enn benkenivået. Kald luft vil sige ned mot golvet i opninga og forsvinne ut. For å sikre teltet mot å bli rive ned av vind bør ein byggje ein mur av snøblokker mot vindretninga. I staden for teltpluggar kan vi nytte ski og stavar, som gir betre feste når ein stikk dei djupt i snøen.
rasfare i dårleg sikt. Når vi går på skiturar i høgfjellet, er det ein god idé å venje seg til å sjå etter snøskavlar som eignar seg til å grave snøhole i. Eit alternativ til snøhole kan vere ei snøgrop, dersom snøen er djup nok. Helst bør ei snøgrop vere så djup at vi kan stå oppreiste i ho. Da er det mogleg å hoppe opp og ned for å halde varmen. Over opninga legg vi ski og stavar og tettar med snøblokker. Ein annan type nødbivuakk som er relativt rask å lage, er ein nisje i snøskavl, der vi set ski og stavar framfor opninga og tettar til med snøblokker. Dersom vi ikkje finn ein passande skavl, eller snøen ikkje er djup nok for ei snøgrop, må vi prøve å byggje ein lemur, eller aller helst ein iglo. Når vi set oss inn i ei snøhole, ei snøgrop, ein nisje eller ein iglo, er det viktig at vi børstar av oss all snø frå klede og sko, slik at vi ikkje blir våte når snøen smeltar. Vi må ta på oss alle reserveklede, beina kan plasserast i ryggsekken, og vi kan lage eit sitjeunderlag av ein plastpose med til dømes reservestrømpane inni. Sit tett
70
FRILUFTSLIV FOTO: ESPEN BRATLIE
Ein nødbivuakk kan vi byggje ved å grave ut ein nisje i ein snøskavl og dekkje opninga med snøblokker. Hugs a markere staden ved å setje igjen ei ski eller ein stav utanfor.
slik at alle varmar kvarandre. Før vi set oss inn i nødbivuakken, må vi markere staden ved å setje igjen ei ski eller ein skistav utanfor. Dersom vi er på fleirdagars fjelltur med lange dagsmarsjar om vinteren, bør vi alltid ha med telt eller vindsekker. Telt kan vi ofte greie å setje opp jamvel i sterk vind i le av ein mur av snøblokker. Vi kan dg sitje i ein vindsekk i le av snøblokker eller store steinar. Ufrivillige opphald utandørs om sommaren er sjel dan så dramatiske som om vinteren. Vi skal likevel hugse på at det dg om sommaren kan bli kuldegradar og snøfall i høgfjellet. Greier ein å halde seg tørr, skal det mykje til at ein frys i hel om sommaren. Problema oppstår når ein er blitt våt. Dersom ein ikkje har med seg telt, vindsekk eller tørr sovepose, må ein syte for å lee seg slik at ein held varmen. Helst bør ein freiste å gå tilbake, eller følgje ein bekk nedover til ein kjem ned under skoggrensa. I skogen kan ein gjere opp bål og få tørka klede og sko.
71
FRILUFTSLIV
FØRSTEHJELP
Nedkjøling og forfrysningar Nedkjøling er som nemnt det største problemet både når ein fell i vatn, og under turar i kaldt vér. Dei same prosedyrane for livredding gjeld anten ein har fiska ein person opp av vatn eller funne ein forkommen person i snøen. Når kroppstemperaturen begynner å falle under 37 gradar, reagerer vi med skjelving. Dette aukar varmeproduksjonen i kroppen. Ved 32 gradar blir ein medvitslaus. Før dette skjer, har ein vore gjennom ein fase da ein mistar dømmekrafta, og kan oppleve kulde som varme. Det er ikkje uvanleg at folk som er i ferd med å fryse i hel, freistar å kle av seg. Folk som har blitt redda frå å fryse i hel etter at dei mista medvitet, har fortalt at dei hadde ei kjensle av å ha det varmt og behageleg, og hadde hallusinasjonar om å sveve omkring eller å liggje i ei grøn eng. Når kroppstemperaturen kjem ned mot 30 gradar, vil alle musklar vere svært stive. Tilstanden liknar på dødsstivleik. Det er vanskeleg å påvise hjarteaktivitet sjølv med stetoskop, og pusten kan vere nede i fire til fem andedrag pr. minutt. Men sjølv i denne tilstanden kan det vere mogleg å få ein person tilbake til livet ved hjelp av oppvarming. Ved 28 til 25 gradar begynner hjartet å flimre, blod sirkulasjonen stoppar, og ein døyr. Det har hendt at folk har overlevd nedkjøling til 22 gradar. Stadia i nedkjøling som er skildra her, gjeld både ved nedkjøling i vatn og i luft. Ein nedkjølt person kan i begge tilfella reddast om han kjem i skjul og blir varma opp. Våte klede må fjernast frå kroppen, som ein tørkar med handklede. Vedkommande må deretter få på seg tørre klede. Dersom personen er i stand til å svare på spørsmål, kan vi rekne med at kroppstemperaturen er over 32 gradar. Det viktigaste da er å få stoppa skjel vingane. Det kan vi klare ved å få vedkommande til å drikke noko varmt. Medvitslause personar bør ein varme opp ved å leg gje dei i varmt vatn på 40 gradar. Det er viktig at tem peraturen ikkje er høgare. Dersom vi manglar badekar eller ei stor nok balje, kan ein dusj gjere nytta. Så snart personen er medviten, må han ut av badekaret eller dusjen. Dersom kroppstemperaturen stig til 37 gradar
72
FRILUFTSLIV
Når termometeret viser (°C)
+10°
+4°
-1°
-7°
-12°
-18°
-23°
kan varmetapet bli så ;stort som om temperaturen er
og vinden er
Stille Flau og svak vind
ca 0 m/s ca 2 m/s
+10° +9°
+4° +3°
-1° -3°
-7° -9°
-12° -15°
Lett bris Laber bris
ca 5 m/s ca 7 m/s
+4°
-2° -4°
Frisk bris Liten kuling Stiv kuling Sterk kuling
ca 9 m/s
-9° -13° -16° -18°
-16° -21° -24°
-23° -28° -32° -34°
-20° -21°
-29° -30°
ca 12 m/s ca 15 m/s ca 19 m/s
+2° 0° -2°
-3° -4°
-8° -10°
-12° 13°
mens han enno ligg i varmt vatn, kan vi risikere at tem peraturen held fram med å stige til han når eit kritisk høgt nivå på 42 gradar. Personar som har blitt redda ved oppvarming, har sjeldan plager etterpå. Velutstyrte redningsmannskap har som oftast med seg ein såkalla "overlevingsbag" som er laga av eit spe sielt varmereflekterande materiale. Den blir nytta for å frakte nedkjølte personar fram til ein stad der dei kan behandlast. Har vi ikkje tilgang på varmt vatn, kan vi prøve å leggje den nedkjølte personen saman med andre personar med normal kroppstemperatur, og dekkje til med så mykje varme klede, soveposar eller dyner som mogleg. Ved forfrysingar er det best å varme opp den forfros ne kroppsdelen i romtemperatur. Dersom det ikkje er mogleg, må vi prøve å varme opp ved kontakt med varm hud, til dømes ved at vi stikk føtene opp under kleda på ein annan person og kviler dei mot magehuda på vedkommande. Vi må aldri prøve å gni forfrosne kroppsdelar.
Andre alvorlege skadar Når ein person er medvitslaus, må vi først sjekke om den skadde har andedrag og puls. Dersom det er tilfel let, legg vi vedkommande i stabilt sideleie for å unngå at oppkast skal hindre pustinga. Dersom det ikkje er mogleg å transportere den skadde i sideleie, må vi leg gje personen på ryggen med hovudet lågt og kontrolle re ofte at han ikkje brekker seg.
73
-26°
-37° -38°
-18° -21° -29°
-23° -26° -36°
-38° -40°
-43° -47°
-42° -45° -47°
-50° -55° 56°
Kulde kombinert med vind gir ein avkjølingseffekt som er langt større enn den som gradestokken viser. Tabellen viser avkjølingseffekten som funksjon av temperatur og vindstyrke. Ved verdiar under 30 erfaren for frostskadar stor.
FRILUFTSLIV
Dersom andedrag eller puls ikkje er tilfredsstil lande, må vi prøve gjenoppliving ved hjelp av munntil-munn-metoden og/eller hjartemassasje. Er det mistanke om nakkebrot eller ryggbrot, bør vi unngå flytting før kunnige livreddarar kjem til staden. Forgiftingar behandlar ein ved å få vedkommande til å brekke seg. Forgiftingar med etsande væsker må vi behandle ved at vedkommande drikk så mykje mjølk/vatn som mogleg og kjem til sjukehus for pum ping snarast. Pulsåreblødingar må vi prøve å stoppe med kom pressar. Ved større livstruande blødingar i føter eller armar må vi stoppe blødinga ved hjelp av såkalla turniké, det vil seie fullstendig avklemming av blodtilførse len ved sirkulær tilstramming ovanfor skadestaden.
Ta gnagsår på alvor! Smertefulle gnagsår kan forlengje den planlagde dagsmarsjen til det mangedobbelte av tida.
Småskadar Belastningsskadar som senebetennelsar, slimposebetennelsar, meniskskadar og forstuingar behandlar ein best med ro. Eventuelt kan vi lindre smerter ved å nyt te elastiske trykkbandasjar. Nedkjøling med snø eller is kan vere effektivt for å hindre hevingar som kan gjere det vanskeleg å få på seg sko. Brotskadar må helst spjelkast eller stabiliserast på annan måte før transport. Ved større brot kan det opp stå kraftige blødingar som må stoppast ved hjelp av kompressar eller turniké. Snøblinde kan vere svært smertefullt, og vi behand lar det ved å dekkje til auga med tøystykke. Solforbrenningar behandlar vi ved å dekkje til den for brende staden med feit salve. Hydrokortisonsalve (på resept) dempar reaksjonen mest effektivt. Ved brannskadar kan vi redusere omfanget av sår ved snøgg nedkjøling av den forbrende staden. Kaldt vatn eller snø blir nytta til nedkjøling. Stikk ikkje hol på brannblemmer. Blemma skjermar godt mot bakterieureining av såret. Større sår blir forbundne med steril bandasje, og må behandlast av lege så snart som mogieg. Gnagsårblemmer behandlar vi ved å stikke hol på blemma med ei steril nål eller ein steril kniv (avbrend i ein flamme). Etterpå legg vi ei avlasting av skumgum mi, filt eller kompress rundt blemma og teipar godt fast. Kjøttsår tildekkjer vi best med spesielt gnagsårplaster eller sportsteip.
74
FRILUFTSLIV
Godta ansvar - ta leiinga! I vanskelege situasjonar er det viktig at éin person, og berre éin, tek leiinga. For å unngå å sløse bort tid til dis kusjonar om kva som skal gjerast, må deltakarane i gruppa godta det leiaren avgjer, utan protestar. Det er nyttig å bruke vanlege turar til å trene på leiing. Det å leie ein tur startar med planleggingsfasen. Alle må delta i planlegginga, men leiaren i denne fasen må ta ansvaret for at ein gjer nødvendige vedtak om veg val, utstyr og mat, og at arbeidsoppgåver når det gjeld innkjøp og andre førebuingar, blir fordelte. Neste fase er sjølve turen. Leiaren har ansvar for å finne vegen, halde gruppa samla og syte for hjelp til deltakarar som treng det. Når vi rastar eller slår leir, er det ei rekkje arbeids oppgåver som må gjerast. Det beste er å fordele desse oppgåvene før turen startar. Dersom det ikkje er gjort, blir det leiaren si oppgåve. Undervegs og i leiren kan det vere aktuelt med delprosjekt som fisking, bærpluk king, dyreobservasjonar, botanisering og så vidare. Leiinga av slike delprosjekt kan fordelast på deltakar ane. Dersom vi gjer det til ein regel å trene på leiing under enkle utflukter dg, blir det mindre unnaskmtring og færre misnøgde. Dessutan vil vi bli i stand til å leie ei gruppe av uerfarne, og elles ta ansvar når det gjeld.
Båtar og båtbruk Båtar til fritidsbruk kan inndelast i typar som eignar seg til ferie- og turbruk, og typar som eignar seg til fis ke og jakt.
FERIE- OG TURBÅTAR Ferie- og turbåtane blir nytta i sjøen og på somme stør re innsjøar, og kan inndelast i motorbåtar og seglbåtar. Av motorbåtar har vi igjen to typar: planande båtar og deplasementbåtar. Planande båtar er laga for stor fart ved at dei glir oppå vatnet når dei går fort. Deplase mentbåtar har fortrengjande skrog, det vil seie at dei pløyer gjennom vatnet utan å lyfte seg. Ei snekke er ein typisk deplasementbåt. Slike båtar gjer sjeldan meir enn 10-12 knop.
75
Grensa mellom planande båtar og deplasementbåtar er ikkje så tydeleg, fordi ei rekkje båttypar ligg i over gangsområdet mellom planing og deplasement. Vi kal lar ofte slike båtar for halvplanande. Vidare kan vi typeinndele båtar etter storleik, motortype og tildekking. Ein vanleg type opne båtar er på 1016 fot og er utstyrte med påhengsmotor. Slike båtar er best eigna i skjerma farvatn og blir nytta som dagsutfartsbåtar. Større båtar på 18-22 fot kan vere opne, men har som regel dekk og kahytt. Både påhengsmotor og innanbordsmotor er vanleg i denne gruppa. Slike båtar toler litt meir sjø og kan nyttast i opnare farvatn. Dei eignar seg derfor til litt lengre turar, og det er plass til over natting om bord. Større båtar på 24-40 fot er som regel alltid dekte med velutstyrte kahytter, og eignar seg for langturar med overnattingar for fleire personar, og til å krysse opne havstrekningar. Mindre fiskebåtar av sjarktypen er dg vanleg i bruk som fritidsbåtar, særleg for dei som har sjøfiske som hobby. Seglbåtar deler ein som regel i klassar etter målereg-
76
FOTO: JAN ARVE DALE ' SAMFOTO
Om lag halvparten avfolket deltek i båtturar på sjøen minst éin gong om året. Sankthanskvelden er toppsesong for båtfolket, her frå slinningsbålet ved Ålesund.
FRILUFTSLIV
lane for storleik og seglføring som gjeld i regattaer (seglbåtkonkurransar). Opne joller på 8-15 fot er typis ke regattabåtar som til dels kan plane og gå veldig snøgt. Dei er vanskelege å segle og eignar seg best for skjerma farvatn. Større opne båtar på 15-20 fot blir dg oftast nytta til regatta, men er store nok til å gjere nytte for seg til familiedagsturar. Seglbåtar med dekk er som regel 20-28 fot^/og har oftast hjelpemotor og køyeplass til tre-fem personar. Dei eignar seg til kystseglturar i noko meir ope farvatn enn dei mindre, opne båtane. Større seglbåtar har ofte køyeplass for fem-ti person ar og eignar seg for langturar og kryssing av ope hav. Utviklinga har gått mot glasfiberbåtar (plastbåtar). Trebåtane har vanskeleg for å konkurrere med plastbåt ane med omsyn til vedlikehaldsarbeid og pris. Mens ein plastbåt greier seg med nedvasking for å fjerne algar og skjel, dertil småreparasjonar av skadar i gelcoat'en, må ein trebåt skrapast og målast med få års mellomrom. Det finst dg båtar med skrog av stål eller aluminium. Men trebåtentusiastane finn glede i vårpussen, og meiner at ein båt må vere av tre for å kunne bere nam net sitt med rette. Dessverre ser det ut til at lokale båtbyggjartradisjonar er i ferd med å døy ut mange stader.
Nordlandsbåten er kjenneteikna av den rette forog akterstamnen. Biletet er frå 2928.
FRILUFTSLIV
Slike handverkstradisjonar er ein del av kulturarven vår. Det er no stifta lag som har som mål å ta vare på tradisjonelle båttypar, og sikre opplæring av nye båt byggjarar i den gamle handverkstradisjonen. Det gjeld til dømes for nordlandsbåten og åfjordbåten frå Trøn delag. Botnstoff-problemet Dei fleste større båtar som ligg i sjøen heile sommarhalvåret, blir måla med botnstoff. Det hindrar at dei gror til med algar og skjel. Tilgroing set farten vesentleg ned og aukar forbru ket av drivstoff dersom tilgroinga tek overhand. Alle botn stoff er giftige og representerer ei form for ureining. Spesielt vassfiltrerande organismar som skjel er utsette for skade verknader sjølv ved svært små konsentrasjonar i vatnet. Massedød av østers har blitt påvist i nærleiken av marinaer. Tinnhaldige botnstoff er no forbode i dei fleste land. Ei rek kje land vurderer forbod mot koparhaldige botnstoff dg. Eit totalforbod mot botnstoff er likevel vanskeleg å gjennom føre fordi det vil skape store problem for skipsfarten. I ei undersøking i Noreg i 1985/86 blei det berekna at totalforbruket av botnstoff var 467 000 liter pr. år. Av dette blei 211 000 liter nytta på fritidsbåter.
BÅTAR FOR JAKT OG FISKE Vi kan skilje mellom flatbotna, gruntgåande joller (eiker) som eignar seg til dømes til andejakt nær land, vanlege robåtar og prammar som blir nytta til fiske nær land, småbåtar med tverrskott bak for påhengsmotor som dg kan nyttast som robåt, og som kan blåsast opp eller leggjast saman, og som vi kan bere på ryggen. Det finst ei rekkje ulike typar og utformingar rundt omkring i landet. Dessutan har vi spesialbåtar konstru erte for spesielle tilhøve, slik som dei lange slanke elve båtane som blir nytta av samane på større elvar i Troms og Finnmark. Desse båtane kan vere opp til 9-10 meter lange, men berre 70-80 centimeter breie. På sjøen blir dei vanlege ferie- og turbåtane nytta. Småbåtar for jakt og fiske er laga av alle slags materi ale. Trebåtane er dei tradisjonelle, men plast (dg mjukplast), aluminium og gummi blir meir og meir vanleg. Som større kystbåtar er dg dei tradisjonelle innlandsbåtane i ferd med å bli museumsgjenstandar. Dette gjeld til dømes den flatbotna åfløya, som blei nytta til stokkhåvfiske etter lagasild i nordre Mjøsa og nedre
78
FRILUFTSLIV
Lågen. I Dramselva var den tradisjonelle båten til not fiske nersetter eller jagarbåt. Båttypen var ein klinkbygd spissbåt, låg, brei og stabil.
FOTO: JORN AREKLETT OMRE / SAMFOTO
KANO- OG KAJAKKPADLING I dei seinare åra har kanopadling blitt populært. Kanoen er ein open båt som blir padla med ei enkel åre mens ein sit på kne. Kajakken er laga for uroleg hav og er derfor lukka for at han ikkje skal bli fylt med vatn. Kajakken blir padla i sitjande stilling med ei dobbeltåre. Kanoen er den båttypen som eignar seg best til turbruk, fordi han har større plass for turutstyr. Turpadling i større innsjøar og vassdrag gjer det mogleg å leggje lange strekningar bak seg kvar dag, og gjer det dg mogleg å oppsøkje stader som ikkje er så lett tilgjengelege til fots. Kanoen er eit stillegåande framkomstmiddel som gir gode høve for nærkontakt med dyrelivet. Derfor er det dg lett for kanopadlarar å forstyrre ømfintlege artar i kritiske fasar. Sjølvdisiplin er påkravd. Padling i Finnmark og Femundsmarka byr på fine villmarksopplevingar. Langturar kan dg gjennomførast til dømes i Haldenvassdraget, kanalsystemet i Tele-
Fisketur med kano.
FRILUFTSLIV
mark og i Oslomarka. Kystpadling er dg eit alternativ. De fleste kanoar er laga av aluminium, veg 30-40 kg og kostar 5 000-10 000 kroner. Det finst lettare kanoar av tre eller glasfiber som er dyrare. Det er mogleg å kjø pe tilleggsutstyr som kanotrille, segl og kjøl, behage lege sete, feste for påhengsmotor og utriggarar for å gjere kanoen veltesikker. Somme kanotypar kan leg gjast saman, slik at dei er lette å bere frå vatn til vatn. Eit billig alternativ til å kjøpe kano er å låne. Norges Padleforbund (telefon 67 15 46 00) kan gi opplysningar om utleige av kanoar og aktuelle kanoturar. Vasstette pakkposar og redningsvestar er sjølvsagt på kanoturar. Småbarn må festast med tau og krok til ein vaksen person, aldri til sjølve kanoen.
Hugs: "Langsomhetens vellyst overskrider fartens berusel se.''
TRYGGLEIK OM BORD OG TIL SJØS Som ved turar i skog og mark og på fjellet, er gleda ved å ferdast i båt avhengig av at ein kjenner seg trygg. Holdningar, kunnskapar og dugleik er igjen stikkord. I ferie- og turbåtar er det nødvendig med ein del ver neutstyr: anker, brannsløkkingsutstyr, lanterner, lenseutstyr, verktøy og reservedelar. I fall ein får motor stopp, må årar vere med i motorbåt dg. Navigasjons utstyr (kart og kompass) og VHF-radio bør vere med på lengre turar. Minst éin person i familien og helst fleire bør ha tilstrekkeleg opplæring, til dømes eit båtførarkurs der ein mellom anna lærer reglar for styring og ferdsel på sjøen. Dei vanlegaste ulykkene til sjøs er grunnstøyting som fører til lekkasje, brann, kantring og mann over bord. Den som ønskjer å ferdast til sjøs eller på større innsjøar, bør lære seg kva som skal gjerast i slike tilfel le, før uhellet er ute.
80
FRILUFTSLIV
JORN AREKLETT OMRE / SAMFOTO
Spiskammerset i naturen Haustingsaktivitetar ex, som vi har sett, ein vesentleg del av friluftslivet i Noreg. Sjølv om hausting frå spis kammerset i naturen ikkje skulle vere det primære målet med turen, inngår ofte fisking eller bærplukking som ein del av programmet. I tillegg til den gleda og spenninga vi har med sjølve haustinga, kan tilskotet til kosthaldet i familien ofte vere ganske stort. Bruken av naturprodukt kan vere med på å skape stemningsfulle og minnerike stunder rundt matbordet. Dei viktigaste ressursane som blir hausta, er sjøfisk, ferskvassfisk, vilt, bær og sopp. I tillegg blir det berga ein god del drivved og nedfallsved, og det blir sanka ein del nøtter, dertil urter til mat, krydder og pynt. Det finst ingen heilt pålitelege tal for kor mykje som blir hausta, o Dei mest pålitelege tala har vi for vilt. Ar om anna blir det felt om lag 40 000 elg, 20 000 hjort og villrein, 40 000 rådyr, 500 000 ryper og vel 500 000 av anna små vilt (hare, ender, ringdue, skogsfugl og rev). Dette utgjer om lag 7000-8000 tonn viltkjøtt, nok til å dekkje kjøttkonsumet for 160 000 menneske. Det er vidare berekna at fritidsfiskarar tek opp i overkant av 10 000 tonn ferskvassfisk og opptil 30 000 tonn sjøfisk. Det siste talet er svært usikkert.
Rypejeger med hund som rastar ved bål. Motivet er frå Hedmark.
FRILUFTSLIV
Ei undersøking frå 1979 viste at det blei hausta om lag 20 000 tonn ville bær i Noreg dette året. Storparten var blåbær og tyttebær. Trass i desse imponerande tala er det likevel riktig å seie at matauk speler ei mindre rolle i dag enn det gjor de tidlegare som motiv for å drive friluftsliv. På same måten er det få i dag som har ei vesentleg inntekt av utmarksressursane. Ein del grunneigarar kan nok like vel tene gode pengar på å leige ut fiske- og jaktrettar, og det finst framleis folk som har ei pen ekstrainntekt av molteplukking. I samband med utvikling av alterna tive bygdenæringar kan utmarksressursane ha mykje å seie. Det er ikkje lenger nok å tilby overnatting. Turistbedrifter på bygdene må i tillegg tilby aktivitetar som fiske, jakt, natur- og kulturstigar o.l. For folk flest har ressursane i det naturlege spiskam merset mest å seie som ei ekstra naturoppleving: gleda ved å finne bær, fange fisken og overliste viltet, og ved å ete sjølvprodusert mat. Totalt sett utgjer dette svært verdifulle ressursar som det er viktig å verne om. Fiskestell, viltstell og tilrettelegging for hausting av bær og sopp er derfor ein viktig del av naturforvalt ninga i samfunnet.
FRITIDSFISKE Vannet er en ålmenning. Vann er luftig drikk av beste årgang. Vann fra fjellbekk gir en nøktern rus, kåt kiling gjennom kroppen, kreklingkrydret. Å sprute vann på hverandre gjør oss lattermilde som i barndommen. Vann er lekent. Vann kjærtegner oss, renser oss og får oss til å skinne. Vann er til å seile i, fiske i, ro i, svømme i. Vann er til å dykke i, mot koraller, sjøanemoner, tang og reker av en drømt tilværelse. Vann gjør at blodet brer seg i vår kjærlighets rot og krone. Vann perler som svette i vårt arbeids adelskap. Vann gir vårt øye dråpens glans. Vann kan være innadvendt, stillferdig, beroligende, men selv klart vann er hemmelighetsfullt og ikke bare en kjemisk formel. Vann virvler i malstrøm og tyfon, i badekar og lavtrykk. Lyden av en foss kan følge mennesket som kjærtegn hele livet.
82
FRILUFTSLIV
Fossen kan være et bilde på frihet vi ikke har råd til å miste. Jettegryter med sin glatte Henry Moore-form og gnudrende bunnstein forteller om det indre møtet mellom berg og vann. Vann er hellig for muslimer, hinduer og kristne. Folk i ørkenstrøk synger regnsanger. Bonden ærer grunnvannet under seg og regnet over seg og planter trær rundt eng og åker for å binde vannets krets løp. Dugg i kingelvev er søljer i filigran, koster ingen ting og er flyktige som drømmer. Har du hørt et isfjell smelte, sakte, dråpe for dråpe, gi fra seg luft, det låter som fjern musikk. Vi ærer vannets renhet i hav og elver, innsjøer og skyer. Vann flyter i vår sæd, vår fostervæske, vår hjerne, våre føtter. Vann er en ålmenning for alt levende på vår blå havplanet.
Harald Sverdrup
Som det går fram av figuren på side 53, er fiske ein av dei mest populære friluftsaktivitetane i Noreg. Oppslutninga om ulike typar av fritidsfiske var slik i 1989:
Fiske i sjøen
38 %
Fiske i ferskvatn
20 %
Fiske etter laks
13 %
Somme deltok i alle desse formene for fiske, slik at det totalt var om lag 50 % som dreiv med fritidsfiske i ei eller anna form. Den store oppslutninga om sjøfiske heng saman med at båtturar på sjøen er ein av dei mest populære friluftsaktivitetane med om lag 50 % deltaking. Ofte inngår fiske som ein del av båtturen. Fiske i ferskvatn inngår ofte som ein del av programmet på turar i skog og mark, og på fjellet.
83
FRILUFTSLIV
Vi veit ein del om kva folk fiskar etter, og kva slags rei skapar dei nyttar. Ei undersøking frå 1980 om fisket etter ferskvassfisk viste dette om kva artar folk fiska oftast etter:
Innlandsaure
52%
Sjøaure i sjøen
13 %
Laks i sjøen
10 %
Åbor
9%
Laks i ferskvatn
6%
Sjøaure i ferskvatn
6%
Innlandsrøye
4%
Gjedde
2%
Det viste seg dg at folk likte best å fiske etter dei same artane som dei oftast fiska etter. Dette viser at det ikkje er mangel på høve til å fiske etter dei mest populære artane i Noreg. Når det gjaldt reiskapsbruken, viste undersøkinga denne fordelinga med omsyn til kor mange som fiska minst éin gong med reiskapen:
Stong
87%
Garn
22 %
Oter
12 %
Pilk
11 %
Dorg
4%
Andre
3%
Sum
139 %
At summen er 139 % kjem av at mange fiska med meir enn ein reiskap. På spørsmål om kva reiskap dei likte best å fiske med, svarte 72 % stong, 14 % garn, 10 % oter, 2 % pilk, 1 % dorg og 2 % andre fiskereiskapar. Dei fleste fiskar alt så med stong og liker best denne reiskapen. Det var
84
FRILUFTSLIV
ikkje mange som ønskte å fiske med ein effektiv rei skap som garn. På spørsmål om kvifor dei fiska, la dei fleste vekt på faktorar som avstressing, spenning og mosjon, mens sjansen for fangst hadde mindre å seie. Undersøkinga viste altså at fritidsfiske i ferskvatn er viktigast som rekreasjon og oppleving, og at mataukmotivet er under ordna. Når det gjeld sjøfisket, veit vi lite om reiskapsval. Bruken av garn er ganske stor, men pilk og dorg er sannsynlegvis dei mest nytta reiskapane. Slukfiske frå land er dg populært.
FOTO:
NASJONALGALLERIET
Historia til sportsfisket Det eigentlege sportsfisket tok til i Noreg først i 1820åra. Det er Johan Widerøe Thoning Owesen som får æra for å ha innført sporten i Noreg. Han var av irsk ætt, og tok med seg fiskeinteressa si da han flytta til Trondheim, der ein så smått begynte med sportsfiske i Nidelva omkring 1820. I byrjinga var sportsfisket berre flugefiske. Men etter kvart blei det vanleg å nytte sluk, wobbler og naturleg agn som meitemark, brisling og reke. Frå lakseelvane
Lystring er ikkje lenger ein tillaten fiskemetode. I gamle dagar var lyskjelda tyristikker i ei jernkorgframme i båten. Fisken blei spidda med gaffelen som guten held klar ved sida av lyskjelda. Måleriet "Lystringen" er laga av Hans Gude og Adolph Tidemand i 1851 og fangar inn den trolske kveldsstemninga ved eit vatn omgitt av haustskog.
FRILUFTSLIV
breidde sportsfisket seg til aureelvane i innlandet og innsjøane. Sportsfiske var etablert i England allereie på 1400talet. Den første boka om sportsfiske blei utgitt i England i 1496. I 1653 utgav Izaac Walton boka "The Compleat Angler". Denne boka blir rekna som bibelen for sportsfisket og skal hittil ha blitt utgitt i meir enn 300 opplag. Boka blei omsett til norsk i 1971 med tittel en "Den fullendte sportsfisker". Den aller eldste forteljinga om stongfiske stammar frå Egypt om lag 3000 år f.Kr. Vi veit vidare at flugefiske i form av krokar det blei knytt hanefjør til, blei praktisert i Makedonia om lag 200 e.Kr. Det er vel meir tvilsamt om bruken av stong og fluger var motivert av eit ønske om å drive sport på denne tida. Sportsfiske • Det vart tidleg usemje mellom fritidsfiskarar om kva som kunne godtakast som sportsfiske, og kva som måtte reknast for mataukfiske eller rett og slett yrkesfiske. Dei strengaste ønskte å reindyrke sportsfisket som eit reint flugefiske, mens andre ville tillate oter, ruser og i somme tilfelle gam. Striden førte til at det i 1938 blei nedsett ein svensk-norsk kommi sjon som skulle greie ut om spørsmålet. Kommisjonen kom med framlegg om ni grunnreglar for sportsfiske. Dette seier punkt 1: "Sportsfiske er det fisket som utøves for fornøyelse, rekreasjon og for sportens skyld. Fremtredende momenter er ønsket om å ferdes i naturen og interesse for fiskebestand og dennes bevaring. Som sportsfiske regnes ikke fiske med oter o.l. i bevegelse værende krokrekke, fiske med garn, not o.l., fiske med faststående redskap så som ruse, line, rev o.l., bruk av lyster eller annet med spiss forsynt redskap som ikke er bestemt til å slukes av fisken. Det som særlig kjennetegner sportsfisket, er: Sportsfisket utøves med stang og enkel line med krok som er bestemt til frivillig å slukes av fisken. Fisket må ikke skje i yrkesøyemed."
Fiskemetodar Markfiske eller meiting Mange har starta karrieren sin som fiskar med "makktroe". I si enklaste form er dette ein passande kvist med snøre og krok egna med meitemark. Den klassiske markstonga var langbambusen - ei bambusstang på 4-6 meter. I dag blir samanleggbare teleskopstenger
FRILUFTSLIV
nytta mest. Dei har den føremonnen at dei er lettare å bere med seg gjennom skogen enn ein langbambus. I innsjøar er det vanlegast å nytte krok og flytedobb, mens det i rennande vatn blir nytta anten berre krok eller krok og søkke. Til snelle kan ein nytte både flugesneller og haspelsneller. Harving er ei spesiell form for markfiske som er mest vanleg på Austlandet, der meto den blir nytta på stille, mørke kveldar. Ved hjelp av ei lang stong dyppar ein ein litt større krok egna med flei re markar i overflata og dreg han sakte mot land. Harving er rekna som spesielt effektivt for storauren, som søkjer opp mot land når det blir mørkt. Ein variant av markfiske er å nytte reke til agn. Dette er så effektivt for laks at det no er forbode. Det blir sagt at gulrot kan gjere same nytta som reke. I eit forsøk på å avgrense fangsten av tidleg oppgangsfisk er det i somme lakselvar forbode å nytte mark og søkke tidleg i fiskesesongen. Det har dg vore på tale å forby bruken av blysøkke i rennande vatn, fordi søkka kan bli slitne av og bli liggjande på botnen. Det blir spreidd vesentle ge mengder bly i elvane på denne måten. Slukfiske Den mest utbreidde fiskemetoden i dag er fiske med slukstong. Slukstenger kan vere einhandsstenger på om lag 2 meter eller tohandsstenger på om lag 3 meter. Dei større og kraftigare tohandsstengene blir nytta der det er sjansar for storfisk, til dømes i lakselvar og til sjø fiske frå land. Til sjøfiske frå båt blir det ofte nytta kor te, kraftige stenger. Som sneller blir multiplikatorsneller eller haspelsneller nytta. Multiplikatorsneller har roterande trommel, og haspelsneller viklar snøret opp på ein fastsitjande trommel. Haspelsneller er best eigna til lette slukar og spinnarar, fordi snøret glir letta re ut av snella. Til agn nyttar ein spinnarar (som roterer i vatnet), skeislukar (som skjenar att og fram), wobblarar (ledd-delte slukar med heil kropp som vrikkar wobblar - under innsnøringa) eller sildeslukar (som går rett fram i vatnet). Dei fleste slukar har treblekrok, det vil seie ein krok med tre greiner. Slukvekta kan variere frå 1 til 250 gram. 7-12 grams sluk i kombina sjon med snøre på 0,25-0,35 mm er det vanlegaste til aurefiske i innsjøar.
87
Stongfiske etter sjøaure i Orkla, Sør-Trøndelag.
Flugefiske Det spesielle med flugefiske er at fluga veg så lite at det ikkje går an å kaste med ho på same måten som med sluk. Ein nyttar derfor eit spesielt flugesnøre for å auke kastevekta. Dette krev ei stong med god spenst og lett vekt, og ein spesiell kasteteknikk. Kastelengda med fluge er vesentleg kortare enn med sluk. Flugesnellene er vanlegvis av den typen som blir kalla single action, som vil seie at éi omdreiing med sveiva gir éi omdreiing av spolen. Det går dg an å kaste med fluge ved hjelp av slukstong, haspelsnelle, vanleg monofilament snøre (enkelttrådsnøre eller sene) og dupp som kastevekt. Til agn nyttar ein både tørrfluger og våtfluger. Tørrfluger skal flyte oppå vassflata, mens våtfluger er tilpassa fiske under overflata. I dei seinare åra har såkalla tubefluger komme på marknaden. Tubefluger eller røyrfluger er nærmast ein mellomting mellom flu ge og sluk, og kan utstyrast med så stor vekt at dei kan kastast med vanleg slukutstyr. Det blir hevda at tube fluger er langt meir effektive for laks enn vanlege flug er, faktisk så effektive at somme har slått frampå om å forby dei til laksefiske. Bruk av søkkesnøre har dg gjort det tradisjonelle flugefisket meir effektivt.
I
88
I
[ g
|
FRILUFTSLIV
Isfiske Isfiske går føre seg hjelp av pilkestikke og ei enkel snel le. Ein fiskar anten med krok egna med mark eller maggots (spyflugelarver), med sluk eller med balansepilk (mormyschka) egna med maggot. Somme gonger blir fortaum med gummimark eller fluger nytta. For å hal de fisken samla på fiskeplassen kan vi sleppe ned åte til han. Dette blir kalla å flu. Til åte er det vanleg å nytte risgryn eller pultost.
Sjøfiske med pilk Pilking med håndsnøre er kanskje den vanlegaste fiskemetoden på sjøen. Utstyret er enkelt, og består av ei vinde, snøre, søkke og krok. Til agn nyttar ein ofte fjæremark eller oppkappa fisk. Det er dg vanleg å nytte spesielle pilkeslukar med fleire fortaumar med gummi mark. Ein spesiell variant av pilk er harpe eller hekle. Den består av fleire krokar eller slukar med eit søkke i enden. Ein slepper snøret ut til søkket treffer botnen, og haler det deretter opp til båtripa. Metoden blir ofte nytta til fiske etter sild. Ein kan dg pilke med vanleg slukstong. Pilking er mest effektivt for botnfisk som torskefisk, uer og flyndre, men kan dg gi gode fangstar av pelagisk fisk som sei, sild og makrell. Pelagisk fisk er fisk som lever i dei frie vassmassane mellom botnen og overflata.
Dorging Dorging går ut på å slepe ein krokreiskap etter ein båt. Metoden er vanleg både på sjøen og i innsjøar. Til rei skap kan vi nytte vanlag pilkeutstyr, hekle eller sluk stong. Oterfiske er eigentleg ei form for dorging, der oterfjøla styrer fiskesnøret og krokane ut til sida for båten. Oter kan dg dragast frå land. Vanlegvis dorgar ein i overflata etter pelagisk fisk som aure, røye og sik i ferskvatn, og sei og makrell i sjøen. Det går dg an å dorge djupare med djupdorg. Da nyttar vi anten tunge søkke, eller slukar eller wobblerar som kan styrast ned mot botnen. Fiskedjupna kan dg regulerast med farten. Garnfiske Det er synd at garn ikkje er meir populært som fiske reiskap i innlandet. Det største problemet når det gjeld forvaltninga av innlandsfisket, er at det er for mykje fisk i fiskevatna. Fordi det stort sett er slutt på matauk-
89
SAMFOTO FOTO: RAGNAR FRISLID
Garnfiske i Øvre Sjodalsvatn, Vågå.
Kurvene viser lengdefordelinga av 2061 aurar, fanga på garn iriedfem ulike maskevidder i Øvre Heimdalsvatn i Valdres. Garn med maskevidd 32 mm fangar flest fisk med lengd 30 cm, mens
garn med 24 mm maskevidd fangar fisk med lengd 23 cm mest effektivt. Vi kallar slike kurver for seleksjonskurver.
90
FRILUFTSLIV
fisket, blir det fiska for lite i dei fleste innsjøar. Resultatet er ofte at fiskebestanden blir for stor i høve til produksjonen av fiskenæring. Fisken blir dermed småfallen og i dårleg hold, og lite attraktiv å fiske etter. Dersom fleire fritidsfiskarar fiska med garn, ville oppfiskinga bli større og fiskekvaliteten betre. Mange stader nektar grunneigarar folk å fiske med garn. Ofte kjem det av ei feilvurdering av tilstanden til fiskebestanden. Det er ikkje uvanlag at folk meiner det er lite fisk i eit vatn som faktisk er overfylt. Botngarn er det mest vanlege til fiske etter innlands fisk. Slike garn blir dg kalla setjegarn eller stågarn. Som namnet indikerer, er dette garn som står på botnen og er mest effektive for botnfisk som aure. Til fiske etter røye og sik blir det dg nytta flytegarn. Desse garna flyt i overflata fordi botntelna ikkje er tung nok til at garnet søkk. Fiskeprinsippet ved garnfiske er at fisken stikk hovudet inn i ein garnmaske og freistar å presse seg gjennom, men blir hengjande fast i garnet fordi krop pen har større omkrins bak gjellelokka. Dette vil seie at garn med ei bestemt maskevidd har ein tendens til å fange fisk av ein bestemt storleik. Vi seier at garn er ein selektiv reiskap, fordi vi kan velje kva fiskestorleik vi vil fange, ved å velje maskevidd. Grunnen til at folk får lite fisk på garn i overfylte vatn, er som regel at dei fisk ar med for stor maskevidd, slik at småfisken går gjen nom. Effektivt fiske inneber at vi vel ei maskevidd som passar for den bestanden vi fiskar på. Fiskereglar Fiskeretten er grunneigaren sin "så langt hans grunn går". I større innsjøar som til dømes Mjøsa blir midt partiet rekna som fritt, mens grunneigarane har fiske retten langs strandsona. I sjøen har grunneigarane einerett til fiske berre etter såkalla anadrome laksefisk, det vil seie laks, sjøaure og sjørøye. Anadrome fisk er fisk som gyt i ferskvatn og har næringsvandring til sjø vatn. Fiske etter sjøfisk er elles fritt, innanfor ramma av dei reglane som gjeld for freding og reiskapsbruk. I praksis er det ingen avgrensingar på krokreiskap i sjø en. Alle over 16 år som vil fiske etter anadrome fisk i sjø en eller i ferskvatn, må betale fiskeravgift. Avgifta går til fiskefondet, som finansierer forvaltninga av lakse-
FRILUFTSLIV
og innlandsfisket og fiskestelltiltak. Betalt fiskeravgift er ein føresetnad for å kunne fiske, men gir i seg sjølv ikkje rett til å fiske ein bestemt stad. For å få fiskerett må vi i tillegg kjøpe fiskekort av grunneigaren i det området vi ønskjer å fiske. Alle under 16 år slepp å betale fiskeravgift, og har rett til gratis fiskekort for stong og håndsnøre i vass drag som ikkje fører laks, sjøaure eller sjørøye. Fiskeretten for barn gjeld i perioden frå 1. januar til og med 20. august.
Gleden ved fritidsfisket Forfattaren Nils Johan Rud har skildra gleda ved sportsfisket slik: "Den glinsende ørreten i hans hånd løser ikke spytt og fordøyelsessafter i ham, men fyller hans hjernevindinger med landskapets evighet, med vannets klarhet, med sol og himmel og vindens stem mer. Han erobrer et rom av frihet som kulturen har tatt fra ham." Eit kinesisk ordspråk seier: "Gudane dreg ikkje dei timane vi fiskar, frå den tilmålte levetida vår." Betre kan det ikkje seiast. Skitt fiske! Fiskeskrøner og overtru Den trongen fiskaren har til å overdrive når han fortel om opplevingane sine, er velkjend. Armane strekk liksom ikkje til når storfisken skal skildrast. Ein klassikar er denne histo ria: "Her om dagen fekk eg ein aure på over 10 kilo!" sa den eine fiskaren. "Ja, det er mykje rart ein kan få på kroken," sa den andre, og heldt fram: "Eg fekk ein gong ei petromaxlampe med fullt lys!" "Nei, no må du slutte med overdriv ingane dine," svarte den første. "No ja, det kan så vere, men om du slår av halvparten på vekta, skal eg sløkkje petromaxen," sa den andre. Og så har vi den om østerdølen som sette i: "Om åbboren beit!" sa'n, "det skal væra visst. Når je skulle træ marken på kroken, måtte je gjømme meg bakom ei gran! Så blei je opp rådd for mark. Da trædde je på en buss skråtobakk, og så greip je'n når'n kom opp for å sputte!" Til dette svarte Lauritz: "Ja, detta åbborvatnet er et godt vatn. Je for min del fekk en rådyrbukk på kroken der en dag, je." "Å brukte du tel agn, da?" "Je brukte kønnband, gett!" Vi trivst både med fisket, dei gode fiskehistoriene og dei stemningsfylte opplevingane i naturen. Men dei gamle opp levde noko meir: naturmystikken. For dei var ikkje naturen berre noko ein kunne sjå og sanse. Det var der makter og
92
FRILUFTSLIV
skapningar heldt til, som ein ikkje kunne sjå, berre ane. Dei gamle kunne oppleve vatn med dobbel botn, der fisken hør te huldra til, og berre fekk komme opp kvar midtsommarnatt. Nykken ville lokke folk ned til seg i det mørke vatnet, og det fanst sjøorm som gjorde fisket dårleg. Så seint som i 1894 blei det samla inn pengar til ei kjempestor sjøormsaks som blei nytta i Storsjøen i Ostersund. Kong Oskar 2. var ein av dei som gav pengar. Saksa heng i dag i eit museum i Ostersund. Tradisjonen fortel om fiskebønner som ein skulle seie for å få god fangst. Svartebøkene gav rettleiing i magi og trolldomskunst. Svartebokkunstar var gode å ha når ein skulle takle dei underjordiske. Førestellinga om at huldrefolket var medeig arar i alt levande i naturen, var sterk i folketrua. Huldra hadde makt over dyr og fisk. Skulle ein ha fiskelykke, måtte ein stå på god fot med huldra. Magi var ikkje alltid nødven dig. Huldra kunne ein blidgjere ved å følgje visse reglar for skikk og bruk, slik at det ein dreiv med, ikkje blei til skade for huldrefolket. Dei underjordiske skulle varslast når ein kom og for, og ein skulle ikkje forsyne seg grådig av gåvene frå naturen. Blei fiskefangsten i største laget, kunne det hen de at huldra tok han tilbake, slik det gjekk med Bratten i den segna Asbjørnsen skreiv ned om huldretjernet. Med omsyn til setring var holdninga at ein lånte setra av dei underjordiske. Buferdslarmen, det vil seie at ein banka og slo på kjelar og styrte og ståka med pakking, var eit sig nal til dei underjordiske om at folket drog til bygds, og at dei kunne flytte inn igjen. Og omvendt, når folket kom til seters om sommaren, måtte ein rope frå vangen: “Dokk ut, og vi inn!" Om det var tilsikta eller ikkje, så var iallfall verknaden av at folk tok omsyn til underjordiske, at dei samstundes tok omsyn til naturen.
Behandling av fangsten A ta vare på fangsten hører med til det ein fritidsfiskar må kunne. Ein god fritidsfiskar må vite korleis fisk skal konserverast, slik at han ikkje blir skjemd. I våre dagar er det sjølvsagt inga sak å konservere fisken dersom vi ikkje er altfor langt unna eit kjøleskap eller ein frysar. Men ofte skjer fisket langt til fjells, og turen kan vare mange dagar. Under slike tilhøve blir det aktuelt å nytte tradisjonelle konserveringsmetodar som salting, tørking og bioteknologiske teknikkar som graving og raking. o
93
SAMFOTO FOTO: PAL HERMANSEN
Fisken må vaskast omhyggeleg. Han må ikkje komme i kontakt med jord når vi skal leggje rakfisk. Biletet er frå Sølensjøen i Østerdalen.
Konservering av mat For å forstå korleis vi skal gå fram for å ta vare på fang sten, er det nødvendig å kjenne litt til teorien om kva som øydelegg mat slik at han blir helsefarleg, og kor leis vi kan hindre dette. Mat blir broten ned på desse måtane:
- Mugg er sopp som bryt ned organisk materiale, og som produserer dårleg lukt og til dels farlege stoff. - Bakteriar er eincella organismar som verkar på same måten som muggsopp. - Gjær er eincella soppar som bryt karbohydrat full stendig ned, og som ofte produserer stoff som verkar konserverande. Gjæring blir ofte kalla fermentering. - Enzym er protein som set i gang kjemiske prosessar i organismar. Somme av desse prosessane kan utnyt tast bioteknologisk. Ved konservering av mat legg vi tilhøva til rette for mikroorganismar som ikkje er helseskadelege, og freis tar å hemme aktiviteten til uønskte organismar og hin dre uønskte enzymatiske prosessar. Det er fire faktorar som avgjer korleis dei fire nedbrytande elementa blir fremma eller hemma:
FRILUFTSLIV
1 2 3 4
Temperatur Surleiksgrad Oksygen Vassaktivitet
(grad (grad (grad (grad
av av av av
kulde/varme) surleik/alkalitet) aerobt/anaerobt miljø) tørrleik/fukt)
Salt bind vatn, og senkar dermed vassaktiviteten. Dette er ugunstig for dei fleste mikroorganismar. Vass aktiviteten kan dg reduserast ved direkte tørking eller ved at ein legg maten som skal konserverast, i press slik at vatn renn ut. Ved låge temperaturar veks mikroorganismane saktare, og blir temperaturen låg nok, byrjar mange grup per å døy ut. Somme mikroorganismar greier seg utan oksygen. Ved å hindre oksygentilgang kan vi altså drepe aerobe organismar og leggje tilhøva til rette for anaerobe organismar. Dessutan har feite matvarer lett for å harskne dersom det er oksygen til stades. Feite mat varer må derfor lagrast i eit oksygenfritt miljø. Ved at ein kombinerer fleire tiltak, kan miljøet bli så ugunstig for dei helseskadelege organismane at dei fleste døyr. Ofte døyr dei fordi dei blir utkonkurrerte av ønskte organismar, slike som til dømes mjølkesyrebakteriar i surmjølk og rømme. På grunnlag av denne teorien skal vi no sjå litt på ulike konserveringsmetodar. Reinsing av fisken Det er viktig at fisken blir reinsa så raskt som mogleg etter at han er avliva. Dersom fisken blir liggjande usløgd, kan tarmbakteriar ureine fiskekjøttet. Ideelt bør fisken bløggast straks etter fangst, mens han enno er levande. Bløgging vil seie å kutte over gjellebogane slik at storparten av blodet i muskulaturen blir pumpa ut. Blod i fiskekjøttet er eit vekstmedium for bakteriar og sopp. Dessutan ser årar med koagulert blod uappetittlege ut. Dødsstivleik Mange er ikkje klar over at død fisk dg går gjennom ein fase som blir kalla dødsstivleik eller rigor mortis. Dødsstivleiken kjem av at muskelfibrane trekkjer seg saman, slik at fiskekjøttet kjennest hardt og fisken blir stiv og ubøyeleg. Dødsstivleiken kjem som regel etter nokre timar, og kan vare opptil eit par døgn dersom
95
FRILUFTSLIV
temperaturen er låg. Dersom temperaturen er høg, eller fisken er sjuk eller stressa når han blir avliva, kan dødsstivleiken mangle heilt. Med tanke på konserve ring av fisken er det ein føremonn med kraftig og lang varig dødsstivleik. Dersom vi kan unngå det, bør vi vente med å gjere noko som helst med fisken til han har gjennomgått dødsstivleiken og igjen blitt mjuk. Alternativet til dette er å behandle han så snøgt at han ikkje blir dødsstiv før vi er ferdige. Når vi sløyer stiv fisk, er det vanskeleg å unngå at vi bøyer han. Bøying av dødsstiv fisk riv sund bindevevet som held muskellamellane saman. Resul tatet blir fisk som er "laus i kjøttet". Bøying av dødsstiv fisk kan dg føre til cellesprenging, det vil seie at det går hol på cellemembranane, og at cellevæske lek ut. Vi får da såkalla dri/pptap, eller tap av fukt. Resultatet er tørt fiskekjøtt. Dersom vi koker eller steikjer fisk som er dødsstiv, blir resultatet ofte mislykka. Kjøttet kan bli seigt og tørt. Dersom vi frys fisk mens han er dødsstiv, kan vi få såkalla tinerigor etter opptining. Dersom han blir tillaga under tinerigor, kan resultatet bli det same: seigt og tørt. Ein garnfangst er nesten alltid i alle stadium frå levande til ulike fasar av rigor. Det er derfor vanskeleg i praksis å unngå handsaming av dødsstiv fisk. Det beste vi kan gjere er å vere så skånsame som mogleg. Nedkjøling Dersom vi er så høgt til fjells at vi finn snø, kan vi grave fangsten ned i ei snøfonn og verne han mot fjellrev, mink og fugl ved å leggje stein over. Andre metodar er å leggje han i mosemyr, med lag av fuktig mose over. Med litt større innsats kan vi lage ein myrkjellar ved å grave ned eit plastspann med lokk. Temperaturen i myr på om lag ein halvmeters djupn blir sjeldan over 7 gradar. Dersom det er kaldt nok i vatnet, kan vi byggje ein kjellar av stein i ein bekk, slik at fisken blir overris la. I alle desse tilfella er det ein føremonn å skjerme fisken mot å bli ureina av bakteriar og sopp ved å pak ke han i plast.
Salting Grovsalt er det som eignar seg best til salting av fisk. Finsalt kan somme gonger føre til rask uttørking av dei
96
FOTO: STEVE HALSETRONNING / SAMFOTO
ytre vevlaga, og det hindrar saltet i å trekkje seg inn over i fiskekjøttet. Dersom vi samstundes kan kjøle fisken ned, kan vi nøye oss med lett salting. Da kan fisken nyttast som lettsalta ferskfisk. Dersom vi har lite høve for nedkjøling, og treng å lagre fisken nokre dagar før vi kjem heim, må vi salte hardare. Da kan det lønne seg å filetere eller flekkje fisken. Flekkjing er å splitte fisken opp i heile lengda. Ved bukflekkjing heng fisken saman i ryggen. Ved ryggflekkjing heng han saman i buken. Målet med filetering og flekkjing er at vi skal komme til og salte ein større del av kjøttet, samstundes som saltet vil trengje betre inn når tjukkleiken på kjøt tet er mindre. Hardsalta fisk, til dømes spekelaks, kan trenge utvatning før vi et han. Somme fiskeartar kan lakesaltast, til dømes småsei, sild og lagesild. Lakesalta sild blir kalla spekesild. Tørking Tørking av fangsten er tvillaust den første konserveringsmetoden menneska lærte å kjenne. Kort tørking av sløgd fisk i vind kan gi han ei tørr overflatehinne som hindrar sopp- og bakterievekst i nokre få dagar. Slik korttidstørka fisk må lagrast luftig, og helst må buken spilast ut ved hjelp av ein einerkvast eller liknande.
97
Rypejakt i november.
FRILUFTSLIV
Pakkar vi han i plast, blir overflatehinna øydelagd. For lagring i lengre tid må fisken tørkast heilt. Ved kommersiell framstilling av tørrfisk blir både stokkfisk og rotskoren fisk nytta. Stokkfisk er fisk der innvolar og hovud er fjerna. Deretter blir to og to fisk bundne saman ved halerota og hengde på hjell. Når fisken blir flekt opp til halerota, kallar vi det rotskjer. Rotskoren fisk tørkar snøggare enn stokkfisk. Langtidstørking til andre årstider enn vinteren er vanskeleg på grunn av faren for spyflugeåtak og rotning. God tørrfisk skal innehalde mindre enn 10 % vatn, og kan lagrast i mange år. Tørking i kombinasjon med salting kan gi svært god konservering. Klippfisk er rygg- eller bukflekt torskefisk som er kraftig grovsalta og deretter tørka på svaberg. Graving og raking Graving og raking er eigentleg to variantar av same prosess. I begge tilfelle dreier det seg om ei enzymatisk spalting av protein. Dermed blir fiskekjøttet mørt, og det kan etast i rå tilstand. Graveprosessen varer i berre to-tre døgn, mens rakeprosessen varer i to-tre månader. Rakfisken blir til slutt så mør at han nesten kan smørjast. I tillegg inneber raking at fisken blir konservert ved hjelp av mjølkesyregjæring. Derfor har rakfisk syr leg smak og lukt. Dersom rakfisk har ei anna lukt enn frisk mjølkesyre, har noko gått gale undervegs. Såkalla sterk rakfisk som luktar av smørsyre, er det ikkje til rådeleg å ete! Graving og raking er gamle konserveringsmåtar i Norden. Frå Sverige kjenner vi dg dei liknande pro dukta sursild og surfisk. Vi kjenner til tilsvarande metodar frå andre område rundt Nordkalotten, til dømes hos dei nordamerikanske eskimoane. Felles for områda frå polarsirkelen og nordover, dertil fjellom råda litt lenger sør, er at jordtemperaturen på ei viss djupn er omtrent konstant på 7 gradar. Denne tempera turen er ei kritisk maksimumsgrense for vellykka grav ing og raking. Opphavleg bestod metoden i å salte fisken svakt og grave han ned i jord eller sand. I sørlegare strøk var det vanleg å konservere kål ved nedgraving (surkål) - ein metode som i røynda var ei tidleg form for silokonservering. Alle feite fiskeslag som laks, aure, røye, sik, harr, sild
98
FRILUFTSLIV
og makrell eignar seg for graving og raking. Fisk som skal gravast, bør frysast i minst 24 timar. Dette er ei for sikring mot parasittar, som blir drepne ved frysing. Deretter fileterer ein fisken og tørkar han med kjøkkenpapir. Så set ein filetane inn med ei blanding av 2 delar salt og 1 del sukker, dertil eit godt lag med dill. Somme krydrar dg med malen pepar, kvitlauk eller portvin. Deretter legg ein filetane saman kjøttside mot kjøttside, og legg dei på eit passande fat. Filetane skal liggje under lett press, noko som vi kan oppnå ved å leggje ei spekefjøl oppå den øvste fileten med til dømes ein mjølkekartong som vekt. Fisken må stå kjølig under modninga, helst i kjøleskap, og filetane må vendast eit par gonger på dei to-tre døgna det tek før dei er ferdige til å etast. Graving er altså ein prosess som kombinerer senking av vassaktiviteten ved salting og press, nedkjøling, senking av pH-verdien ved omdanning av muskelglykogen til mjølkesyre, og mørning ved hjelp av enzym. Når ein lagar rakfisk, er det påkravd med pinleg o reinsemd. Årsaka til dette er bakterien Clostridium botu linum, som finst overalt i jord, og som fisken ikkje må infiserast med. Dersom denne bakterien får gode veksttilhøve, blir nervegifta botulinum danna. Gifta fører til botulismeforgifting hos den som et infisert fisk. Botulinum skal vere eit av dei sterkaste giftstoffa i ver da. Eit par gram er nok til å avlive alle menneska i Noreg. Etter at fisken er nøye sløgd og blodranda fjerna, må han vaskast godt. Deretter tørrsaltar ein fisken ved å nytte 50-60 gram salt pr. kilo fisk. Somme blandar inn litt sukker i saltet for å få fart på mjølkesyregjæringa. Ein strør saltet i bukhola på fisken, og legg han deretter side om side i ei passande bytte med buken opp. Ein legg eit nytt lag i 90 gradars vinkel oppå det som ligg under. Mellom kvart lag strør ein på litt salt. Til press kan vi nytte ein tallerken med eit lodd. Dersom det blir nytta stein til lodd, må steinen kokast først for å drepe alle bakteriar og sopp. Fisken skal lake seg sjølv, men dersom ikkje laken dekkjer fisken heilt etter eit par dagar, må det kokast litt svak saltlake til å spe på med. Etter knapt tre månader ved 5 gradar er fisken moden. Er temperaturen lågare, tek det lengre tid. Ved høg are temperaturar aukar risikoen for oppøksling av Clostridium botulinum.
99
FRILUFTSLIV
Raking er altså ein bioteknologisk prosess som kombinerer enzymatisk nedbryting av fiskekjøttet med mjølkesyregjæring eller fermentering. Ved å styre temperatur, oksygentilgang og vassaktivitet, legg ein tilhøva til rette for dei ønskte mikroorganismane, mens miljøet for den farlege Clostridium botulinum blir ugunstig. I eldre tider var det dg vanleg å konservere sild ved raking. Rakesild, eller sursild som ho dg blei kalla, var klassifisert i Bondegods, som kystbøndene åt sjølv, Kristianiagods for sal i hovudstaden og til bøndene på Austlandet, og Kjøpmannsgods av førsteklasses kvali tet til eksport. Det var først på 1800-talet at fullsalta spekesild blei meir populært enn rakesild.
Røyking Røyk inneheld bakteriedrepande stoff, og under røyk inga dannar det seg eit inntørka overflatelag med sterkt redusert vassaktivitet. Før røyking blir fisken sal ta. Vi skil mellom varmrøyking, som går føre seg ved ein temperatur på 60-100 gradar i to-tre timar, og kaldrøyking, går føre seg ved 25-30 gradar og kan ta meir enn 24 timar. Røyking gir inga varig konservering, og røykt fisk må behandlast og lagrast som fersk fisk. Hurtigrøyking kan gjerast i små blekkasser, som er å få kjøpt i sportsforretningar. Denne prosessen er eigentleg ein kombinasjon av dampkoking og røyking.
JAKT For ikkje så mange år sidan var jakt ein næringsveg mange stader i landet. Snarefangst av rype og fangst av pelsdyr som rev, mår og røyskatt, var økonomisk viktig som attåtnæring på gardar i skog- og fjellbygdene. I dag er jakt som næringsveg ein kuriositet, og det er berre for eit fåtal personar det gir noka vesentleg inn tekt. No driv folk jakt for sporten si skuld. Men etter spørselen etter jakt har ført til at mange grunneigarar kan drive utleige av jaktrettar som attåtnæring. I Noreg deler vi jakta inn i storviltjakt og småviltjakt. Etter at dei store rovdyra blei freda, kan ein jakte på dei fire storviltartane av hjortedyrfamilien: elg, villrein, hjort og rådyr. Småviltet er alle andre artar som det er tillate å drive jakt på. Viltloven av 1981 slår fast at alle dyreartar er freda dersom Direktoratet for naturforvalt-
100
FOTO: ARILD O. GAUTESTAD / SAMFOTO
Rovfuglen blei først lokka til ein skjulestad ved hjelp av åte, så blei han fanga med hendene. Biletet viser eit ørnestille på Værøy i Lofoten.
ning ikkje gjer vedtak om å opne for jakt på ein art. I 1994 var det tillate å jakte på 52 artar av småvilt. I til legg er det tillate å jakte på sel, som statistisk blir rekna som ein art som hører heime i fiskeria. Historia til jakta I storparten av Europa var jaktretten i eldre tider anten eit kongeleg privilegium, eller han tilhørte dei store jordeigarane - adelen. For nokre hundre år sidan var viltet den viktigaste avkastninga frå dei europeiske skogane. Verdien av trevirke og brensel var langt min dre. Det var derfor i velforstått eigeninteresse at adelen sørgde for å halde jakta for seg sjølv. Kor viktig jakta var, avspeglar seg i yrkestitlar for forstfolk som jegermeister og overjegermeister. I Noreg var situasjonen ganske annleis. Vi har alltid hatt eit dominerande innslag av sjølveigande bønder.
101
FRILUFTSLIV
Kongemakta og adelen greidde aldri å ta over eige domsretten til all jord. Frå alders tid var det fri veidemannsrett i utmark. Det var først med jaktloven av 1899 at grunneigarar fekk eineretten til jakt. Jakt utvikla seg tidleg til ei sosial hending for over klassen ute i Europa. Frå langt tilbake i mellomalderen har vi forteljingar som viser at folk dreiv jakt for sport en si skuld. I England blei det utvikla uskrivne lovar for kva som kunne kallast for ekte sportsjakt. For det første måtte viltet ha ein reell sjanse til å sleppe unna. For det andre måtte hundar delta i jakta. For det tredje måtte det vere ein viss risiko for at jegeren kunne bli skadd. Slike reglar byggjer på ideen om "fair play", eller at jegeren skulle gi byttet ein rimeleg sjanse til å sleppe unna. Vi kan lure på om den klassiske engelske revejakta med hundar og jegerar til hest var fair play overfor reven, eller om fasanjakt på oppdrettsfugl i parkliknande skogar der fuglen blei driven mot skytta rane, eigentleg var ein sportsprestasjon. Det var vel sjølve ridinga og skytinga som kunne reknast som pre stasjonar. Falkejakt Jakt med rovfugl, særleg falk, har eldgamle tradisjonar i Asia. Herfrå breidde skikken seg til Europa, der falkejakt blei ein kongeleg sport. Ved hoffa blei det arrangert storstil te falkejakter med mange hundre deltakarar til hest og store festar etterpå. Falkejakta kravde eit ganske flatt og ope terreng. Tett skog var lite eigna. Falken blei teken med ut i terrenget sitjande på den hanskekledde handa til jegeren. Først når dei var ganske nær byttet, blei fuglen sleppt. Falken fanga fugl i flukt og kom tilbake til jegeren med byttet. I Noreg var det fangst av jaktfuglar for eksport til Europa, men jakt med falk har aldri vore viktig her i landet. Ei rad namn i fjellet, som Falkfangarhø og Falkhyttvola, fortel om falkefangst. Vi reknar med at slik fangst gjekk føre seg aller eie før år 1000, men det var i perioden frå 1500 til 1780 at omfanget var størst. Fangst av falk var eit kongeleg privilegium. Ofte var det profesjonelle fangarar og dressørar som dreiv denne fang sten. Spesielt hollendarar frå byen Falkenwerth hadde ord på seg for å vere dyktige fangarar og dressørar. I dag er falkane totalfreda. Likevel går det føre seg ulovleg røving av reir i regi av falkeoppdrettarar frå Tyskland. Egg som blir røva frå reir, blir frakta i berbare rugekassar (inku
102
FRILUFTSLIV
batorar) til Tyskland, der ungane blir klekte og fuglane dres serte for jakt. Marknaden for jaktfalkar i dag er Midtausten, der sporten blir driven av sjeikar og andre som har råd til å betale opp til fleire hundre tusen kroner for ein fugl. Noreg har vedteke lovar som gir strenge straffer for ulovleg falkefangst og annan faunakriminalitet.
I Noreg var jakt det same som matauk eller kamp mot skadedyr heilt til slutten av 1800-talet. På den tida had de sportsjakt begynt å få fotfeste blant betrestilte by folk, etter at engelske sportsfiskarar hadde introdusert fuglejakt med ståande hund og troféjakt på storvilt. For folk flest held likevel jakt fram med å vere ein del av kampen for å overleve langt utover på 1900-talet. Spesielt rovdyrnedkjempinga er ein tradisjon som framleis har solide røter i bygdene, sjølv om ulven så godt som forsvann omkring 1860 og bjørnebestanden var nesten utrydda i 1880-åra. I den munnlege forteljartradisjonen lever historier om store bjørnejegerar den dag i dag. Det er liten tvil om at dei store rovdyra, og først og fremst bjørn og ulv, var talrike og gjorde stor skade på bufe i tidlegare tider. Ein reknar med at det var om lag 6000 bjørnar i Noreg i 1850-åra. Årleg blei det felt 200 bjørnar i denne tida. Spesielt etter at folkeauken på 1700- og 1800-talet gjorde det nødvendig med meir intensiv bruk av utmark til beiting og setring, blei kon flikten mellom husdyrhald og rovdyr tilspissa. Folke tradisjonen fortel om rovdyr som drap og skadde hus dyr i hopetal over heile landet. Det skulle stort mot og godt vett til for å bli ein god rovviltjeger. I eldre tider jakta dei på rovdyr med spyd (milt) og pil og boge. Dyregraver, bjørnebåsar og sakser var dg vanleg. Seinare blei det jakta med gevær, og det blei dg lagt ut giftig åte. Mange av jaktmetodane verkar barba riske for moderne menneske. Human avliving var nep pe det dei tok mest omsyn til i kampen mot rovdyra. I jaktloven av 1899, som gav grunneigarar eineretten til jakt, blei det gjort unntak for rovviltet. Det skulle framleis vere ein allemannsrett å jakte på rovvilt, som berre var freda i julehelga og påskehelga. Det var først i 1971 at bjørnen blei totalfreda. I 1973 blei ulven totalfreda, og jerven blei freda i Sør-Noreg. Jerven blei total freda i heile landet i 1981. For Norges Jeger- og Fiskerforbund, som blei stifta i
103
FRILUFTSLIV
1871, blei rovviltnedkjempinga tidleg ei merkesak. Rovviltet blei ikkje berre sett på som ein trussel mot husdyr, men dg som ein næringskonkurrent med men nesket ettersom det forsynte seg av matnyttig vilt. Dette synet på rovvilt som ein konkurrent i matfatet lever vidare i dag dg. No for tida er det helst reirrøvarane kråke, måse, mink og rev som vekkjer harme. Dei fleste jegerar er i dag samde i at vi må dele på småviltet med rovfuglar og rovdyr. "Rypeprofessor" Johan B. Steen seier i "Rypeboka": "Mang en rypejeger har nok vært fristet til å skyte rov fugl under høstjakten. Men vi skal la det bli med fristel sen. For det første fordi fugleliket ikke gjør oss noe godt, for det annet fordi rovfuglens død ikke blir vårt brød. Det hjelper verken rypebestanden eller vårt utbytte at vi dreper den. Men den tredje og viktigste årsak til å la rovfuglene i fred , er denne: De er praktful le skapninger, et syn og en opplevelse. De hører fjellet til som rypa og ravnen og høstfargene gjør det. Vi er gjester i fjellet, fremmede, forstyrrende elementer. Vi skal vise ydmykhet for den natur vi ferdes i. Vi skal ta hatten i hånden når jaktfalken beriker vår dag. Se på den. Slik drives virkelig jakt!" Bjørnehistorier I Vest-Agder drap ein mann vinteren 1560 15 bjørnar med stålboge og pil. Men den 16. bjørnen kasta mannen utfor eit stup slik at han omkom, fortel Peder Clausson Friis. "Hestbjørnen" var ein av dei verste slagbjørnane vi har hatt i Noreg. Denne bjørnen skal ha teke livet av mellom 30 og 40 hestar i Agder-fylka i første halvdelen av 1800-talet. Da han blei avliva i 1851, blei det funne 29 kuler i han. Det er fem bjørnejegerar som skil seg ut som storskyttarar på 1700- og 1800-talet. Fire av desse var frå Østerdalen: Gjermund Gjermundsen Granviken frå Rendal (1748-1835, 95 bjørnar), Ola Mortensen Kalkot, som levde i Grue i Solør (1754-1829, 99 bjørnar), Daniel Tyskeberget frå Finnskogen (1774-1856,104 bjørnar) og Ola Olsen Messelt frå Stor-Elvdal (1776-1869, minst 100 bjørnar og 300 elgar). Den siste av dei fem store døydde så seint som i 1938, i ein alder av 92 år. Det var den legendariske storjegeren Olav Tverstøyl frå Åmli. Han felte 96 bjørnar, 150 elgar og mykje anna vilt under tida si som jeger. Å skyte bjørn på åte var den vanlegaste metoden etter at munnladingsbørser med tennhettelås kom i alminneleg bruk utover på 1700-talet. Elles var hijakt vanleg.
104
FRILUFTSLIV
Det blir fortalt om Ola Messelt at ein kar ved namn Jens skulle hjelpe han med å lokke ein bjørn ut av hiet. Da dei kom opp i steinura der bjørnen låg i hi, skulle Jens vekkje bjørnen ved å stikke ei lang raje ned i hiet. Sjølv skulle Ola stå framfor hiet med børsa klar. Da Jens stakk med raja, lyd de det eit stygt brøl nedi ura, og ein diger bjørn kom farande ut av hiopninga. Ola skaut med det same, men bomma. Munnladingsbørser lét seg ikkje lade i ei handvending, og mens Ola fikla med børsa, reiste bjørnen seg opp på to og gjorde eit utfall mot han. Men Ola fekk kasta seg unna i siste liten, og begynte å rygge unna bjørnen mens han kasta mosedottar i auga på han. "Kvifor skyt du ikkje, Jens?" rop te Ola. Men Jens var ikkje å sjå nokon stad. Ola rykte stadig baklengs, og hadde nok med å halde seg unna bjørnen slik at han ikkje fekk til å lade om børsa. Til slutt hadde han ryg ga heilt ned til setra, der han fekk kasta seg inn gjennom seterhusdøra. Mens bjørnen krafsa i døra, fekk han ladd om børsa, og rende børseløpet ut gjennom vindauget så glasbitane fauk. Bjørnen stupte med ein gong for skotet. Da Ola skulle til å gå ut igjen, hørte han lydar frå mjølkebua. Han opna døra og såg inn. Der dreiv Jens og kraup fram frå under trauhylla. "Du legg deg inn tidleg på hausten du au, Jens!" sa Ola og lo.
Rovviltnedkjempinga speler fallitt Omkring 1900 fekk rovviltnedkjempinga som viltstelltiltak eit kraftig oppsving. Frå 1895 til 1900 hadde rypebestanden gått stadig nedover. Den herskande meininga var at dette kom av rovviltet. Derfor blei det starta intens jakt på rov fugl, rev, røyskatt og mår. Staten og fylka betalte skotpremiar, og Norges Jeger- og Fiskerforbund tilsette reisande instruktørar i rovviltnedkjemping. 1 1909 blei det til og med stifta ei eiga "Forening til utryddelse av rovdyr". Ettersom rypebestanden auka jamt og trutt frå 1900 til 1906, såg det til å begynne med ut til at jegerane fekk lønn for strevet. Men så kom det eit nytt krakk i rypebestanden, trass i at rovviltbestanden var kraftig desimert. Dette førte til at teorien om kor mykje rovviltet hadde å seie for småviltbestandane, mista tilhengarar. Faktisk tok det stikk motsette synet over: nemleg at rovfuglane tok sjuke og svake individ, og på den måten heldt rypebestanden frisk ved å hindre utbrot av epidemiar. 11990-åra må vi framleis innrømme at biologien til rypene er svært komplisert, og at vi enno ikkje kjenner alle årsakene til bestandssvingingane.
105
FRILUFTSLIV
Jaktformer Det er nesten ei uoverkommeleg oppgåve å skildre alle dei formene for jakt som blir praktiserte i Noreg i dag. Vi må nøye oss med ei oppramsing av det viktigaste.
-
-
-
-
-
-
-
Jakt med hund Ståande hund tek stand og markerer kvar viltet tryk kjer. Ståande hund er det mest vanlege og blir nytta til all slags fuglejakt. Drivande hund følgjer halsande eit dyrespor og mar kerer vegen viltet tek, slik at jegeren kan postere langs vegen. Drivande hund blir nytta til jakt på hare, rev, rådyr og elg. Det gjeld spesielle reglar for bruk av "løs på drevet halsende hund". Til jakt på rev og hare er det tillate med slik hund frå 10.09. i heile landet. Til rådyrjakt og hjortejakt gjeld ei avgrensing med omsyn til boghøgda på hunden på 41 centimeter. Trehalsande hund markerer med halsing kvar vilt som har floge eller gått opp i tre, er. Trehalsande hund blir nytta til jakt på skogsfugl, mår, ekorn og gaupe. Stillande hund forfølgjer viltet og får det til å stå stil le til jegeren når fram og kan skyte det. Stillande hund blir nytta på elgjakt. Leiande hund forfølgjer eit luktspor utan å gi frå seg lyd. Som oftast går hunden i band, slik at jegeren kan halde følgje med hunden. Leiande hund blir nytta på elgjakt. Frå og med sesongen 1994 er det påbode at alle som jaktar elg, hjort eller rådyr, skal ha tilgang til sporhund til eventuelt ettersøk av skadd vilt. Støytande hund søkjer innanfor skotvidd og tvingar ulikt vilt til å lette eller springe opp. Støytande hund blir nytta mest på andejakt. Hihund går ned i hiet og tvingar viltet ut, eller får det til å bli ståande på ein bestemt stad. Hihund blir nytta til jakt på rev og grevling.
Jakt med drivarar Drivjakt inneber at drivarar jagar viltet framfor seg mot skyttarar som er plasserte i terrenget på førehand. Drivarane kan nytte klappetre, skramlar eller liknande for at mest mogleg vilt skal bli skremt opp. Drivjakt blir her i landet nytta til elgjakt. I andre land er det van leg med drivjakt på fuglejakt.
106
FOTO: JORN AREKLETT OMRE / SAMFOTO
Vaktskyting Det som kjenneteiknar vaktskyting, er at jegeren ventar på at viltet skal komme frivillig. Vi kan skilje mellom desse metodane: - Vakting ved hi (grevling, rev) - Skyting ved åte (rev, kråke) - Skyting for lokkefugl (stokkand). Ei spesiell form for lokkefugl er bulvan, som er kunstige fuglar sette opp i tre. Bulvanjakt blir driven på storfugl og orrfugl. Ei anna form er utplassering av kunstig hubro, som lokkar kråkefugl til å angripe han. - Trekkskyting (stokkand, rugde, due) - Vakting ved veksel, det vil seie at jegeren posterer ved kjende vilttrekk eller beiteplassar. Ein veksel er ein viltstig. - Stubbskyting, det vil seie at jegeren ventar på beitetrekket som viltet har til stubbåkrar (gås, due, skogsfugl)
107
Hundejegerar med storfangst av rype, hare og tiur.
FRILUFTSLIV
- Spelskyting, som i dag er forbode. Tidlegare var skyting av tiur på spelplassar vanleg. Støkkjakt Under støkkjakt prøver jegeren å komme på skothald av viltet utan bruk av hund eller drivarar. Jegeren må da gå gjennom jaktterrenget der han trur viltet trykkjer, og prøve å få det på vengene eller beina. Dette er den vanlege forma for småviltjakt utan hund, og krev rask reaksjon av jegeren ved oppflukt eller oppsprang. Smygjakt Som namnet seier, vil dette seie å smyge seg inn på vilt et utan at viltet merkar det, og skyte når ein kjem på skothald. Smygjakt stiller store krav til den evna jeger en har til å utnytte vinddrag og det skjulet som terreng et kan gi. Smygjakt blir nytta til jakt på villrein, elg, hjort, rådyr og skogsfugl.
Fellefangst Til fangst av mink, mår, røyskatt, grevling, rev, kråker, måker og ryper kan det nyttast feller. Fellene er av to hovudtypar: dei som skal fange viltet levande, og dei som drep viltet. Den sistnemnde typen må vere god kjend av viltstyresmaktene for fangst av den arten ein ønskjer å nytte fella til. Snarefangst av ryper er tillate i ei rad kommunar, men kan ikkje starte tidlegare enn 1. november. Det gjeld ei rekkje føresegner om fellefangst. Hovud prinsippet er at viltet ikkje må utsetjast for unødvendig liding, og at fangsten skal vere selektiv, det vil seie rette seg mot den viltarten som fella er godkjend for. For somme felletypar gjeld spesielle krav om førehands melding og varselplakat.
Jaktreglar Jaktretten tilhører grunneigaren. Når det gjeld sjøfugljakt, går eineretten til grunneigaren så langt ut som "han har tørt land". Det vil seie at det er tillate å jakte frå båt utanfor privat strandeigedom, dersom ikkje avgrensingar skulle følgje av friluftsloven. Mot sjø føl gjer altså ikkje avgrensinga av jaktretten eigedomsgrensa, som går ut til marbakken eller dit vassdjupna er 2 meter ved flod sjø. Jakt på sjøfugl og sel er i praksis ein allemannsrett.
108
FRILUFTSLIV
Alle over 16 år kan drive småviltjakt, mens alders grensa er 18 år for storviltjakt. For å få opplæring kan ein som har fylt 15 år, delta i småviltjakt med gevær, dersom vedkommande har samtykke frå føresette og er under tilsyn av ein tilsynsjeger. Ein som er over 16 år og har avlagt jegerprøven og skyteprøven for storviltjegerar, kan delta i opplæringsjakt fram til fylte 18 år. Føresetnadene er samtykke frå føresette og jakting saman med tilsynsjeger. Alle førstegangsjegerar må avleggje jegerprøven. Alle som består prøven, blir registrerte i Det norske jegerregisteret. I 1992 var 285 000 personar registrerte. Dersom du står i jegerregisteret og har betalt jegeravgift minst ein gong dei siste tre åra, får du tilsendt jegeravgiftskort i mars/april. Jegeravgifta må betalast før du har lov å jakte. For sesongen 1991/92 blei det utsendt 235 000 avgiftskort. Dette resulterte i at 166 000 betalte avgift. Personar som er med på opplæringsjakt, treng ikkje betale jegeravgift. I tillegg til jegeravgifta må du kjøpe jaktkort for det området du har tenkt å jakte i. Alle som skal jakte, pliktar å setje seg inn i reglar om jakttider og lokale fredingar. For alle artar, og i heile landet, gjeld helgedagsfredingar i jula frå og med 24.12. til og med 31.12. og på langfredag, påskeaftan og første påskedag. Det er dg ei rad føresegner med omsyn til våpen og ammunisjon. Til jakt på elg, hjort og rådyr er det ikkje tillate å nytte halvautomatisk rifle med meir enn tre skot i magasinet og eitt i løpet. Til villreinjakt er det til late med to skot i magasinet og eitt i kammeret. Til småviltjakt er det tillate å nytte haglgevær med inntil to skot eller rifle med inntil to skot i magasinet og eitt i løpet. Det er generelt forbod mot å nytte rifle på skogsfugljakt. Unntaket er ei prøveordning fram til 31.03.1997 som tillet bruk av rifle i Østfold, Telemark og Hedmark. Til jakt på ender, gjæser og vadarar bortsett frå o rugde, er det forbode å nytte blyhagl. Årsaka til dette forbodet er blyureining av botnen i ein del innsjøar der jakttrykket er hardt. Fugl som beitar på botnen, kan få i seg store mengder bly. I ei undersøking av fallvilt av fugl blei blyforgifting påvist som dødsårsak i 17 % av tilfella.
109
FRILUFTSLIV
Blyhagl eller stålhagl Styresmaktene ønskjer å redusere bruken av blyhagl så mykje som råd er, dg når det gjeld jakt på andre artar. Norges Jeger- og Fiskerforbund gjorde i 1991 ein intensjons avtale med miljøvernstyresmaktene om reduksjon av bly hagl til jakt og leirdueskyting. Målet er 90 % reduksjon i bruken av blyhaglpatroner innan år 2000. Ein vil søkje om at reduksjonen skal bli gjennomført som ei frivillig opp følging frå jegerane si side. I 1992 var forbruket 439 tonn haglpatronar, og av dei var 117 tonn stålhagl. Forbodet mot blyhagl til jakt på ender, gjæser og vadarar sparer naturen for 1 million skot med blyhagl, eller 30 tonn bly. Det er framleis berre eit mindretal av jegerane som nyttar stålhagl. Motstanden mot stålhagl er forklart med for det første risikoen for sprenging av gamle haglgevær, for det andre risikoen for rikosjettar av stålhagl, og for det tredje at blyhagl drep byttet meir effektivt enn stålhagl.
Av andre viktige jaktreglar skal vi ta med forbodet mot å løyse skot frå motorkjøretøy. For å hindre misforstå ingar er det påbode at jaktvåpen som blir tekne med i motorkjøretøy, skal vere tømde for ammunisjon og vere nedpakka i futteral eller på annan måte, som gjer at det ikkje er lett tilgjengeleg for førar eller passasjerar.
Jaktkultur Jaktkultur er normene for jegervett og god jegermoral. Dei viktigaste prinsippa er omsynsfull framferd over for medmenneske - jaktkameratar såvel som ikkjejegerar - og ei skånsam, human innstilling til viltet. Sjølvdisiplin og ansvarskjensle skal prege den måten vi handterer våpen på. Desse reglane må følgjast:
- Våpenet skal alltid behandlast som om det var ladd. Geværmunningen skal alltid vere retta mot ein slik kant at det ikkje er risiko for å treffe menneske eller dyr dersom eit skot skulle gå av. - Når du lader eller tek ut patronene, skal du snu deg bort frå jaktkameratane. Kontroller alltid løpet for framandlekamar før du lader. - Under rasting skal patronene takast ut, eller haglgeværet brytast og sluttstykket løysast på rifla. - Ver alltid sikker på kva du skyt på. Skyt aldri utan at det tilsikta treffområdet har ein bakgrunn. - Vurder rikosjettfaren. Skyt ikkje mot vatn, isete veg,
110
FRILUFTSLIV
berg eller steinar dersom det er folk i nærleiken. - Lagre våpen og ammunisjon innelåst i heimen. Når det gjeld tilhøvet til viltet, er det viktigaste prinsip pet human avliving. Vi skal aldri løyse skot med min dre det er svært sannsynleg at det kjem til å drepe byt tet. Alle skot som ikkje resulterer i at byttet blir liggjan de, skal reknast som ei mogleg skadeskyting. Ein ansvarleg jeger gjennomfører alltid eit målbevisst etter søk, mens den som berre er skyttar, har lett for å halde fram med jakta på ein annan kant. Eit viktig førebyg gjande tiltak for å unngå skadeskyting er: kritiser aldri ein jaktkamerat for at han ikkje skaut! Det skotet som aldri blei løyst, treng ingen å angre på. Ein god jeger behandlar dg det døde byttet med respekt. Det er ein uting å la hundar tyggje på dødt vilt, eller å behandle det på ein måte som gjer det forpjuska. I andre land kan det til og med bli sett på som ufint å skreve over kroppen til felt storvilt. I Tyskland blir byt tet heidra ved at ein legg det på ei seng av granbar, mens jegeren tek av seg hatten og blæs eit signal i jakthorn. Sjølv om mange ser på dette som ei noko komisk rituell finkjensle, skal behandlinga vår av viltet vise takksemd overfor naturen som skjenkjer oss jaktgledene. Jakt er ei verksemd som berre er for venner av natur en og dyrelivet. Det er dei ekte jegerane som har ansvar for å ta hand om skyteglade bajasar og sende dei heim igjen. Sportsjakt blir angripe av jaktmotstandarar. Vi veit ikkje om motstanden aukar i Noreg, men undersøking ar frå andre land viser at han gjer det. Det beste for svaret jegerane har, er å skape større respekt for verk semda si gjennom å forbetre sin eigen jaktkultur.
Behandling av fangsten Dei same prosessane som er skildra for fisk, gjeld dg for kjøtt. Ein del skilnader følgjer av at fisk er eit vekselvarmt dyr. Det vil seie at under norske tilhøve er det uvanleg at kroppstemperaturen er over 15 gradar i dødsaugeblinken. Vilt er varmblodige dyr med kroppstemperaturar over 37 gradar.
111
Dødsstivleik Dødsstivleiken kjem av at karbohydratet (glykogenet) i muskulaturen blir omdanna til mjølkesyre etter at dyret er dødt. Dette fører til redusert pH, noko som får proteina til å trekkje seg saman. Dødsstivleiken blir oppheva etter ei tid av autolysen. Autolyse tyder sjølvoppløysing, og er den enzymatiske spaltinga av pro tein. Høg temperatur gjer at kjøttet gjennomgår døds-
112
SAMFOTO
Behandling i felt I Noreg er det ikkje vanleg å fjerne innvolane i småvilt før ein puttar det i sekken. I mange andre land er dette vanleg, sjølv i kjølig vér. Det er ein klar føremonn for kvaliteten på kjøttet at innvolane straks blir fjerna. Når det gjeld sjøfuglar, er det viktig å flå dei straks etter at ein har skote dei, slik at feittlaget under huda kan fjernast. Dette gjer ein for å hindre transmak på kjøttet. På storvilt er det viktig at ein tappar av så mykje blod som råd er, straks etter fallet. Deretter må innvolar veitast ut av buken, slik at kjøttet blir minst mogleg ureina av sundskotne innvolar. God lufting av bukhola gjer nedkjølinga snøggare.
FOTO STEVE HALSETRONNING
Etter elgfallet skal dyret utvommast straks.
FRILUFTSLIV
stivleken snøgt, mens låg temperatur gjer at prosessen går sakte. For snøgg nedkjøling av slaktet kan føre til såkalla kuldeforkorting. Ved om lag 10 gradar begyn ner musklane å trekkje seg saman. Dersom dette skjer før dødsstivleiken, blir den totale samantrekkinga for kraftig, og kjøttet blir seigt. All handsaming av slaktet mens det er dødsstivt, er uheldig, på same måte som skildra for fisk. Dei same uheldige verknadene av feil behandling i samband med dødsstivleiken som er skil dra for fiskekjøtt, gjeld dg for viltkjøtt. Mjølkesyredanninga i kjøttet medverkar til mørninga. Den enzymatiske spaltinga av bindevevet skjer meir effektivt ved låg pH. Låg pH hemmar dg bakterievekst og gjer at rotningsprosessane har vanskelegare for å komme i gang. Mørning Kjøtt blir mørna ved henging. Det er den same proses sen som går føre seg ved mørning, som ved graving og raking av fisk: mjølkesyredanning i kombinasjon med enzymatisk spalting av protein. Storviltkjøtt og vass fugl bør modnast ved ein temperatur på 5 gradar i 7-14 dagar. Tommelfingerregelen er 40 døgngradar, det vil seie 10 gradar i 4 dagar, eller 5 gradar i 8 dagar. Men høgare temperatur enn 5 gradar aukar risikoen for ska deleg bakterivekst. For å unngå spyflugeangrep bør vilt hengjast i ein pose av lerret eller flugenetting. Ein del viltartar, til dømes ryper, skogsfugl og hare, kan henge lenger, og toler høgare temperatur. Dette kjem av innhaldet av benzosyrer i kjøttet, som er eit naturleg konserveringsmiddel. Benzosyrene kjem frå næringsplantar som tyttebær og krekling. Dyr som et slik plantekost, er derfor naturleg konserverte. Syn tetisk framstilt benzosyre blir ofte tilsett matvarer. Vara skal da merkjast E 210.
Rotning Rotning kjem av sopp- og bakterievekst. Går prosessen langt nok, vil kjøttet til slutt gå heilt i oppløysing. For å unngå rotning er det viktig at kjøttet blir nedkjølt og lufta så snøgt som mogleg etter avlivinga. Storvilt må opnast og innvolane fjernast straks etter fal let. Småviltet bør ikkje liggje i ein tett plastpose i ein varm ryggsekk for lenge. Det beste er å pakke det i gamle aviser og la det liggje så luftig som mogleg øvst i
113
FRILUFTSLIV
sekken. Kjøtt som har begynt å rotne, får ei ubehageleg, søtaktig rotelukt. Bindevevet blir grønleg, og kjøttet koparraudt. God hygiene under slaktinga medverkar til at kjøttet blir mindre ureina av uønskte mikroorganismar. Muggsoppvekst under henging fjernar ein ved å vaske kjøttet med saltlake eller alkohol.
Konserveringsmetodar Ein treng sjeldan å konservere vilt før ein kjem heim. Den mest aktuelle konserveringsmetoden i dag er djupfrysing. I tidlegare tider var det vanleg med spekesalting og tørking av kjøtt. Dessutan blei det laga ei rekkje spesia litetar som badsturøykt viltkjøtt. Kjøtt kan dg gravast, på same måten som fisk. BÆR OG SOPP
Kven eig bær og sopp? Etter gammal sedvane er retten til å plukke bær og sopp i utmark ein allemannsrett. Friluftsloven av 1957 (sjå side 54) inneheld ingen føresegner om retten til å plukke bær, sopp og nøtter. Men i straffeloven av 22.mai 1902, paragraf 400, heiter det at den som på uinnhegna stad plukkar ville nøtter som blir etne på staden, ikkje blir å straffe. Vidare heiter det at den som på uinnhegna stad plukkar ville bær, sopp eller blomar eller tek opp røter av ville urtar, heller ikkje blir å straf fe. I praksis har desse føresegnene blitt oppfatta slik at sanking i utmark er ein allemannsrett. Det kan somme gonger vere delte meiningar om kva som er ein uinnhegna stad. Dersom ein grunneigar set opp eit gjerde for å gjere det vanskeleg for folk å kom me til for å plukke bær og liknande, er dette knapt i samsvar med intensjonen i loven. For plukking av molter på såkalla "moltebærland" i Nordland, Troms og Finnmark gjeld ein annan regel. Moltene må anten etast på staden, eller så må den som plukkar, ha løyve frå grunneigaren. Her som elles når det gjeld friluftsliv i utmark, er hovudregelen at vi skal ta omsyn til kvarandre og naturen. Å vise omsyn vil seie å ikkje gå i vegen for kvarandre når det gjeld hausting av slike utmarkspro dukt. Berre ein liten brøkdel av desse ressursane blir utnytta. Det skulle derfor vere liten grunn til å krangle.
114
FOTO: J.B OLSEN / R. SORENSEN / SAMFOTO
Plukking av bær Det er vel nesten ikkje mogleg å vekse opp i Noreg utan å ha prøvd seg på å plukke ville bær. Dei aller fleste kjenner blåbær, tyttebær og bringebær. Dette er "dei tre vanlege" som folk flest plukkar, til dels i store mengder. Molter veks i fjellet, og er derfor litt meir utilgjengelege for mange. Ei rad andre bærsortar blir dg plukka.
Konservering av bær Saft og syltetøy er dei tradisjonelle konserveringsmetodane. Når vi koker eller dampar bær til saft, er det ikkje nødvendig med ekstra konserveringsmiddel dersom safta blir lagra kjølig. Rå saft laga av mosa bær må til setjast sitronsyre (E 330) eller natriumbenzoat (E 211) som konserveringsmiddel. Vi reknar med at 1 kg bær (om lag 2 liter) gir 3/4 liter saft. Safta må søtast med 300-400 gram sukker pr. liter saft. Ved koking av syltetøy er det vanleg å nytte 600 gram sukker pr. kg bær. Sukker verkar konserverande. Nyttar ein mindre sukker, bør ein tilsetje natriumben zoat. Tyttebær og molter inneheld nok naturleg benzo syre. I dag har frysing teke over som den vanlegaste måten å konservere bær på. Bær kan frysast heile eller rørte, med eller utan sukker.
115
Tyttebær.
SAMFOTO
FRILUFTSLIV
FOTO: STEINAR MYHR
Sanking av sopp Sopp bør plukkast i tørt vér. Da inneheld han mindre vatn, og sma ker betre. Han er dg lettare å konser vere. Plukk berre unge, men fullt utvaksne eksemplar. Eldre sopp er ofte angripen av mark og larver. Vi kontrollerer for mark ved å skjere gjennom soppen på langs. Sopp bør leggjast luftig i ei flat, vid korg. I ein tett plastpose blir han lett fuktig og skadd. Unngå å skylje sopp i vatn. Skyljing tek vekk noko av aromaen. Utstyr for plukking av sopp.
Tillaging av sopp Fersk sopp lagar ein til ved å la han koke under lokk i si eiga fukt ved svak varme. Deretter fjernar ein lokket, og kokinga held fram til all væske er fordampa. Til slutt tilset vi matfeitt, og freser soppen til han er blank og fast.
Konservering av sopp Sopp kan dg konserverast for seinare bruk. Salting, tørking og gjæring er dei tradisjonelle konserveringsmetodane. Ved salting dampar ein soppen til krafta har trekt ut. Deretter legg ein sopp og grovsalt lagvis i eit glas eller ei krukke. Ved oppbevaring i kjøleskapstemperatur trengst det 8-10 % salt. Salta sopp må vatnast ut før til laging, og mistar dermed både næringsverdi og aroma. Ved tørking av sopp lønner det seg å skjere han i tyn ne skiver. Soppen kan leggjast på matpapir og tørkast i sola, eller vi kan træ bitane på ein tråd og hengje dei opp i vinden. Sopp kan dg tørkast i steikjeomn, men hugs at temperaturen ikkje må vere over 50 gradar, og omnsdøra må vere open. Gjæra sopp er mjølkesyrekonservert, på same måten som ensilert gras. Soppen må først dampast eller for vellast. Ein kultur av mjølkesyrebakteriar (til dømes surmjølk) må tilsetjast for å få prosessen i gang. Gjæra sopp er meir vanleg i Finland og Sverige enn i Noreg. I dag konserverer vi vanlegvis sopp ved djupfrysing. Før frysing forveller vi soppen ved å varme han opp til kokepunktet i 2-3 minutt. Etter avkjøling heller vi han i
116
FRILUFTSLIV
plastbeger og fryser han inn. Sopp som er fryst i blokk, kan lagrast i mange år. På jakt etter stilla Den daglege dosen mediestøy gir oss ikkje visdom, men for dummar oss fordi vi ikkje ser samanhengen mellom alle bitane. Stadige tidend er om krig og uår svekkjer den evna vi har til medkjensle med dei som lid. Vi vender oss i staden innover, dyrkar vårt eige privatliv og er oss sjølv nok. Vi må lære oss å lytte til stilla, ta oss tid til å tenkje. Har vi opplevd den store stilla i naturen, veit vi at ho overdøyver dei små plagene i dagleglivet og gir oss ein sjanse til å leite etter samanhengane. Stillheten efterpå Prøv å bli ferdige nu med provokasjonene og salgsstatistikkene, søndagsfrokostene og forbrenningsovnene, militærparadene og arkitektkonkurransene og de tredobbelte rekkene med trafikklys. Kom igjennom det og bli ferdige med festforberedelser og markedsføringsanalyser for det er sent, det er alt for sent, bli ferdige og kom hjem til stillheten efterpå som møter deg som et varmt blodsprøyt mot panden og som tordenen underveis og som slag av mektige klokker som får trommehindene til å dirre for ordene er ikke mere til, det er ikke flere ord, fra nu av skal alt tale med stemmene til gress og trær. Stillheten som bor i gresset på undersiden av hvert strå og i det blå mellemrommet mellem stenene. Stillheten som følger efter skuddene og efter fuglesangen. Stillheten som legger teppet over den døde og som venter i trappene til alle er gått. Stillheten som legger seg som en fugleunge mellem dine hender, din eneste venn.
Rolf Jakobsen
117
FOTO: PÅL HERMANSEN / SAMFOTO
Revebjølle (Digitalis purpurea) er utbreidd langs kysten av Sør-Noreg, og er forvilla somme stader i innlandet. Revebjølle er ein toårig plan te, som blomstrar først det andre året. Han kan bli opp til 3 meter høg, og har praktfulle, purpurfarga klokker.
Revebjølle er svært giftig. I tradisjonell folke medisin blei blad av revebjølle nytta som middel mot sår, på same måten som groblad. I dag blir stoff utvunne av revebjølle nytta som hjartemedisin. Digitrin verkar stimulerande på hjartemuskulaturen ved at samantrekkingskrafta blir styrkt.
KAPITTEL
Naturvern Historisk bakgrunn nnsikta i at det er nødvendig for samfunnet å verne natur, er ikkje særleg gammal. Det var så seint som i 1962 at den første nasjonalparken i Noreg blei oppretta (Rondane). Sidan har vi fått 17 nasjonalparkar, og det ligg føre ein plan om å opprette ytterlegare 20 nasjonal parkar før år 2000. Den første nasjonalparken i verda var Yellowstone i USA, som blei oppretta allereie i 1872. Sverige, som det første landet i Europa, fekk sine første ni nasjonal parkar i 1909. Kvifor var Noreg så seint ute? Den vanlege tankegangen var nok at Noreg var så grisgrendt og så uvegsamt at urørt natur verna seg sjølv. Men allereie lenge før vi innsåg behovet for å ver ne større samanhengande naturområde som nasjonal parkar, oppstod behovet for plante- og dyrelivsfrcdingar og fredingar av mindre område og naturminne. Med viltloven av 1899 blei bever og svane freda. Dette er det første dømet på dyrelivsfreding i Noreg. Frå utlandet kjenner vi til dyrelivsfredingar mykje tidlegare enn dette. I Sveits blei det første viltreservatet ("Freiberg") oppretta allereie i 1548. 11911 blei sjeldne planteartar freda i statens fjellstueutmålingar på Dovrefjell. I 1923 blei Fokstumyra freda som fuglereservat. Dei fleste fredingar som blei gjennomførte i perioden 1910 til 1950, dreidde seg om store og spesielle enkelttre og andre mindre naturførekomstar. Vi kan vel seie at det var den "museale" tilnærmingsmåten til natur vern som rådde; det vil seie at ein ville ta vare på sjeld ne eksemplar og gjere dei tilgjengelege ved å stille dei
I
119
Fokstumyra på Dovre var det første fuglereservatet som blei oppretta i Noreg.
ut. Men gradvis utvikla det seg ei innsikt i at det er vårt ansvar å sikre at framtidige generasjonar dg skal ha høvet til å nyte storslegne naturopplevingar. Det bør dg bli mogleg å drive forsking i urørte naturtypar og gene relt nyttiggjere seg dei naturherlegdommane som kan sikrast gjennom å verne intakt natur. Naturen blir no sedd på som ein nasjonal arv som nasjonen har eit etisk ansvar for og ei kulturell plikt til å ta vare på. Den teknologiske utviklinga etter andre verdskrigen førte til at inngrepa i naturen fekk ein annan dimen sjon. Såra blei meir synlege og skadane meir openberre. Vi fekk i større grad enn tidlegare inngrep og påverk nader som var av ein irreversibel karakter. Det vil seie at var inngrepet først utført, gjekk det ikkje an seinare å føre det naturområdet tilbake til den opphavlege til standen. Bygging av store vassdragsreguleringsmagasin eller byutvidingar på dyrka jord er døme på irre versible inngrep. Derfor innsåg ein at det ikkje var nok å frede større eller mindre område eller enkeltobjekt. Vi må leggje vinn på å forvalte bruken av naturen på ein slik måte at kvalitetane i naturen kan vernast. Denne tanken kom til uttrykk gjennom formålsparagrafen til naturvern loven av 1970, der det heiter: "Naturvern er å dispone
120
NATURVERN
re naturressursene ut fra hensynet til den nære samhø righet mellom mennesket og naturen, og til at naturens kvalitet skal bevares for fremtiden." Dermed hadde naturvernet utvikla seg frå naturfreding til moderne naturforvaltning. Til meg sjølv.
Eg drikk kaffi og veit at eg drikk jord som kunne vere pløgd til åkrar der mais og alle slags aks bylgja i vinden. Eg drikk vin og veit at eg drikk jord som kunne bere brokkoli og blomar til honningbier og der store tre kunne tyngjast ned av raude eller gule eple. Eg røyker sigarettar og veit at eg tenner på jord som kunne vere beitemarker for buskapar med raudt og kvitt fe eller for tunge, grå bøflar. Kvifor har nokon rørt ved auga mine slik at eg ser jorda eg drikk og brenner reise seg mot meg? Kvifor vaknar eg med dirring og angst frå all den gift kroppen min har tvinga opp av den gode jord?
Marie Takvam
Klassisk naturvern og det utvida naturvernomgrepet Vi skil ofte mellom det klassiske naturvernet og moder ne naturvern. Klassisk naturvern er vern av område med særleg verdifullt naturmiljø eller med særleg ver di for friluftslivet. Klassisk naturvern omfattar dg artsfredingar, og fredingar av naturminne (til dømes enkelttre eller andre mindre førekomstar). Fordi fred ingar er den eldste metoden for naturvern, blir denne forma for naturvern kalla den klassiske. Moderne naturvern, eller det utvida naturvernom grepet, er å forvalte naturressursane våre slik at vi tek vare på produktivitet og mangfald. Vi snakkar om ei naturforvaltning som tek sikte på å halde oppe ei bere kraftig utvikling. Det vil seie at bruken av naturen skal
121
NATURVERN
gå føre seg innanfor tolegrensene til naturen, slik at vi får ei utvikling som dekkjer behova til menneska i dag utan å øydeleggje sjansane for framtidige generasjonar til å få dekt sine behov. Det hører til saka at naturfredingar berre kan komme på tale i avgrensa område. Moderne naturvern siktar heilt generelt mot naturbruk på økologisk grunnlag, eller med andre ord ei alminneleg naturforvaltning basert på at mangfald, funksjonsdugleik og produktivi tet kan takast vare på på lang sikt.
Motiv for naturvern Sigmund Huse, tidlegare professor i natur- og miljø vern ved Noregs Landbrukshøgskole og ein av pioner ane i Noreg når det gjeld utdanning i dette faget, har laga denne lista over motiv for å verne natur:
- Vitskaplege og pedagogiske motiv: vern om repre sentative delar av alle naturtypar som naturdokument for forsking og undervisning. - Etiske motiv: alle artar skal ha rett til å eksistere, og kommande generasjonar skal ha rett til rik og variert naturoppleving. - Estetiske motiv: vurderinga av eit vakkert landskap som ein viktig naturressurs. - Sosiale motiv: intakte naturlandskap aukar velferd og trivsel for menneska. - Langsiktige økonomiske motiv: hushaldet av natur ressursane må generelt halde ved lag fornybare res sursar og avgrense øydsling med ikkje-fornybare ressursar. Alt dette er motiv som i sin tur sjølv må forklarast. Dersom vi har eit vitskapleg motiv for å gå inn for vern av eit myrområde, er det ikkje sjølvsagt for alle at vit skaplege interesser skal få avgjerande vekt. Ei myrfreding av vitskaplege grunnar er slett ikkje heva over all diskusjon. Somme kan seie: "Eg vil tene pengar på å dyrke opp denne myra. Dette er viktigare for meg enn vitskapleg forsking." Andre vil til dømes gå inn for å frede jerv, men ein bonde som har sauen sin på beite i eit område der jerv en held til, vil kanskje seie: "Eg vil verne sauene mine mot å bli tekne av jerven, og derfor vil eg utrydde han i dette området." I
222
NATURVERN
Alle motiv kan diskuterast. Finst det allmennmenneskelege fellesverdiar som kan grunngi kvifor vi bør ta vare på naturen? Er den eigeninteressa mennesket har av å berge seg sjølv, eit grunnlag for å tenkje lang siktig og ta omsyn til kommande generasjonar? Sett frå synspunktet til mennesket som art er det sjølvsagt rik tig at naturgrunnlaget for menneskeleg eksistens må vernast. Men det enkelte individet kan uttale at det berre bryr seg om si eiga framtid, og ikkje tenkjer på situasjonen til andre, eller til kommande slekter. Det er kanskje dei færraste som har noka førestelling om kva som er bra for den samla menneskeslekta, og som grei er å handle ut frå dette. I det gamle bondesamfunnet var "prinsippet til den gode husbond" ein leveregel som blei verdsett høgt. Dette prinsippet sa at ein bonde plikta å overlevere garden sin til neste generasjon i like god eller betre stand enn da han sjølv tok over frå far sin. Dette er ein leveregel med solid tradisjon både innanfor den kristne kulturarven og ei lang rekkje andre kulturar. Etiske spørsmål som er viktige for naturbruken vår, blir diskuterte meir i kapittel 6, som handlar om etikk og miljøfilosofi.
Biologisk mangfald Alle er samde om at biologisk mangfald er ein føreset nad for stabilitet og produktivitet. Hovudmålet for alt naturvernarbeid blir derfor vern av mangfaldet. "Naturens bibliotek brenn!" Dette uttrykket blei lan sert av Petter Johan Schei, direktør i Direktoratet for naturforvaltning, og peiker på at naturbruken til men nesket fører til at artar blir utrydda. Eit sentralt prinsipp i moderne naturforvaltning er at biologisk mangfald er ein føresetnad for økologisk sta bilitet, og at vi derfor aukar overlevingssjansane våre ved å verne om mangfaldet eller den biologiske diversiteten. I tillegg til at biologisk mangfald er sentralt for overleving, så er mangfald i livsformer, naturformasjonar, kulturlandskap og menneskeskapte miljø og kulturar dg viktig for at vi skal oppleve variasjon, ven leik og mening. Bevaring av det biologiske mangfaldet har blitt eit stort problem fordi økosystema på jordkloden no blir utsette for den kraftigaste påverknaden og endringa
123
NATURVERN
sidan dinosaurane døydde ut for 60 millionar år sidan. Ein reknar med at det blir utrydda over 100 artar frå jordkloden kvar dag - dei aller fleste på grunn av avskoging i tropiske område. Den tropiske regnskogen er skattkammeret for menneska når det gjeld biologisk mangfald. Vi reknar med at over halvparten av alle artar i verda har den tropiske regnskogen som leveom råde. Dei fleste aktivitetar som skader mangfaldet, gir ein kortsiktig økonomisk vinst, som regel for ei avgrensa gruppe menneske. Det langsiktige tapet er vanskeleg å rekne ut økonomisk, og det rammar heile menneske slekta. CITES-konvensjonen CITES eller Konvensjonen om internasjonal handel med trua dyre- og planteartar gjeld for Noreg og meir enn 90 andre land. Konvensjonen forbyr handel med trua artar og gir høve til å kontrollere handelen med artar som kan bli trua om ikkje den internasjonale handelen blir avgrensa. Dei trua artane er førte opp i liste 1, og omfattar ei rekkje større apar, større kvalar, leopard, tiger, asiatisk elefant, nashorn, isbjørn, brunbjørn, ulv, mange rovfuglar (inklusive dei fleste som lever i Noreg), fasanar og papegøyar, alle havskjelpadder, somme krokodillar og slangar, og ein del orkidear og kaktusar. Liste 2 omfattar artar som kan bli trua. På denne lista finn vi ei rekkje apar, kattedyr, kvalar, rovfuglar og kro kodillar som ikkje er førte opp i liste 1, og afrikansk elefant, pelssel, somme sniglar, sommarfuglar og korallar. Av nor ske artar er bjørn, ulv og gaupe førte opp på liste 2. Den internasjonale handelen med ler, skinn og elfenbein går delvis føre seg i løynd. Ei rad dyreartar er etterspurde fordi folk meiner dei har medisinske verknader (til dømes er hom frå nashorn populære som potensaukande middel). Andre artar er trua fordi dei er populære som kjæledyr (til dømes papegøyar), eller fordi dei blir nytta til smykke og suvenirar. Sjeldne plantar er etterspurde av hobbydyrkarar over heile verda. CITES-konvensjonen er viktig for vernet av større dyreog planteartar, men ikkje for dei tallause små artane som først og fremst er trua av biotopøydeleggingar.
124
NATURVERN
MATNYTTIG MANGFALD Moderne planteavl har skaffa oss høgproduktive sortar av dei fleste kulturplantar. Men i arbeidet med å selek tere for eigenskapar som gir stor avkastning, hender det at andre viktige eigenskapar går tapt. Av den totale kornproduksjonen i verda utgjer ris om lag ein tredel. I Asia er menneska heilt avhengige av ris i den daglege kosten. I byrjinga av 70-åra dukka det opp eit virus som angreip store delar av risplantane i Asia. Sprøytemiddel hadde ikkje så stor effekt. Det hasta med å finne ei løysing før ein fekk ein hungerkatastrofe. Eit forskingsinstitutt på Filippinane testa 6273 ulike variantar av ris. Det viste seg at ein einaste vari ant, ein type villris som blei funnen i India i 1966, og som hadde blitt bevart i ein genbank, var motstands dyktig mot akkurat dette viruset. Dei kryssa da denne villrisen med foredla risvariantar. Dermed blei gena som gav motstandskraft mot denne virussjukdommen, overførte til dei foredla rissortane, som deretter blei motstandskraftige. Dette er eitt av mange døme på at matvaretrygg leiken er trua av ein reduksjon i genetisk mangfald. Det er uhyre viktig å ta vare på variasjonen i arveanlegga. Dette gjeld plantar og dyr som i dag er viktige for mat produksjonen. Men det kan vise seg å vere livsviktig å ta vare på alle artar og genetiske variantar, fordi nye bruksmåtar kan komme som følgje av forsking og utvikling. Situasjonen er truande. På dei siste 15 åra har Indonesia, eit land i Asia med 190 millionar inn byggjarar, mista 1500 risvariantar. Det er no nokre få høgproduktive variantar som dominerer risproduksjonen i landet.
NATURMEDISINAR Penicillinet blei oppdaga ved eit tilfelle i 1928, da muggsopp forvilla seg til ein bakteriekultur Alexander Fleming hadde ståande i ei forsøksskål. Mange tusen medisinar er utvikla frå "apoteket" i naturen. Vi reknar med at marknadsverdien av medisinar utvikla av plan tar på verdsbasis er 50 milliardar dollar. Det nasjonale kreftinstituttet i USA har identifisert meir enn 3000 planteartar som inneheld stoff som er aktive mot kreft celler.
125
NATURVERN
Under ein fottur på Hardangervidda i 1969 tok to sveitsiske kjemikarar med seg jordprøvar heim. Ein soppart som levde i denne jorda, viste seg å innehalde eit stoff som gjorde det mogleg å gjennomføre langt fleire vellykka organ-transplantasjonar enn tidlegare. I Australia, der hudkreft er ein folkesjukdom på grunn av det sterke sollyset, søkte forskarane etter stoff som kunne vere effektive UV-filter i solkremar. Somme av forskarane lurte på kvifor UV-strålane ikkje skadde ormane som byggjer korallrev, enda dei dagleg blir utsette for store dosar ultrafiolett stråling. Det viste seg at dei produserte nettopp eit stoff som er eit svært effektivt UV-filter. I dag blir dette stoffet framstilt syn tetisk og blir nytta i solkremar med høg vernefaktor. Dette er døme på korleis artar, som vi på grunn av ufullstendige kunnskapar trur ikkje har nokon nytte verdi for menneske, viser seg å ha det likevel.
LØNNSAMT MANGFALD Økoturisme eller grøn turisme blir det kalla når dyre livet, plantelivet og landskap blir nytta som attraksjon for å trekkje turistar til eit område. Det seier seg sjølv at eit område som blir verdifullt på grunn av slik turisme, blir verna mot inngrep og påverknader som kan gjere staden mindre mangfaldig og fattigare på opplevingar. Slik blir det lønnsamt å ta vare på natur, eit argument som har mykje å seie i fattige land, og sikkert dg i dei fleste rike. Safariturisme gir Kenya meir enn 2,5 milliardar kroner i inntekter kvart år. Dette er 18 gonger meir enn verdien av fedrift ville vore dersom nasjonalparkane blei utnytta til dette formålet. Det fattige landet Rwanda hadde store inntekter frå gorilla-safarien sin før borgarkrigen i 1994. Dette land et, med 7 millionar innbyggjarar på eit areal om lag like stort som Hedmark, hadde knapt nokon betre grunn til å ta vare på gorillane sine og leveområda deira enn at det gav pengar i kassa å vise dei fram til pengesterke turistar som betalte 1000 kroner for billetten. I Peru viser ei undersøking at uttak av tømmer gjen nom flatehogst gir ei avkastning på 50 000 kroner pr. hektar som ein eingongssum. Ein kombinasjon av plukkhogst og utnytting av frukter, nøtter, gummi og medisinplantar i skogen gir ei avkastning på 250 000
126
FOTO: OLE BERNT FROSHAUG / SAMFOTO
NATURVERN
kroner pr. hektar kvart år. I Costa Rica er det vist at iguan-farming i regnsko gen kan gi meir enn 15 gonger så mykje kjøtt pr. arealeining som fedrift i det same området etter flatehogst og omdanning til gras-steppe. Iguan-kjøtt har tradisjo nelt vore ettertrakta føde for folk i området, men rov drift har nesten utrydda bestanden. Gjennom oppdrett og utsetjing av dyr i skogen held ein no på å byggje opp nye livskraftige bestandar, samstundes som dei lærer innbyggjarane opp til å forvalte skogsressursane slik at iguan-produksjonen blir størst mogleg. Dermed blir det lønnsamt å ta vare på regnskogen. Kanskje Noreg kan tene meir pengar på kvalsafari enn på kommersiell kvalfangst? I 1994 deltok nesten 10 000 personar på kvalsafari ved Andøya i Vesterålen. På Dovre arrangerer eit firma moskussafari, og fleire stader i Noreg er det tilbod om elgsafari. Utflukter med kulturhistorie og botanikk som tema samlar mange deltakarar. Alle desse døma viser at det går an å tene pengar og ta vare på natur samstundes. Det er derfor ikkje utan vidare gitt at det kostar å ta vare på mangfaldet. Men trass i dette må det ikkje bli slik at lønnsemd blir det primære målet for å verne naturen. Poenget er at auka kunnskapar kan gjere det mogleg å utnytte naturen på ein annan måte enn den tradisjonelle, og samstundes
127
Safariturisme i Afrika gir årlege inntekter på mange milliardar kroner. Grøn turisme eller økoturisme er ein vekstsektor innanfor reiselivsnæringa.
NATURVERN
kan folk tene pengar på det. Somme gonger ser vi ikkje skogen for berre tre....
MANGFALD PÅ FLEIRE NIVÅ
SAMFOTO FOTO: J.B. OLSEN / R. SORENSEN
I ein urskog finn vi døde og rotnande trestammar som er livsnødvendige for mange artar. I dag er det lite urskog igjen, og mange artar er derfor trua. Hogstmoden skog (hogstklasse V) er som regel 80-220 år gammal, mens det økologiske systemet i urskogen ikkje er fullt utvikla før skogen er fleire hundre år gammal. Biletet er frå Finnskogene i Hedmark.
Vi skil mellom artsmangfald, genetisk mangfald og økosystem-mangfald. Artsmangfald er summen av alle artar som lever i eit område. Som regel er artsmangfaldet størst i dei seina re utviklingstrinna av eit økosystem. Til dømes viser ei undersøking frå Sverige at i ein gammal urskogliknande barskog kan det vere så mykje som 8000 dyreartar, mens ein hogstmoden skog på om lag 100 år berre inneheld 2000 artar. Genetisk mangfald vil seie variasjon i arvematerialet mellom individa innanfor same art. Til dømes fanst det minst 450 ulike stammar av laks (Salmo salar) i Noreg. Kvar elv har sin eigen stamme med ei genetisk saman setjing som er ulik alle andre stammar. No er minst 80 laksestammar anten utrydda eller trua av utrydding på grunn av sur nedbør, vassdragsreguleringar, overfiske,
128
NATURVERN
parasittinfeksjonar og oppblanding med rømd opp drettslaks. Med kvar laksestamme som forsvinn, blir det genetiske mangfaldet redusert. Den genetiske variasjonen til ein art er råstoffet for naturleg seleksjon, det vil seie den evna arten har til å tilpasse seg miljøforandringar og dermed bestå som art. Økosystem-mangfald er summen av alle økosystem i eit område. Eit økosystem består av alle organismane som lever i eit bestemt miljø, i tillegg til dei fysisk-kjemiske omgivnadene deira, som jord, vatn, luft og mine ral. Små økosystem som ein dam, ein innsjø og ei myr med vierkjerr utgjer til saman eit større økosystem som vi kunne kalle det lågalpine økosystemet. Summen av alle økosystema på jorda utgjer det vi kallar biosfæren. Av økosystema på landjorda er det særleg våtmarks områda, savannane og dei tropiske låglandsskogane som har stor artsrikdom.
MENNESKELEG PÅVERKNAD PÅ DET BIOLOGISKE MANGFALDET
Mennesket påverkar mangfaldet på fire ulike måtar:
1 Ureining 2 Fysiske inngrep (arealbruk, hausting av biologiske ressursar, uttak av mineral og energi) 3 Genetisk endring av nytteplantar og husdyr (selektiv avl, kunstig oppformeiring, genteknologi) 4 Introduksjon av framande organismar (innføring av nye artar/stammar som ikkje er frå staden, utilsikta spreiing av framande organismar, til dømes genmo difiserte organismar) Ikkje all påverknad er nødvendigvis dårleg. Gammal kulturmark er skapt av mange hundre års jordbruks drift. Ugjødsla slåtteng, som var vanleg i Noreg fram til 1950, var svært artsrik når det gjeld karplantar og insekt. NORSK BIOLOGISK MANGFALD
Det er i dag skildra om lag 1,4 millioner artar i heile verda. Størstedelen av artsmangfaldet er likevel ikkje beskrive enno. Vi reknar med at det finst mellom 5 og
129
NATURVERN
30 millionar artar. Tropisk regnskog utgjer 7 % av jord overflata, men inneheld 50 % av artane. I Noreg reknar vi med at vi har om lag 33 000 artar når ikkje algar, bakteriar og virus er rekna med. Artsfordelinga på grupper er slik: Insekt Sopp Karplantar Lav Mosar Fuglar Marine fiskar Landpattedyr Ferskvassfiskar Marine pattedyr Amfibium Krypdyr
22 5 1 1 1
000 000 800 800 056 450 150 57 40 25 5 5
I denne oversikta manglar virvellause dyr i sjøvatn. Botndyrfaunaen i havet er til no ufullstendig kartlagd. Ei rekkje artar er på tilbakegang i Noreg. I gruppa virveldyr er fleire rovfuglar og rovpattedyr, og fugle artar knytte til kulturlandskapet (kornsporv, topplerke, åkerrikse og hortulan), rekna som trua artar. Døme på artar som framleis er alminnelege, men i tilbakegang, er stare, vipe, storspove, gråsporv, dverggås, lunde, salamander og oter. Blant insekt manglar det ei fullstendig oversikt. Men det er på det reine at ei rekkje artar er i tilbakegang. Til dømes reknar vi med at 18 artar av augestikkarar er anten utrydda, trua eller sårbare. Ein del artar er i framgang. Det gjeld til dømes ein art som mink, som ikkje hører naturleg heime i faunaen vår, men som har rømt frå oppdrettsanlegg. Kanadagås blei i si tid utsett som eit viltstelltiltak og har no eta blert ein bestand det kan jaktast på. Av andre introdu serte artar på frammarsj kan vi nemne mårhund og bisamrotte. Rosenfink og myrsongar er artar som har utbreidd området sitt til no å omfatte det sørlege og austlege Noreg. Langs kysten breier japansk drivtang seg. Denne arten har truleg komme hit med ballastvatn frå skip. Isbjørn (på Svalbard), havørn og bever er artar som har reagert positivt på freding, mens elg-, hjort- og rådyrbestanden har auka på grunn av avgrensa avskyt-
130
NATURVERN
Lav og mosar
Pattedyr
Fuglar
Insekt
Karplantar
Utrydda
Ingen
4 artar Bergdue Topplerke Kornsporv Glente
1 art Augestikkarar Orthetrum cancellatum
13 artar, blant desse: Feittblad Sandtimotei Småvendelrot
15 artar, blant desse: Safrankjuke Stor jordstjeme
10 artar. blant desse: Trønderlav Svaibråtemose Hattfaksmose
Direkte trua
Ulv
4 artar Dverggås Vandrefalk Åkerrikse Sildemåke
15 artar 10 augestikkarar 1 vårfluge 4 biler
30 artar, blant desse: Kvitmure Froskebit Vill solbær
48 artar, blant desse: Lérball Svartgubbe
5 lavarter og 38 moseartar. blant desse: Granfiltlav Gløsmose Tannkjølmose
Sårbar
3 artar Jerv Oter Bjørn
19 artar, blant desse: Svartspett Kvitryggspett Kongeørn Hubro
32 artar, blant desse: 11 biller 7 sommerfuglar 7 augenstikkarar
57 artar, blant desse: Raud skogfrue Bittergrønn Kjempehøgmol Ekornsvingel
136 artar, blant desse: Lappkjuke Mjuk grankjuke Trollmorkel Falsk brunskrubb
3 lavartaer og 24 moseartar. blant desse: Gullprikklav Stjemekrypmose Stammesigd
Sjeldsynt
2 artar Ilder Bjørkmus
20 artar, blant desse 5 andeartar Myrhauk Snøugle Slagugle
261 artar, blant desse: 32 biller 152 sommarfuglar 36 vårfluger 9 augenstikkarar
40 artar, blant desse: Dvergarve Lappsoleie Sibirgran Granjamne
319 artar, blant desse: Fagerbolle Skivemorkel Orerøyrsopp Fururiske
36 lavartar og 112 moseartar, blant desse: Lappskjegg Sørlandslav Tussemose
J tilstrekkeleg kjende
11 artar Piggsvin Gaupe Nise 8 flaggermusartar
15 artar, blant desse: Songsvane Skogdue Dvergspett Gråspett
133 artar 91 biller 39 sommarfuglar 3 vårflugar
Ingen artar 7 karplanter har karakteristikken usikker, ein liknane definisasjon
Ingen artar
4 lavartar Prikksteinlav Stiftskjergardslav Hovudsaltlav Dvergstry
ing og endringar i skogvegetasjonen. Hogstflater med stor produksjon av høgstaudar og kratt har gitt større næringsproduksjon for hjortedyr. Avgrensa avskyting har ført til at produksjonsdyra (hodyr i fruktbar alder) blir sparte. Dermed har kalveproduksjonen auka og gjort det mogleg med eit større uttak av ungdyr. Samanlikna med mange andre land er artsmangfaldet i Noreg lite. Avgrensingane ligg i klimatiske tilhø ve, at den skandinaviske halvøya har vore vanskeleg tilgjengeleg for innvandring av artar, og at økosystema våre er relativt unge (siste istid tok slutt for berre 10 000 år sidan). Men artane våre utgjer nordlege genetiske variantar av artar som dg finst i andre land. På den måten representerer livsformene i Noreg eit verdifullt genetisk mangfald som vi har ei internasjonal plikt til å ta vare på. Svært få artar finst berre i Noreg eller på den skandi naviske halvøya. Lemen er ein såkalla endemisk art, det vil seie med utbreiing avgrensa til Skandinavia og Nord-Finland. Fjellnøkleblom og dovreløvetann er andre artar som berre finst i Noreg eller Skandinavia. I Noreg har vi eit stort habitatmangfald, eller utval av leveområde. Det kjem av stor avstand frå nord til sør,
131
Sopp
Raudlista (basert på DNrapport 1992-6 Truede arter i Norge) er ei oversikt over artar som er utrydda, trua, sårbare, sjeldne eller mangelfullt kjende i Noreg. Lista er ikkje fullstendig fordi fisk, krypdyr og amfibium ikkje er med. Når vi skal vurdere denne lista, må vi hugse på at mange artar i Noreg lever på grensa av det klimatiske utbreiingsområdet sitt. Det skal ofte lite til før ein art blir sjeldsynt nær utbreiingsgrensa si. Sjølv om ein art er trua i Noreg, treng han ikkje å vere det i eit globalt perspektiv.
NATURVERN
Arktiske område
Storbregne- og
Havstrand
Fattig rabb- og lesidevegetasjon
høgstaudeskog
Sublitorale enger
Rik rabb- og lesidevegetasjon
Gråor-/heggeskog
Sand- og leirstrender
Fattige snøleie
Gråor-/almeskog
Sandstrender
Rike snøleie
Røsslyng-/blokkebærskog
Sanddyner
Driftvollar
Fattig sumpskog
Strandenger og
Gråor-/istervierskog
strandsumper
Strandenger Våtmark
Boreonemoral og nemoral skog
Driftvollar
Mosetundra
Fattige og middels rike
Strandberg og -rabbar
Fuglefjell vegetasjon
(lågurttypar) hasselkratt,
Fuglefjellvegetasjon
Polarørken
eik- og bøkeskog
Fjell Kalkfattige rabbar; mange
utformingar dominerte av lav
og lyngartar Kalkrike rabbar, fleire utformingar
Lesidevegetasjon; mange utformingar, blant anna Dvergbjørk-vierkratt
Blåbærhei Blåbær-/blålynghei
Alpin røsslynghei
Lågurt-graseng Høgstaudeeng
Bregneeng Snøleier
Grassnøleie
Fattige og rike engsnøleier Musøresnøleie, rynkevier-/
polarviersnøleie Våtsnøleie
Mosesnøleie Bregnesnøleie
Alme-/lindeskog
Kantvegetasjon, berg og
Kusymre-/almeskog
rasmark
Or-/askeskog
Rasmark
Rik sumpskog med or og
Bergflatar og -vegger
ask
Tørrberg
Svartor- / strandskog
Skogkantar
Rike viersumper
Kantkratt
Vegetasjon på ultrabasiske
Myr
bergartar og tungmetallrik
Regionale myrtypar:
mark
Konsentrisk og eksentrisk
høgmyr
Kulturavhengige habitat
Atlantisk høgmyr
Slåtteeng og beitemark; blir
Terrengdekkjande myr
delt i
Strengmyr og palsmyr
Kalkfattige fuktenger og
Flatmyr
tørrenger
Bakkemyr
Kalkrike fuktenger og
Inndeling etter næringstilhøve:
tørrenger
Ombrotrof myr
Fattigmyr
Sesongfuktige rikenger Kystlynghei
Intermediær myr
Tørrhei, ein rekkje typar
Rikmyr og ekstremrikmyr
Fukthei, mange typar
Grashei
Ferskvatn, våtmark og
Kalkhei
Skog
elvekantar
Fjellutformingar av
Boreal skog
Fukteng og sumpvegetasjon
kystlynghei
Lauvskog
ved vasskantar
Relikthabitat i
Bærlyngskog
Fattig og rik vassvegetasjon
jordbrukslandskap
Blåbærskog
Elvekantar og -øyre
Ruderatmark i urbane strøk og
Småbregneskog
Klåved- og doggpilkratt
langs samferdselsnettet
Lågurtskog
Mandelpilkratt
Kulturplantehabitat
Kalklågurtskog
Tindvedkratt
Tabellen gir ei oversikt over mangfaldet i norske habitat eller leveområde for dyr og plantar. Inndelinga er basert på vegetasjonstypar.
132
NATURVERN
stor høgdeforskjell frå fjære til fjell, stor klimavariasjon frå kyst til innland, og stor variasjon i geologi. Mange lokale rasar og sortar av husdyr og kultur plantar har gått ut av bruk i dei siste 50 åra. Dette har svekt det genetiske mangfaldet innanfor jordbruket. Det er no sett i gang ei rad tiltak for å bevare restar av husdyrrasar og plantesortar gjennom å halde ved lag såkalla vernebestandar og vedlikehalde genetisk materi ale i genbankar.
Jersey Telemarksfe Valdresfe Hallingfe Setesdalsfe Numedalsfe Rørosfe Trysilfe Snåsafe Nordlandsfe Finnmarksfe Lyngdalsfe Jærfe Einleta raudt hornet fe, Sunnhordaland Einleta grått kollet fe, Hardanger Einleta svart kollet fe, Bergenshalvøya Raudt hornet fe, Indre Sogn (lærdalsfe) Svart og grått hornet fe, Nordfjord Einleta grått kollet fe, Møre Sidet fjordfe Østerdalsfe Gudbrandsdalsfe Ringsakerfe Austlandsk raukolle Jarlsbergfe Raudt trønderfe Innheradsfe Beitstadfe Målselvfe Hedmarkfe Hollenderfe Korthornsfe Ayrshire
--------- J e rsey 0,6%
Telemarksfe
—
-------
Perioden med stadbinding
—
STN 0,1%
Sidet trønder og nordlandsfe
Lyngdalsfe
Vestlands fjordfe
- NRF
NRF 99,2%
Dølefe
Raukoller
- NRFJ
- NRF-1
Raudt trønderfeog Målselvfe
-NRF -J Hornet slettfe-------NRF—
1932
Norsk raudt fe (NRF) er i dag nesten einerådande som storferase i Noreg. Avlslaget for NRF blei stifta i 1935 og hadde som målsetjing å avle fram ein kurase som kombinerte stor mjølkeavkastning med god kjøttproduksjon. NRF-avlen braut med den gamle reinavlen eller raseavlen, og kryssa dyr med gode produksjonseigenskapar frå ei rekkje ulike rasar. I tillegg til dei gamle norske rasane er det store innslag av finsk ayrshire og
133
Telemarksfe 0,1%
1939
1960
1961
1962
1968
1979
svensk rød ock vit boskap i NRF. Mange av dei gamle rasane har døydd ut. I eit forsøk på å bevare genetisk materiale frå dei rasane som er igjen, er det no oppretta såkalla vernebuskapar. Dessutan er det frose inn sæd og embryo for langtidslagring. Tilsvarande tiltak blir gjennomførte for kulturplantar. I regi av Nordisk genbank for jordbruks- og hagebruksvekster er det oppretta eit sikringslager for frø på Svalbard.
NATURVERN
Klassisk naturvern Det klassiske naturvernet har ei viktig rolle å spele i høve til målsetjinga om å bevare mangfaldet. Gjennom fredingar kan vi bevare artar og livsmiljøet deira. Naturvernloven av 1970 definerer dei ulike typane av verneområde som blir nytta i naturvernarbeidet i Noreg i dag. Desse områdetypane eller vernekategoriane er:
-
naturreservat nasjonalpark naturminne landskapsvernområde
Naturreservat, nasjonalparkar og naturminne er verneformer som gjeld urørte naturområde. Landskaps vernområde er kulturpåverka landskap der vernever dien i større eller mindre grad kjem av nettopp denne kulturpåverknaden, og der ei tilsvarande bruksform eller skjøtsel er påkravd for å å bevare landskapet som det er. I tillegg til områdevern gir naturvernloven heimel for å verne plante- og dyreartar som anten er sjeldne, eller er trua av utrydding. Dersom slike artsfredingar skal ha noko for seg, må dei som regel supplerast med føresegner som hindrar at livsmiljøet til artane blir utarma. I 1917 blei plantelivet på 55 km2 av Nedalsmyrane i Sylane freda. Like etter blei fallrettane i Neavassdraget selde til eit elektrisitetsverk, som i 1960åra bygde ut vassdraget og demde ned Nedalsmyrane. Naturfredingar blir dg gjennomførte utan at det blir gjort vedtak om freding med heimel i naturvernloven. Vi har ei rekkje døme på minnelege avtalar mellom grunneigarar og styresmakter som sikrar vern av område eller objekt. Statskog SF har gjennomført 58 såkalla administrative fredingar av til saman 103 km2, som er vedtak om freding fatta av dette offentlege administrasjonsselskapet sjølv. Vidare er det laga ei rekkje frivillige fleirbruksplanar som sikrar vern av områ de og førekomstar.
134
NATURVERN
NATURRESERVAT
Naturreservat er den strengaste forma for vern som naturvernloven gir heimel for å gi eit område. Eit naturreservat blir som regel oppretta for å bevare ein bestemt naturtype som skil seg ut ved eigenarten sin. Det typiske naturreservatet er ein biotop som er karak teristisk for ei faunagruppe eller bestemte vegetasjonssamfunn (edellauvskogreservat, myrreservat, fugle reservat osv.). Eit naturreservat er eit mindre område og skal som hovudregel vere totalfreda mot inngrep. Ein kan avgje re for eit reservat at ferdsel og tradisjonell bruk skal avgrensast. NASJONALPARK
Ein nasjonalpark er eit større område som skal liggje på statleg grunn, og der landskap og naturmiljø skal beva rast i naturleg tilstand. Plante- og dyreliv skal få lov til å utvikle seg mest mogleg fritt, samstundes som områ det skal gi høve for friluftsliv og rekreasjon i urørt natur. Den avgrensinga som ligg i at nasjonalparkane skal liggje på statleg grunn, har ført til at det ikkje er
Rondane blei den første nasjonalparken i Noreg i 1962. Biletet er måla av Harald Sohlberg i 1901 og heiter "Vinternatt i Rondane".
NATURVERN
mogleg å frede eit representativt utval av norske natur typar som nasjonalparkar. Eigedommane til staten ligg stort sett i Nord-Noreg eller i høgfjellet i Sør-Noreg. Det inneber at naturtypar knytte til låglandet eller kyst en ikkje har blitt verna som nasjonalparkar. Norsk natur er inndelt i 29 typar eller naturgeografiske regionar. Av desse er berre halvparten representert i dei 18 nasjonalparkane som er oppretta så langt (1994). I "Ny landsplan for nasjonalparker" frå 1986 er det framlegg om å frede område på privat grunn for å sikre større naturgeografisk dekning. Dersom dette framleg get skal gjennomførast, er ei lovendring ein føresetnad. Eit anna problem med nasjonalparkane er den auka ferdsla som følgjer av blant anna at området har verne status som nasjonalpark. Mange menneske ser det som særleg attraktivt å gå på turar nettopp i nasjonalparkar. Men intensiv bruk av eit område til fotturisme og andre former for friluftsliv fører ofte til tråkk- og slitasjeskadar på vegetasjonen, forsøpling og uroing av dyrelivet. Vi kan spørje om vernet har verka slik det var meint, dersom tilstrøyminga av folk til nasjonalpar ken i seg sjølv utgjer ein trussel mot dei verdiane ein i utgangspunktet skulle ta vare på. Er masseturisme i samsvar med naturvern? I somme spesielt populære nasjonalparkar i utlandet har det vore nødvendig å regulere ferdsla, blant anna ved å kanalisere trafikken til bestemte stigar eller vegar, og til og med verne vegetasjonen mot tråkk ved å byggje kunstige stigar av tre og setje opp gjerde. Kan vi da seie at området gir høve for friluftsliv i urørt natur? I 1900 utgjorde villmark (det vil seie område som ligg meir enn 5 km frå nærmaste veg, jernbane, buset nad eller større inngrep i samband med kraftutbyg ging) 27 % av landarealet i Sør-Noreg. I 1992 var vill marksarealet gått ned til 8 %. For heile landet gjekk villmarksdelen ned frå 48 % til 22 %. Vegnettet i skogog fjellområda blir stadig tettare. Det er viktig at nasjo nalparkane blir nytta bevisst som ein reiskap for å skjerme ein del av den mest verdifulle villmarka vår mot inngrep og utbygging. Dei 18 nasjonalparkane våre har eit areal på til saman 13 535 km2. Dette tilsvarer 4,2 % av totalarealet i landet. 1 1992 kom regjeringa med framlegg om vern av ytterlegare 20 nasjonalparkar, på til saman om lag
136
NATURVERN
Dei grøne områda ligg meir enn 5 km frå veg, jernbane, busetnad eller større inngrep i samband med kraftutbygging. Arealet skrumpa mykje inn på 80 år.
1980
■
Areata wr enn i km ir.i nærmrøe veg, lembane, bebvggelse elta siorre inngwp1 Itirbindehe med krattuthvgging 1980:1 I
20 000 km2. Dersom det blir vedteke å opprette alle desse nye nasjonalparkane, vil altså det samla nasjonalparkarealet i Noreg bli på ca. 10 % av det totale arealet i landet. Rapporten "Vår felles framtid" frå Brundtlandkommisjonen tilrår å tredoble dei verna områda i verda
137
NATURVERN
frå 4 % til 12 % for å sikre vern av eit representativt utval av økosystema på jorda.
NATURMINNE
Naturminne er enkeltførekomstar av naturhistorisk interesse, eller førekomstar som på annan måte er sær prega. Eit naturminne vil i regelen vere av lita ut strekning. Døme på naturminne kan vere grusrygger (Olavsormen naturminne, Egersund), fossilfelt (Huk naturminne, Oslo), jordpyramidar (Kvitskriuprestin naturminne, Sel) eller spesielle tre (Konnerudeika i Drammen).
LANDSKAPSVERNOMRÅDE
Det karakterisktiske ved eit landskapsvernområde er at det kan omfatte kulturlandskap, og at det framleis kan vere eit bruksområde der økonomisk verksemd kan gå føre seg så lenge det ikkje endrar arten av eller karakteren på landskapet. Eit problem med landskapsvernområde er at den tradisjonelle bruken av området som har gitt vegeta sjonen og landskapet eit spesielt preg, ofte har teke slutt. Det er derfor ofte aktuelt å setje i gang stell av slike område for å bevare det opphavlege preget.
VERN AV VASSDRAG
Utbygging av vassdrag for produksjon av elektrisk kraft står for nokre av dei største inngrepa i norsk natur. Konflikten mellom utbyggingsinteressene og verneinteressene dominerte derfor naturverndebatten i Noreg i 60- og 70-åra. Som følgje av den stadig større opinionen mot vidare kraftutbygging vedtok Stortinget ei rekkje verneplanar for vassdrag i 70- og 80-åra. Til saman utgjer vernevedtaka det som no blir kalla Verneplan for vassdrag. Denne planen inneber at 197 vassdrag er verna mot vidare utbygging. Men mange av desse vassdraga er merkte av tidlegare utbyggingar. Det er viktig å vere klar over at vernet i Verneplan for vassdrag berre gjeld kraftutbygging og ikkje andre inn grep som kan påverke vassdraga. Vidare byggjer vern et berre på eit stortingsvedtak om å seie nei til konse sjonssøknader, ikkje på eit vedtak om vern med heimel
138
NATURVERN
i lov. Eit seinare storting kan derfor oppheve verneved taket.
KORLEIS VEL VI UT FREDINGSOMRÅDE? Det er ikkje mogleg å frede alle område som i og for seg kunne vere verneverdige. Derfor er det utvikla spesiel le kriterium for utval og prioritering. Dei viktigaste kri teria for eit fredingsområde er: - at det står for noko sjeldsynt (nasjonalt, regionalt, lokalt) - at det er typisk eller representativt for ein naturtype eller ein region - at det viser diversitet (mangfald) eller variasjonsbreidd i førekomst av artar, økosystem eller natur typar og geologiske former - at det har ein viktig funksjon for ein dyreart eller artsgruppe (til dømes som myteområde for gjæser, rastelokalitet for trekkjande artar o.l.) - at det er urørt (har mykje å seie for om området eig nar seg som referanseområde) - at det er ein klassisk lokalitet for studium og demon strasjon av utviklingshistoria til naturen - at det kombinerer fleire vernekvalitetar (inklusive kulturhistoriske og arkeologiske verdiar) Når ein prioriterer mellom område, legg ein i praksis vekt på kva område som er mest trua, om områda er eigna for forsking og undervisning, og om dei er eigna som referanseområde (samanlikningsfelt). Ettersom det nødvendigvis er grenser for kor mange naturfredingar det er mogleg å gjennomføre, kan ein med rette hevde at naturfredingsepoken i naturvern arbeidet nærmar seg slutten. Om nokre år vil målet om å verne 10-15 % av villmarka i verda vere nådd, og vonleg har vi da verna eit representativt utval øko system og biotopar som kan sikre eit levedyktig artsmangfald. Men sjølv villmark blir i dag påverka av glo bale miljøforstyrringar, spesielt luftureiningar. Det er derfor påtrengjande viktig at ureininga snarast kjem under kontroll. Vi må i dag sjå kampen mot ureiningar som ein føresetnad for at den satsinga som er gjord på klassisk naturvern, skal ha verdi. Det er likevel feil å hevde at naturfredingar er ei avleggs form for naturvernarbeid. Fredingane har sin
139
NATURVERN
plass i den totale naturforvaltninga som eit av mange verkemiddel. Vi må i mange år enno satse på kartleg ging av nye område som kan tenkjast å innehalde vikti ge verneverdiar, og gjennomføre vernetiltak, sjølv om totalarealet av verna område vil vekse langsamare.
Moderne naturvern NATURFORVALTNING I NOREG Da Noreg oppretta Miljøverndepartementet i 1972, var vi det første landet i verda som fekk eit eige departe ment med ansvar for naturforvaltning. Saksområdet til Miljøverndepartementet dekkjer vern av naturmiljøet og det kulturhistoriske miljøet, og planlegging av arealbruk. I dei første åra var arbeidet til Miljøverndeparte mentet konsentrert om det klassiske naturvernet, for valtninga av ferskvassfisk og vilt, og planlegginga av arealbruken i kommunar og regionar. Etter kvart har den generelle naturforvaltninga basert på det utvida naturvernomgrepet komme meir i framgrunnen. Det er særleg kamp mot ureining, avfallsbehandling og res sursbruk som har blitt viktige saksområde.
Tiltak mot ureiningar Problemstillinga for norsk miljødebatt er at ein vesent leg del av luftureininga kjem til landet vårt frå utlandet - såkalla grenseoverskridande luftureining. Kamp mot ureining skapt i andre land må basere seg på tiltak på det politiske planet, og reparering av skadar som kjem av denne ureininga (til dømes kalking av sure fiskvatn). Sur nedbør Forbrenning av fossilt brensel (olje, gass, kol) fører til frigje ring av svoveldioksid (SO2) og nitrogenoksid (NOX). Desse gassane stig høgt til vers før dei reagerer med vatn og fell ned som svovelsyre og nitrat over område som kan liggje tusenvis av kilometer frå utsleppsstaden. Det er dei kraftige vindane høgt oppe i atmosfæren som langtransporterer den ne ureininga. Noreg ligg i den framherskande vindretninga frå ureiningskjelder i England, Mellom-Europa og AustEuropa, og mottek årleg om lag 200 000 tonn importert svovelureining frå andre land. Til samanlikning produserer
140
NATURVERN
SUR NEDBØR SKADE PÅ FISKEBESTANDAR 1986 Sterkt påverka Utrydda per 1986
Dei siste tiåra har forsuringa av ferskvatn ført til store skadar på innlandsfiskeressursane i SørNoreg. Skadeomfanget på fiskebestandar i innsjøar har vore kartlagt ved hjelp av intervju med lokale fiskarar. Tilstanden for aure er oppgitt som ikkje-påverka fiskebestand, redusert bestand og tapt bestand. Resultata er presenterte som dominerande status for kvar art innanfor rutestorleikar på 12,0 x 12,0 km2. Totalt dekkjer undersøkinga 7479 aurebestandar i Sør-Noreg, og av dei er 2664 bestandar reduserte/påverka, mens 1786 bestandar er utrydda. Skadane på fiskebestandane er mest alvorlege i Sør-Noreg, nærmare bestemt i Aust-Agder og Vest-Agder.
Kjelde: NINA
Noreg 40 000 tonn svovelureining sjølv. Sur nedbør gjer skade på livet i innsjøar og elvar, på jords monn og skog, og på bygningar (forvitring av stein). I Noreg er fisken utrydda i 2500 innsjøar i Sør-Noreg og trua i ytter legare 3000 på grunn av sur nedbør.
141
NATURVERN
Når ureininga kjem av verksemd i Noreg, kan norske styresmakter sjølv innføre verkemiddel som tek sikte på å redusere omfanget av ureiningane. Slike nasjonale verkemiddel dreier seg i første rekkje om å fastsetje miljøstandardar og krevje inn miljøavgifter.
Milj østandardar Styresmaktene har fastsett ei rekkje slike standardar med heimel i lov. Til dømes er det bestemt at større bedrifter skal ha utsleppsløyve som avgjer kva type utslepp ei bedrift får lov å ha, og kva mengder og kon sentrasjonar av ulike stoff som kan sleppast ut i vatn eller luft. I høve til landbruket er det innført tekniske forskrift er som blant anna bestemmer korleis gjødselkjellarar og siloar skal vere konstruerte for å hindre at gjødsel og silosaft renn av til vassdrag. Andre døme på miljøstandardar gjeld innhaldet av bly i bensin og krav om katalysator i nye bilar. Miljøavgifter Miljøavgifter blir nytta for å stimulere bedrifter til å investere i reinsetiltak, ettersom det kostar noko å slep pe ut avfallsstoff til naturen. I prinsippet skal miljø avgifter fastsetjast slik at dei dekkjer samfunnskostnadene ved utsleppet. Vansken er naturlegvis å rekne ut kva ulike typar utslepp kostar. Noreg har til dømes vedteke å innføre ei CO2-avgift for å redusere utsleppa av denne gassen til atmosfæren, i samsvar med målet for klimakonvensjonen som vi har under teikna saman med 32 andre land. Det avgiftsnivået som Noreg har lagt seg på, er relativt høgt samanlikna med andre land. Men om det er høgt eller lågt i høve til dei skadane CO2-utslepp kan tenkjast å påføre samfunnet, er vanskeleg å seie. Dersom CO2-utslepp fører til klimaendring, og dersom ei gradvis oppvarming av atmosfæren fører til at havnivået stig slik at landareal blir overfløymde og busetnad og kaianlegg må flyttast, blir naturlegvis kostnadane enorme. Men det er usik kert om dette vil skje. CO2-avgifta kan derfor seiast å vere basert på føre var-prinsippet, og avgiftsnivået er fastsett etter skjønn.
142
NATURVERN
Klimagassar Det er i dag ei vanleg oppfatning at atmosfæren blir stadig varmare, og at denne oppvarminga i det minste delvis kjem av utslepp av såkalla klimagassar. Desse gassane (karbondi oksid (CO2), metan (CH4), lystgass (N2O), ozon (O3) og klorfluorkarbon (KFK) og halon) fører til at varmestrålar på veg ut frå jordoverflata blir reflekterte frå atmosfæren og sende tilbake til jordoverflata igjen. Klimagassane har altså same effekt som glastaket i eit drivhus som slepper gjennom sol strålane, men reflekterer dei langbølgja varmestrålane. Verknaden av klimagassane blir derfor kalla drivhuseffekt en. Det er dokumentert at innhaldet i atmosfæren av den vik tigaste klimagassen, CO2, har auka med 30 % frå 265 ppm (parts per million = milliondelar) i 1850 til 340 ppm i 1990. Gjennomsnittstemperaturen på jorda har auka med 0,5 gradar på dei siste 100 åra. Det har blitt rekna med at gjennomsnittstemperaturen kan komme til å stige med ytterlegare 1 grad innan år 2025 og 3 gradar innan år 2100. Dersom dette slår til, kan hav nivået komme til å stige med ca. 20 cm til 2025 og 55 cm til 2100, hovudsakleg som følgje av at havet blir varma opp og vatnet vidar seg ut. Dersom temperaturauken fører til at all isen ved polområda smeltar, vil havnivået stige med inntil 60 m. Det vil i så fall innebere at dei største byane i verda og mange av dei rikaste landbruksområda blir ståande under vatn. Sjølv om dei fleste meiner at det er uheldig å sleppe ut kli magassar, er dei lærde usamde om kva som vil bli konse kvensane. Vil til dømes ein stor del av klimagassane, og spe sielt CO2, kunne absorberast i havet, og temperaturauken dermed bli mindre enn ein trudde? Andre har peikt på at klimaet på jorda dg tidlegare har variert mellom kalde og varme periodar, lenge før menneska var i stand til å påverke klimautviklinga. Somme meiner at jorda er eit sjølvregulerande system, ein slags kjempeorganisme der ein prosess kan utløyse ein motverkande prosess slik at verknaden blir nøytralisert og balansen halden ved lag. Denne teorien er lansert av James Lovelock og blir kalla Gaia-teorien. Mens ozon nede ved jordoverflata er giftig og fører til sviskadar på plantar, så er ozon høgt oppe i atmosfæren eit livsviktig vern for alt liv på jorda. Ozonlaget 15-30 kilometer oppe i lufta vernar oss mot ultrafiolett (UV) innstråling. For mykje UV-stråling fører til hudkreft, augeskadar, planteskadar og massedød blant mikroorganismane i havet. Ozon i atmosfæren blir øydelagt av KFK og halon. Desse gassane blir nytta i kjøleutstyr og til brannsløkking. Som føl-
143
NATURVERN
Drivhuseffekten Den naturlege drivhuseffekten Solstrålar med høg energiintensitet trengjer gjennom atmos færen og varmar opp jordoverflata. Ho sender varme med låg energiintensitet tilbake til atmosfæren og verdsrommet. Vassdamp, CO2 og andre naturlege gassar i atmosfæren fangar opp ein del av den utgåande varmen, som glaset i eit drivhus. Denne naturlege drivhuseffekten får den globale gjennomsnittstemperaturen i dei nedste laga av atmosfæren til å halde seg stabilt rundt 15 °C. Utan denne effekten ville den gjennomsnittlege overflatetemperaturen på jorda vore ca. 35 °C lågare, med isdekte verdshav som resultat. Den menneskeskapte drivhuseffekten Menneskeskapte utslepp har ført til ein auka konsentrasjon av klimagassar i atmosfæren. Med auka konsentrasjon vil ein større del av den utstrålte jordvarmen bli fanga opp i atmosfæren. Dette gir eit netto varmetilskot til atmosfæren og fører til at gjennomsnittstemperaturen ved jordoverflata aukar. Det er denne menneskeskapte auken i konsentra sjonen av klimagassar - med ei temperaturstiging som sannsynleg resultat - som vanlegvis blir kalla “drivhus effekten”.
gje av god internasjonal oppslutning om tiltak for å redusere utsleppa av desse gassane blei det oppnådd ein reduksjon på 40 % i perioden frå 1987 til 1991.
Avfall og avfallsbehandling Forbrukskulturen i dei rike landa er skyld i ein ufatteleg produksjon av avfall. Kvart hushald i den rike delen av ver da produserer 2 til 4 kg hushaldsavfall pr. dag. I dei fattige landa er talet mindre enn 0,5 kg. I Noreg produserer kvar person 200 kg hushaldsavfall kvart år, og med ein gjennom
144
NATURVERN
snittleg levealder på 76 år gir det ei total mengd hushaldsavfall på over 15 tonn pr. nolevande nordmann. Kvar amerikanar produserer vel 3 gonger så mykje hushaldsavfall som kvar nordmann. I tillegg kjem såkalla produksjonsavfall, som er avfall frå industri og tenesteyting, og spesialavfall, det vil seie avfall som er særleg miljøfarleg eller vanskeleg å handtere (målingsrestar, plantevernmiddel, oljeprodukt o.L). Når vi ser bort frå gruveavfall, er mengda av produksjonsavfall 2,6 millionar tonn kvart år. Spesialavfall utgjer 200 000 tonn. Fordelt på kvar nordmann utgjer produksjonsavfallet 620 kg og spesialavfallet 48 kg pr. år. Store delar av dette avfallet kan gjenvinnast og nyttast om igjen, men framleis blir storparten deponert på søppelplassar eller brent. Gassutsleppa frå forbrenningsomnane er eit stort problem, sjølv om det i dag blir nytta ein reinseteknologi som er vesentleg betre enn for få år sidan. Frå alle avfalls plassar begynner det før eller sidan å leke miljøgifter til elvar og grunnvatn. I tillegg blir det frigjort store mengder av klimagassen metan, som blir danna ved nedbryting av organisk avfall i oksygenfattig miljø.
Hushaldsavfallet i Noreg er samansett slik: 60 kg matrestar 20 kg metall 12 kg glas 17 kg plast og tekstilar 70 kg papir 2,5 kg spesialavfall 200 kg totalt pr. innbyggjar
Norsk avfallspolitikk byggjer på tre element: 1 Hindre at det blir avfall (lågare produksjon og forbruk av varer som skaper mykje avfall, mindre bruk av unødven dig emballasje, satse på produkt som er meir haldbare) 2 Fremme gjenvinning - ombruk (til dømes returflasker som kan nyttast om igjen) - materialgjenvinning (til dømes av metall, plast, papir og glas) - kompostering (til dømes av hushaldsavfall) - energigjenvinning (til dømes ved søppelforbrenning eller brenning av metangass frå gamle søppelfyllingar og rotnetankar) 3 Gjennomføre ei forsvarleg sluttbehandling (til dømes ved å samle opp sigevatn frå fyllplassar, utstyre forbrennings-
145
NATURVERN
FOTO: PER-ANDERS ROSENKVIST
SAMFOTO
FOTO JAN RABBEN
-
NN / SAMFOTO
Kjeldesortering au avfall er ein føresetnad for å halde kostnadene ved gjenvinning nede. Dette søppelstativet gjer det mogleg å skilje mellom glas, papir og anna avfall. Somme stader blir det eksperimentert med kompostering av matavfall, ved at dette dg blir sortert ved kjelda.
Spesialbygde søppelbilar hentar avfall som er utsortert for gjenvinning. Desse bilane kan dg ta med seg såkalla spesialavfall (måling, olje, plantevernmiddel o.l.).
146
NATURVERN
anlegg med tilfredsstillande reinseutstyr, forsvarleg depo nering av spesialavfall) Styresmaktene satsar på å nytte fleire ulike verkemiddel for å fremme avfallspolitikken sin. Det blir arbeidd med grader te avfallsavgifter (avhengig av søppelmengda), pante- og returordningar, avgifter på spesielle produkt (til dømes på aluminiumsboksar til øl og brus) og subsidiar (til dømes til å byggje opp gjenvinningssystem eller etablere kjeldesorter ing og heimekompostering).
Andre tiltak Andre aktuelle tiltak kan vere subsidiar med sikte på å oppmuntre bedrifter til å nytte meir miljøvennleg tek nologi. Somme land har teke i bruk såkalla omsetjelege utsleppskvotar. Prinsippet dette byggjer på, er at det vil vere samfunnsøkonomisk mest lønnsamt å redusere utsleppa mest der det er billegast å gjennomføre utsleppsavgrensande tiltak. Til dømes kan ei bedrift med låge reinsekostnader finne det lønnsamt å reinse. Denne bedrifta kan deretter dekkje noko av kostnad ene sine til reinsetiltak ved å selje ein del av utslepps kvoten sin til ei anna bedrift som har høgare reinse kostnader. Eit slikt system vil berre vere brukbart for utslepp som har dei same skadeverknadene same kvar dei er lokaliserte, til dømes CO2. Marknadsmekanismar Miljøbevisste kundar ønskjer meir og meir produkt som kan resirkulerast, er biologisk nedbrytbare eller på andre måtar lite skadelege for miljøet. Ei rad bedrifter har innsett at det lønner seg å satse på miljøkvalitet. Mange land har no innført miljømerkesystem som inneber at produkt som er godkjende som miljøvenn lege, kan nytte eit bestemt merke på produkta sine. I Noreg blir svanemerket nytta. Ved å velje slike produkt blir kundane pådrivarar i retning av meir miljøvennleg produksjon. Offentlege tiltak her blir å leggje tilhøva til rette for miljømerking og kjøre kampanjar for å bevisst gjere forbrukarane om miljøvennleg forbruk.
147
NATURVERN
Svanemerket er >/ det einaste offisielle miljømerket i Noreg ✓ det første fleirna sjonale miljømerket i Noreg (nordisk) 1/ den einaste miljømer-
keordninga der det blir kravd bevis frå produ sentane i form av testar og målingar den einaste miljømerkeordninga med eit breit samansett styre t/ den einaste miljømer-
keordninga som kan påverke direkte over for EU-kommisjonen
Internasjonale tiltak I praksis dreier dette seg om frivillige avtalar mellom to eller fleire land. Spesielt viktig for Noreg er den europeiske svovelavtalen. I perioden 1980 til 1993 blei dei totale europeiske svovelutsleppa reduserte med 30 %. I same periode reduserte Noreg svovelutsleppa sine med 50 %. Det blir no (1994) forhandla om ein ny svovelavtale. Kravet frå Noreg er at svovelutsleppa skal reduserast med 75 % innan år 2000 med 1980 som basisår. Nordsjødeklarasjonen av 1990 har forplikta Noreg til å halvere utsleppa av næringssalt til Nordsjøen innan 1995. Det inneber vesentlege investeringar innanfor landbruket for å redusere punktutslepp frå utette gjødsellager og siloar, og redusere avrenninga av husdyr gjødsel og kunstgjødsel frå dyrka mark. I kommune sektoren blir det lagt ned store summar for å byggje betre reinseanlegg for kloakk. Kommunale avløp skal etter planen stå for 2/3 av den totale reduksjonen i dei norske utsleppa av næringssalt til Nordsjøen. Det er rettferdig at land på same økonomiske utvik lingsnivå forpliktar seg til å gjere same prosentvise reduksjon i utsleppa sine av ureinsande stoff. Men det vil knapt bli oppfatta som rettferdig dersom Kina og Tyskland skulle forplikte seg til same prosentvise reduksjon av CO2-utsleppa sine, når skilnaden i utgangspunktet er at Tyskland slepper ut kanskje 30 gonger meir CO2 pr. innbyggjar enn Kina. Skilnaden mellom fattige og rike land i forbruk av fossilt brensel pr. innbyggjar er enorm. U-landa har derfor argumen tert for nasjonale utsleppskvotar baserte på prinsippet om at dei skal kunne auke den materielle levestandard en sin til omtrent same nivå som dei rike landa, men under føresetnad av at dei skal nytte moderne reinseteknologi. Dermed vil utsleppa pr. person bli mykje mindre enn med den gammaldagse teknologien dei nyttar i dag.
148
NATURVERN
GLOBALISERINGA AV MILJØPROBLEMA
Radioaktivt nedfall (til dømes etter Tsjernobyl-ulykka i 1986), sur nedbør, utslepp av klimagassar, ozon-problematikken, reduksjon av det biologiske mangfaldet - alt dette er døme på at naturvern ikkje kan gjennomførast effektivt av dei enkelte landa. Dei store problema krev løysingar som alle land må samarbeide om. Viljen til internasjonalt samarbeid om naturvern aukar, men det te har enno ikkje resultert i å skipe eit internasjonalt organ som kan vedta bindande forpliktingar for alle land. Det blir arbeidd med å opprette eit slikt organ. I Haagkonvensjonen av 1989 er det framlegg om at det skal skipast ein organisasjon som kan ta avgjerder ved fleirtalsvedtak, og der den internasjonale domstolen i Haag skal fungere som ankeinstans. Til no (1994) er konvensjonen berre underteikna av 23 land.
Internasjonale avtalar Internasjonalt samarbeid om naturvern er i dag basert på deklarasjonar, konvensjonar og protokollar. Dekla rasjonar er viljeserklæringar, mens konvensjonar og protokollar i prinsippet er juridisk bindande. Men så lenge vi manglar eit organ som kan handheve desse avtalane, er framskritt avhengig av at landa frivillig følgjer opp dei vedtaka som blir gjorde. Mange kon vensjonar har heller ikkje presise mål for kva ein ønskjer å oppnå. I tillegg til Nordsjødeklarasjonen og svovelavtalen har Noreg underteikna ei lang rekkje internasjonale miljøavtalar. Av dei kan vi nemne: Ramsarkonvensjonen (1971) vernar våtmarksom råde som er særleg viktige internasjonalt, spesielt for trekkjande vassfuglar. Av 400 Ramsar-område i verda har Noreg 14. Bernkonvensjonen (1979) skal verne europeiske bestandar av ville dyr og leveområda deira. Norsk viltlovgiving inneber at ein husdyreigar har rett til å avlive rovvilt som angrip husdyra hans. Denne nødretten er truleg i strid med Bern-konvensjonen når det gjeld ulv. Wienkonvensjonen (1987) med Montrealprotokollen (1992) som hører til, har til formål å verne ozonlaget. Etter Montreal-protokollen skal bruken av KFK reduse rast med 75 % innan 1994 med 1986 som basisår. Full stans i bruken av KFK skal gjennomførast innan 1996,
149
NATURVERN
13 309 310 311 312 313 314 315 316 317 318 319 320 321
Akersvika Øra Kurefjorden Nordre Øyeren Ilene og Presterødkilen Jæren våtmarkssystem Ørlandet våtmarkssystem Tautra og Svaet Stabbursneset Forlandsøyane Dunøyane Kongsfjorden Isøyane Gåsøyane
415 230 30 6260 45 400 87 174 220 60 120 140 30 100
og for halon skal bruken stansast innan 1994. Noreg ligg godt an med omsyn til å nå desse måla. Brundtlandkommisjonen I 1983 oppnemnde FN Verdskommisjonen for miljø og utvikling. Denne kommisjonen har dg blitt kalla Brundtlandkommisjonen, etter den norske statsminis teren Gro Harlem Brundtland, som var formann i kom misjon. Kommisjonen la fram rapporten "Vår felles framtid" i 1987, som har vore ei rettesnor i debatten om
150
NATURVERN
naturvernspørsmål sidan. Rapporten frå Brundtlandkommisjonen koplar naturvernspørsmåla saman med spørsmålet om utvik ling for dei fattige i verda. Utrydding av fattigdom gjennom økonomisk vekst blir sedd på som nøkkelen til å løyse ei rad vanskelege spørsmål, som folkeauke, rovdrift på ressursar, avskoging og ørkenspreiing. Vidare peiker Brundtlandkommisjonen på behovet for å førebyggje skadar på naturen, heller enn å reparere. Førebyggjande miljøvern vil seie å innføre føre varprinsippet i all naturbruk: Dersom det ikkje er tilfreds stillande dokumentert kva som vil vere konsekvensane av eit naturinngrep eller ein påverknad på naturen, skal vi la vere å gjennomføre det. Rapporten frå kommisjonen har blitt kritisert for å leggje for stor vekt på økonomisk vekst. Mange meiner at det som trengst for å stoppe ressursplyndring og ureining, er nullvekst eller til og med at levestandarden må senkast i dei rike landa. Kritikarane meiner at forbruksauken i dei rike landa har vore årsaka til dei miljøproblema vi har i dag. Dersom det framleis skal vere vekst i forbruket i dei rike landa, og dei fattige lan da skal opp på same forbruksnivå som dei rike, så vil ressursane på jordkloden rett og slett ikkje strekke til. Samstundes vil produksjonen av avfallstoff bli så stor at ureininga vil ta totalt overhand. Kritikarane hevdar at det einaste som kan redde menneskeslekta, er å satse på ein alternativ livsstil, eit samfunn der forbruksauke ikkje er målet for det gode livet. Ein økologisk riktig livsstil byggjer på ei innsikt i at det finst naturgitte grenser for kor stort forbruk både kvart menneske og heile verda til saman kan ha. Dermed blir oppgåva å finne fram til metodar for å redusere overforbruk og utvikle solidariske fordelingssystem som sikrar at goda blir rettferdig fordelte mellom alle menneske i heile verda. Mot dette synet har det så blitt hevda at det i og for seg er riktig at forbruksvanane i dei rike land må endrast, men at det er rom for monaleg økonomisk vekst i dei fattige landa utan at det nødvendigvis set balansen i naturen i fare. Men dette føreset at dei fattige landa ikkje gjennomfører industrialiseringa si på same måten som i-landa gjorde. Ein må satse på moderne teknologi som utnyttar ressursane meir effektivt, som ureinar mindre, og som baserer seg på gjenvinning og
151
TIL VENSTRE Ramsarkonvensjonen er ein internasjonal avtale om vern av særleg viktige våtmarksområde. Det er spesielt omsynet til trekkjande vassfugl ein vil ta vare på. Noreg har 14 såkalla Ramsarområde, av dei er 6 på Svalbard. Da vikingskipet skulle byggjast i Akersvika i Hamar til vinter-OL i 1994, blei det stilt spørsmål ved om dette høvde med dei pliktene Noreg har etter Ramsarkonvensjonen.
NATURVERN
resirkulering av avfall. Dessutan blir det hevda at i åra som kjem, vil dei nye krava til miljøvennleg produk sjon tvinge fram utvikling av ny teknologi som i langt større grad enn tidlegare vil gjere det mogleg å produ sere utan å belaste miljøet. Alternativ livsstil-teorien blir altså kritisiert for å basere vurderingane sine på den teknologien som hittil har vore tilgjengeleg, i sta den for å rekne med at teknologiske forbetringar er mogleg. Kva er eigentleg berekraftig utvikling og føre var-prinsippet? Brundtlandkommisjonens definisjon av dette omgrepet er ei utvikling som inneber at vi som lever i dag, skal få dekt behova våre utan at framtidige generasjonar skal få svekt sjansane til å dekkje sine. La oss tenkje oss at steinaldermenneska hadde bestemt seg for å vere forsiktige med forbruket av kleberstein av omsyn til behova til framtidige generasjonar. Eller at steinkol-produsentane på 1800-talet hadde stengt halvparten av gruvene for at vi skulle få nok kol. Ville vi takka dei for det? Ny teknologi har utradert behovet for kleberstein, og vil vonleg etter kvart fjerne behovet for steinkol. Kanskje vil behovet for olje og bensin gå drastisk ned som følgje av ny batteriteknologi og meir effektiv utnytting av solenergi i framtida? Desse døma illustrerer at behov er styrte av den teknologien som til kvar tid er tilgjengeleg. Det som ser ut som ein knapp ressurs i dag, kan komme til å vere heilt ver dilaust ein gong i framtida. Men sjølv om det er usikkert kva framtidige generasjonar kjem til å trenge, kan vi ikkje trekkje den slutninga at vi ikkje har eit ansvar overfor dei som kjem etter oss. Slik det ser ut i dag, er vår generasjon og dei som var før oss, i ferd med å utløyse ei rekkje kriser. Desse krisene vil ikkje ramme oss sjølv, men vil sannsynlegvis ramme kommande generasjon ar dersom vi ikkje greier å leggje om utviklinga. Fordi vi ikkje kan vite noko sikkert om framtida, må vi nytte føre var-prinsippet: Vi må velje det alternativet for handling som ut frå det vi veit i dag, gir minst moglege ska deverknader for naturmiljøet på kort og lang sikt. Dersom det ein gong i framtida skulle vise seg at kunnskapane våre i dag var feil, er det sannsynleg at vi iallfall ikkje har øydelagt sjansane for etterkommarane våre. På den andre sida finst det altså gode argument for at det er grenser for kor store offer ein generasjon skal ta på seg av omsyn til etterkomma rane sine. Dersom vi gjer rotter, kyr eller kvalar til heilage dyr, sik
152
NATURVERN
rar vi da ei berekraftig utvikling? Bør fedrift i halvørkenområde vernast av omsyn til dei utsvelta menneska som bur der i dag, eller bør det vere forbode, for å stoppe ørken spreiinga av omsyn til dei skal bu der i morgon? Det blir sagt at rotter og mus et opp 10-30 % av kornav linga i India kvart år. Men religionen forbyr hinduar å ta livet av skadegjerarane. Ville utviklinga i India blitt meir berekraftig om rottene hadde blitt utrydda?
Riokonferansen i 1992 Tjue år etter den første FN-konferansen om det men neskelege miljøet i Stockholm i 1972 blei det i 1992 arrangert ein stor konferanse i Rio de Janeiro der tema et var miljø og utvikling. Brundtlandkommisjonens rapport stod sentralt i drøftingane på denne konferan sen. Usemja mellom dei rike og fattige landa var stor. Forsøket på å få vedteke ein konvensjon med sikte på å verne tropisk regnskog gjekk ikkje gjennom. Represen tantar for u-landa meinte at den viktigaste hindringa for økonomisk vekst for dei fattige landa er at dei rike landa hindrar dei fattige i å selje varene sine fritt på marknadene til dei rike landa. Statsministeren i Malaysia, Mahathir bin Mohamad, var talsmann for dei alliansefrie landa i sør da han sa: "Gi oss frihandel, så skal vi verne regnskogen." I dag er det stort sett u-landa i sør som eksporterer trevarer til dei rike landa i nord. Importen av råtømmer er tollfri, mens det må betalast toll av vidareforedla produkt som finer. U-landa argumenterer altså med at dersom dei fekk tollfri tilgang for industriprodukta sine, ville dei tene meir pengar, og dermed få råd til å føre ein meir offensiv miljøpolitikk. Riokonferansen fekk gjennomført ein del vedtak som kan reknast som tilrådingar. Av desse kan nem nast Agenda 21, som er ein omfattande handlingsplan på 700 sider om arbeidet med miljø og utvikling i det 21. hundreåret. Rioerklæringa er eit vedtak om 27 prin sipp for ei berekraftig utvikling. Konvensjonen om bio logisk mangfald skal sikre bevaring og berekraftig bruk av det biologiske mangfaldet, og fremme ei rett ferdig fordeling av gevinsten ved utnytting av genetis ke ressursar.
153
FOTO: STEINAR MYHR
Kvann heiter Angelica archangelica på latin. Angelica tyder engel, og archangelica tyder erkeengel. Legenda vil ha det til at det var erke engelen Gabriel som viste seg for menneska og fortalde dei at kvann var eit lækjemiddel mot pest og smitte av alle slag. Kvann er ein skjermplante som på gode veksestader kan bli to meter høg, og stilken kan bli tjukk som ein mannsarm. Han finst i to former, som strandkvann og fjellkvann. Det er fjellkvann som har blitt mest nytta som nytteplante i Noreg. Blad og stilk blei nytta som grønsak, og som godteri. Rota blei nytta som medisin. Stadnamn som Kvanndal fortel om gode førekomstar, men i somme kvanndalar var arten så populær at han døydde ut. Det kjem av at kvann blomstrar berre ein gong, deretter døyr han. Når stilken blei hausta, førte det som regel til at planten døydde.
I vikingtida blei kvann dyrka i kvanngardar og seld på kyrkjebakkar og på torget i byane. Historia fortel at Olav Tryggvason i år 1000 kjøpte kvann på torget i Trondheim og tok plantane med seg heim til den danske kona si, Tyra. Ho kjende tydelegvis ikkje til kvann, for ho blei sint og utbraut: "Du kjem og gir meg gras, men du er ikkje såpass til kar at du kan hente farsarven min i Danmark." 1 mellomalderen blei det eksportert kvann frå Noreg til Europa, der han blant anna blei nytta av benediktinarmunkane til å lage likør. Vi kan i dag få kjøpt apotekpreparat av kvann i form av angelikadropar (angelikatinktur) og benediktinaressens. Angelikadropar fortynna i vatn er appetittvekkjande og fordøyingsstimulerande, og blir nytta som aperitifffør maten.
KAPITTEL
Fleirbruk fte er det fleire brukarar som ønskjer å utnytte eit område eller ein naturressurs. Somme gonger er interessene til dei ulike brukarane motstridande, og det oppstår konfliktar. I slike tilfelle må vi prøve å gjere konfliktane så små som råd er, gjennom å leggje opp til fleirbruk. Fleirbruk vil seie at det blir utarbeidd ein plan for korleis eit område skal forvaltast for å nå fleire målset jingar samstundes. Alle forvaltningsplanar byggjer på prinsippet at all naturbruk skal vere basert på en bere kraftig utvikling. Men dette kravet kan somme gonger tilfredsstillast sjølv om éi bruksinteresse blir prioritert i staden for ei anna. Gjennom ein fleirbruksplan prøver vi å sikre at alle rettkomne interesser blir tilgodesedde.
O
Fleirbruk av skog I det gamle bondesamfunnet blei skogane utnytta på ein mangesidig måte. Det blei drive jakt, fangst og fis ke. Skogane gav beite og vinterfor til husdyra og bren sel og virke til husbygging og gjerdematerialar. San king av bær og sopp var viktige tilskot til hushaldet. Produksjonen av jern i såkalla jernvinner kravde sto re mengder furu og bjørk. Brenning av tjæremiler, salt koking og ostekoking sette dg preg på skogen. Med utbygginga av sagbruks- og trelastindustrien på 1600og 1700-talet blei store skogområde etter kvart prega av dimensjons- og plukkhogstar, utan tanke på foryng inga av skogen og framtidig avkastning. Denne fasen blir kalla for haustingsskogbruket. Omkring 1940 slo bestandsskogbruket gjennom.
155
FLEIRBRUK
Bestands-skogbruket er kjenneteikna av flatehogstar og skogskjøtsel med sikte på å framelske trebestandar der trea når hogstmoden storleik og alder samstundes. Med overgangen til bestands-skogbruk fekk vi ein gradvis sterkare kulturpåverknad av skoglandskapet. Skogbiletet har blitt stadig sterkare prega av relativt tette og jamhøge bestandar. Lov om skogproduksjon og skogvern av 1965 la opp til eit aktivt produksjonsskogbruk med stor vekt på å sikre forynging, langsiktig produktivitet og avkastning av skogen. Det var altså produksjonen av trevirke som var det primære. Andre interesser knytte til skogen kom i bakgrunnen. Bestandsskogbruket gjennomgjekk ei grundig rasjo nalisering i 60- og 70-åra. Ei omfattande mekanisering skjedde parallelt med ei kraftig utbygging av skogsvegnettet. Til dels store flatehogstar, foryngingsfelt og vegar med tilhørande skjeringar og fyllingar prega etter kvart landskapet. Samstundes nytta folk skogen meir og meir som rekreasjonsområde, spesielt i bynære område. Mot slutten av 60-åra fekk vi ein tilspissa debatt der produksjonsskogbruket og friluftslivet blei stilte opp mot kvarandre. Som ei følgje av den aukande kritikken mot produk sjonsskogbruket, med den einsidige vekta på virkesproduksjon, blei skogproduksjonsloven endra til lov om skogbruk og skogvern i 1976.1 denne loven er prin sippet om fleirsidig bruk av skogen lagt til grunn. Formålsparagrafen i loven slår fast at skogen skal nyt tast til produksjon av trevirke, at han skal vere eit leve område for dyr og plantar, og at han skal vere eit rekreasjonsområde for innbyggjarane. Sidan skogbruksloven av 1976 blei vedteken, har det skjedd ei gradvis omlegging av skogbruket i retning av å leggje meir vekt på andre interesser enn virkesproduksjonen.
KORLEIS KAN SKOGSDRIFT TA FLEIRBRUKSOMSYN I PRAKSIS? Sluttavverking Ved sluttavverkinga av ein skogbestand er det viktig å planleggje storleik, form og plassering av hogstflater slik at dei landskapsestetiske verdiane blir tekne vare på. Små flater gir mindre sår i terrenget enn større, og flatekantar som følgjer naturlege linjedrag i terrenget,
156
FOTO: FRODE LOSET
FLEIRBRUK
FOTO: FRODE LOSET
Toppområdet til venstre er snauhogd og framstår som eit terrengsår og skrekkdøme på korleis det ikkje skal gjerast. I toppområdet til høgre er det gjennomført plukkhogst. Frøtre, smatre og lauvtre er sette igjen. Området ser derfor ut som ein glissen skog.
verkar ikkje som framandelement i same grad som fla ter med rettlinja kantar. Det er dg viktig å ta omsyn til korleis ei hogstflate tek seg ut mot horisonten. Flatekantane bør vi i tillegg søkje å forme som eit fleirsjikta skogbryn ved å setje igjen mindre tre og buskar. På same måten bør vi spare lauvtre, buskar og mindre tre langs bekker, elvar og vatn. Spesielt bør vi ta omsyn til viktige viltbiotopar som spelplassane til storfuglen og fuktskog, som er viktige leveområde for skogsfuglkyllingar dei første levevekene. Vidare bør lautre setjast igjen, spesielt viktige beiteplantar som selje, osp og or, men dg bjørk og furu. Døde tre er viktige for hakkespettar og hdlrugarar som ugler. Større rognetre, selje og einer bør sparast av landskapsestetiske grunnar. Skogen skal ikkje avverkast i område der forynging er vanskeleg, som på myrar og bergrabbar og i verne-
157
FLEIRBRUK
skogbeltet opp mot fjellet. Virkeproduksjonen har her liten verdi, og slike område bør derfor stellast med vekt på omsynet til dyrelivet og landskapet. Dersom transporten av tømmer og utstyr er dårleg planlagd og gjennomført, kan det oppstå omfattande terrengskadar. Derfor må vi unngå kjøring over mjuke parti, eller verne vegetasjonen ved å leggje hogstavfall i traseen. I særleg sårbare område bør all transport gjen nomførast på frosen og helst snødekt mark. Ein må ta spesielle omsyn til stigar og turløyper.
Tynningar og generell skogskjøtsel Tette ungskogbestandar må tynnast slik at skogbotnen får nok lys til at undervegetasjonen blir tilfredsstillan de utvikla. Eit velutvikla feltsjikt og busksjikt er viktig for dyrelivet og gir eit pent skogbilete. Generelt er fleiraldra og fleirsjikta skog heldig for dyrelivet. Vi bør ikkje nedkjempe oppslag av lauvkratt og urter på hogstflater under forynging ved sprøyting med kje mikal, men ved å rydde manuelt. Kratt og urter på sli ke flater er viktig føde for hjortedyr. Død vegetasjon etter sprøyting verkar provoserande på folk flest. Somme dyreartar som til dømes jerpe krev spesiell omtanke, og må ha ei blanding av oretre og tett fleir sjikta granskog for å trivast. Barskoghekkande rov fuglar er ofte sårbare for skoginngrep. Det gjeld hønse hauk, musvåk, vepsevåk, fjellvåk, fiskeørn, kongeørn, tårnfalk og sporvehauk. Av omsyn til slike artar må vi spare reirtre og skogen som ligg omkring, og unngå skogsdrift og anna uro i hekketida. Vi bør dg setje igjen sitjepostar for rovfugl i form av større frittståande tre på hogstflater. Somme sjeldne orkidear veks berre i kalkfuruskog. I slike spesielle biotopar må vi anten gjennomføre ein forsiktig plukkhogst eller frede skogen. Skogsvegar Ein godt utforma veg med gjennomtenkt linjeføring gjennom landskapet er ofte ein føremonn for frilufts livet dg. Når ein planlegg skogsvegar, må ein ta omsyn til landskapstilpassinga slik at ein unngår store skjer ingar og fyllingar. Vidare må terrengbehandlinga vur derast nøye i samband med uttak av masse og plasser ing av steintippar.
158
FLEIRBRUK
Alminnelege reglar Ein skog der ville dyr trivst, er som regel ein skog som samstundes er vakker og veleigna for friluftsliv. Dersom skogskjøtselen tek viltstellomsyn, tek ein der for samstundes omsyn til rekreasjonsinteressene. Og ved eit fornuftig opplegg vil kostnadene i form av tapt virkeproduksjon vere overkommelege. Eit einsformig skoglandskap prega av einsjikta og einsaldra skog, er lite attraktivt for friluftsfolk og er heller ikkje ein biotop som fremmar eit artsrikt og tal rikt dyreliv. Variasjon må vere målsetjinga, og det kan vi oppnå ved å ta vare på småbiotopar særskilt. Med småbiotopar meiner vi mindre areal som har spesielle funksjonar for plante- og dyrelivet, eller som skil seg klart ut frå dei dominerande naturtypane i området. Småbiotopar inneheld ofte konsentrasjonar av spesielle artar. Slike småbiotopar kan vere: -
sumpskog fuktige bekkedrag kantsoner strandskogar med rikt lauvtreinnslag lauvenger edellauvskog ravinar urmark skredområde sørberg grupper av eldre lauvtre
Mange småbiotopar er særleg artsrike, derfor er dei viktige for det biologiske mangfaldet.
Fleirbruk av jordbruket I jordbruket snakkar vi dg om fleirbruk. Dette er kom binasjon av tradisjonell jordbruksproduksjon og utnyt ting av bygningar, areal og arbeidskraft til produksjon av miljøgode, gardsturisme og andre varer og tenester. Mekaniseringa i jordbruket har redusert behovet for arbeidskraft på gardane. For å halde oppe busetnad og drift trengst det ny næringsutvikling som kan skape nye arbeidsplassar. Opplevingar og miljøgode knytte til kulturlandskap og gardsmiljø kan danne grunnlag for gards- og bygdeturisme. Miljø prega av verdifull
159
FLEIRBRUK
1 Pedagogisk jordbruk og omsorgstenester - skole- og fritidsgarder tek imot barn og ungdom i skole og fritid - gardsbesøk for barnehagar
160
FOTO: SVEIN GRONVOLD
Utleige av jakt og fiske og butilbod i tilknyting til dette er døme på produksjon av miljøgode og fleirbruk av ressursane på garden. Tilfredsstillande tilrettelegging og god marknadsføring er føresetnader for at det skal lønne seg.
kulturarv, husdyrhald og allsidig produksjon er særleg attraktive. Vi kallar ofte landbruk tilrettelagt for turis me for opplevingslandbruk. I tråd med landbrukspolitiske målsetjingar blir mid lar overførte frå storsamfunnet for å oppretthalde jord bruksdrift i utkantstrøk og for å styrkje vern og utvik ling av kulturlandskap i sentrale jordbruksområde. Etter kvart som jordbrukspolitiske målsetjingar, jord bruksproduksjon og kulturlandskapsomsyn blir sam ordna, er det naturleg at fleirbrukshøve blir utvikla som gjenyting og tilbod til storsamfunnet. Jordbruket kan i dag tilby ei rekkje utradisjonelle produkt og tenester:
FOTO: UNNI DAHL GRUE
FLEIRBRUK
Fleirbruk av utmarka kan føre til konfliktar, t.d. når folk gløymer å stengje grinder etter seg slik at dyr på beite slepp ut. Ein enkel klatrestige i kombinasjon med hengjelås på grinda kan løyse problemet.
- vertsgardar for praksis og yrkesopplæring - hestehald (rideskole, terapiriding, oppstalling) - omsorg for ungdom, rekonvalesensopphald og rehabilitering 2 Gardssal og gardsturisme - gardssal av eigne produkt - sjølvplukk av bær, frukt og potetar - parselldyrking - gardsbesøk av grupper, eventuelt med servering av tradisjonell mat - gardsmuseum - bondegardsferie - kulturhistoriske arrangement - sal av håndverksprodukt - utradisjonell planteproduksjon (blomsterengfrø, tørkeblomar, naturfargeplantar, lin, urter) 3 Utmarksprodukt - jakt og fiske - seterferie, eventuelt med opplæring i å lage tradi sjonelle produkt som rømme, ost og smør - turar med omvisar
161
FLEIRBRUK
Fleirbruk av vassdrag I vassdrag der det har utvikla seg konfliktar mellom ulike bruksinteresser, nyttar ein ofte fleirbruksplanlegging som eit hjelpemiddel til å forsone motset ningar. Som eit døme skal vi sjå nærmare på elva Gaula sør for Trondheim, som er ei av dei mest populære lakseelvane i landet. Laksefisket har mykje å seie som inntektskjelde for mange grunneigarar. Men somme grunneigarar har teke ut grus frå grusøyrar og elvebotn, og det har ført til lågare vasstand, kanaliseringseffektar som øydelegg standplassar for laksen, og erosjonsskadar på elvebreidda og undergraving av elveforbygningar. Andre brukarinteresser i høve til Gaula er kraftutbygging, vegbygging, naturvern og bruk av elva for utslepp av kloakk og anna avrenning. På bakgrunn av aukande konfliktar mellom dei ulike brukarinteressene avgjorde ein i 1988 å utarbeide ein fleirbruksplan for Gaula. Etter at plan- og bygnings loven kom i 1986, er kommunane pålagde å opplyse om bruk og vern av vassdrag i kommuneplanane sine. Gaula renn gjennom fleire kommunar, og ansvaret for å organisere planlegginga blei derfor lagt til fylkeskom munen i Sør-Trøndelag i samarbeid med miljøvern avdelinga hos fylkesmannen. Planen blei lagd fram i 1990, og hovudmåla er for mulerte slik: 1 Det skal takast omsyn til landbruks-, natur- og kulturlandskapskvalitetar og andre tungtvegande sam funnsinteresser ved arealdisponeringar langs Gaula. 2 Gaula må dg i framtida vere eit attraktivt vassdrag for fiske og anna friluftsliv. 3 Vasskvaliteten i delar av vassdraget må forbetrast vesentleg. 4 Uheldig erosjon på elvebreidd og elvebotn må unn gåast.
Hovudmåla er deretter spesifiserte i 20 delmål. Desse delmåla er i sin tur konkretiserte gjennom eit hand lingsprogram med framlegg til gjennomføring av 40 til tak. Den ønskte effekten av kvart enkelt tiltak er skil dra, og ansvaret for finansiering og gjennomføring er plassert.
162
SAMFOTO FOTO: JON ARNE SÆTER
Somme resultat har allereie vist seg. Ansvaret for å redusere tungmetallureininga frå Kjøli og Killingdal gruver blei lagt til Statens forureiningstilsyn i sam arbeid med Næringsdepartementet og gruveeigarane. I 1994 var utsleppa av kopar reduserte med 84 % saman likna med situasjonen i 1990. Ureininga av sink hadde gått ned med 70 %, og svovelureininga var halvert. Som eit resultat av dette er plante- og dyrelivet no på veg tilbake på den 33 km lange strekninga frå Eggafossen og opp til gruvene. Denne elvestrekninga, som tidlegare var fisketom, er i dag leveleg for fisk igjen.
Kantvegetasjon langs elvar og bekker har fleire funksjonar. Insekt fell ned frå vegetasjon som heng ut over vatnet. Dette aukar produksjonen av yngel og småfisk. Kantvegetasjonen hjelper dg til med å redusere avrenning av næringsstofffrå dyrka mark, og reduserer skadeverknadene av storflaumar på enga. Kantvegetasjonen er dessutan viktige biotopar for fuglar, og trekkvegar for mange dyr. Biletet viser Gaula sedd frå Fossbakken.
FLEIRBRUK
Fleirbruk av strandsona Strandbeltet står som arealkategori i ei særstilling når det gjeld rekreasjon og fri ferdsel for allmenta. Kontaktlinja sjø/land er dg viktig som livsmiljø for plante- og dyrelivet, og har mykje å seie for heile opp levinga av kystlandskapet. Bruken av strandsona har ofte vore prega av konflikt mellom ulike bruksinteres ser, spesielt i samband med bruk av stranda som byggjeareal for fritidshus. Det er forbode å byggje i 100meterbeltet langs sjøen. Men utbygginga av strandsona spesielt på Sør- og Austlandet skjedde før vi fekk den ne føresegna. I dei tettast folkesette delane av landet er det derfor allereie for seint å bevare strandsona som fri område. Med aukande bruk av sjøen som rekreasjonsområde og kraftig vekst i flåten av fritidsbåtar har konfliktsona delvis flytta seg ut på sjøen. Planloven gir no heimel for "vassbruksplanlegging" og "kystsoneplanlegging" med sikte på å regulere dei konfliktane som kan opp stå, til dømes mellom etablering av fiskeoppdretts anlegg og ferdselsinteressene til båtfolket.
Fleirbruk av kystressursane Somme stader går fritidsfiske i sjøen føre seg i stort omfang. Yrkesfiskarane har protestert mot overdriven bruk av fastståande reiskap som garn og liner. Dei mei ner at fritidsfiskarane tek så mykje fisk at det er snakk om konkurranse om ressursane. Dessutan blir fritidsfiskarar som fangar så mykje at dei sel delar av fang sten, kritiserte for å konkurrere om kundane. Fritidsfiskarane på si side meiner at det er viktig å bevare allemannsretten til sjøfisket. Fiskerettane i fersk vatn tilhører grunneigarane, mens sjøen er den siste fri staden for alle som ikkje eig grunn. Spesielt hard kritikk har vore reist mot utanlandske turistar som det blir påstått fyller både to og tre frysa rar med fiskefilet som dei tek med seg heim. Mange meiner at fiske i eit slikt omfang grensar mot yrkesfiske og burde vere forbode. Styresmaktene har prøvd å dempe konflikten ved å regulere reiskapsbruken og fisketidene. Vi kan likevel ikkje seie at systematisk fleirbruksplanlegging er teken i bruk for å løyse konfliktane i fjordar og kystnære
164
FLEIRBRUK
ID O tr ID Q
$
Busetnaden i Lyngør i Aust-Agder ligg i strandsona. For det meste er dette no fritidshus. Tradisjonelle sørlandshus utgjer eit vakkert kulturlandskap, men mange av fritidshusa er ikkje oppførte i samsvar med god byggjeskikk. Mange hekkeområde for sjøfugl er øydelagde av fritidshus og ferdsla som følgjer med. Tett busetnad i strandsona er dg til hinder for at båtfolk og andre gjester kan sleppe til.
165
FOTO: PAL HERMANSEN
SAMFOTO
FLEIRBRUK
Rorbuferie har blitt populært. Tilbod om opphald i eit tradisjonelt rorbumiljø kan kombinerast med tilbod om fisketurar om bord i fiskebåtar. Dette er eit døme på fleirbruk av kyst- og fiskeressursar.
område. Men behovet ser ut til å vere til stades. Ein del kystfiskarar har begynt å tilby organiserte fisketurar i turistsesongen. Dette passar ofte fint inni mellom dei tradisjonelle fiskesesongane. Turistfiske kan ofte gi vel så store inntekter som det tradisjonelle fisket. Vi kan kalle dette fleirbruk av fiskebåtar. Turistfiske passar elles godt saman med andre tilbod som overnatting, tilrettelegging av sløye- og pakkeskur og direktesal av fiskeprodukt, handverksartiklar og lokal kunst. Som turistland kan ikkje Noreg tilby sol og varme. Vi har derimot ei rekkje andre attraksjonar å by på. Først og fremst er dette opplevingar knytte til natur og kul turlandskap. Fiskehøve i reint vatn både i sjø og fersk vatn er mangelvare dei fleste tettbygde stader i Europa. Utfordringa ligg i å tilretteleggje for turistfiske på ein slik måte at lokalsamfunnet tener på det og ikkje opple ver det som urimeleg konkurranse. I tilknyting til striden om kvalfangst har det blitt hevda at Noreg kunne tene meir på å utnytte kvalressursane i turistsamanheng enn på tradisjonell kval fangst. Kvalobservasjon eller "whale watching" har
166
FLEIRBRUK
blitt ein stor turistindustri i områda omkring Cape Cod i USA. Båtturar for å observere kval blir dg tilbydde fleire stader i Noreg. I samband med fleirbruksplanlegging er det sjeldan snakk om anten-eller. Men kvalsaka er kanskje eit døme på ein konflikt der turistinteressene står stikk i strid med fangstinteressene? Dersom turistane er klar over at det blir drive kvalfangst, kan det komme til å minske etterspørselen etter båtturar for å observere kval. I ein eventuell fleirbruksplan for kval må denne moglege konflikten heilt klart vurderast. Ved hjelp av fornuftig presentert informasjon og tilrettelegging elles skal vi ikkje sjå bort frå at kommersiell kvalfangst og kvalobservasjon lét seg kombinere.
167
Humle (Humulus lupulus) er ein svært snøgtveksande slyngplante. Han kan vekse opp til 3 cm i timen. Humle har frå gammalt av vore dyrka i Inirnlehagar. Hoblomane blir nytta som krydder i øl. Blomane ser ut som lysegrøne kongler. Innunder dekkskjela sit det ei mengd små, gule kjertlar som produserer lupulin. Lupulin er eit bitterstoff som verkar roande og lett søvndyssande. Eit gammalt kjerringråd mot søvnløyse var å leggje ein humlepose under hovudputa. Som tilsetjing i øl kom humle til å avløyse pors,
som var vanleg ølkrydder fram til vikingtida. Pors hadde den ulempa at han gav kraftige tøm mermenn dersom inntaket blei for stort. Humle inneheld østrogenliknande stoff. Østrogen er det kvinnelege kjønnshormonet. Det blir påstått at berre lukta av humle skal vere nok til å forstyrre menstriiasjonssyklusen hos kvinner. Menn som drikk mykje øl, har lett for utvikle brei bak og store bryst, i tillegg til ølmage. Dette kjem meir av østrogeneffekten enn av næringsinnholdet i øl.
KAPITTEL
Etikk og miljøfilosofi ei etiske problemstillingane som knyter seg til naturbruken til mennesket, har etter kvart utvikla seg til ein eigen filosofisk disiplin. Miljøfilosofien dis kuterer kva verdiar som bør leggjast til grunn for naturbruken til samfunnet og kvart enkelt individ. Naturfaglege vitskapar kan skildre eit miljøproblem og forklare at dette problemet kjem av naturbruken til mennesket. Men vitskapen kan ikkje forklare kvifor vi har valt å nytte naturen på ein måte som skader han. Det er oppgåva til filosofien å klargjere om dette kjem av at vi forfølgjer forkastelege målsetjingar for liva våre, og eventuelt om det kjem av bestemte verdival som det er nødvendig å korrigere. Ein seier ofte at det må ei holdningsendring til der som rovbruket av naturen skal stansast. Men er den økonomiske og politiske verksemda vår styrt av hold ningar, eller lét vi oss styre av noko som er økonomisk nødvendig, den "usynlege handa" til marknaden? Blir politiske avgjerder tekne på ein slik måte at vi verken kjenner premissane eller konsekvensane av dei? Er menneska sjølv blitt offer for ei utvikling som vi ikkje ønskjer, men som vi ikkje maktar å styre? Vi kjenner dømet med katten Aldrimett, som aldri fekk nok å ete. La oss tenkje litt på kva som var problemet for denne katten: Var det at han ikkje fekk nok mat, eller var appetitten for stor? Fru Aldrinok hadde 20 kjolar i skapet, men kunne ikkje finne ein som var i stil med dei nye skoa. Ho hadde frykteleg lyst til å kjøpe ein ny, men mangla pengar. Hadde Aldrinok eit pengeproblem eller eit problem med holdninga si? Tilsvarande kan vi spørje om luftureining som kjem av bilbruk, er eit livsstilsproblem eller eit teknologipro-
D
169
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
blem. Kan elektriske bilar erstatte bilar med forbrenningsmotor slik at vi kan få ein ureiningsfri bilpark? Men korleis skal vi produsere elektrisiteten som skal til for å lade bilbatteria? Må vi nytte olje, og dermed urei ne like mykje? Eller bør vi reise mindre og satse på syk kelen og kollektivtrafikken? I kapittel 4 om naturvern var eit av tema det biolog iske mangfaldet. Kvar dag blir mange artar utrydda. Har mennesket rett til å utrydde ein art? Har ein saue bonde rett til å forsvare husdyra sine ved å utrydde jerven? Vi behandlar sjukdommar ved å nedkjempe sjukdomsframkallande bakteriar, sopp og virus. Vi har lyk kast med å utrydde koppeviruset. Bør vi vere stolte av det, eller er det feil å utrydde ein sjukdomsframkallande art? Alt dette er døme på spørsmål som ein berre kan svare på gjennom filosofisk refleksjon. Vitskapen skildrar og forklarer, men kan ikkje gi svar på kva holdningar og handlingar som er gode eller vonde, galne eller rik tige. I dette kapitlet skal vi ta opp ein del etiske og miljøfilosofiske problemstillingar. For ikkje å gjere inn føringa i dette temaet altfor abstrakt og akademisk skal vi ta utgangspunkt i ei konkret problemstilling: lét det seg gjere å forsvare jakt for sporten si skyld?
Aukande motstand mot jakt i Noreg og? Mange ser på jakt som noko heilt naturleg, og synest kanskje det er vanskeleg å forstå at jakta treng ei etisk rettferdiggjering. Men motstanden mot jakt har etter kvart blitt stor. Vi kan slett ikkje sjå bort frå at den stør ste trusselen mot jakt som friluftslivsaktivitet på litt sikt kanskje ikkje blir mangel på vilt, men motstand og eventuelt lovforbod mot jakt. Ei undersøking frå Italia viste at 2/3 av dei vaksne innbyggjarane og 3/4 av ungdommen var imot jakt. I kantonen Genf i Sveits blei jakt forbode etter folkerøyst ing om saka. Framlegg om forbod mot jakt har blitt fremma i ei lang rekkje land. I gamle dagar dreiv dei jakt for å skaffe mat, skinn og pelsverk. I tillegg dreiv dei nedkjemping av rovvilt som trua husdyr, eller som dei meinte var næringskonkurrentar til menneska ved at dei tok matnyttig vilt.
170
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
Jakt var ein del av kampen for å overleve, og det var nok ikkje vanleg å tenkje på rettane til dyra. I jakta på rovdyr blei det blant anna nytta fotsakser og gift som gav dyra store lidingar. I dag er jakt ein fritidsaktivitet der mataukmotivet er underordna. Jakt har blitt ein sport som ein driv med for å få rekreasjon. LIVSSTILEN PÅVERKAR HOLDNINGANE VÅRE
FOTO: PÅL HERMANSEN / SAMFOTO
For stadig fleire menneske har livssituasjonen blitt slik at dei ikkje har personleg røynsle med husdyrhald og kjøttproduksjon. Avliving og slakting av dyr skjedde
Kva er viktigast for jegeren: jaktutbyttet, naturopplevinga eller det sosiale samværet?
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
før i tida på gardane. Dette var ein naturleg del av gardsarbeidet, og både vaksne og barn deltok. I dag er slakting ei verksemd folk flest vil kvi seg for å delta i, og mange reagerer med avsky. I somme religionar, til dømes visse variantar av buddhisme og hinduisme, er slaktaryrket eit “ureint" yrke. Somme gonger kan vi få inntrykk at mange i vårt moderne samfunn ser på slakting på same måten. Det tilhøvet folk har til dyr, har endra seg frå at dei ser på dyra som arbeidsdyr eller ei matkjelde, til at dei ser på dei som kjæledyr, kameratar eller som ei kjelde til opplevingar. Dette er ei utvikling som har blitt påskun da av barneeventyra og populære filmatiske forteljingar ("Slipp Willy fri!") og tv-seriar ("Flipper", "Lassie", "Skippy" osv.). Disse har vore med på å skape førestell ingar om dyr med menneskelege eigenskapar. Dei nemnde tv-seriane dreier seg alle om dyr som er intelli gente, som tek ansvar, og som har omsorg for menneske. Store mediebaserte kampanjar mot til dømes selfangst har fått mange til å meine at dyr kan føle sorg ved tap av ungar eller foreldre, på same måten som menneske. Dyr har blitt menneskeleggjorde. Den prosessen som har ført fram til eit tilvære der ein vakuumpakka kotelett er det mest blodige folk opplever, kan kanskje karakteriserast som ei framandgjering overfor naturen, eller eit brot med den biologiske fortida vår? Tilbakegangen for primærnæringane, urbanisering og kontorisering er utan tvil stikkord når vi skal prøve å forstå dei holdningsendringane som har ført til mot stand mot jakt. Men om dette er forklaringa, så er det ikkje eit prov på at argumenta til jaktmotstandarane er forkastelege. Det er like aktverdig å vere eit urbanisert menneske med ein bymessig livsstil som ein "praktikar i naturen". Argumenta må vurderast i kraft av kor vektige dei er. La oss sjå på saka frå fire ulike synsvinklar: 1 Synspunktet til jegeren: Kva føremonner gir jakta for jegeren? 2 Synspunktet til jaktmotstandaren: Kva ulemper gir jakta for ikkje-jegerane? 3 Synspunktet til samfunnet: Er sportsjakt nyttig eller skadeleg for fellesskapsinteressene? 4 Synspunktet til viltet: Har ville dyr ein rett til å leve i fred?
172
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
SYNSPUNKTET TIL JEGEREN Sportsjakt er ein aktivitet som er formålsretta, og som kan gi utøvaren glede ved å lykkast. Jakt tilbyr spen ning, stiller krav til kunnskapar og dugleik, og det er sjansar for bonus i form av eit bytte. I tillegg går jakt som oftast føre seg i omgivnader som gir jegeren rike naturopplevingar. Opplevingane er i seg sjølv ei form for bonus, sjølv om ein ikkje får noko bytte. Ansvarleg sportsjakt er basert på prinsippet om at dyr ikkje skal lide unødvendig. Det eksisterer derfor skrivne og uskrivne reglar om korrekt våpenbruk, human avliv ing og plikt til å forfølgje skadeskotne dyr. For dei fleste jegerar er det viktig å vidareføre ein tradisjon, å vedlikehalde dugleikar som har hatt mykje å seie for overlevingsevna til menneska, og som kan vise seg å få mykje å seie i framtida dg. Det tilhøvet jegeren har til byttet, er ikkje prega av aggresjon, men av vørdnad og respekt for den retten dyr har til ikkje å lide unødvendig. All jakt må vere basert på prinsippet om berekraftig hausting. Jegeren har ansvar for å sørgje for vern av artar og bestandar, og lojalt følgje dei reglane som er fastsette for jakta. På artsnivå er altså prinsippa vern og fornuftig forvalt ning med sikte på å halde ved lag livskraftige bestand ar. Sportsjegeren jaktar primært for å skaffe seg ei opp leving. I samfunn med naturalhushald er målet med jakta å skaffe seg mat. Opplevingar og rekreasjon er eit kulturelt utvikla behov som jegeren ikkje ser på som mindreverdig. I dei rike landa er behovet for rekreasjon like viktig som behovet for mat. Industri og teneste yting er like nyttig for samfunnet som jordbruk. Ein fri sør kan bidra like mykje til verdiskapinga i samfunnet som ein bonde. Det er like meiningslaust å rangere behov som å rangere yrke. For jegeren er jakt ei form for friluftsliv som verken er primitiv eller på annan måte mindreverdig saman likna med annan rekreasjon. Etisk skil jegeren klart mellom menneske og dyr, og meiner at vi har rett til å utnytte dyrelivet for å tilfredsstille menneskelege behov. Fordi han skil klart mellom menneske og dyr, er det ikkje moralsk problematisk å ta livet av dyr. Jakt er derfor ikkje ein aktivitet som lærer jegeren aggressivi tet, eller gjer terskelen lågare for å godta vald overfor
173
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
menneske. Jegeren ser vidare på seg sjølv som ein som haustar av overskotet i naturen, og er slik sett ein for valtar som gjer ein samfunnsgagnleg innsats.
SYNSPUNKTET TIL JAKTMOTSTANDAREN
FOTO: ROGER STENBERG / SAMFOTO
Jaktmotstandaren opplever jakt som ein blodig sport som gir dyr unødvendig liding. Jakt gjer dyr skremde og sky og gjer det vanskeleg for folk å nærme seg dyr for å observere dei i det naturlege leveområdet deira. Slik sett er jakt ein bruk av naturen som konkurrerer med interessene til ikkje-jegeren. Jaktmotstandaren ser med skepsis på folk som finn glede i å ta livet av dyr, og meiner at jakt viser eit pri-
Er det greitt å ta livet av fisk, men ikkje av andre dyr?
174
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
mitivt tilhøve til dyr. Jakt som sport lærer folk å opp leve dyr på ein snever måte som blink og kjøtt. I staden burde vi prøve å sjå på dyr på ein måte som gir rom for å glede seg over dyr i fri utfolding. Jakt er opplæring i ein aggressiv veremåte, og folk som finn avkopling og glede ved å drepe dyr, kan mistenkjast for å ha utvikla eit avstumpa kjensleliv, noko som dg kan gi seg utslag i tilhøva mellom menneske. Slik kan jakt vere med på å gjere samfunnet enda råare og meir brutalt. Når ein går på jakt for sporten si skyld, er linja til næringsbehovet broten. Jakt kan dermed ikkje lenger seiast å vere nødvendig. Lystmotivert jakt er etisk tvil samt fordi det ikkje gir dyr rett til utfolding, og det reduserer dei til ein nyttegjenstand som menneska kan nytte som dei sjølv måtte ønskje. Vi har i dag ei rekkje lovar (blant anna dyrevern loven) som gjeld rettane til dyr. Dei juridiske rettane knyter seg til stell av husdyr, smertefri avliving ved slakting og plikt til å forfølgje skadeskotne dyr under jakt. Det etiske prinsippet her er at dyr ikkje skal lide. Det er nettopp evna til å kjenne smerte og dermed kunne lide som gir dyr etiske rettar. Mange jaktmotstandarar går lenger enn dette. Dei meiner at alle dyr, med andre ord dg "ikkje-menneskelege" dyr, har ein grunnleggjande rett til å leve og utfolde eigenarten sin. Sportsjakt er dermed ikkje berre unødvendig, men står i direkte motsetnad til dette grunnleggjande etiske prinsippet.
SYNSPUNKTET TIL SAMFUNNET
Viltet er ein ressurs på desse måtane: 1 Syn av viltet har rekreasjonsverdi. Tre av fire nord menn driv friluftsliv og meiner at det å kunne sjå vilt aukar naturopplevinga. 2 Viltet er ein biologisk ressurs. Alle artar er viktige for den økologiske balansen. Genmaterialet kan ha stor framtidig verdi for matproduksjon og medisinar. 3 Viltet er ein matressurs. I Noreg ligg utbyttet av jakt på 7000 tonn kjøtt i året. 4 Viltet er ein økonomisk ressurs. Dersom vi ikkje kun ne hauste av overskotet i naturen, måtte ei tilsvar ande kjøttmengd blitt produsert av jordbruket, og det inneber forbruk av ressursar og pengar. Mange
175
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
grunneigarar har inntekter av å selje jaktrettar og lei ge ut hytter. Dette kan vere med på å sikre buset naden i somme område.
Det er stor semje om at samfunnet skal forvalte natur ressursane ut frå prinsippet om berekraftig naturbruk. Det inneber at vi kan hauste av det overskotet som naturen produserer. Eit døme på dette er ein elgbe stand som kvart år vil produsere eit overskot av kjøtt når han er i balanse med næringsgrunnlaget sitt. Dersom dette overskotet ikkje blir hausta gjennom jakt eller ete av rovdyr, vil resultatet bli at bestanden veks i tal og biomasse til næringsgrunnlaget er nedbeita. Deretter vil bestanden bryte saman ved at storparten døyr av svolt og sjukdommar. Ettersom ulven er så godt som utrydda i Noreg, er jakt det einaste høvet vi har til å regulere dyretalet slik at bestanden er tilpassa næringsgrunnlaget, og slik at omfanget av beiteskadar på skog og kulturmark og vegtrafikkskadar ikkje tek overhand. I praksis vil det altså vere umogleg å avvikle jakt på elg. Samfunnet har eit forvaltningsansvar som inneber at hjorteviltbestandane må regulerast gjennom planmessig avskyting. Spørsmålet dreier seg i røynda om det er profesjo nelle jegerar som skal jakte, eller om jakta skal leggjast opp som sportsjakt for folk som gjer det frivillig utan kostnader for samfunnet.
Rovdyrpredasjon og økologisk likevekt På øya Isle Royal i Lake Superior på grensa mellom USA og Canada etablerte elgen seg for første gong i 1912. Bestanden auka gradvis til 3000 dyr i 1930. Bestanden braut da saman, og dyretalet fall til 400-500 dyr. Deretter auka bestanden igjen inntil vi på nytt fekk eit bestandssamanbrot i 1945. I 1948 kom det ulv til øya. Det har sidan ikkje vore store svingingar i bestanden. Elgbestanden varierer med produk sjonen av elgbeiteplantar, og ulven held elgbestanden i sjakk slik at beita ikkje blir overbelasta i same grad som før. Tilhøvet mellom elg og ulv har stabilisert seg på 30:1. Øyane St.Paul og St. Matthew utanfor Alaska er utan rov dyr. Det blei sett ut reinsdyr på St.Paul i 1910 og på St.Matthew i 1942. På 30 år auka bestandane til respektive 2000 og 6000 dyr. Deretter kom det eit totalt samanbrot. Sidan har bestandane bestått av nokre få dyr. Døma illustrerer at hjortedyrbestandar må regulerast der
176
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
som ein skal unngå økologisk ubalanse og øydelegging av beiteplantane.
La oss sjå på dette illustrerande reknestykket: I Noreg blir det år om anna felt over 40 000 elg av 80 000 fritidsjegerar på nokre få haustveker. Kor mange profesjonel le jegerar måtte tilsetjast for å oppnå same resultat? La oss gå ut frå at det trengst 5000 deltidsengasjerte jege rar for å gjere jobben. 5000 jegerar som skal ha lønn i, la oss seie 4 månader, kostar 350-400 millionar kroner. Dersom utbyttet av elgjakta er 5000 tonn kjøtt, så blir lønnsutgiftene nesten 75 kr pr. kg. Dette reknestykket har inga inntektsside, fordi jaktretten og dermed kjøttutbyttet tilhører grunneigarane. Er samfunnet vil lig til å betale denne prisen for å regulere elgbestanden utan innsats frå eit frivillig jegerkorps? Frå eit samfunssynspunkt må det vere ein føremonn at jaktutbyttet kan haustast utan kostnader for statskas
177
Det frivillige jegerkorpset belastar ikkje dei offentlege budsjetta våre.
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
sa. Reint økonomisk vurdert er altså sportsjakt å føre trekkje framfor profesjonelle jegerar. Jaktmotstandarar hevdar at jegerar som blir lærte opp til å søkje avkopling og glede gjennom å drepe dyr, står i fare for å utvikle aggressive og valdelege sider ved seg sjølv. Jakt kan dermed vere med på å utvikle eit meir brutalt samfunn. Dersom dette er riktig, er det klart at viktige samfunnsinteresser er trua av sportsjakta. Andre jaktmotstandarar peiker på at det berre er 170 000 aktive jegerar her i landet. Det svarer til om lag 4 % av folket. Andre friluftslivsutøvarar utgjer over 3/4 av folket. Desse menneska har glede av viltet gjen nom å kunne observere det. Jakt gjer viltet skyare og dermed vanskelegare å observere. Vil det ikkje vere rik tig å prioritere den verdien observasjon og kontakt med ville dyr har for folk flest, i staden for å prioritere interessene til eit lite mindretal som vil jakte? Som allereie peikt på vil det vere umogleg å slutte med jakt på dei store hjortedyra. Men det er mogleg å forby jakt på småvilt. Kvart år blir det skote ca. 1 mil lion stk. småvilt. Ryper er den viktigaste enkeltarten, med om lag 500 000 stk. som jaktutbytte. Når det gjeld småviltet, snakkar vi om vikarierande dødsfaktorar. Det vil seie at dersom ingenting blir hausta gjennom jakt, blir overskotet fjerna av rovvilt, sjukdommar og svolt. I bestandar som det blir jakta intenst på, er dødsfalla som kjem av dei andre faktor ane, mykje færre. Poenget er at det ikkje er nødvendig å skyte småvilt for å hindre at bestanden blir for stor, beiteslitasje og at bestandane bryt saman. Småviltjakt kan derfor ikkje rettferdiggjerast som nødvendig for å regulere bestandane. Vi kunne tenkje oss eit kompromiss mellom jegerinteressene og interessene til jaktmotstandarane som gjekk ut på å gi løyve til jakt på storvilt og forby jakt på småvilt. Det er i denne samanhengen viktig å hugse på at det ikkje er dokumentert at jakt har ein uroande verknad på viltet. Freding eller jakt på ærfugl? Det blei nyleg lovleg å jakte på ærfugl, etter at arten i mange år hadde vore totalfreda. Mange stader i Nord-Noreg og Trøndelag er det tradisjon å byggje ærfuglhus. På Helgelandskysten blir det nytta ein spesiell type hus som
178
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
blir kalla for e-banar, og som ser ut som brønnhus med skrå tak ned mot bakken. Store e-banar kan vere 3-4 m lange og ha 8-10 båsplassar for egglegging og ruging. Det er ikkje uvanleg at ærfugl kan slå seg til i ærfuglhus som ligg like ved busetnad. Somme fuglar kan bli svært tamme og kjem igjen år etter år. Dei som driv med slike hus, har stor glede av kontakten med ærfugl, og har protestert kraftig mot at det no skal opnast for jakt igjen. Dei hevdar at jakt vil gjere fuglen sky, og at dette vil øydeleggje sjansane til nærkontakt i framtida. Direktoratet for naturforvaltning har likevel bestemt at det skal opnast for jakt som ei prøveordning i Østfold, Vestfold og Telemark fram til 1997.
SYNSPUNKTET TIL VILTET Dyr kan av openberre grunnar ikkje målbere sitt eige syn. Det er vel lite sannsynleg at dei har eit syn i det heile, dersom dette skulle vere noko anna enn ei instinktiv åtferd som går ut på å verje seg mot å bli dre pe eller bli utsett for smerte. Vi må derfor prøve å resonnere oss fram til kva interesser det er rimeleg å tilieggje dyr. Elar dyr, på same måten som menneske, rett til å leve? Somme moralfilosofar hevdar at prinsippa i humanismen må omfatte alle dyr som kan kjenne liding. Det berande prinsippet i humanismen er respekten for rettane til individet: retten til liv, retten til utfolding og retten til å leve på ein verdig måte. I motsetnad til dette synet kan ein hevde at det er ein grunnleggjande skilnad mellom menneske og dyr, og at ein ikkje kan nytte dei same etiske prinsippa på til høve mellom menneske og dyr som på tilhøve mennes ke imellom. Dersom vi ikkje godtek eit slikt skilje, vil konsekvensen vere at mennesket får mykje mindre høve til å utfolde seg - kanskje så lite høve at heile sivi lisasjonen vår blir umogleg. Dersom dyr har ein grunnleggjande rett til å leve og utfolde seg, blir det logisk umogleg å forsvare husdyr hald for å produsere kjøtt, eller jakt som jegerfolk driv med. Men jakt var føresetnaden for etableringa av dei første menneskesamfunna, og er den dag i dag livs nødvendig for ei rekkje urfolk. Sidan yngre steinalder har jordbruk med husdyrhald vore livsgrunnlaget for menneska. Konsekvensen av å forkaste retten til å
179
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
utnytte ville dyr og husdyr som mat blir absolutt vegetarianisme, eller med andre ord at den einaste etisk akseptable føda blir plantekost. Det er utan tvil mogleg for menneske å leve som vegetarianarar. Men dersom vi samstundes skulle inn rømme alle dyreartar retten til fri utfolding, ville næringskonkurransen mellom menneske og dyr tilspisse seg. Dersom til dømes bestanden av hjortedyr skulle få lov til å vekse uhindra, ville resultatet bli sterk beiteslitasje med bestandssamanbrot og massedød på grunn av svolt og sjukdom. Det er likevel eit poeng at i ei naturleg utvikling ville bestanden av store rovdyr byg gje seg opp parallelt med hjortedyrbestanden. Rovdyra ville sannsynlegvis hindre ein bestandsvekst som enda med økologisk katastrofe. Men ville det vore mogleg for mennesket å livberge seg i ein natur prega av stort beitepress frå planteetande dyr og ein stor bestand av kjøttetande og til dels farlege rovdyr? Neppe. Ei av dei grunnleggjande artsinteressene våre som menneske er nettopp å regulere dyrebestandar som kan vere effektive næringskonkurrentar med oss, eller rovdyr som kan utgjere ein trussel mot menneskeliv. Overalt der menneske bur, er vegetasjon og land skap forma av naturbruken vår. Livsmiljøet og artsbalansen for dyreartane er menneskeverk. Det lét seg ikkje underslå at vi har skaffa oss livsrom i konkurranse med andre artar. Dersom vi skulle leve etter prinsippet om å likestille rettane til alle artar, ville det neppe bli plass til meir enn nokre få millionar menneske på jord kloden. Etablering av bysamfunn, som ein føresetnad for kulturbyggjande verksemd og teknologisk utvik ling, ville ikkje vere mogleg. Kan vi akseptere etiske normer som fører til konsekvensar som verkar både urealistiske og absurde for mennesket? I praksis vil det vere umogleg for mennesket å opp nå tilfredsstillande livsutfolding utan å ta seg til rette overfor dyra: gjennom jakt å regulere bestandane på ein slik måte at mennesket skaffar seg livsrom. Livsrom vil i denne samanhengen seie tryggleik for matforsyn ing, forsvar av menneskeliv, og plass for folkeauke og kulturutvikling. Mennesket er den einaste dyrearten med evne til å forvalte naturen planmessig, og nettopp denne evna gir oss samstundes bade forvaltningsretten, forvaltningsplikta og forvaltningsansvaret.
180
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
Etisk likestilling mellom dyr og menneske kan altså avvisast på grunn av dei umoglege konsekvensane det ville føre til. Rettane til dyr må avgrensast til å sikre dei human behandling. Dette kan ein i sin tur grunngi med omsynet til dyra sjølv (ettersom dyr kan lide), men ein kan dg grunngi det med at dyr er ein tredje part i tilhø vet mellom menneske. Ettersom vi ikkje tillet inhuman framferd menneske imellom, kan vi heller ikkje tillate at menneske oppfører seg inhumant overfor dyr. Dersom råskap mot dyr skulle tolererast, ville vi risike re utvikling av negative karaktertrekk som inneber generell aksept av liding hos andre, og dermed opne for moralsk forfall i tilhøvet mellom menneske dg. I naturtilstanden er samspelet mellom artar, og til dels individ av same art, basert på at kvart dyr er eit potensielt bytte for andre dyr. Den retten individet har til å leve, er ikkje eit prinsipp med modell frå naturen. Livet til kvart enkelt dyr er ikkje unikt. Livet til individet har inga meining i seg sjølv, men får meining frå den funksjonen det har for den vedvarande eksi stensen til arten eller bestanden. På individnivå må interessene til dyret avgrensast til å gjelde spørsmålet om liding og retten til human behandling. Dyr har der for ikkje interesse av forbod mot jakt, men berre av at jakta går føre seg på ein human måte. Humanisme i høve til dyr Eit av dei humanistiske prinsippa er at individet er ukrenk jeleg. Det er ein europeisk tradisjon å forsvare rettane til individet for å sikre kvar enkelt mot unødvendige innsnev ringar av sjølvutfoldinga. I andre kulturar kan interessene til individet vere underordna fellesskapet. Det kan derfor sjå ut som det er eit særkjenneteikn ved den vestlege kulturen at vi har ein tendens til å tenkje moral først og fremst i høve til individ. Spesielt gale blir dette når vi skal etablere reglar for omgangen med dyr, og vi ikkje skil klart mellom dei to nivåa art og individ. Vi har innført reglar som forbyr jakt i yngletida for dei aller fleste artar. Dette er ikkje først og fremst eit viltstelltiltak på grunn av reproduksjonen til arten, men har å gjere med at det kjennest uetisk å drepe eit mordyr mens det har ansvaret for avkom. På same måten kjennest det uetisk å drepe ungar som framleis er avhengige av mora eller for eldra. På den andre sida vil ein hanbjørn drepe og ete ein bjørn
181
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
unge dersom han får sjansen. Det er lite formålstenleg å for dømme ei slik handling moralsk. Vi må konstatere at kanni balismen til hanbjørnen er ein del av den naturlege tilpass inga for arten, som inneber at individet ikkje har rett til sjølvutfolding. I dyreriket har ikkje individet noko å seie arten har alt å seie. Grunnen til at vi nyttar humanistiske prinsipp i viltfor valtninga, er omsynet til andre menneske. Mange identifise rer seg med dyremødrer og dyreungar, og dei vil lide ved tanken på jakt på mordyr og ungar i yngletida. Dyr er slik sett ein tredje part i mellommenneskelege tilhøve. Dette er dg grunnen til motstanden mot fangst av selung ar. Whitecoat er pelsen av nyfødde grønlandssel-ungar. Denne spesielle pelskvaliteten er svært ettertrakta. Problemet er at ungane begynner å felle dei kvite ullhåra allereie ei veke etter fødselen. Det er altså berre pelsen frå nyfødde ungar som er brukbar. Synest du likevel at nyfødde ungar burde vernast mot fangst, sjølv om det ville gjere slutt på produksjonen av whitecoat-pels? Ein annan måte å sjå saka på er å ta utgangspunkt i at svært mange selungar døyr ein naturleg død. Stormar som dannar skruis på kasteplassen, kan somme år ta livet av ti tusenvis av selungar. Når selungane går i sjøen etter nokre veker, er spekkhoggarane der og drep kanskje hundretuse nar. Fangst etter vitskapleg fastsette kvotar har lite å seie for bestandsutviklinga. Sett i lys av den "brutaliteten" som naturen sjølv oppviser - synest du whitecoatfangst lét seg rettferdiggjere?
Moralfilosofiske retningar MENNESKESENTRERT ETIKK
Argumentasjonen for sportsjakt tek utgangspunkt i omsynet til dei interessene mennesket sjølv har. Eit slikt etisk standpunkt blir kalla antroposentrisk eller menneskesentrert. Antropos er gresk og tyder mennes ke. Kritikarane av antroposentrisk tenking kallar det for ein artssjåvinistisk etikk. Sjåvinisme er ein sjølvgod patriotisme, og artssjåvinisme blir altså ein vilje til å fremme sin eigen art, sjølv om det går ut over andre. Men det er fullt mogleg å utvikle ein etikk som er menneskesentrert utan å vere artssjåvinistisk. Vi grunngir forvaltningsretten vår med at vi har evne til å
182
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
forvalte, og at vi må skaffe oss livsrom. Samstundes er det eigeninteressa vår som gjer det nødvendig å ta omsyn til alle andre artar (og dessutan den ikkje-levande naturen) for å auke overlevingssjansane våre (sjå avsnittet om biologisk mangfald). Det treng derfor ikkje vere nokon motsetnad mellom antroposentrisme og omsorg for naturen. For å overleve som art er men nesket avhengig av ein funksjonsdyktig natur. Men det er langt fram til den dagen da alle menneske innser artsinteressa si, og lærer å glede seg over ein "natur leg" natur, ein friskmeld planet, og greier å sjå det vakre i samspelet i naturen.
KONSEKVENSETIKK OG SINNELAGSETIKK Vi har argumentert med at det etisk sett er nødvendig å skilje skarpt mellom menneske og dyr, fordi konse kvensane av å viske ut dette skiljet ville gjere den hevd vunne naturbruken til mennesket umogleg. Dette blir kalla konsekvensetikk. Heilt generelt inneber det at ei handling blir dømd ut frå om konsekvensane av ho er gode eller dårlege. Vi må da alltid klargjere spørsmålet om kven noko er godt eller dårleg for. I dette tilfellet kan det argumenterast for at det som er godt for men nesket, samstundes er godt for livsinteressene til heile det biologiske mangfaldet. Det motsette av konsekvensetikk er såkalla sinne lagsetikk. Her legg ein ikkje vekt på konsekvensane av ei handling, men på motiva eller formålet med hand linga. Så lenge god vilje ligg til grunn for ei handling, speler det inga rolle om konsekvensen er katastrofal. Dette kan til dømes innebere at dersom formålet med å dyrke opp regnskogen er å skaffe meir mat til dei svoltande fattigfolka i verda, så er dette moralsk sett ei god handling sjølv om konsekvensen ville vere at artsmangfaldet blir kraftig redusert, og framtida for jord kloden blir sett i fare.
ØKOLOGISK ETIKK Det filosofiske og etiske tilhøvet vårt til naturen av speglar seg i måten vi nyttar naturen på i praksis. Naturbruken til menneska er prega av rovdrift og utbytting, og konsekvensen av vedvarande øydelegg ingar er at dei økologiske systema på jordkloden kan
183
ETIKK OG .MILJØFILOSOFI
komme til å bryte saman. Mange tenkjarar som har engasjert seg på naturen si side, meiner å finne årsaka til den rovgriske framferda vår i at mennesket moralsk sett har stilt seg utanfor naturen, og at vi ser på naturen som ein leverandør av gode vi har uavgrensa rett til å forsyne oss av. Ei etisk plattform for grunnleggjande økologisk ny orientering krev altså at vi erkjenner eigenverdien til naturen. Det vil seie at vi må godta at alle artar og den ikkje-levande naturen har verdi i seg sjølv, heilt uav hengig av menneskelege mål og ønske. Dette synet kjem blant anna til uttrykk i ei rad offentlege dokument som viser til eigenverdien til naturen som ei årsak til at vi må ta langsiktige økologiske omsyn når vi forvaltar han. FNs verdstraktat for naturen av 1982 slår såleis fast at alle former for liv er unike, og at dei krev respekt uavhengig av den verdien dei har for menneska. Den såkalla djup-økologiske tenkinga som Arne Næss representerer, hevdar at mennesket er ein del av naturen og naturen ein del av mennesket, og at alle livsformer, og ikkje-levande natur, er likestilte. Det følgjer av dette likskapsprinsippet at mennesket ikkje har nokon særrettar. Det finst ikkje eit etisk grunnlag for å gi mennesket rett til å ha ein dominerande plass i naturen, altså kan vi ikkje ta oss til rette slik at det går ut over andre dyr, plantar eller ikkje-levande natur. Men mennesket må som alle andre artar konkurrere om livsrom. Etter ein djup-økologisk etikk lét det seg neppe forsvare at vi har rett til å utnytte tankekrafta og teknologien vår til å skaffe oss ein dominerende posi sjon på jordkloden. Faktum er at det er nettopp det vi har gjort, riktignok på ein måte som ikkje kan halde fram. Men det kan knapt vere tvil om at framtida vår som kulturbyggjande vesen er avhengig av at vi i fram tida kan halde fram med å dominere, men da på ein måte som tek omsyn til at livsvilkåra på jorda skal bevarast for all framtid. Ein av veikskapane ved dei ulike djup-økologiske retningane er at dei ikkje skil klart mellom etiske hold ningar når det gjeld artar, i motsetnad til individ. “Ærefrykt for livet" bør innebere ærefrykt for artar og genressursar, eller med andre ord, at mennesket held ved like det biologiske mangfaldet og den økologiske stabiliteten på jordkloden. Dersom vi greier å innrette oss etter denne regelen, blir spørsmålet om eigenverd i-
184
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
en til naturen reint akademisk. Det siste mennesket La oss tenkje oss at det siste mennesket på jorda set i gang med å drepe alt liv. Han gjer det som ein slags sport. All avliving skjer heilt smertefritt. Det er derfor ingen som lid, og drepinga går ikkje ut over andre menneske. Når desse to krava er tilfredsstilte, har vi etter vestleg tradisjon rett til å drepe. Men kan vi seie at det siste mennesket har rett til å drepe alt liv? Den moralske intuisjonen vår seier oss at dette ikkje kan forsvarast. Inneber dette standpunktet at vi tilkjenner andre livsformer eigenverdi? Dersom mennesket utryddar seg sjølv som art, er det ikkje skadeleg for andre enn mennesket sjølv. Det kan til og med vere ein føremonn for andre artar at mennesket forsvinn, så sant utryddinga ikkje skjer som føl gje av atomkrig eller ein annan miljøkatastrofe som sam stundes utryddar alt liv. Det er rimeleg å meine at det er ein føremonn om andre livsformer fekk halde fram med å eksistere sjølv om men nesket forsvann. Innrømmer vi dermed at naturen har ein eigenverdi? Og i så fall, innrømmer vi samstundes at men nesket ikkje har vilkårslaus rett til å dominere over andre livsformer? Har vi ikkje dermed opna for at andre artar må bli medlemmer av det moralske fellesskapet? Vi kan gjerne gå med på at livet på jorda har ein eigenver di uavhengig av mennesket, men så lenge menneske eksiste rer, har det dg verdi for oss. I praksis vil det vere tilstrekke leg å basere argumentasjonen for naturvern på at mennesket har eigeninteresse av ein mangfaldig og funksjonsdyktig natur. Ein kan hevde at det berre er i eit tilfelle med etisk unntakstilstand, som i dømet med det siste mennesket, at spørsmålet om eigenverdi får praktiske følgjer. Livbåtproblemet Tenk deg at du har overlevd eit forlis og er ein av dei hel dige som har fått plass i ein livbåt. Livbåten har kapasitet til 50 personar, og de er 40 om bord. Rundt båten ligg det 100 personar og roper om hjelp. Kva vil du gjere? Vil du ta om bord alle 100 med det sannsynlege resultatet at livbåten kantrar og alle 140 døyr? Vil du la vere å ta om bord fleire for at dei 40 om bord skal ha tilstrekkeleg sjanse til å overleve? Vil du velje ut 10 personar på grunnlag av alder, kjønn, hudfarge, hårfarge, inntekt, vekt eller utdan ning? Vil du sjølv hoppe ut for å tilby plassen din til ein annan? Det etiske spørsmålet er om ein egoistisk strategi kan
185
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
tenkjast å vere moralsk forsvarleg. Er til dømes folkeauken eit så stort problem at vi i visse tilfelle heller burde la folk svelte i hel enn å gi dei nødhjelp? Nødhjelpa kunne føre til at mange overlevde og formeira seg vidare slik at resultatet ville bli enda sterkare folkepress, aukande ressursmangel og verre lidingar. Kanskje livbåtdømet illustrerer ein etisk unntakstilstand som vi ikkje kan trekkje generelle slutningar frå? Folkeauken er openbert eit problem det vil ta fleire hår å løyse. Den aukande dødsprosenten som kunne bli resultatet dersom vi slutta å gi nødhjelp eller u-hjelp, ville neppe gjere særleg mykje frå eller til når det gjeld kor mange menneske vi til slutt blir på jorda. Det moralske fellesskapet I det eldste menneskesamfunnet var det berre medlemmer av familien, gruppa eller stammen som blei rekna med i det moralske fellesskapet - det vil seie dei som hadde moralske rettar. "Dei andre" var konkurrerande stammar som det kunne vere lov til å jage og til og med drepe. Etter kvart blei fleire og fleire grupper tekne opp i det moralske fellesskapet. Samfunna blei større og meir kompli serte, og det oppstod behov for statsdanninga r med lovgiv ing som fastsette kven som hadde kva rettar. Det er først i nyare tid at alle menneske har fått likeverdige rettar, og mange stader er dette framleis teori. Lovar som diskriminer er mot hudfarge, religion eller kjønn, finst framleis i somme land. Så seint som i 1956 avskaffa Noreg ein lov som forbyd de jesuittar tilgjenge til landet. Framlegg om å fjerne jesuittparagrafen frå grunnloven oppnådde ikkje tilstrekkeleg fleirtal verken i 1897 eller 1925. 11948 fekk vi FNs verdserklæring om menneskerettane. I 1966 kom Den europeiske konvensjon om menneskerettane, og i 1979 fikk vi FNs konvensjon om å avskaffe diskriminer ing av kvinner. Vi kan slå fast at det i dag i det minste er ei alminneleg rettsoppfatning at alle menneske skal ha dei same rettane. Vi kan seie at alle menneske endeleg har blitt medlemmer av det moralske fellesskapet, riktignok førebels berre i prinsippet. I vår tid er det eit sentralt miljøfilosofisk tema om grense ne for det moralske fellesskapet skal utvidast ytterlegare, til å omfatte dyr og kanskje all levande og død natur. I ei viss utstrekning har dyr allereie fått etiske og juridiske rettar. Den første dyrevernforeininga blei danna i Noreg i 1859, og den første dyrevernloven blei vedteken i 1935. England fekk sin første dyrevernlov allereie i 1822. Dei fleste er nok samde om at dersom vi skal hindre ytter
186
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
legare skadar på dei økologiske systema på jordkloden, må vi basere naturbruken på prinsipp som varsemd, omsynsfull framferd og moderasjon. Somme miljøfilosofar (særleg djup-økologane) meiner at dersom dette skal lykkast, må vi identifisere oss med den levande og ikkje-levande naturen på ein heilt annan måte enn tidlegare. Dette krev igjen at vi tilkjenner andre artar interesser eller eigenverdi heilt uav hengig av den verdien dei måtte ha for oss. Men kva konsekvenser har det å skulle likestille mennes ke og dyr i eit moralsk fellesskap? La oss tenkje oss at dette fellesskapet tillét kjøtteting. Dersom det da er slik at du har rett til å drepe eit lam fordi du liker smaken av lammelår, har du da dg rett til å drepe eit menneske dersom du liker smaken av mannelår? Dersom det er slik at spesielle reglar vernar menneske mot å bli etne, kvifor er det da ikkje tilsva rande reglar som vernar lam mot å bli etne? Det er naturleg for dyr å ete andre dyr. Vi ser ikkje noko umoralsk i at ein ulv drep og et ein hare. Skulle det vere meir umoralsk for eit menneske å drepe og ete ein hare? Dersom haren har rett til å leve, burde vi hindre ulven i å drepe han? Vi ser altså at det vil by på problem å likestille dyr og men neske når det gjeld moralske rettar og plikter. For å bli med lem i det moralske fellesskapet må ein vere i stand til å kjen ne og praktisere moralsk ansvar. Det vil seie at eit minimums krav er å ha evne til ueigennyttig eller sjølvoppofrande åtferd. Dyr kan vise sjølvoppofrande åtferd overfor sitt eige avkom eller medlemmer av flokken, men ikkje generelt overfor alle andre dyr og menneske, altså overfor alle andre medlemmer av det moralske fellesskapet. Somme miljøfilosofar gjer engasjementet til forsvar for naturen avhengig av å gi dyr dei same rettane som mennes ke. Dei står da i fare for å basere innsatsen sin - som i utgangspunktet er prisverdig - på premissar som ikkje er brukbare i praksis. Miljøfilosofiske retningar som ikkje tek utgangspunkt i at den menneskelege sivilisasjonen må vere basert på teknologisk og kulturell utfolding i framtida dg, vil vise seg å vere lite fruktbare. Utfordringa blir å formulere mål for den framtidige naturbruken vår som samstundes legg vekt på fridomstrongen til mennesket, eller som på ein overbevisande måte kan fortelje noko om kva meninga er med eksistensen vår.
187
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
Den kristne kulturarven Etter den kristne læra har Gud plassert mennesket i verda for at det skal herske over alle andre skapningar. Mennesket skal underleggje seg jorda og utnytte ho til sitt formål. Men mennesket har ingen rett til å oppføre seg uansvarleg. Gud har pålagt mennesket eit forvaltaransvar. Mennesket har derfor plikt til å ta vare på skaparverket på beste måte. Forvaltaransvaret er den kristne grunnen for eit naturvemengasjement. Vi treng ikkje nødvendigvis grunngi denne leveregelen med å vise til eit guddommeleg påbod. Prinsippet kan like gjerne forklarast med at det er reint formålstenleg, ei økono misk tilpassing som tryggjer slekta og sikrar framtida (jam før prinsippet til den gode husbond, sjå side 123). Ein mog leg skilnad er det dersom ein meiner at det kristne forvaltar ansvaret omfattar det som ikkje er nyttig for mennesket, mens synspunktet om det som er formålstenleg, berre gjeld det direkte matnyttige. Men tilhengjarar av det siste kan hevde at vi må dg ta omsyn til alt som kan vise seg å bli nyt tig ein gong i framtida, og ikke avgrense oss til det som er nyttig ut frå kunnskapsnivået i dag. Sett på denne måten blir alt nyttig eller potensielt nyttig. Dei som kritiserer påverknaden frå den kristne tradisjon en på vestleg tenking, hevdar at kristendommen er hovud ansvarleg for å ha fremma ei herredømmeholdning eller naturerobrarholdning i høve til naturen. Herredømmet har vore praktisert destruktivt. Naturerobring har vore byrjinga på å sivilisere naturen, og til å omforme han til eit kultur landskap prega av mennesket.
Økofilosofi og djup-økologi 11970-åra utvikla det seg ein filosofisk skole som ville smelte saman vitskap (økologi) og filosofi til eit tankesystem basert på erkjenninga av at ei fundamental holdningsendring måt te til dersom menneska skulle få gjort noko med miljøkrisen. Sentrale representantar for økosofien, som retninga ofte blir kalla med eit forkorta uttrykk for økologi og filosofi, er Arne Næss og Sigmund Kvaløy Sætereng, begge filosofar med bakgrunn frå Universitetet i Oslo. Økosofien tek sikte på å grunngi ein økologisk ansvarleg livsstil på ein samanhengande og logisk måte. Det berande prinsippet er tanken om eit naturleg samspel basert på likeverd mellom alt levande, men dg døde ting (jord, mineral osv.) som er vikitige for livet på jorda. Arne Næss har formulert programmet til økosofien slik: "En økosofi er i korthet en art filosofi som tar sitt utgangspunkt i en identifikasjon med alt liv, i dettes livgivende miljø. Den etablerer
188
ETIKK OG MILJØFILOSOFI
på sett og vis et klasseløst samfunn innen hele biosfæren, et demo krati der vi kan snakke om rettferdighet ikke bare overfor mennes ker, men også overfor dyr, planter og mineraler." Økosofien meiner at dyr, plantar, landskap og villmarks areal har verdi uavhengig av menneskeleg nytte. Økosofen viser til dømes til at dyr og plantar har rettar. Mennesket må dele livsrommet med alle andre artar og godkjenne at alle artar har rett til liv og utfolding. Dersom vi gjer det, blir ei kortsiktig og artsegoistisk naturutbytting umogleg. Næss skil mellom grunn økologisk tenking og djup øko logisk tenking. Å ta omsyn til dei økosystema vi er avhengi ge av, er sjølvsagt og tener berre interessene våre. Ei slik for ståing gir berre grunnlag for å vere lur, ettersom det er lurt å drive ei naturforvaltning som bevarer sjansane våre å leve. Men å handle lurt er ikkje det same som å handle moralsk godt. Den grunne økofilosofien manglar ei djupare forankring i grunnleggjande verdiar og normer. Næss seier: "Når nivået av refleksjon er dypt nok, vil mennesket glede seg når andre livsformer utfolder sitt vesen og sørge når andre livsformer lider. Når vi ikke føler dette i dag, henger det sammen med at vi ikke har vært modne nok i våre følelser." Ei slik djupa re sjølvinnsikt vil seie at vi forstår kor totalt avhengige vi er av andre livsformer og den ikkje-levande naturen, og inne ber at "sjølvet" vårt blir utvida frå å omfatte vår eigen per son til å omfatte heilskapen i naturen. Når vi har nådd dette nivået av refleksjon, vil vi skjønne at naturleg utfolding for mennesket blir det same som naturleg utfolding for heilska pen. Tanken på å skade heilskapen blir umogleg, fordi dette blir det same som å skade seg sjølv. Det reflekterte mennesket vil forfølgje dei vitale behova sine, og avgrense seg til det. I tillegg til mat, klede og hus reknar Næss med fleire vitale behov: kjærleik, leik, kunst og nært kjenslefellesskap med andre menneske, og med delar av eller heile naturen. Ikkje minst har alle rett til åndeleg vekst. Økosofien som tankeretning er i slekt med østlege filoso fiar og religionar, til dømes buddhismen, som hevdar at mennesket må ha medkjensle med alle levande vesen. Når økosofien viser til den djupe innsikta som er eit resultatet av moden refleksjon, liknar det på opplysninga gjennom medi tasjon og forsaking som vi finn i buddhismen.
189
Litteratur Alle data og faktiske opplysningar som er tekne med i boka, er henta frå denne litteraturlista. Lista omfattar ikkje tilrådd tilleggslitteratur.
Kapittel 1. Kulturlandskapet “Skjøtsel av kulturlandskap. Praktisk veileder." Statens fagteneste for landbruket, Ås 1991.
"Miljø i fokus. Idékatalog." Statens fagteneste for landbruket, Ås 1991.
"Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap." Direktoratet for naturforvaltning, Trondheim 1992.
"Steinrøys, steinrøys." Direktoratet for naturforvaltning, Trondheim 1989. Agro-ecosystems from Neolithic time to the present. E. Gunilla A. Olsson i The cultural landscape during 6000 years in Southern Sweden - the Ystad Project. Ecological Bulletins 41, 1991.
Vår gamle kystkultur. Svein Molaug. Dreyer 1985.
Kapittel 2. Natur og kultur Ut på tur-på nordmanns vis. Tove Nedrelid. Cappelen 1993. Aschehougs konversasjonsleksikon. Oslo 1974
Jeger 94. Se og Hør Forlaget, Oslo 1994
190
LITTERATUR
Kapittel 3. Friluftsliv Jakt, fiske, friluftsliv. Tiden Norsk Forlag 1987. "Mennesket og vannet." Sjøvettkampanjens temahefte 1, Oslo 1991.
"Drukninger. Årsaker og forebygging." Andreas og Tordis Skulberg. Sjøvett- og miljøkampanjen, Oslo 1990.
Snø og snøskred. Gunnar Ramsli. Universitetsforlaget 1981. Skogens spiskammer. Lars Falk. Den norske Bokklubben 1982. Innlandsfiske. Åsmund Eknæs. Det Norske Samlaget 1979.
"Behandling av fiskefangsten." Landbruksforlaget 1973. "Behandling av felt storvilt." Landbruksforlaget 1972.
Lutefisken, rakefisken og silda i norsk tradisjon. Astri Riddervold. Novus forlag 1990.
Jakt og fiske i Norge. Per Hohle (red.). Norsk arkivforskning 1961.
Sportsfiskerens leksikon. Kjell W. Jensen (red.). Gyldendal 1968. Jegerens oppslagsbok. Karl Henning og Per Søilen (red.).
Gyldendal 1970.
Urter til mat og medisin. Arnold Nordal, Bernt Rognlien, Toril Svaar. NRK 1988. Norges planter. Knut Fægri. Cappelen 1960. "Vårt friluftsliv. Aktiviteter, miljøkrav og forvaltningsbehov." Norsk institutt for naturforskning, Lillehammer 1993.
Kapittel 4. Naturvern Nye nasjonalparker. Fjell og vidde nr. 8 - 1993 (Den norske turistforening).
"Grønn Bok 1994." Miljøverndepartementet 1994.
191
LITTERATUR
"Truet rikdom. Bevaring og bruk av naturens mangfold." Miljøverndepartementet 1993.
Miljøvern og ressursforvaltning. Jan Schrøder og Jørn Berg. Landbruksforlaget 1993. "Naturvern grunnkurs." Sigmund Huse. Landbruksbokhandelen, Ås-NLH 1989.
"Biologisk mangfold i Norge. En landstudie." DN-rapport 1992-5a, Trondheim.
Kapittel 5. Fleirbruk "Flersidig skogbruk. Veiledende retningslinjer for det prak tiske skogbruk." Landbruksdepartementet og Det norske Skogselskap, Oslo 1986.
"Flersidig skogbruk i praksis. Sluttrapport fra skog-viltprosjektet i Buskerud 1988-91." Fylkesmannen i Buskerud, rap port nr. 6/91. "Flerbruk. Norsk jordbruk er mer enn mat." Statens fagteneste for landbruket, Ås 1993.
"Flerbruksplan for Gaula." Sør-Trøndelag Fylkeskommune, 1990. "Handlingsplan for friluftsliv. Flerbruksplan for utfartsterrenget i Trondheim kommune." Trondheim kommune, 1991.
Kapittel 6. Etikk og miljøfilosofi Miljøfilosofi. Per Ariansen. Universitetsforlaget 1992.
Økologi, samfunn og livsstil. Arne Næss. Universitetsforlaget 1984. Menneske - natur - kultur. Arne Vinje. Landbruksforlaget 1994.
Møtested miljø. Knut Fægri (red.). Gyldendal 1991. Filosofi og vitenskap fra antikken til vår egen tid. Eriksen, Tranøy og Fløistad. Universitetsforlaget 1987.
192
Stikkordregister administrativ freding 134 Agenda 21 153 allemannsrett 54 alternativ livsstil 151 anadrom fisk 91 andre jordbruksrevolusjonen, den 14 antikken, natursynet i 40 antroposentrisk etikk 182
areal- og kulturlandskapstillegg 26 artar, sårbare 130 artar, trua 130 artsmangfald 128, 129 artssjåvinisme 182 artsutrydding 124 autolyse 112 avgrensa avskyting 131 avfall 145 avfall, kjeldesortering 146 badevettreglane 57 bakkeplanering 21 bakteriar 94 behandling av fiskefangst 93 behandling av vilt 111 bekkelukking 21, 25 benzosyrer 113 Bernkonvensjonen 149 besjela natur 40 bestandsskogbruk 155 biologisk mangfald 123
bjørnejakt 104 blyhagl 109 botnstoff 78 botulisme 99 Brundtland-kommisjonen
150 brunostkoking 19 bygdeturisme 160 byggjeskikk 30 bær, hausting av 82 bær, konservering av 115 berekraftig utvikling 152
CITES-konvensjonen 124 Clostridium botulinum 99 dehydrering 66 deplasementsbåt 75 dimensjonshogst 19,155 djup-økologi 184,188 dorging 89 drivhuseffekt 143 drukningsulykke 57 drypptap 96 dyrevernloven 175,186 dødsstivleik 95,112 døgngrad 113 einer 10, 27 endemiske artar 131 enzym 94 etikk 46,123,169
193
etikk, antroposentrisk 182 etikk, menneskesentrert 182 etisk unntakstilstand 186
falkejakt 102 ferdselsrett 54 ferskvassfisk, hausting av 81 fisk, salting av 97 fisk, tørking av 97 fiskeartar, populære 84 fiskeavgift 91 fiskefangst, behandling av 93 fiskeglede 92 fiskemetodar 86 fiskereiskapar, populære 84 fiskereglar 91 fjellvettreglane 57 flekking 97 fleirbruk 155 fleirbruksplan, frivillig 134 fleirbruksplanlegging i vassdrag 162 flugefiske 87 folkeeksplosjon 16 folkekultur 36 flyttejordbruk 13 forfrysning 72 fornminne 28 forvaltaransvar 187 fransk impresjonisme 34 freding, administrativ 134 fredingsmetodikk 139
STIKKORDREGISTER
framandgjering 172 friluftsliv, definisjonar 51 friluftsloven 54 fritidsbåtar 60, 75 fritidsfiske 82 frivillig fleirbruksplan 134 frivillig jegerkorps 177 føre var-prinsippet 151,152 første jordbruksrevolusjonen, den 13
Haagkonvensjonen 149
intuisjon, moralsk 185 isfiske 88
gapahuk 69 gardsturisme 160 garnfiske 89 garnseleksjon 90 Gaula 162 genbank 134
jegerar, profesjonelle 177 jegeravgift 109 jegerkorps, frivillig 177 jegermoral 110 jernverk 19
genetisk mangfald 128 gjær 94 gnagsår 64, 74 graving 98 grøn turisme 126
jesuittparagrafen 186 jordbruksrevolusjon, andre 14
habitat 132
habitatmangfald 133 hamskifte 20 handelsgjødsel 20 hanseathandel 17 hausting av bær 82 hausting av ferskvassfisk 81 hausting av sjøfisk 81 hausting av vilt 81 haustingsskogbruk 155 hestemekanisering 20 heteslag 66
hogstflate 156 hogstflatekant 158 humanisme 179,181 humle 169
husbond, prinsippet til den gode 123,188 husdyravl 133 hypoglykemi 66 hyponatriemi 66
kraftgate 33 kristen kulturarv 187 kuldefaktor 73 kuldepunkt 64 kulturarv, kristen 187 kulturlandskapstype 12 kulturlandskapsvern 24 kulturminne 28 kunsthandverk 43 kvalsafari 127,166 kvann 154
individet, rettane til 179 innmark/utmark-jordbruk 14
jakt, historisk 100 jaktformer 106 jaktkultur 110 jaktmotstand 170 jaktreglar 108
førstehjelp 72
kosthald 65
jordbruksrevolusjon, første 13
jordbruksrevolusjon, tredje 21 jordkjellar 96 jordutskifting 20
kajakk 79 kano 79 kantvegetasjon 163 kart 60 kjeldesortering av avfall 146 klassisismen 42 klassisk naturvern 121,134 klimagass 143 klimakonvensjonen 142 klippfisk 98 kokse 45 kompass 60 kompassmarsj 62 konsekvensetikk 183 konservering av bær 115 konservering av mat 94 konservering av sopp 116
kystressurs 165 kystsoneplanlegging 165
landskap, teknisk 11 landskapsvernområde 138 lauvingstre 14 leiaransvar 75 livskvalitet 48 livsrom 180 livsstil, alternativ 151 lov om skogbruk og skogvern 156 lov om skogproduksjon og skogvern 156 lyngheiar 17 malurt 34 markfiske 86 mat, konservering av 94 matvaretryggleik 125 meiting 86
mekaniske verdsbiletet, det 42
mellomalderen, natursynet i 41 menneskeleggjorde dyr 171 menneskerettar 186
menneskesentrert etikk 182 mennesket, artsinteresse 180 miljøavgifter 142 miljøfilosofi 169 miljømerking 147 miljøstandard 142
194
STIKKORDREGISTER
Miljøverndepartementet 140 moderne naturvern 121,140 monokultur 21 Montrealprotokollen 149 moralsk intuisjon 185 moralsk fellesskap 185,186 mugg 94 moltebærland 114 musealt kulturlandskap 28 mørning 113
nasjonalpark 119,135 nasjonalromantikk 35 naturdiktarar 43 naturen, eigenverdi 184 naturerobrarholdning 188 naturfolk 40 naturforvaltning 121,140 naturfotografering 44 naturgeografisk region 136 naturidrett 38 naturliv 53 naturmedisin 125 naturminne 138 naturreservat 135 naturvern, klassisk 121, 134 naturvernloven 121,134 naturvernmotiv 122 nedkjøling 72 Nordsjødeklarasjonen 148 Norges Padleforbund 80 NRF (norsk raudt fe) 133 næringskonkurranse 180 næringstransport 16 nødbiuvakk 70 nødovernatting 69
omsetjeleg utsleppskvote 147 opplevingslandbruk 160 opplevingsverdi av vilt 175, 178 overlevingssekk 73 overnatting ute 69
ozon 143
penicillin 125 permanent åkerland 14 planande båt 75 planteavl 125 polarforsking 38 populære fiskereiskapar 84 populære fiskeartar 84 pors 169 prinsipp, den gode husbonden 123,188 profesjonell jeger 177 påklednad 62 rakesild 100 raking 99 Ramsarkonvensjonen 149 raudlista 131 region, naturgeografisk 136 reguleringssone 32 rekreasjon 52 renessansen, natursyn 41 revebjølle 118 rigor mortis 95,112 Riokonferansen 153 rorbuferie 166 rotning 113 Rousseau 37 rovdrift 16,19 rovdyrnedkjemping 103 rovdyrpredasjon 176 rovviltfreding 103 ryggsekk 68 røyking 100 safariturisme 126 sakte karbohydrat 65 salting av fisk 97 saltkoking 18 samfunnsengasjement 46 samfunnskritisk kultur 52 samisk kulturminne 28
seleksjonskurver 90 seterdrift 14,18 sinnelagsetikk 183 sjøfisk, hausting av 81
195
sjøfiske med pilk 89 sjøvettreglane 57 skikk og bruk 56 skogovervaking 33 skogsvegar 159
slukfiske 87 sluttavverking 156 småbiotypar 159 småvilt 100 snøgrop 71 snøhole 69 snøskredreglane 58 solforbrenning 65 sopp, konservering av 116 soppsanking 116 spekulativ naturforsking 40 spesialisering 21 sportsfiske 86 sportsfiske, historisk 85 stadnamn 30 steintippe 33 Stockholmkonferansen 153 storvilt 100 strandsone 164 styvingstre 14, 27 stålhagl 110 sur nedbør 140 svanemerket 148 svarte triangel, det 32 svibruk 17 svijordbruk 17 svovelavtalen 148 sårbare artar 130
teigblanding 20 teknisk landskap 11 telt 69 tettegras 50 tinerigor 96 tjærebrenning 19 traktormekanisering 21 trebåt 77 tredje jordbruksrevolusjonen, den 21 trelasteksport 19
STIKKORDREGISTER
trua artar 130 tryggleik om bord 80 tryggleiksutstyr 66 tunformer 30 tuntre 30 turisme, grøn 126 turistfiske 166 tynning 158 tørking av fisk 97 tørrfisk 98 ureining 32, 140 urfolk 40 urfolk-kunst 42 urskog 128 utanlandsk påverknad 39 utsleppskvote, omsetjeleg 147 utsleppsløyve 142
utvikling, berekraftig 152 vassaga 19 vassaktivitet 95
vassbruksplanlegging 165 vassdrag,
vilt, opplevingsverdi av 175, 178 viltbiotype 158 vérteikn 67 Vår felles framtid 151
fleirbruksplanlegging i 162 vassdragsvern 138
whitecoat 182 Wienkonvensjonen 149
vegetarianisme 180 vegetasjonsbelte 25 vekselbruk 18, 20
ærfugljakt 178
Verdskommisjonen for miljø og utvikling 150
økofilosofi 188 økologisk etikk 183
verdival 46,123,169 vernebestand 134 vikarierande dødsfaktor 178 villmark 136 vilt, behandling av 111 vilt, hausting av 81
økosystem-mangfald 128 økoturisme 126
åkerland, permanent 14
196