Norrøn grammatikk i hovuddrag [PDF]

  • Commentary
  • 884232
  • 0 0 0
  • Gefällt Ihnen dieses papier und der download? Sie können Ihre eigene PDF-Datei in wenigen Minuten kostenlos online veröffentlichen! Anmelden
Datei wird geladen, bitte warten...
Zitiervorschau

Norrøn grammatikk i hovuddrag

Odd Einar Haugen

Norrøn grammatikk i hovuddrag Preliminær utgåve

Bergen 2009

© Odd Einar Haugen 2008–2009 Preliminær utgåve, 15. september 2008 Revidert utgåve, 16. juni 2009 Den preliminære utgåva vart revidert på nokre mindre punkt og på nytt lagt ut på nettet 15. januar 2009 (ytterlegare revidert 23. januar 2009, 10. mars 2009 og 16. juni 2009). Karin Fjellhammer Seim, Trondheim, og Astrid van Nahl, Vettelschoß, skal ha mange takk for at dei har gjort forfattaren merksam på feil og uheldige døme i teksten. Takk også til Ivar Berg, Trondheim, for å ha peika på feil i framstillinga.

Sats: Odd Einar Haugen Skrift: Andron Corpus (tekst), Gill Sans (titlar) og Myriad Pro (figurar) Omslag: Bas Vlam Trykt hos Allkopi, Bergen

Forfattaren av boka har motteke stønad frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF)

Innhald

Forord . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

7

Kap. 1 Bakgrunn . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kap. 2 Lydlære . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kap. 3 Ord og reglar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kap. 4 Substantivisk bøying . . . . . . . . . . . . . Kap. 5 Gradbøying . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kap. 6 Adjektivisk bøying . . . . . . . . . . . . . . Kap. 7 Pronominell bøying . . . . . . . . . . . . . Kap. 8 Verbal bøying ................ Kap. 9 Valens og rammer . . . . . . . . . . . . . . . Kap. 10 Leddstilling og kongruens . . . . . . . Kap. 11 Omformingar . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kap. 12 Kategoriar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

9 15 31 47 65 69 79 83 110 121 126 131

Ordliste . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 141 Ordregister . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 153

Forkortingar og teikn

adj. adv. a(kk). bl.vb. d(at). det. dvs. el. f. fem. fig. g(en). ind. inf(in). jf. kap. k(on)j. kl. m. m.a. mask. n. n(om). norr. nøytr. obj. part. perf. pers. pl(ur). pp.vb. pred. prep. pres. pret.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

adjektiv adverb akkusativ blanda verb dativ determinativ det vil seie eller feminint substantiv feminin genus figur genitiv indikativ infinitiv jamfør kapittel konjunktiv klasse maskulint substantiv mellom anna maskulin genus nøytralt substantiv nominativ norrønt nøytral genus objekt partisipp perfektum person plural(is) preterito-presentisk verb predikativ preposisjon presens preteritum

pron. prop. sbj. s(in)g. st.vb. sv.vb subj. tilsv. t.d. urn. utg. vb. vs. vsa.

= = = = = = = = = = = = = =

pronomen proprium (eigennamn) subjunksjon singular(is) sterkt verb svakt (lint) verb subjekt tilsvarar til dømes urnordisk utgåve verb versus, motsett ved sida av

*

rekonstruert eller uakseptabel u-omlyd i-omlyd > utviklar seg til (diakront) → går til (i regelformuleringar) ~ vekslingar, t.d. vatn ~ vǫtn = likeverdige former ≈ nesten likeverdige former ▷ eksempel følgjer ▸ tilvisingsteikn i ordliste | skiljeteikn mellom eksempel || skiljeteikn innanfor ein paragraf [ ... ] teikn i lydskrift etter IPAalfabetet ˈ ... primærtrykk ˌ ... sekundærtrykk

° ⁺

sentralt paradigme mindre viktig paradigme

Forord

Denne grammatikken er ei kortare utgåve av Grunnbok i norrønt språk (4. utg. 2001), som med sine 320 sider kjennest for stor for mange. Her er sidetalet halvert, men det meste av innhaldet i grunnboka er på plass, trass i nedskjeringa. Det som eg først og fremst har teke ut, er dei allmenne delane av grunnboka, som i si tid vart skriven med tanke på fjernstudentar som ikkje hadde noko grunnlag i språkvitskap. Dernest er ein del av den syntaktiske teorien skoren ned, særleg omtalen av dei semantiske rollene. Men disposisjonen er den same, nummereringa av dei fonologiske reglane like eins. Målet har vore at dei to bøkene skal vere på talefot, og at dei lesarane som har arbeidd med den kortare utgåva, skal kunne gå til grunnboka og finne fyldigare omtale av mange trekk i grammatikken. Ettersom dei allmenne delane er skorne så sterkt ned, har eg valt å leggje til ei ordliste med forklaringar på dei språkvitskaplege termane i boka. Det er ikkje brukt fonemskrift i denne grammatikken, slik som i grunnboka, utan at eg trur det er så stort tap med det. Det vi kallar klassisk norrønt – frå 1200-talet – har ein svært lydrett ortografi, slik at skriftbiletet ligg tett opp til talespråket slik det ein gong var. Derfor er det ikkje så mykje å vinne ved å leggje til fonemskrift, i motsetnad til omtalen av dei fleste moderne språk, der det kan vere stor avstand mellom uttale og ortografi. I denne grammatikken har eg valt å bruke lengdeteikn over alle lange vokalar, også ‘ǽ’. Slik gjorde Adolf Noreen det i sin Altnordische Grammatik (siste utgåve 1923) og slik er det gjort i Ordbog over det norrøne prosasprog (København 1989–). Men lesarane må vere merksame på at enn så lenge har nesten alle tekstutgåver ‘æ’ utan aksent (slik også grunnboka), og den lange ‘ǿ’ er ofte attgjeven med teiknet ‘œ’ (t.d. i serien Íslenzk fornrit). I denne grammatikken ser altså dei lange vokalane slik ut: á, é, í, ó, ú, ý, ǽ, ǿ. Alle illustrasjonane er nyteikna for denne utgåva, og oversynet over vokalsystemet og omlydane er nokre stader gjort enklare. Nytt er det også at grammatikken er utstyrt med fargar på paradigma, slik at dei viktigaste paradigma har mørkare farge. Formlæra er forenkla nokre få stader, men har det same målet som i grunnboka, at bøyingssystemet skal vere nesten fullstendig dekt. Ordregisteret

8

Forord

er av den grunn lengre enn det ein finn i tilsvarande innføringsgrammatikkar. Slik sett plasserer denne grammatikken seg ein stad mellom dei kortaste innføringsbøkene og dei store, heildekkjande grammatikkane. Både grunnboka og denne grammatikken byggjer på standardverka i faget, som er Marius Nygaard, Norrøn syntax (1905), den før nemnde Adolf Noreen Altnordische Grammatik og Ragnvald Iversen, Norrøn grammatikk (1923, revidert 1973). Eg kan seie det same i dette forordet som eg skreiv i grunnboka, nemleg at eg gong på gong har fått sanne ordtaket om at dei gamle er eldst. Den som gjev seg i kast med å skrive om norrønt språk, har eit uvanleg godt fundament å stå på, og det er få spørsmål som desse standardverka ikkje gjev svar på. Eg har snarast sett det som mi oppgåve å forenkle og omtolke den tradisjonelle framstillinga der eg har vore i stand til det. I lydlæra har eg også i denne grammatikken lagt vekt på å skilje mellom ei diakron og ei synkron framstilling. Omlyd blir såleis presentert både som eit språkhistorisk fenomen og som ein synkron realitet i norrønt. I morfologien har eg gjeve avkall på den tradisjonelle klasseinndelinga på grunnlag av dei urnordiske stammesuffiksa, og i staden lagt til grunn ei synkron inndeling. Denne inndelinga er elles basert på bøyingstypologi og ikkje på ordklasser, som hittil har vore det vanlegaste. Men det er i praksis fullt samsvar mellom den historisk baserte inndelinga og mi inndeling, og til hjelp for dei som kjem til å arbeide med eldre litteratur på feltet, har eg føydd til namna på dei tradisjonelle klassene i parentes. I syntaksen har eg henta nesten alle døma frå typiske pensumtekster, og heile vegen har eg føydd til omsetjing. Så langt råd er, har eg følgt terminologien i Jan Terje Faarlund, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo, Norsk referansegrammatikk (1997). I forordet til grunnboka har eg takka dei som inspirerte meg og hjelpte meg med arbeidet, og eg skal ta opp att desse namna her, denne gongen i alfabetisk rekkjefølgje: Jardar Eggesbø Abrahamsen, ✝ Bjarne Fidjestøl, Kristian Emil Kristoffersen, Olav Nedrebø, Helge Sandøy, Karin Fjellhammer Seim og Arne Torp. I samband med denne utgåva skal eg føye Torodd Kinn til lista; han har lese gjennom manuset med redaksjonelt falkeblikk og berga meg frå fleire mistak (men skal ikkje ha skulda for det som står att). Til slutt skal eg få takke Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF), som gav meg eit stipend som har gjort at eg har kunna koste litt ekstra på denne preliminære utgåva, ikkje minst eit omslag som kalligrafen Bas Vlam har ansvaret for. Det er inspirert av den eldste norske boka vi har, AM 619 4° frå kort etter 1200. Bergen, 15. september 2008 Odd Einar Haugen

1 Bakgrunn

Norrønt språk § 1 Avgrensing og inndeling. Norrønt er det språket som vart talt og skrive i Noreg og på Island i mellomalderen, forutan i dei andre norrøne busetnadene (Grønland, Færøyane, Shetland, Orknøyane, og delar av Hebridane, Man, Irland, Skottland og Nordvest-England). Bakover i tid blir grensa trekt rundt år 700 mot det eldre språksteget, urnordisk, og framover i tid mot mellomnorsk rundt år 1350 (svartedauden). Då den nye generasjonen av skriveføre etter svartedauden først overtok rundt 1370, har også dette årstalet vore brukt som grense mellom gammalnorsk og mellomnorsk. På Island, der språket utvikla seg mindre enn i Noreg, blir norrønt rekna like fram til 1500-talet. I vikingtida var det langt på veg eit felles språk i Norden, dǫnsk tunga, eller dansk tungemål, som det er kalla hos Snorre Sturlasson. Enkelte dialektskilnader var det likevel, og vi skil såleis mellom ei austnordisk og ei vestnordisk grein av nordisk språk. Til austnordisk høyrer gammaldansk og gammalsvensk, og til vestnordisk høyrer gammalnorsk og gammalislandsk, som vist i fig. 1:1. Heilt fram til byrjinga på 1400-talet var den språklege og litterære fellesskapen mellom Noreg og Island så klar at det er naturleg å tale om eit felles norrønt språk og ein tilsvarande felles litteratur. Etter kvart auka derimot avstanden til dansk språk, og frå rundt 1100 kan vi truleg rekne med ei ny inndeling av dei nordiske språka. Dansk skilde seg då såpass klart frå dei andre nordiske språka at ein kan skilje mellom ei sørnordisk grein (dansk) og ei nordnordisk grein (islandsk, norsk og svensk), som vist i fig. 1:2. Dette var situasjonen i høgmellomalderen, altså i perioden 1100–1300. Det er frå denne tida vi har dei fyldigaste litterære kjeldene. Det er også på denne tida at vi talar om “klassisk” norrønt språk. § 2 Runealfabetet. Vår kjennskap til norrønt språk byggjer på ei rik samling av skriftlege kjelder, særleg etter innføringa av det latinske alfabetet på slutten av 1000-talet. Før ca. 1150 har vi likevel ikkje overlevert anna enn runeinnskrifter. Det eldre runealfabetet på 24 teikn gjekk av bruk på 700-talet og vart skift ut med

10

Kap. 1

Fig. 1:1 Inndeling av dei nordiske språka før ca. 1100 eit alfabet på berre 16 teikn, det yngre runealfabetet. Dei eldste norrøne tekstane er på få unntak nær skrivne  med  dette  alfabetet. Eggja-steinen, der  innskrifta  er i eldre runer, medan språket må kallast norrønt, står i ei mellomstilling. Frå 1000talet av vart ein del teikn i det yngre runealfabetet forsynte med punkt (punkterte eller stungne runer), slik at talet på runeteikn auka og på lag fall saman med bokstavteikna i det latinske alfabetet. Det yngre runealfabetet vart brukt gjennom heile den norrøne språkperioden, noko ei rekkje funn frå Bryggen i Bergen viser. § 3 Innføringa av det latinske alfabetet. I Noreg vart det latinske alfabetet teke i bruk for å skrive norrønt språk ein gong på 1000-talet, kan hende i styringstida til Olav Kyrre (konge 1067–1093). Innføringa skjedde truleg noko seinare på Island; vinteren 1117–18 veit vi at islendingane skreiv ned lovene sine, men det kan vere at det latinske alfabetet også her vart teke i bruk noko før 1100. Engelsk hadde då vore skriftfest med latinske bokstavar i fleire hundre år. Den norrøne skriftfestinga skjedde under engelsk påverknad i samband med den kristne misjonen. I gammalengelsk vart alfabetet utvida med to teikn, som også vart overtekne i nor-

Bakgrunn

11

Fig. 1:2 Inndeling av dei nordiske språka ca. 1100–1300 rønt. Det første  av  desse,  þ  (“thorn”),  vart  lånt  frå  runealfabetet. Det  var  ein ustemt dental frikativ, som i moderne engelsk thing, norrønt þing. Det andre teiknet var ð (“eth” eller “stungen d”), ein stemt dental frikativ, som i moderne engelsk that, norrønt stað. Både i engelsk og norrønt vart aksentar (lengdestrekar) brukte for å markere lang vokal, t.d. á. I norrøn skrift vart det også innført eit særleg vokalteikn, ǫ (“o med kvist”) for ein låg, bakre, runda vokal – med uttale om lag som moderne norsk å. § 4 Bruksområde for alfabeta. I høgmellomalderen vart runene hovudsakleg brukte i daglegdagse samanhengar, til å risse inn eigarmerke og korte meldingar på ulike tregjenstandar. I det skriftlege materialet elles er det det latinske alfabetet som er brukt. Dei to alfabeta ser ut til å ha hatt kvart sitt virkefelt – runealfabetet til den daglege bruk, der kniven var nærast for hand, og det latinske alfabetet for større og varigare tekstar. Det latinske alfabetet vart skrive med penn og blekk på pergament, slik brev og bøker vart laga i utlandet. Det finst nokre få pergamenthandskrifter som er skrivne med runer, men det var reine unntak.

12

Kap. 1

§ 5 Normalisert og unormalisert ortografi. Det fanst ingen instans som la ned strenge normer for skriftspråket i norrøn tid. Skrivekunsten var ikkje allmenn, men avgrensa til enkelte skriftsentra, i tilknyting til kloster og andre kyrkjelege sentra i og utanfor byane, statsapparatet rundt det kongelege kanselliet og ein og annan storgard. Sjølv om kvart skriftsenter heldt oppe ei viss standardisering av skriftspråket, viser likevel handskrifts- og brevmaterialet ortografisk og språkleg variasjon på mange punkt. I dei unormaliserte tekstutgåvene er ortografien i kvart handskrift kopiert nøyaktig. Kjeldekritiske krav gjer at språkforskarar og historikarar gjerne brukar slike utgåver, om dei ikkje då studerer sjølve handskriftet, anten i original eller i fotografi (faksimileutgåve). Ulempa er at desse utgåvene er vanskeleg tilgjengelege og gjev lesarane lita hjelp på vegen. Av praktiske grunnar har det derfor nedfelt seg ein normalisert ortografi for norrønt språk. Dette skjedde på 1700- og 1800-talet under påverknad av nyare islandsk ortografi, og det er denne ortografien vi møter i grammatikkar, ordbøker og dei fleste tekstar. § 6 Uttale. På Island og i fleire andre land er det tradisjon for å lese norrønt med nyislandsk uttale. I Noreg har det vore vanleg å bruke ein tilpassa moderne norsk uttale. Det er faktisk slik at vokalsystemet i norsk har endra seg mindre enn i islandsk, og såleis dannar eit brukande, om ikkje fullgodt utgangspunkt. Konsonantsystemet krev derimot litt ekstra innsats, for her må vi vere særleg merksame på teikna þ, ð, f og g (sjå nedanfor). Den beste løysinga er likevel å ta sikte på ein historisk korrekt uttale, så langt denne lèt seg rekonstruere. Vi reknar at den norrøne normalortografien gjev eit svært dekkjande bilete av uttalen då det latinske alfabetet vart innført og i fleire hundre år framover, herunder den klassiske perioden på 1200-talet. Som hovudregel kan ein uttale norrønt i samsvar med skriftbiletet, men med følgjande avvik: á ð ey f g

h

som moderne norsk å (runda uttale av a). som opningslyden i engelsk that. som moderne norsk øy (jf. den nyare skrivemåten Frøya for gudinna Freyja). – i framlyd (fara) og ved dobbelskriving (offra) som moderne norsk f. – i innlyd (sofa) og utlyd (líf) som moderne norsk v. – i framlyd (gera), ved dobbelskriving (liggja) og etter n (langr) som moderne norsk g, dvs. som lukkelyd (plosiv). – elles i innlyd og utlyd som g i nyislandsk saga, dvs. som frikativ (prøv å uttale norsk g utan fullt lukke). som i moderne norsk, bortsett frå føre l, n, r og v, då vi reknar med at han hadde frikativ uttale.

Bakgrunn j o

r þ u

ǿ ǫ

13

som moderne norsk j, men med separat uttale også i konsonantsamband (kj, sj, skj, stj, tj). bør uttalast som ein mellomhøg, bakre vokal, om lag som den “kontinentale” o i tysk. I moderne norsk har dei fleste dialektar denne uttalen i ord som sopp og voks. Denne uttalen gjeld både o og ó. som rulle-r. Skarre-r var ukjend i norrøn tid, anna enn kan hende som talefeil (lyden kom truleg inn i norske dialektar frå 1700-talet av). som opningslyden i engelsk thing. bør uttalast som ein høg, bakre vokal, om lag som den “kontinentale” u i tysk. I moderne norsk har dei fleste dialektar denne uttalen i ord som ung og bukk. Denne uttalen gjeld både u og ú. som moderne norsk ø. som ein låg, bakre, runda vokal – om lag som moderne norsk å, kan hende ikkje fullt så låg (jf. utviklinga av orda ǫsp > osp og ǫl > øl – det første ordet har i dei fleste dialektane fått ein å-lyd, [ɔsp], det andre ein ø-lyd, [ø:]). I norrøn tid skal vi likevel rekne med at vokalen hadde låg uttale.

To konsonantsamband blir som oftast noterte med berre eitt teikn: x z

svarar til konsonantsambandet ks, t.d. lax = laks m. ‘laks’. svarar til konsonantsambanda ts, ds og ðs, t.d. brauzk = brautsk (av brjóta st.vb. ‘bryte’), helzk = heldsk (av halda st.vb. ‘halde’) og kvezk = kveðsk (av kveða sv.vb. ‘kvede, seie’).

Utover uttalen av dei enkelte lydane skal ein også vere merksam på stavingsforholda i norrønt. I trykktung stilling kunne stavingane vere korte, normallange og overlange: vera bít skinn nátt

kort vokal + kort konsonant lang vokal + kort konsonant kort vokal + lang konsonant lang vokal + lang konsonant

= = = =

kort staving normallang staving normallang staving overlang staving

I dag har dei aller fleste norske dialektar berre lange stavingar i trykktung stilling. For å få til ei kort staving kan vi gjerne jamføre med engelsk uttale, t.d. av city. Dei fleste dialektane har elles overlange stavingar i enkelte innlånte ord, t.d. påske, og dei har også overlange stavingar dersom ein reknar med bøyingsendingar, t.d. leigd, lånt o.l. § 7 Lydskrift og fonemskrift. I dette og det neste kapitlet blir IPA-lydskrift brukt for å forklare uttalen av enkelte språklydar. Lydskrift står alltid i hake-

14

Kap. 1

parentesar, t.d. [ø:]. IPA-lydskrifta følgjer langt på veg ortografien i dei europeiske språka som brukar det latinske alfabetet, t.d. kan det norske ordet gata attgjevast som [ga:ta] i IPA-lydskrift, der det berre er lagt til eit kolon for å vise at den første vokalen i ordet er lang. Men det er også ein del teikn som treng nærmare forklaring. I denne grammatikken gjeld det desse teikna: ɔ ɣ ɡ ç

ʁ ʋ ŋ r ɾ : ˈ ˌ

låg, runda vokal, tilsv. å i moderne norsk frikativ g, dvs. g uttalt utan fullt lukke, framleis brukt i islandsk plosiv g, dvs. g med fullt lukke, tilsv. g i gate i moderne norsk palatal frikativ, tilsv. kj i standard norsk kjenne (før samanfallet med skj-lyden i skjenne, som no skjer i mange norske dialektar; framlyden i skjenne blir notert med teiknet ʃ i IPA-lydskrifta) uvular frikativ, tilsv. “skarre-r” i moderne norske dialektar labial approksimant, tilsv. w i engelsk water velar nasal, tilsv. ng-lyden i moderne norsk lang alveolar trill, dvs. ein r-lyd uttalt med rulling, tilsv. dei fleste norske dialektar alveolar tapp, dvs. ein r-lyd uttalt med berre eitt slag markering av lengd på føregåande vokal eller konsonant primærtrykk, plassert føre stavinga, t.d. ˈkaste i moderne norsk sekundærtrykk, også dette føre stavinga, t.d. ˈraudˌvin i moderne norsk

Eit fullt oversyn over IPA-alfabetet finst i ei rekkje innføringsbøker, og kan lett lastast ned frå nettet ved å søkje på “The International Phonetic Alphabet”. Vi brukar ikkje fonemisk notasjon med skråstrekar i denne boka, ettersom den norrøne normalortografien har eit nesten perfekt samsvar med den fonematiske analysen av norrønt. I staden brukar vi kursiv; såleis er “Konsonanten /g/ kunne uttalast både [ɡ] og [ɣ]” formulert slik her: “Konsonanten g kunne uttalast både [ɡ] og [ɣ]”. I attgjeving av urnordiske ord blir teiknet ʀ brukt, t.d. i § 17.2, *sofiʀ > søfr. Denne lyden er dels tolka som ein r-lyd og dels som ein stemt s, [z]. Under alle omstende fall han saman med den ordinære r mot slutten av urnordisk tid, slik at norrønt berre har lyden r. Vidare er teiknet w brukt i urnordisk; det er ein labial approksimant, [ʋ], som i norrønt er attgjeven med v, jf. § 17.1, *wigan > vega.

2 Lydlære

Det samtidige blikket § 8 Synkroni. Den synkrone fonologien tek sikte på å gje ei samtidig framstilling av lydsystemet i norrønt. Men då den norrøne språkperioden strekkjer seg over mange hundre år, seier det seg sjølv at det må gjerast eit val innanfor dette vide tidsrommet. Vi har relativt få språklege kjelder til eldre norrønt, og fleire trekk ved dette språksteget er framleis uavklara. Frå midten av 1100-talet flyt kjeldene langt rikare, og på 1200-talet får vi eit breitt og representativt bilete av norrønt språk. Det som vi har kalla klassisk norrønt språk (§ 1), kan tidfestast til midten av 1200-talet. Det er dette språksteget som ligg til grunn for den norrøne normalortografien, og det er dette språksteget vi skal leggje til grunn i omtalen av den synkrone fonologien.

Vokalsystemet § 9 Vokalsystemet. I norrønt skil vi mellom eit trykktungt og eit trykklett system. Det trykktunge systemet omfattar både monoftongar og diftongar, det trykklette berre monoftongar. Dei trykktunge vokalane står i stavingar som har trykk (primærtrykk eller sekundærtrykk), medan dei trykklette vokalane står i stavingar utan trykk. Då rotstavinga i eit ord alltid har trykk, blir dei trykktunge vokalane gjerne kalla rotvokalar. Bøyingsendingane har ikkje trykk, og dermed blir dei trykklette vokalane også kalla endingsvokalar. På grensa mellom vokal- og konsonantsystemet står halvvokalane j og v. Etter uttalen er dei å rekne som vokalar, etter distribusjonen som konsonantar. Her fører vi dei opp i lag med vokalane. § 9.1 Trykktunge vokalar. Klassisk norrønt hadde 16 trykktunge vokalar, som vist i fig. 2:1. Dette systemet er ikkje fullstendig symmetrisk, med di ǽ berre er lang og a berre er kort. Dei andre vokalane kan vere både lange og korte. I eldre norrønt reknar vi med at vokalsystemet var fullstendig symmetrisk med ni lange

16

Kap. 2

og ni korte vokalar, men innan midten av 1200-talet fall dei korte e og æ saman, og det same gjorde dei lange á og  (jf. § 18). Vi reknar med at uttalen av dei fremre vokalane i norrønt stort sett var som uttalen av dei tilsvarande lange vokalane i standard austnorsk talemål. Dei bakre vokalane hadde truleg ein meir bakre eller låg uttale. Såleis vart både u og ú uttalte om lag som vokalen i standard austnorsk bukk, o og ó om lag som i standard austnorsk sopp, medan ǫ og á (samanfallet av á og ) truleg hadde ein endå lågare uttale, om lag som i engelsk port eller sunnmørsk båt.

Fig. 2:1 Dei trykktunge vokalane i norrønt I gammalislandsk skjedde det to vokalsamanfall på 1200-talet: Først fall ø og ǫ saman, og noko seinare ǿ og ǽ. I nyare islandsk er samanfallet av ø og ǫ attgjeve med teiknet ö (t.d. öx ‘øks’ og ör ‘pil’), og samanfallet av ǿ og ǽ med teiknet æ (t.d. bæn ‘bøn’ og mæla ‘seie’). Den norrøne normalortografien held oppe begge skilnadene – øx vs. ǫr og bǿn vs. mǽla. § 9.2 Diftongar. Norrønt har tre diftongar i trykktung stilling, ei, au og ey. Den siste diftongen hadde runda uttale, [øy]. Alle diftongane er lange.

Fig. 2:2 Diftongane i norrønt

Lydlære

17

§ 9.3 Trykklette vokalar. I trykklett stilling har norrønt berre dei tre korte vokalane i, a og u. Som nemnt ovanfor står dei trykklette vokalane typisk i bøyingsendingar, og er derfor kalla endingsvokalar.

Fig. 2:3 Dei trykklette vokalane i norrønt § 9.4 Halvvokalar. Norrønt har dei to halvvokalane j og v. Dei må reknast som høge og får dermed same plassering som “tvillingbrørne” i og u.

Fig. 2:4 Halvvokalane i norrønt Skilnaden mellom i og j ligg i posisjonen deira: Vokalen i står i stavingskjernen og kan forlengjast (jf. bita sv.vb. og bíta st.vb.), halvvokalen j står utanfor og kan ikkje forlengjast. Dette uttrykkjer vi ved å seie at i er syllabisk og j asyllabisk. Skilnaden mellom u og v var av same slag: Vokalen u står i stavingskjernen (og kan forlengjast), medan v står utanfor (og kan ikkje forlengjast). Det vil seie at u er syllabisk og j asyllabisk. I løpet av norrøn tid miste v rundinga og fall saman med den stemte varianten [v] av konsonanten f. I handskriftene kan ein såleis finne både gefa og geva for normalortografiens gefa st.vb. ‘gje’.

Konsonantsystemet § 10 Konsonantsystemet. Vi reknar at norrønt hadde 14 konsonantar. Fig. 2:5 gjev ei oppstilling av dette konsonantsystemet, som ikkje er så ulikt det vi har enkelte dialektar av moderne norsk (t.d. i sørlandsdialektane). I skjemaet er h

18

Kap. 2

oppstilt som ein ustemt velar frikativ. Det er riktig nok framfor konsonantar som l, n og r, men føre vokalar hadde h skiftande artikulasjonsstad, og kan nærmast reknast som ein ustemt vokal. Merk at þ berre kan stå i framlyd, t.d. þing, medan ð berre kan stå i inn- og utlyd, t.d. maðr og boð. Konsonantane þ og ð finst ikkje lenger i moderne norsk. Den stemte lyden ð har forsvunne i talespråket, sauðr > sau, faðir > far, men han står ofte som “stum d” i skriftspråket, rauð > raud, stóð > stod. Den ustemte lyden þ har utvikla seg til t, þing > ting, bortsett frå i trykklette småord, der han er gått til d, þú > du.

Fig. 2:5 Konsonantane i norrønt § 10.1 Artikulasjonsstader. Inndelinga av artikulasjonsstadene tek utgangspunkt i den øvre artikulatoren, dvs. lepper, tenner og gane. I moderne norsk skil vi mellom bilabial og labiodental artikulasjonsstad (emne vs. evne). Vi har ikkje noko sikkert grunnlag for å dra dette skiljet i norrønt, og brukar derfor labial som felles nemning. Frikativane þ og ð hadde dental artikulasjon, medan plosivane t og d primært hadde alveolar artikulasjon, likesom i moderne norsk. Uttalen av g og k var velar, men med stort spenn – føre fremre vokalar var uttalen nesten palatal, føre bakre vokalar velar. Det same er tilfellet i moderne norsk, men der har g og k blitt palataliserte føre fremre vokalar, gestr > gjest [jest] og kenna > kjenna [çen:a]. § 10.2 Artikulasjonsmåtar. Plosivane i norrønt skil seg ikkje frå moderne norsk, men g [ɡ] kunne også ha frikativ uttale, [ɣ], slik han framleis har i islandsk. Vi kan ikkje seie sikkert om rullelyden r var ein trill, [r], eller ein tapp, [ɾ], i norrønt. Vi

Lydlære

19

brukar derfor rullelyd som felles nemning for trill og tapp. Det vi derimot kan seie sikkert, er at r ikkje vart uttalt med skarring, [ʁ]. Dét er ein nyare uttale, som i norsk neppe er eldre enn frå 1700-talet (jf. § 6). Med grunnlag i artikulasjonsmåten kan dei norrøne konsonantane skipast i to hovudgrupper, obstruentar og sonorantar. Til obstruentane høyrer plosivane og frikativane, dvs. p, b, t, d, k, g, f, þ, ð, s og h. Dei blir artikulerte med fullstendig lukke eller tydeleg innsnevring, og dei er lite sonore. Til sonorantane høyrer nasalane, lateralane og rullelydane, dvs. m, n, l og r. Dei blir artikulerte med mindre grad av innsnevring, og tilsvarande høgare grad av sonoritet. Blant sonorantane dannar lateralen l og rullelyden r ei undergruppe med nokså lik sonoritet; dei blir gjerne kalla likvidar.

Fig. 2:6 Gruppering av konsonantane i norrønt § 10.3 Lengd. I framlyd var dei norrøne konsonantane alltid korte. I innlyd og utlyd kunne dei vere både korte og lange (geminerte). Unntak frå denne regelen er þ og ð, som var korte i alle stillingar. Det er heller ikkje mange døme på lang f (offr n.) eller b (ubbi m.) i norrønt. Frikativen h var alltid kort og kunne berre stå i framlyd. Unntak er samansetjiingar, t.d. úheill og jafnheill, men her er heill ei av stammene og i denne står h i framlyd. § 10.4 Uttalevariasjon. Nokre av konsonantane hadde ulik uttale avhengig av stillinga i ordet: f Den labiale frikativen f hadde både stemt og ustemt uttale, i lydskrift uttrykt med [v] for den stemte lyden og [f] for den ustemte. Fordelinga var slik at i

20

Kap. 2

framlyd (forutan i geminat og i samband med ustemte konsonantar) var f ustemt, i innlyd og utlyd var han stemt: fara uttalt [fara] – som f i moderne norsk far hafa uttalt [hava] – som v i moderne norsk hav I løpet av norrøn tid fall den frikativen [v] saman med halvvokalen [ʋ], slik at f i gefa og v i vera vart tolka som variantar av den same lyden (fonemet) f. Dermed fekk [f] og [v] status som ulike konsonantar (fonem). Slik er det framleis i moderne norsk. g Konsonanten g hadde både plosiv og frikativ uttale, i lydskrift uttrykt med [ɡ] for den plosive lyden og [ɣ] for den frikative (jf. § 10.2). Fordelinga var slik at i framlyd, i geminat (gg) og etter nasal var g plosiv, elles frikativ: gata uttalt [ɡata] – som g i moderne norsk gate saga uttalt [saɣa] – som g i nyislandsk saga I gammalnorske handskrifter vart den plosive g ofte skriven med teiknet g, t.d. gata, og den frikative med teikna gh, t.d. lagh. Føre ustemt konsonant vart motsetnaden mellom g og k oppheva (nøytralisert) i uttalen, som t.d. i ordparet lagt av leggja sv.vb. og lakt av lakr adj. I moderne norsk har g ikkje lenger nokon frikativ variant. Men g og k blir framleis nøytraliserte føre ustemt konsonant, jf. t.d. sagt [sakt] og frakt [frakt]. n Nasalen n vart uttalt [n], med unntak av i sambandet ng og nk. Der vart han uttalt [ŋ], men utan å bli fullstendig assimilert med etterfølgjande g eller k, t.d. ungr [uŋgr] og seinka [seiŋka].

Ortografi § 11 Særdrag i norrøn skrift. Med berre nokre få unntak er den norrøne normalortografien ortofon, dvs. at det svarar eitt skriftteikn (grafem) til kvar språklyd (fonem). Her følgjer dei viktigaste avvika. § 11.1 Vokallengd. I denne grammatikken blir lang vokal alltid attgjeven med lengdeteikn, mál n. ‘mål, sak’, hér adv. ‘her’, tíð f. ‘tid’, sól f. ‘sol’, hús n. ‘hus’, sýr m. ‘purke’, sǽll adj. ‘sæl, lykkeleg’ og bǿn f. ‘bøn’. I dei fleste grammatikkar og tekstutgåver er det derimot ikkje brukt lengdeteikn over ‘æ’ (sjølv om han er lang), og teiknet ‘œ’ er ofte brukt i staden for ‘ǿ’. Ettersom ‘æ’ og ‘œ’ er så like (særleg i kursiv, t.d. i Times, æ og œ) og ettersom det er mest systematisk å bruke lengdeteikn over alle lange vokalar, er derfor ‘ǽ’ og ‘ǿ’ brukte i denne grammatikken.

Lydlære

21

§ 11.2 Konsonantlengd. Lang konsonant blir til vanleg attgjeven med dobbelskriving (geminat), også i korte ord. Der moderne norsk har kan hadde norrønt kann. I normalortografien, og særleg i Norrøn ordbok, ser ein derimot at lang konsonant ofte blir forenkla føre ny konsonant, t.d. fella, men feldi, og kenna, men kendi (jf. regel 4:3 s. 37–38). I denne grammatikken blir ikkje denne ortografiske regelen følgd, såleis heiter det fella og felldi, kenna og kenndi. § 11.3 Dental eller alveolar + s. Dentale eller alveolare lydar + s blir til vanleg attgjevne med z, t.d. heldsk = helzk (av halda st.vb.), brautsk = brauzk (av brjóta st.vb.) og kastiðsk = kastizk (av kasta sv.vb.). § 11.4 Konsonantsambandet ks. Sambandet av k og s blir til vanleg attgjeve med x, t.d. laks = lax (av lax m.), øks = øx (av øx f.).

Staving og trykk § 12 Stavinga. Stavingskjernen er alltid ein vokal (monoftong eller diftong), medan stavingsframlyden og stavingsutlyden blir danna av ein eller fleire konsonantar. Det gjev fire typar: (1) bú, kló, sjau (framlyd + kjerne); (2) á, í, ey (kjerne); (3) bit, sól, spjót (framlyd + kjerne + utlyd); (4) ǫl, urð, egg (kjerne + utlyd). I trykktung stilling er vokalen alltid lang i opne stavingar, dvs. i type (1) og (2), medan han kan vere både kort og lang i type (3) og (4). I trykklett stilling er vokalen alltid kort. § 12.1 Stavingsgrense. Det kan vere vanskeleg å dra grensa mellom kvar enkelt staving, både i norrønt og andre språk. I dei stavingsteljande versemåla i norrønt blir grensa mot neste staving alltid sett rett føre neste vokal, eller ved ordslutt. Eventuelle konsonantar føre vokalen blir ikkje medrekna. Ved samansette ord skal ein følgje samansetjingsgrensa. Nokre døme på metrisk stavingsdeling: sag-a, kall-a, bít-a, tung-ur, gestr, gest-ir, hest-in-um, lǫnd-un-um men likevel jarð-hús, hirð-maðr, ill-hug-aðr, kon-ung-a-bók Det må understrekast at desse reglane ikkje utan vidare fell saman med dei fonologiske stavingsgrensene. Såleis vil ein gjerne seie at kalla skal delast kal-la, tungur skal delast tun-gur [tuŋ-ɡur] osv. Av praktiske grunnar skal vi likevel leggje dei metriske stavingsgrensene til grunn i denne boka. § 12.2 Stavingslengd. I trykktunge stavingar kan vokalen (V) og konsonanten (K) vere både korte og lange, slik at norrønt får tre stavingstypar: kort, normallang og

22

Kap. 2

overlang. Dette er vist i fig. 2:7, der dei trykktunge stavingane er framheva med halvfeit skrift. Merk at både geminatar (tt i nátt) og konsonantsamband (rð i hirð) tel som lang konsonantisme. Eventuelle konsonantar føre stavingskjernen blir ikkje medrekna i samsvar med § 12.1.

Fig. 2:7 Stavingslengd i trykktunge stavingar Etter norrøn tid vart korte stavingar forlengde i trykktung stilling, medan overlange stavingar vart forkorta. Det inneber at alle trykktunge stavingar i moderne norsk er normallange. Unntak er dialektane i Nord-Gudbrandsdalen, som har korte stavingar, og dialekten i Setesdalen, som har overlange stavingar. I trykklette stavingar er vokalen (V) alltid kort, medan konsonanten (K) kan vere både kort og lang, som vist i fig. 2:8.

Fig. 2:8 Stavingslengd i trykklette stavingar Ord med kort rotstaving, t.d. vera, kallar vi jamvektsord, og ord med lang rotstaving, t.d. kasta, kallar vi for overvektsord. Alt i norrøn tid reknar vi at jamvektsorda i austnorsk fekk likt trykk på dei to stavingane, ˈveˈra, medan overvektsorda hadde hovudtrykket på den første stavinga, ˈkasta. I mange norske dialektar har gamle jamvektsord utvikla seg ulikt frå overvektsord. I austnorske dialektar er såleis den utlydande vokalen i infinitiv redusert i langstava verb, men ikkje i kortstava: baka > baka, men kasta > kaste (“kløyvd

Lydlære

23

infinitiv”). I trøndske dialektar er reduksjonen endå sterkare, for her fell den utlydande vokalen heilt bort i dei langstava infinitivane: kasta > kast. § 13 Trykk. Vi reknar at stavingane i norrønt kunne ha tre gradar av trykk. I desse eksempla markerer ein høgt plassert strek primærtrykk og ein lågt plassert strek sekundærtrykk: 1. stavingar med primærtrykk 2. stavingar med sekundærtrykk 3. stavingar utan trykk

ˈgef-ˌand-i, ˈjafn-ˌheill-ar, ˈgam-all ˈgef-ˌand-i, ˈjafn-ˌheill-ar ˈgef-ˌand-i, ˈjafn-ˌheill-ar, ˈgam-all

I norrønt låg primærtrykket normalt på rotstavinga. Enkelte avleiingssuffiks, m.a. -and og -ótt, og den andre rotstavinga i samansetjingar, t.d. jafnheill, hadde truleg sekundærtrykk. Andre avleiingsuffiks, m.a. -al/-ul/-il, var trykklette, og det same var alle bøyingsendingane.

Det historiske blikket § 14 Diakroni. Den diakrone fonologien gjev ei historisk framstilling av fonologien, og fokuserer dermed på endringar. Her skal vi ikkje gje ei fullstendig diakron framstilling, men nøye oss med å forklare bakgrunnen for eitt sentralt trekk i den synkrone fonologien, nemleg vokalskifta. Desse er framleis synlege i den synkrone fonologien og er med på å skape variasjon i bøyinga, særleg av verb og substantiv, som desse eksempla viser: Norrønt Nynorsk Tysk Engelsk

verb: gefa gje(va) geben give

gaf gav gab gave

gefit gjeve gegeben given

substantiv: maðr menn mann menn Mann Männer man men

Vokalskiftet er eit gjennomgåande trekk ved dei germanske språka. Dette gjeld m.a. tempus- og modusformer av sterke verb, og kasus- og numerusbøying av substantiv. I resten av dette kapitlet skal vi sjå på oppkomsten av desse vokalskifta.

Avlyd og bryting § 15 Avlyd. Avlyd er ei form for vokalskifte som kjem til uttrykk både i bøying og ordlaging i norrønt, t.d. i bøyinga av sterke verb som krjúpa – kraup – krupu –

24

Kap. 2

kropit ‘krype’ eller gjennom ordavleiingar som bjúgr adj. ‘krokete’ – baugr m. ‘ring’ – bugr m. ‘bukt, krok’ – bogi m. ‘boge’. Det har vore lansert fleire teoriar om korleis avlyden har oppstått, men fordi han ligg så langt tilbake i tid, og fordi vi manglar skriftlege kjelder frå denne tida, har det ikkje vore mogleg å nå fram til sikker kunnskap om bakgrunnen for avlyden. Her skal vi nøye oss med å slå fast at avlyd er ei særskild form for vokalskifte som vi finn restar av i alle dei germanske språka, norrønt og moderne norsk medrekna, særleg i verbbøyinga. Det vokalskiftet som avlyden har skapt i bøying og ordlaging, har tradisjonelt vore samla i avlydsrekkjer, dvs. faste rekkjer av skiftande rotvokalar.

Lydlære

25

Her har vi ført opp infinitiv, preteritum eintal (3. person), preteritum fleirtal (3. person) og supinum (akkusativ eintal nøytrum av perfektum partisipp) av dei norrøne verba. Dei nynorske verba er oppførte med infinitiv, preteritum og supinum. Nynorsk skil ikkje lenger mellom eintal og fleirtal i verbbøyinga, og har lagt den norrøne eintalsforma til grunn for preteritum.

I 2. rekkje blir rotvokalen på infinitivssteget realisert som jú føre f, p, g og k (dvs. føre labiale og velare konsonantar), og jó føre andre konsonantar. I 2., 3. og 4. rekkje var rotvokalen i perfektum partisipp opphavleg u, og føre nasal (som førekjem i 3. og 4. rekkje) står han framleis som u. Elles er han senka til o, truleg på grunn av a-omlyd (jf. § 17.1). Av desse og andre grunnar er vokalvekslinga blitt svært omfattande. § 16 Bryting. Ein karakteristisk lydovergang frå urnordisk til norrønt er bryting, som inneber at kort, trykktung e vart broten (dvs. segmentert) til ja i bestemte lydlege omgjevnader, t.d. urnord. *hertan > norr. hjarta n. sg. ‘hjarte’. I neste omgang kunne ja bli runda til jǫ ved u-omlyd, t.d. *hertun > *hjartu > hjǫrtu n. pl. (jf. § 17.3). Tysk språk har ikkje bryting, noko som forklarar kvifor vi har former som Herz, eben, Erde i tysk, og hjarta, jafn, jǫrð i norrønt. Brytinga er heller ikkje fullstendig gjennomført i norsk; såleis har 1. person av det personlege pronomenet både ubrotne former (eg, e, i) og brotne former (je, jæi). Vi reknar at dette ordet har utvikla seg frå forma *eka i urnordisk til ek (ubroten form) i vestnordisk og jak (broten form) i austnordisk, som framleis er eit dialektskilje i norsk og i dei nordiske språka (svensk jag og dansk jeg vs. nynorsk eg). I norrønt er brytinga ikkje lenger verksam. Men enkelte avvik i bøyingssystemet blir lettare å forstå med bakgrunn i denne lydovergangen. Det gjeld for det eine nokre sterke verb av 3. klasse som har fått overgangen e > ja i enkelte former på presenssteget, t.d. urnord. *helpan > norr. hjalpa ‘hjelpe’ (jf. tysk helfen), urnord. *bergan > norr. bjarga ‘berge’ (jf. tysk bergen). For det andre gjeld det nokre sterke maskuline substantiv i u-klassa, som har brotne former, fjǫrðr, skjǫldr m.fl. Desse orda hadde rotvokalen e i urnordisk, *ferðuʀ og *skelduʀ, men på grunn av bryting og andre lydovergangar er denne vokalen erstatta med nye vokalar i alle dei norrøne bøyingsformene. I denne grammatikken skal vi derfor rekne ja som rotvokalisme i slike substantiv (jf. § 28).

Omlyd § 17 Bakgrunn. Omlyd er ei svært viktig form for vokalskifte, både i bøying og ordlaging. Omlyden oppstod under overgangen frå urnordisk til norrønt, og han viser seg nesten overalt i bøyinga: i fleirtals- og kasusformer av substantiv og adjektiv, i gradbøying av adjektiv og adverb, og i presens- og konjunktivformer av

26

Kap. 2

verb. Bakgrunnen for omlyden ligg i utviklinga av ordtrykket. I det indoeuropeiske grunnspråket var trykket truleg fritt, slik at det snart kunne falle på den første stavinga i ordet, snart på ei av dei andre stavingane. I dei germanske språka festa trykket seg etter kvart til rotstavinga i ordet, slik hovudregelen framleis er i norsk. Denne utviklinga var truleg fullført i urnordisk tid, og ho innebar at rotstavinga kom i sterkare artikulatorisk fokus enn før.

Fig. 2:9 Vokalsystemet i urnordisk I urnordisk var det berre fem vokalar, i, e, a, o og u. Desse vokalane kunne stå i både trykktung og trykklett stilling, og dei var både lange og korte (med unntak av o, som berre var lang). Dette danna eit enkelt og tilnærma symmetrisk system, som kan stillast opp som vist i fig. 2:9. I løpet av synkopetida (ca. 500–ca. 700) vart vokalane i rotstavinga påverka av vokalen i neste staving, slik at mange rotvokalar tok farge av den etterfølgjande vokalen. For eksempel fekk rotvokalen ó i ordet fótiʀ m.pl. ‘føter’ ein meir fremre uttale, nærmare ǿ, på grunn av den fremre vokalen i i endinga -iʀ. Det oppstod då nye variantar til ei rekkje av rotvokalane, slik at ǿ kom inn som ein variant av ó føre i. Under synkopetida fall mange av dei omlydsskapande vokalane bort, og dermed fekk desse variantane status som eigne vokalar (fonem). Eit ord som *fótiʀ utvikla seg då til fǿtr, etter at i var synkopert. I eit ord som. armaʀ m. ‘arm’ skjedde det ikkje nokon slik påverknad, og dette ordet utvikla seg til armr m. i norrønt, utan endring av rotvokalen, men med synkope av endingsvokalen. Vi reknar med tre typar av omlyd i overgangen frå urnordisk til norrønt, alt etter kva for vokal som har vore årsak til lydutviklinga: A-omlyd I-omlyd U-omlyd

fører til at høge vokalar blir senka fører til at bakre vokalar blir fremja fører til at urunda vokalar blir runda

Lydlære

27

Generelt kan vi seie at omlyd er ein assimilasjon som oppstår ved at vokalen i ei staving (som oftast rotstavinga) blir påverka av og gjord likare ein vokal eller halvvokal i ei etterfølgjande staving. § 17.1 A-omlyd. Ved a-omlyd blir dei høge rotvokalane i og u senka under påverknad av ein etterfølgjande a. Døma viser utviklinga frå urnordisk til norrønt: i > e u > o

*wigan > vega *hurna > horn

av vega st.vb. av horn n.

Fig. 2:10 A-omlyden Overgangen u > o er av særleg interesse, fordi urnordisk ikkje hadde nokon kort o. Etter a-omlyden vart dette holet i systemet fylt, som vist i fig. 2:10. Vi reknar at a-omlyden har vore verksam i perfektum partisipp av 2., 3. og 4. klasse av sterke verb, t.d. *brutanaʀ > *brotenaʀ > brotinn av brjóta st.vb. Merk at a-omlyden ikkje råka dei lange vokalane í og ú. A-omlyden er ikkje lenger verksam i norrønt; derfor heiter det muna (ikkje *mona) i genitiv fleirtal av munr m. Verknadene av a-omlyden er også ofte oppheva ved analogi. Såleis har ord som holt n. og horn n. fått rotvokalen o i alle bøyingsformer, endå om dei opphavleg hadde u i enkelte former. A-omlyden slo heller ikkje like sterkt gjennom over heile det nordiske språkområdet. Derfor heiter det framleis hult i svensk og holt i norsk. § 17.2 I-omlyd. Ved i-omlyd blir bakre rotvokalar fremja (palataliserte) under påverknad av ein etterfølgjande i eller j. I-omlyden råka både dei korte og dei lange bakre vokalane i alle tre høgder. Dette førte til oppkomsten av ei rekkje nye fremre vokalar, som fekk status som sjølvstendige fonem – y, ý, ø, ǿ, æ og ǽ. I attgjeving av urnordisk blir lang vokal ofte vist med lengdestrek, t.d. ū, men her brukar vi aksent både for urnordisk og norrønt, t.d. ú:

28

Kap. 2 u > y ú > ý

*flutjan > flytja *húsijan > hýsa

av flytja sv.vb. av hýsa sv.vb.

o > ø ó > ǿ

*sofiʀ > søfr *bótijan > bǿta

av sofa st.vb. av bǿta sv.vb.

a > æ > e á > ǽ

gastiʀ > *gæstr > gestr *sárijan > sǽra

av gestr m. av sǽra sv.vb.

au > ey

*brautijan > breyta

av breyta sv.vb.

Fig. 2:11 gjev ei skjematisk framstilling av i-omlyden. Her ser vi at denne omlyden inneber ei gjennomført fremjing av dei bakre vokalane, slik at ú går over til ý, ó til ǿ osv. Heile tida er det altså tale ei rørsle i det vassrette planet. Overgangen a > æ > e er tilsynelatande eit unntak, med di a er låg og e mellomhøg etter oppstillinga i fig. 2:11. Men i løpet av 1100-talet fall æ og e saman, og den nye lyden, som vi noterer som e, vart dermed den nye ikkje-høge partnaren til a blant dei fremre vokalane. I-omlyden råka trykktunge vokalar, hovudsakleg i lange rotstavingar, t.d. gastiʀ > gestr. Men det er mange unntak frå denne regelen, både i form av langstava ord utan omlyd, t.d. *fundiʀ > fundr m. ‘møte’, og kortstava ord med omlyd, t.d. *grafiʀ > grefr av grafa st.vb. ‘grave’. Trykklette vokalar vart ikkje råka av i-omlyd.

Fig. 2:11 I-omlyden I sein urnordisk var i-omlyd ein allmenn fonologisk regel, slik eksempla ovanfor vitnar om. Men i løpet av synkopetida (ca. 500–ca. 700) fall alle korte og trykklette vokalar bort, og dette råka svært ofte den omlydsskapande i eller j. Dette førte til overgangar som *súpiʀ > sýpr av súpa st.vb., *bókiʀ > bǿkr av bók f. osv. På det norrøne språksteget kan ein ikkje rekne i-omlyd som ein fonologisk

Lydlære

29

regel i desse orda, for det er ingen lydlege tilhøve som tilseier at rotvokalen av súpa skal skifte til ý i presens, eller at rotvokalen av bók skal skifte til ǿ i fleirtal. Her er det tale om det vi skal kalle morfologisk i-omlyd, jf. regel (17) i § 23. § 17.3 U-omlyd. Ved u-omlyd blir urunda vokalar runda under påverknad av ein etterfølgjande u eller v (notert som w i urnordisk). U-omlyden råka særleg dei låge vokalane a og á, og då det ikkje fanst nokon runda, låg vokal i urnordisk, oppstod det to nye vokalar, ǫ og . Denne overgangen er markert med ei heiltrekt pil i fig. 2:12. U-omlyden råka også andre urunda vokalar, særleg i og e, men det skjedde berre i samband med w. I fig. 2:12 er desse overgangane markerte med stipla piler. i > y e > ø

*singwan > syngva *gerwan > gørva

av syngva st.vb. av gørva, sideform til gera sv.vb.

a > ǫ á > 

*landu > lǫnd *sáru > sr

av land n. av sár n.

Fig. 2:12 U-omlyden U-omlyd var ein allmenn fonologisk regel i sein urnordisk tid, som døma ovanfor viser. Men under synkopetida fall den omlydsskapande u eller w bort i mange ord. Såleis hadde urnordisk forma *landu (fleirtal av *landa ‘land’) som utvikla seg til lǫnd etter u-omlyd og synkope. I den norrøne fleirtalsforma lǫnd (av land n.) er det ikkje lenger råd å gje ei fonologisk forklaring på rotvokalen. Her er det altså tale om ein morfologisk u-omlyd, dvs. om eit systematisk skifte mellom urunda og runda vokal i bestemte bøyingsklasser, utan at dette skiftet er grunngjeve i synkrone lydlege forhold. Dette omtalar vi som regel (18) i § 23 nedanfor. I norrønt er u-omlyden framleis ein allmenn fonologisk regel i samband med dei låge vokalane a og á. Såleis får armr m. ‘arm’ og mál n. ‘mål, sak’ u-omlyd i

30

Kap. 2

dativ fleirtal, ǫrmum og mlum. I yngre norrønt fall á og  saman, truleg i løpet av 1200-talet. Norrøn normalortografi har valt å bruke teiknet á for samanfallet av á og . Dermed blir u-omlyd av á usynleggjord, og u-omlyden kjem berre til uttrykk ved den korte vokalen: ǫrmum av armr, men málum (ikkje mlum) av mál. Til skilnad frå i-omlyden råka u-omlyden også trykklette vokalar. I trykktung stilling går a til ǫ, i trykklett stilling til u, som er den nærmaste “slektningen” blant dei trykklette vokalane. Dette fører til former som kǫstuðu av kasta sv.vb. ‘kaste’ og gǫmul av gamall adj. ‘gammal’. Jf. regel (1) i § 22.1 nedanfor.

Konsekvensar av omlydane § 18 Det nye vokalsystemet. Dei tre omlydane skapte mange nye vokalar. Etter gjennomføringa av omlydane reknar vi med at det trykktunge vokalsystemet såg ut som vist i fig. 2:13.

Fig. 2:13 Samanfall av vokalar Men som nemnt skjedde det eit par samanfall i det norrøne vokalsystemet innan utgangen av 1200-talet, viste med piler i fig. 2:13. (1) Den låge æ (i handskriftene ofte skriven ę) fall saman med den mellomhøge e. Den nye lyden, som vi noterer som e, vart då ein ikkje-høg vokal. (2) Den lange á var opphavleg urunda, slik at hár vart uttalt om lag som har (presens av ha) i moderne norsk. Seinare vart han runda og fekk ein uttale om lag som moderne norsk å. Resultatet vart at han fall saman med , og følgjeleg vart eldre mál sg. - ml pl. til mál sg. - mál pl. Resultatet av desse samanfalla er vokalsystemet i klassisk norrønt, slik det er sett opp i fig. 2:1 ovanfor (s. 16). Det er dette vokalsystemet som ligg til grunn for normalortografien.

3 Ord og reglar

Ordstruktur § 19 Ordet. Eit ord er avgrensa mot andre ord ved at det kan ha særskilt trykk, og ved at det kan skiljast ut med pause i talestraumen. Ordet kan dertil flyttast relativt fritt omkring, i somme tilfelle med stor meiningsendring (han søv vs søv han?), i andre tilfelle med lita eller inga meiningsforskyving (no søv han vs han søv no). I skrift kjem ordskilje til uttrykk ved mellomrom. I gamle greske og latinske handskrifter vart orda skrivne utan mellomrom, scriptio continua, og det gjeld også mange runeinnskrifter, både eldre og yngre. Norrøne handskrifter med latinske bokstavar er derimot skrivne med gjennomført ordmellomrom. Det er likevel ein tendens til samanskriving av preposisjon + substantiv, t.d. ilandinu ‘i landet’ eller ahofði ‘på hovudet’, og til særskriving av samansetjingar, t.d. hofuð engill ‘hovudengel’. I normaliserte tekster er dette retta opp i samsvar med nyare ortografi: í landinu, á hǫfði, hǫfuðengill. § 19.1 Rot. Alle ord har ei rot. Rota er den delen av ordet som er minst utsett for endring under ordbøying og ordlaging. I usamansette ord er det også slik at rota ber hovudinnhaldet i ordet. I orda vinir ‘vener’ og vinsemd ‘venskap’ er rota vin ‘ven’. Fordi rota er mindre utsett for endringar enn andre delar av ordet, er det lettast å sjå samanhengar mellom ulike språk og språksteg når ein samanliknar røtene i orda. § 19.2 Stamme. Mange ord er avleidde eller samansette. Avleiingar inneber at det blir føydd eit affiks til rota, som t.d. -semd i ordet vinsemd, eller ú- og -lig i ordet úvinligr ‘uvenleg’. Samanføying av rot og affiks fører fram til ei større eining som vi kallar stamme. Dømet úvinligr viser at affiksa kan plassere seg både føre rota, som prefiks, og etter rota, som suffiks. Ved samansetjing blir to eller fleire stammer samanføydde, som t.d. vin og gjǫf i ordet vingjǫf ‘venegåve’. Dei fleste norrøne ord er likevel usamansette og inneheld heller ikkje noko avleiingsaffiks. I desse orda fell rot og stamme saman, t.d. vin i ordet vinr og hest i ordet hestr. Den avsluttande lyden i ei stamme kallar vi stammeutlyd, t.d. -n i vinr og -g i úvinligr.

32

Kap. 3

§ 19.3 Bøyingsending. Til stammene kan det leggjast ei bøyingsending, t.d. vin + r → vinr, úvinlig + r → úvinligr eller vingjǫf + in → vingjǫfin ‘venegåva’. Sluttproduktet er ei ordform. Med utgangspunkt i den fulle ordforma kan vi såleis “skrelle” av bøyingsendingane for å finne stamma, og deretter eventuelle avleiingsaffiks for å finne rota av ordet. Fig. 3:1 og 3:2 viser bygnaden av dei to ordformene úvinligr og vingjǫfin.

Fig. 3:1 Ordstrukturen i úvinligr

Fig. 3:2 Ordstrukturen i vingjǫfin

§ 20 Paradigme. Ordet hestr m. ‘hest’ blir bøygd i to tal (eintal, sg., og fleirtal, pl.) og i fire kasus (nominativ, akkusativ, dativ og genitiv). Dette kan vi stille opp i eit paradigme, dvs. eit mønster for korleis dette og liknande ord skal bøyast (fig. 3:3):

Fig. 3:3 Paradigme for substantivet hestr

Ord og reglar

33

I ordet hestr er rota og stamma samanfallande, hest-, Bøyingsendingane i ordet hestr kan då stillast opp som følgjer: Sg. N. G. D. A.

r s i –

Pl. N. G. D A.

ar a um a

Legg merke til at i enkelte former er det inga ending, markert med ein strek, –. Ordformene får vi ved å føye bøyingsendingane til stamma av ordet, i samsvar med følgjande “reknestykke”: Sg. N. G. D. A.

hest hest hest hest

+ + + +

r s i –

= = = =

hestr hests hesti hest

Pl. N. G. D. A.

hest hest hest hest

+ + + +

ar a um a

= = = =

hestar hesta hestum hesta

Substantivet aptann blir til vanleg sett i same bøyingsklasse som hestr (jf. § 26.1). Men i bøyinga av dette ordet skjer det endringar både av stamme og endingar – i alle fall å sjå til. Bøyinga kan analyserast på to vidt forskjellige måtar. Etter den eine analysen må vi seie at ordet har tre ulike stammer, aptan, aptn og ǫptn, og at det har ei avvikande bøyingsending i nominativ eintal, -n: Sg. N. G. D. A.

aptan aptan aptn aptan

+ + + +

n s i –

= = = =

aptann aptans aptni aptan

Pl. N. G. D. A.

aptn aptn ǫptn aptn

+ + + +

ar a um a

= = = =

aptnar aptna ǫptnum aptna

Etter den andre analysen skal vi rekne med den same stamma i alle formene, aptan, og vi skal setje opp dei same bøyingsendingane som for hestr. Modifikasjonane av stamma og bøyingsendingane forklarar vi med tre ulike fonologiske

34

Kap. 3

reglar: u-omlyd aptnum → ǫptnum, vokalbortfall aptan- → aptn-, og assimilasjon -nr → -nn. Dermed kan bøyinga av aptann stillast opp etter same slags paradigme som bøyinga av hestr, der reglane er nummererte i samsvar med oversynet i § 21–23 nedanfor: Sg. N. G. D. A.

aptan aptan aptan aptan

+ + + +

r s i –

(2) assimilasjon

Pl. N. G. D. A.

aptan aptan aptan aptan

+ + + +

ar a um a

(14) vokalbortfall (14) vokalbortfall (14) vokalb. & (1) u-omlyd (14) vokalbortfall

(14) vokalbortfall

= = = =

aptann aptans aptni aptan

= = = =

aptnar aptna ǫptnum aptna

Dersom norrønt berre hadde hatt dei to substantiva hestr og aptann, ville den første analysen av aptann gjerne ha vore den beste. Men fordi dei same lydovergangane førekjem i ei rekkje andre ord, ligg det ein vinst i å følgje den siste analysen. Framstillinga av bøyingslæra blir meir økonomisk på det viset.

Fig. 3:4 Modell for bøying av norrøne ord Fig. 3:4 viser korleis dei fonologiske reglane plasserer seg i bøyinga av ordforma aptann. Av modellen går det fram at nokre ordformer ikkje er modifiserte av fonologiske reglar, vin og gestr, og andre heller ikkje av bøyingsendingar, vin.

Reglar i bøyinga § 21 Regeltypar. Vi skil mellom to hovudtypar av reglar i bøyinga, avhengig av verkeområdet deira: fonologiske og morfologiske reglar.

Ord og reglar

35

(a) Fonologiske reglar er lydreglar som er verksame når dei lydlege omgjevnadene ligg til rette for det. Når substantivet land n. ‘land’ får u-omlyd i dativ fleirtal, lǫndum, kan vi forklare dette på grunnlag ein regel som seier at a blir runda når det står ein u i bøyingsendinga. Regelen set vi opp slik: a→ǫ

landum → lǫndum

av land n.

Ettersom denne regelen alltid er verksam, omtalar vi den som ein allmenn regel. Enkelte fonologiske reglar er berre verksame i bestemte samanhengar, t.d. i enkelte ordklasser eller bøyingsformer. Utlydsherding er døme på ein slik regel. Den inneber at d blir herda til t i utlyd i imperativ og preteritum av sterke verb: d→t

gald → galt

av gjalda st.vb.

Regelen verkar ikkje i andre samanhengar, og derfor heiter det land og ikkje *lant. Slike reglar kallar vi morfo-fonologiske reglar. I oppstillinga nedanfor gjer vi ikkje noko skilje mellom dei to regeltypane. (b) Morfologiske reglar er reglar som verkar i enkelte ord eller bøyingsklasser, som oftast utan at det kan påvisast nokon felles struktur i desse orda. Når substantivet land får fleirtalsforma lǫnd, kan vi ikkje forklare dette som ein fonologisk regel, for det er ingen synleg u i ordet. Den omlydsskapande u fall under synkopen frå urnordisk til norrønt, slik at bøyinga land ~ lǫnd framtrer som ei rein vokalveksling på det norrøne språksteget: a→ǫ

land → lǫnd

av land n.

Det er vanleg å skilje mellom eldre og yngre u-omlyd, der land → lǫnd er døme på den eldre omlyden og landum → lǫndum på den yngre omlyden. Dette skiljet svarar til det vi her trekkjer mellom fonologiske og morfologiske reglar, slik at den eldre u-omlyden kan omtalast som morfologisk u-omlyd og den yngre som fonologisk u-omlyd.

Fonologiske reglar § 22 Inndeling. Dei fonologiske reglane i norrønt er dels allmenne, (1)–(10), og delvis avgrensa, (11)–(16). I begge tilfelle er årsaka til lydendringa synleg i den norrøne språkforma. § 22.1 Allmenne fonologiske reglar. Dei allmenne fonologiske reglane gjeld i alle samanhengar der vilkåra for regelen er oppfylte. I nokre tilfelle kan dei likevel

36

Kap. 3

vere oppheva på grunn av analogi, eller dei er ikkje gjennomførte i heile språkområdet. Såleis er regel (1) fonologisk u-omlyd ikkje fullstendig gjennomført i mange austnorske handskrifter, slik at ein finn både lǫndum og landum av land n., og regel (6) kontraksjon kan vere oppheva ved analogi, slik at ein finn både móm og móum av mór m. (1) Fonologisk u-omlyd. Bøyingsendingar som inneheld vokalen u, fører til runding av a i føregåande staving(ar). Det er altså tale om ein regressiv vokalassimilasjon. I trykksterk stilling går a til ǫ, og i trykklett stilling til u: a → ǫ el. u

*sag + ur → sǫgur *kall + að + u → kǫlluðu *spak + ast + um → spǫkustum *gefand + um → gefǫndum

av saga f. av kalla sv.vb. av spakr adj. av gefandi m.

Når ǫ blir redusert til u i trykklett stilling, er det fordi u er den næraste av dei tre trykklette vokalane a, i og u. Det gjev *kall + að + u → *kǫll + ǫð + u → kǫlluðu. Avleiingssuffikset -and har derimot trykk, så utfallet blir gefǫndum, ikkje *gefundum. Fonologisk u-omlyd er ikkje verksam i samband med den etterhengde artikkelen i substantivet, t.d. hjarta + inu → hjartanu (ikkje *hjǫrtunu) og skála + inum → skálanum (ikkje *skálunum), og heller ikkje ved det etterhengde pronomenet þú, t.d. far þú → farðu (ikkje *fǫrðu), miskunna þú → miskunnaðu (ikkje *miskunnuðu). (2) Progressiv konsonantassimilasjon. Bøyingsendinga -r blir ofte totalt assimilert med s, l og n i stammeutlyd, t.d. *stól + r → stóll. Dersom assimilasjonen fører til at det oppstår ein geminat (dobbelkonsonant) etter ein annan konsonant, blir resultatet forkorta etter regel (4:1), t.d. *nagl + r → *nagll → nagl: sr → ss lr → ll nr → nn

*frýs + r → frýss *laks + r → *lakss (→ laks = lax) *stól + r → stóll *nagl + r → *nagll (→ nagl) *grǿn + r → grǿnn *vagn + r → *vagnn (→ vagn)

av frjósa st.vb. av lax m. av stóll m. av nagl m. av grǿnn adj. av vagn m.

jf. (4:1) jf. (4:1) jf. (4:1)

Dersom stammeutlyden er ein geminat, blir r assimilert etter ss, t.d. *hvass + r → hvass adj. Men etter ll og nn oppstår det vanlegvis ikkje assimilasjon, jf. vǫllr m., fullr adj., brunnr m., sannr adj. Unntak er m.a. *menn + r → menn av maðr m. Etter l og n i kort, trykktung staving oppstår det vanlegvis ikkje assimilasjon, jf. dalr m., dynr m., kylr m. og svanr m. Eit unntak er verbet vilja, som får assimilasjon i presens, *vilr → vill.

Ord og reglar

37

(3) Regressiv konsonantassimilasjon. Konsonantane d og ð i stammeutlyd blir totalt assimilerte med den etterfølgjande bøyingsendinga t. dt → tt ðt → tt

(*fǿdd + t →) *fǿdt → fǿtt *blind + t → *blintt (→ blint) *blíð + t → blítt *bauð + t → bautt *kallað + t → *kallatt (→ kallat)

av fǿða sv.vb. av blinda sv.vb. av blíðr adj. av bjóða st.vb. av kalla sv.vb.

jf. (4:3) jf. (4:1)

jf. (4:2)

I trykklett stilling blir nasalen n totalt assimilert med bøyingsendinga t. nt → tt

*opin + t → *opitt (→ opit) *numin + t → *numitt (→ numit)

av opinn adj. av nema st.vb.

jf. (4:2) jf. (4:2)

Denne regelen gjeld ikkje når n i trykktung stilling støyter saman med bøyingsendinga t. Derfor heiter det blint (ikkje *blitt) av blindr adj. (4) Konsonantforkorting. Når geminatar oppstår under bøying, blir dei alltid forkorta dersom det står ein annan konsonant føre, t.d. *send + di → sendi av senda sv.vb. Like eins blir geminaten tt alltid forkorta etter vokal i trykklett stilling, *opin + t → *opitt → opit av opinn adj. Derimot er forkortinga ikkje alltid gjennomført når geminatar støyter saman med ny konsonant. (4:1) Geminatar som oppstår etter annan konsonant, blir alltid forkorta. dd → d ðð → ð tt → t ll → l nn → n ss → s rr → r

*send + di → sendi *gyrð + ði → gyrði *skipt + ti → skipti (*blind + t →) *blintt → blint (*nagl + r →) *nagll → nagl (*vagn + r →) *vagnn → vagn (*laks + r →) *lakss → laks = lax *fagr + r → fagr

av senda sv.vb. av gyrða sv.vb. av skipta sv.vb. av blindr adj. av nagl m. av vagn m. av lax m. av fagr adj.

jf. (3) jf. (2:1) jf. (2:1) jf. (2:1)

(4:2) Geminaten tt blir alltid forkorta etter trykklett vokal. tt → t

(*opin + t →) *opitt → opit (*kallað + t →) *kallatt → kallat

av opinn adj. av kalla sv.vb.

(4:3) Geminatar blir stundom forkorta føre obstruentar. pp → p kk → k

kipp + ti → kipti þekk + ti → þekti

av kippa sv.vb. av þekkja sv.vb.

jf. (3) jf. (3)

38 dd → d gg → g ss → s mm → m nn → n ll → l

Kap. 3 *fǿdd + t → *fǿdt (→ fǿtt) bygg + ði → bygði hvess + ti → hvesti skamm + t → skamt kenn + di → kendi fell + di → feldi

av fǿða sv.vb. av byggja sv.vb. av hvessa sv.vb. av skammr adj. av kenna sv.vb. av fella sv.vb.

jf. (3)

Det skjer inga forkorting føre halvvokalane j og v, og vanlegvis heller ikkje føre r og s, jf. þykkja sv.vb., liggja st.vb., nǫkkvi m., søkkva st.vb., kǫttr m., styggr adj., alls adv., manns av maðr m. Regel (4:3) er ein ortografisk regel snarare enn ein fonologisk regel. Ettersom forkorting føre ny konsonant kan gje ugjennomsiktige former, er denne regelen ikkje følgd her (§ 11.2). Jf. også moderne norsk fult av ful adj., men fullt av full adj. (5) Konsonantforlenging. Etter lang vokal i stammeutlyd blir konsonanten forlengd i bøyingsendingar som byrjar med r eller t. *trú + rar → trúrrar *sá + t → sátt

av trúr adj. av sjá st.vb.

*ný + ra → nýrra *blá + t → blátt

av nýr adj. av blár adj.

(6) Kontraksjon. Når ein trykktung vokal i stammeutlyd støyter saman med ein trykklett vokal i bøyingsending, fell den trykklette dersom dei to vokalane har same eller tilnærma same kvalitet. Når begge vokalane er trykklette, fell den eine av dei dersom dei har same kvalitet, eller den minst sonore (klangføre) dersom dei har ulik kvalitet. Generelt kan ein seie at trykksterk vokal vinn over trykklett, og meir sonor vokal vinn over mindre sonor. Av dei tre trykklette vokalane a, u og i er a mest sonor og i minst sonor. (6:1) Trykktung vokal støyter saman med trykklett vokal. Etter trykktung é fell trykklett i. *tré + i → tré

av tré n.

*fé + i → fé

av fé n.

*brá + a → brá

av brá f.

*blá + um → blám *sá + u → sá

av blár adj. av sjá st.vb.

Etter trykktung á fell trykklett a. *á + ar → ár

av á f.

Etter trykktung ú, ó og á fell trykklett u. *trú + um → trúm *mó + um → móm

av trúr adj. av mór m.

Ord og reglar

39

Ved analogi kjem det seinare inn former utan kontraksjon, som gráan, móum, trúum o.l. Slike former førekjem også i normaliserte tekstutgåver. (6:2) Trykklett vokal støyter saman med ny trykklett vokal. Etter lang rotstaving fell trykklett i i samanstøyt med i, a og u. *hirði + i → hirði *hersi + ar → hersar *kvǽði + um → kvǽðum

av hirðir m. av hersir m. av kvǽði n.

(7) Bortfall av halvvokalen j. På grunn av i-omlyd kan j bli ståande føre fremre rotvokal, ja → je, jó → jǿ og jú → jý, jf. regel (13) og (17). I denne posisjonen vil j heve rotvokalen og deretter falle bort. Resultatet blir i alle tre tilfelle høge rotvokalar je → i, jǿ → ý og jy → y (den siste vokalen er høg frå før av). je → i jǿ → ý jy → y

(*fjarði →) *fjerði → firði (*brjótr →) *brjǿtr → brýtr (*krjúpr →) *krjýpr → krýpr

av fjǫrðr m. av brjóta st.vb. av krjúpa st.vb.

jf. (13) jf. (17) jf. (17)

(8) Bortfall av halvvokalen v. Som følgje av avlyds- eller omlydsveksling kan v bli ståande føre ein runda vokal. I slike tilfelle fell v bort. vu → u vy → y vǿ → ǿ vó → ó

*vurðu → urðu *vyrði → yrði *svǿri → sǿri *þvó → þó

av verða st.vb. av verða st.vb. av sverja st.vb. av þvá st.vb.

Føre dei runda, låge vokalane ǫ og á blir derimot v ståande, jf. vǫlva f. og vár n. Han fell heller ikkje i intervokalisk stilling, t.d. frǽvum av frǽr adj. (9) Bortfall av konsonant. Når ei stamme som endar på to eller fleire konsonantar, støyter saman med ei bøyingsending på konsonant, kan ein eller fleire konsonantar i stammeutlyd falle bort. rg + t → rt sl + t → st tn + s → ts tst + sk → tsk

*margt → mart *sýslti → sýsti *vatns → vats = vaz *brautstsk → brautsk = brauzk

av margr adj. av sýsla sv.vb. av vatn n. av brjóta st.vb.

Tradisjonelt er dette bortfallet kalla trekonsonantregelen, fordi det som oftast er den mellomste av tre konsonantar som går tapt.

40

Kap. 3

(10) Trykkforskyving ved hiatus (vokalsamanstøyt). Når den trykktunge rotvokalen é støyter saman med ein trykklett a eller u i ei bøyingsending, blir den siste vokalen dregen inn i rotstavinga. Rotvokalen é blir skuva ut i stavingsframlyden og realisert med halvvokalen j. Stavingskjernen blir overteken av a, som blir forlengd til á, eller av u, som blir forlengd til ó eller á. éa → já éu → jó eller já

*sé + a → sjá *tré + um → trjóm eller trjám

av sjá st.vb. av tré n.

Regelen gjeld ikkje når stavinga er innleidd av v, t.d. véum (ikkje *vjóm) av vé n. § 22.2 Avgrensa fonologiske reglar. I tillegg til dei allmenne fonologiske reglane er det eit sett av reglar som berre er verksame i bestemte samanhengar, t.d. i særskilde ord- eller bøyingsklasser. (11) Utlydsherding av d og ng. I preteritum og imperativ av sterke verb blir stemte plosivar ustemte (desonoriserte) i utlyd. d→t ng → nk

*gald → galt *band → *bant (→ batt) *sprang → *sprank (→ sprakk) *geng → *genk (→ gekk)

av gjalda st.vb. av binda st.vb. av springa st.vb. av ganga st.vb.

jf. (12) jf. (12) jf. (12)

Regelen gjeld ikkje i andre ordklasser enn sterke verb og heller ikkje i andre former av verbet enn imperativ og preteritum, såleis heiter det geld, bind, spring og geng i 1. person eintal presens indikativ av gjalda, binda, springa og ganga. Vidare heiter det land n. og kveld n., ikkje *lant og *kvelt. Utlydsherding opptrer ofte i lag med regressiv konsonantassimilasjon, regel (12). (12) Regressiv konsonantassimilasjon. Konsonanten n blir totalt assimilert med utlydande t og k i imperativ og preteritum av sterke verb. nt → tt nk → kk

(*band →) *bant → batt (*geng →) *genk → gekk (*sprang →) *sprank → sprakk

av binda st.vb. av ganga st.vb. av springa st.vb.

jf. (11) jf. (11) jf. (11)

I trykktung stilling gjeld ikkje denne regelen i andre bøyingsklasser. Såleis heiter det blint av blindr adj., rǽnt av rǽna sv.vb. osv. Derimot er overgangen nt → tt ein allmenn regel i trykklett stilling, t.d. *kristin + t → *kristitt (→ kristit) av kristinn adj. eller *komin + t → *komitt (→ komit) av koma st.vb. Jf. regel (3) ovanfor.

Ord og reglar

41

(13) Morfo-fonologisk i-omlyd. Morfo-fonologisk i-omlyd inneber at trykklett i fremjar trykksterke bakre vokalar, t.d. u → y, o → ø og a → e; jf. oversynet i regel (17) nedanfor. Regelen omfattar sterke maskuline substantiv i u-klassa, t.d. háttr m., og (med nokre unntak) substantiv som har avleiingssuffikset -il, t.d. ketill m. Dessutan gjeld regelen perfektum partisipp av sterke verb i 6. og 7. klasse med stammeutlyd på velar konsonant, dvs. g eller k, t.d. tekit av taka st.vb. *lukill → lykill *vallir → vellir *balki → belki *fjarði → *fjerði (→ firði) *dragit → dregit *katill → ketill *hátti → hǽtti

av lykill m. av vǫllr m. av bǫlkr m. av fjǫrðr m. av draga st.vb. av ketill m. av háttr m.

jf. (7)

Unntak frå denne regelen er drasill m. og hangit av hanga st.vb. I-omlyden “stoppar opp” ved trykklette stavingar i stamma, derfor fagnaðir m. av fagnaðr m. (14) Bortfall av trykklett vokal i avleiingssuffiks. I substantiviske og adjektiviske bøyingsklasser skjer det bortfall av trykklette vokalar i enkelte avleiingssuffiks når bøyingsendinga byrjar på vokal. *sjaldan + astr → sjaldnastr *fegin + ari → fegnari *dróttin + ar → dróttnar *gamal + ir → gamlir *heiðin + ir → heiðnir *kropin + ir → kropnir *jafngǫfug + ir → jafngǫfgir

av sjaldan adv. av feginn adj. av dróttinn m. av gamall adj. av heiðinn adj. av krjúpa st.vb. av jafngǫfugr adj.

Regelen omfattar adjektiv, sterke verbpartisipp og sterke substantiv som har avleiingssuffiksa -an/-in/-un, -al/-il/-ul, -ar/-ur, -að/-uð eller -ig/-ug, t.d. aptann m., heiðinn adj., vaxinn av vaxa st.vb., jǫtunn m., gamall adj., þistill m., gjǫfull adj., hamarr m., sumar n., jǫfurr m., herað n., hǫfuð n., auðigr adj., jafngǫfugr adj. (15) Bortfall av i i bestemt form av substantivet. Den etterhengde, bestemte artikkelen -inn mistar i visse tilfelle sin i. (15:1) Artikkelen mistar sin i etter endingsvokalane i, a og u. arma + ina → armana

av armr m.

42 hesti + inum → hestinum sǫgu + ina → sǫguna

Kap. 3 av hestr m. av saga f.

Også etter stammeutlyd på lang vokal plar i å falle, men ikkje dersom ordet då berre får ei staving, t.d. á + ina → ána, men á + in → áin; tré + inu → trénu, men tré + it → tréit. (15:2) Artikkelen mistar sin i etter endinga -r i fleirtal. gestir + inir → gestirnir sakar + inar → sakarnar hendr + inar → hendrnar

av gestr m. av sǫk f. av hǫnd f.

(15:3) Artikkelen mistar sin i og substantivet sin utlydande m i dativ fleirtal. ǫrmum + inum → ǫrmunum bǿnum + inum → bǿnunum

av armr m. av bǿn f.

(16) Segmentering av tt til tst. I sterke og preterito-presentiske verb blir tt segmentert til tst i verb med stammeutlyd på t. *skaut + t → skautst = skauzt *veit + t → veitst = veizt

av skjóta st.vb. av vita pp.vb.

Denne regelen gjeld berre i 2. person eintal preteritum indikativ av sterke verb og i 2. person eintal presens indikativ av preterito-presentiske verb (som dannar presens av preteritumssteget). Elles førekjem geminaten tt ofte i norrønt, t.d. blátt av blár adj.

Morfologiske reglar § 23 Inndeling. Dei morfologiske reglane i norrønt kan ikkje forklarast på same måten som dei fonologiske reglane. Historisk kan dei rett nok forklarast på fonologisk grunnlag, som t.d. i-omlydsvekslinga i nátt ~ nǽtr eller u-omlydsvekslinga i barn ~ bǫrn. Men på grunn av språkutviklinga er dei fonologiske vilkåra ikkje lenger til stades på det norrøne språksteget. (17) Morfologisk i-omlyd. I mange ord er det ei systematisk veksling mellom bakre og fremre rotvokalar, t.d. rót ~ rǿtr f., langr ~ lengr adj., súpa ~ sýpr st.vb. Den historiske forklaringa på dette vokalskiftet er i-omlyd (§ 17.2), som i sein urnordisk tid var å rekne som ein fonologisk regel. Men på grunn av synkopen på slutten av urnordisk tid har den omlydsskapande i eller j falle i nesten alle orda. På

Ord og reglar

43

det norrøne språksteget er det ikkje lenger tale om ein fonologisk regel, men ein morfologisk regel. Den morfologiske i-omlyden kjem då til uttrykk som eit systematisk vokalskifte i ei rekkje ord: u~y ú~ý o~ø ó~ǿ ǫ~ø a~e á~ǽ au ~ ey

brutu ~ bryti mús ~ mýss krjúpa ~ *krjýpr koma ~ kømr bóndi ~ bǿndr brjóta ~ *brjǿtr þrǫngr ~ þrøngri fagr ~ fegri fjarðar ~ *fjerði láta ~ lǽtr auka ~ eykr

av brjóta st.vb. av mús f. av krjúpa st.vb. av koma st.vb. av bóndi m. av brjóta st.vb. av þrǫngr adj. av fagr adj. av fjǫrðr m. av láta st.vb. av auka st.vb.

Enkelte av desse formene er markerte med stjerne, og utviklar seg vidare i samsvar med fonologiske reglar: jý → ý jǿ → ý je → i

*krjýpr → krýpr *brjǿtr → brýtr *fjerði → firði

av krjúpa st.vb. av brjóta st.vb. av fjǫrðr m.

jf. (7) jf. (7) jf. (7)

Opphavleg gjekk a til æ ved i-omlyd, men då æ fall saman med e i yngre norrønt, oppstod vekslinga mellom a og e, som. t.d. i fagr ~ fegri. Vekslinga ǫ ~ ø kjem av at det ikkje er nokon låg, runda, fremre vokal i norrønt. Den nærmaste kandidaten er den ikkje-høge, runda, fremre vokalen ø (jf. fig. 2:1 s. 16). I-omlyd blir utnytta som morfologisk regel i ei rekkje samanhengar: • • • • • • •

Fleirtal av enkelte maskuline substantiv: Fleirtal av enkelte feminine substantiv: Komparativ i enkelte adjektiv og adverb: Superlativ i enkelte adjektiv og adverb: Presens indikativ av sterke verb: Preteritum konjunktiv av sterke verb: Preteritum konjunktiv av enkelte svake verb:

fǿtr av fótr m. bǿkr av bók f. lengri av langr adj. fǽstr av fár adj. lýkr av lúka st.vb. bryti (frå brutu) av brjóta st.vb. dygði av duga sv.vb.

(18) Morfologisk u-omlyd. I mange ord er det ei systematisk veksling mellom runda og urunda låg vokal, dvs. mellom a og ǫ. Historisk går dette tilbake på uomlyd, og som vi ser av regel (1) ovanfor, er u-omlyd ein fonologisk regel i nor-

44

Kap. 3

rønt. Når u-omlyd også må førast opp som ein morfologisk regel, er det fordi den omlydsskapande u har falle i så mange ord. På fonologisk grunnlag kan vi forklare at det heiter mǫnnum, men vi kan ikkje forklare kvifor det heiter lǫnd. a~ǫ

vatn ~ vǫtn

av vatn n.

gamall ~ gǫmul

av gamall adj.

I trykksterk stilling er overgangen a > ǫ, i trykklett stilling a > u; jf. regel (1). Som morfologisk regel førekjem u-omlyd berre i den substantiviske og den sterke adjektiviske bøyinga: • • • •

Enkelte maskuline substantiv: Enkelte feminine substantiv: Enkelte nøytrale substantiv: Enkelte adjektiv:

vǫll (vsa. vallar) av vǫllr m. sǫk (vsa. sakar) av sǫk f. fjǫll av fjall n. spǫk av spakr adj.

(19) J-innskot. Enkelte substantiv, adjektiv og verb får innskot av halvvokalen j føre bøyingsendingar på a og u, elles ikkje. Felles for desse orda er at dei har fremre rotvokal. Dessutan er dei anten kortstava, som t.d. flet n. ‘golv’, eller dei er langstava med stammeutlyd på vokal, t.d. ey f. ‘øy’, eller velar konsonant, dvs. g og k, t.d. drengr m. ‘mann’ eller bekkr m. ‘benk’. Det er j-innskot i ei rekkje ord: • • • • •

Enkelte maskuline substantiv: Enkelte feminine substantiv: Enkelte nøytrale substantiv: Enkelte adjektiv: Enkelte verb på presenssteget:

vili (nom. sg.) ~ vilja (gen. pl.) ey (nom. sg.) ~ eyja (gen. pl.) stef (nom. sg.) ~ stefja (gen. pl.) miðr (nom. sg.) ~ miðja (gen. pl.) biðja (inf.) ~ biðr (pres.)

I substantivet stef n. fell innskotet slik ut:

sg. n. g. d. a.

stef stefs stefi stef

stef + – stef + s stef + i stef + –

pl. n. g. d. a.

stef stefja stefjum stef

stef + – stef + j + a stef + j + um stef + –

innskot føre a innskot føre u

Ord og reglar

45

Ettersom j-innskotet er ein morfologisk regel, er det ikkje noko i sjølve ordet som kan fortelje oss sikkert kva for ord som får j-innskot, og kva for ord som ikkje får det; t.d. har stig n. ‘steg’ ikkje j-innskot, sjølv om det er kortstava og har fremre rotvokal. I Norrøn ordbok er det formparentesen som fortel oss om eit ord har jinnskot. Såleis er stef n. oppført med parentesen “(gen.pl. stefja)”, og den siterte forma med j er uttrykk for at ordet får j-innskot. (20) V-innskot. Enkelte substantiv, adjektiv og verb får innskot av halvvokalen v føre a og i; elles ikkje. Desse orda har som regel runda rotvokal, ofte ǫ, t.d. sǫngr m. ‘song’, smjǫr n. ‘smør’ og ǫl n. ‘øl’, men også ó med sideformer på ǽ, t.d. sjór m. eller sǽr m. ‘sjø’, og y, t.d. lyng n. Det er v-innskot i mange ord: • • • • •

Enkelte maskuline substantiv: Enkelte feminine substantiv: Enkelte nøytrale substantiv: Enkelte adjektiv: Enkelte verb på presenssteget:

sǫngr (nom. sg.) ~ sǫngvar (nom. pl.) vǫlva (nom. sg.) ~ vǫlu (gen. sg.) hǫgg (nom. sg.) ~ hǫggvi (dat. sg.) frǽr (nom. sg.) ~ frǽva (gen. pl.) søkkva (inf.) ~ søkkr (pres.)

Merk at v også blir skoten inn føre u når stamma i ordet endar på vokal. Derfor heiter det t.d. frǽvu av frǽr adj. ‘grøderik’ (stamme fræ-) og sǽvum av sǽr m. ‘sjø’ (stamme sæ-). I desse formene blir v ståande intervokalisk (mellom to vokalar). I substantivet hǫgg n. fell innskotet slik ut:

sg. n. g. d. a.

hǫgg hǫggs hǫggvi hǫgg

hǫgg + – hǫgg + s hǫgg + v + i hǫgg + –

sg. n. g. d. a.

hǫgg hǫggva hǫggum hǫgg

hǫgg + – hǫgg + v + a hǫgg + um hǫgg + –

innskot føre i

innskot føre a

Til liks med j-innskotet er v-innskotet ein morfologisk regel, så det er ikkje noko i sjølve ordet som kan fortelje oss sikkert kva for ord som får v-innskot. I Norrøn ordbok er det atter formparentesen som viser at eit ord har v-innskot. Såleis er hǫgg n. oppført med parentesen “(dat. hǫggvi)”, og den siterte forma med v er uttrykk for at ordet får v-innskot.

46

Kap. 3

Fonologiske reglar (1) Fonologisk u-omlyd (“yngre u-omlyd”) *sag + ur → sǫgur, *kall + að + u → kǫlluðu (2) Progressiv konsonantassimilasjon *frýs + r → frýss, *stól + r → stóll, *grǿn + r → grǿnn (3) Regressiv konsonantassimilasjon *blíð + t → blítt, (*fǿdd + t →) *fǿdt → fǿtt (4) Konsonantforkorting *send + di → sendi, *skipt + ti → skipti, *fagr + r → fagr (5) Konsonantforlenging *trú + rar → trúrrar, *blá + t → blátt (6) Kontraksjon *tré + i → tré, *á + ar → ár, *mó + um → móm *hirði + i → hirði, *hersi + ar → hersar, *kvǽði + um → kvǽðum (7) Bortfall av halvvokalen j (*fjarði →) *fjerði → firði, (*krjúpr →) *krjýpr → krýpr (8) Bortfall av halvvokalen v *vurðu → urðu, *vyrði → yrði, *svǿri → sǿri, *þvó → þó (9) Bortfall av konsonant margt → mart, sýslti → sýsti, vatns → vats = vaz (10) Trykkforskyving ved hiatus (vokalsamanstøyt) *fé + ar → fjár, tré + um → trjóm eller trjám (11) Utlydsherding av d og ng *gald → galt, *sprang → *sprank (→ sprakk) (12) Regressiv konsonantassimilasjon (*band →) *bant → batt, (*geng →) *genk → gekk (13) Morfo-fonologisk i-omlyd *lukill → lykill, *vallir → vellir, *fjarði → *fjerði (→ firði) (14) Bortfall av trykklett vokal i avleiingssuffiks *gamal + ir → gamlir, *aptan + i → aptni, *heiðin + ar → heiðnar (15) Bortfall av i i bestemt form av substantivet sǫgu + ina → sǫguna, gestir + inir → gestirnir, vinum + inum → vinunum (16) Segmentering av tt til tst *skaut + t → skautst = skauzt, *veit + t → veitst = veizt

Morfologiske reglar (17) Morfologisk i-omlyd mús ~ mýss, koma ~ kømr, fagr ~ fegri, láta ~ lǽtr, auka ~ eykr (18) Morfologisk u-omlyd (“eldre u-omlyd”) vatn ~ vǫtn, fjall ~ fjǫll (19) J-innskot stef + j + a → stefja, stef + j + um → stefjum (20) V-innskot hǫgg + v + a → hǫggva, hǫgg + v + i → hǫggvi

Fig. 3:5 Oversyn over fonologiske og morfologiske reglar i norrønt

4 Substantivisk bøying

Omfang og typologi § 24 Ordklasse og kategoriar. Den substantiviske bøyinga omfattar berre ordklassa substantiv. Det er tre kategoriar i substantivbøyinga: kasus (nominativ, genitiv, dativ, akkusativ), numerus (eintal, fleirtal) og bestemtheit (ubestemt form, bestemt form). Det er vanleg å ta bøyinga i kasus og numerus for seg, slik at ein i første omgang kan setje opp eit paradigme på 4 x 2 = 8 former. Bestemtheitsbøyinga inneber at artikkelen inn blir lagd til bøyingsformene i kasus og numerus. Dermed får substantivet dobbel markering av desse to kategoriane i bestemt form, t.d. armr + inn = armrinn, arms + ins = armsins, armi + inum = arminum osv. Artikkelen inn har sterk adjektivisk bøying. Av praktiske grunnar skal derfor bestemtheitsbøyinga leggjast fram i samband med denne bøyingsklassa i § 59 nedanfor. Den morfologiske hovudinndelinga av substantiva skjer på grunnlag av skiljet mellom sterk og svak bøying. Allment er den sterke bøyinga formrik, den svake formfattig. I den substantiviske bøyinga kan vi meir presist seie at dei svake substantiva, t.d. granni m. ‘granne’, endar på trykklett vokal i alle kasus i eintal. Dei sterke substantiva endar derimot på konsonant i minst ein kasus i eintal, og alltid i genitiv. Hit høyrer t.d. hestr m. ‘hest’, genitiv hests. På det neste nivået kan substantiva inndelast på grunnlag av genus. Dette er i samsvar med inndelinga for moderne norsk og ei rekkje andre språk. Genus er ein ibuande kategori i substantivbøyinga. Eit substantiv har genus, og kan derfor ikkje bøyast i genus. I dei maskuline og feminine substantiva er det ikkje nok å skilje mellom sterk og svak bøying. Her må vi setje opp bøyingsklasser, og det skal vi gjere på grunnlag av endinga i akkusativ fleirtal. Såleis høyrer armr m. ‘arm’ til a-klassa (akk. pl. arma), gestr m. ‘gjest’ til i-klassa (akk. pl. gesti) og vǫllr m. ‘voll’ til uklassa (akk. pl. vǫllu). Desse klassene svarar til den tradisjonelle inndelinga etter det urnordiske stammesuffikset, dvs. i a-stammer, i-stammer, u-stammer osv. Men i fleire tilfelle byggjer den hevdvunne inndelinga etter stammesuffiks på former som ikkje lenger førekjem i norrønt, t.d. i dei feminine ō-stammene av

48

Kap. 4

typen mǫn f. ‘man’ (akk. pl. manar). Her skal vi heller tale om ar-klassa på grunnlag av endinga i akkusativ fleirtal, slik endinga er på det norrøne språksteget. Medlemene i dei enkelte klassene kallar vi typar; såleis er armr ein sterk maskulin a-type, gestr ein sterk maskulin i-type, mǫn ein sterk feminin ar-type osv. For kvar bøyingsklasse skal vi stille opp eitt eller fleire paradigme. Her står dei enkelte formene, deretter ordstrukturen (dvs. stamme + bøyingsending) og til slutt eventuelle reglar, med referanse til nummereringa i § 22–23. I-omlyd blir vist med eit plussteikn, t.d. r⁺, og u-omlyd med ein liten sirkel, t.d. r°.

Sterk bøying Sterke maskuline substantiv § 25 Inndeling. Dei sterke maskulina kan delast i fire hovudflokkar på grunnlag av endinga i akkusativ fleirtal: a-klassa, i-klassa, u-klassa og r-klassa. Den siste klassa har dessutan morfologisk i-omlyd. § 26 A-klassa (urn. a-stammer). I denne klassa endar dativ eintal på i utan iomlyd, og nominativ fleirtal på ar. Dei fleste sterke maskuline substantiv høyrer heime i denne klassa. Mange innlånte ord har hamna her, m.a. prestr m. ‘prest’. § 26.1 Reine a-typar (urn. reine a-stammer). Hit høyrer mange einstava maskuline substantiv med lang rotstaving, t.d. armr m. ‘arm’, bátr m. ‘båt’, dagr m. ‘dag’ (dat. sg. degi), dvergr m. ‘dverg’, fiskr m. ‘fisk’, heimr m. ‘heim’, hestr m. ‘hest’, kalfr m. ‘kalv’, leikr m. ‘leik’, ormr m. ‘orm’, prestr m. ‘prest’, ulfr m. ‘ulv’, vargr m. ‘varg’. I tillegg kjem substantiv med avleiingssuffiksa -angr/-ing/-ung og -leik, m.a. kaupangr m. ‘by’, víkingr m. ‘viking’, konungr m. ‘konge’ og kǽrleikr m. ‘kjærleik’.

sg. n. g. d. a.

armr arms armi arm

arm + r arm + s arm + i arm + –

pl. n. g. d. a.

armar arma ǫrmum arma

arm + ar arm + a arm + um arm + a

(1) u-omlyd

Substantivisk bøying

49

Merknader || 1. Enkelte ord har ikkje endinga -r i nominativ, t.d. biskup m. ‘biskop’ og personnamn som Magnús og Halfdan. || 2. Fleire ord har stammeutlyd på -r, t.d. akr m. ‘åker’, aldr m. ‘alder’, angr m. ‘anger’ og ‘fjord’, blómstr m. ‘blomster’, hafr m. ‘bukk’, forutan alle ord med avleiingssuffikset -angr, t.d. leiðangr m. ‘leidang’. Under bøyinga blir r ståande i desse orda, t.d. hafr – hafrs – hafri – hafr. || 3. Dativ eintal kan mangle ending, m.a. i ord med stammeutlyd på vokal, t.d. mó av mór m. ‘mo’ (men alltid ending i substantiv på -angr og -ungr).

Substantiv med avleiingssuffiksa -an/-in/-un, -al/-il/-ul og -ar/-ur blir modifiserte av ei rekkje reglar under bøyinga. Hit høyrer m.a. aptann m. ‘aftan’, hamarr m. ‘hamar’, himinn m. ‘himmel’, morginn el. morgunn m. ‘morgon’ (ofte med bortfall av g, dat. sg. morni), jǫtunn m. ‘jøtul’, þumall m. ‘tommel’, þistill m. ‘tistel’, djǫfull m. ‘djevel’ og jǫfurr m. ‘fyrste’. Jf. bøyinga av aptann m.:

sg. n. g. d. a.

aptann aptans aptni aptan

aptan + r aptan + s aptan + i aptan + –

(2) assimilasjon

pl. n. g. d. a.

aptnar aptna ǫptnum aptna

aptan + ar aptan + a aptan + um aptan + a

(14) vokalbortfall (14) vokalbortfall (1) u-omlyd + (14) vok.bortfall (14) vokalbortfall

(14) vokalbortfall

§ 26.2 A-typar med i-innskot (urn. ija-stammer). Nokre langstava ord i a-klassa har stammeutlyd på trykklett i, t.d. hirðir m. ‘gjætar’. Ved kontraksjon etter regel (6) fell denne vokalen bort framfor endingar som byrjar på vokal, t.d. *hirði + ar → hirðar. Bøyinga er då:

sg. n. g. d. a.

hirðir hirðis hirði hirði

hirði + r hirði + s hirði + i hirði + –

pl. n. g. d. a.

hirðar hirða hirðum hirða

hirði + ar hirði + a hirði + um hirði + a

(6) kontraksjon

(6) kontraksjon (6) kontraksjon (6) kontraksjon (6) kontraksjon

50

Kap. 4

I tillegg til at desse orda har lang rotstaving, har dei (med få unntak) fremre rotvokal, m.a. hellir m. ‘heller, berghole’, hersir m. ‘herse’, lǽknir m. ‘lækjar’, forutan personnamn som Skírnir og Sverrir. § 26.3 A-typar med j- og v-innskot (urn. ja- og wa-stammer). Nokre ganske få atypar har j-innskot, m.a. niðr m. ‘slektning’, og nokre fleire v-innskot, m.a. sǫngr m. ‘song’, snjór m. ‘snø’ og sǽr m. ‘sjø’. Dei to sistnemnde har genitiv eintal på -ar. Innskota følgjer regel (19) og (20), som vist i § 23 (s. 44–45). § 27 I-klassa (urn. i-stammer). I denne klassa har dativ eintal ikkje ending, medan nominativ fleirtal endar på -ir. Mange i-typar har fått ny rotvokal som følgje av iomlyden, t.d. gestr m. ‘gjest’, lýðr m. ‘folk’ og veggr m. ‘vegg’. Andre ord er ikkje omlydde, t.d. sauðr m. ‘sau’ og staðr m. ‘stad’. § 27.1 Reine i-typar. Hit høyrer både dei substantiva som har genitiv på -s og på -ar, forutan nokre som kan ha begge endingane.

sg. n. g. d. a.

gestr gests gest gest

gest + r gest + s gest + – gest + –

vinr vinar vin vin

vin + r vin + ar vin + – vin + –

pl. n. g. d. a.

gestir gesta gestum gesti

gest + ir gest + a gest + um gest + i

vinir vina vinum vini

vin + ir vin + a vin + um vin + i

Blant dei som har genitiv på -s, er bulr m. ‘kropp’, gestr m. ‘gjest’, hamr m. ‘ham’, lýðr m. ‘folk’ og svanr m. ‘svane’. Andre har genitiv på -ar, t.d. fundr m. ‘møte’, hlutr m. ‘lott, del’, hugr m. ‘hug, sinn’, matr m. ‘mat’, munr m. ‘monn’, salr m. ‘sal’, sauðr m. ‘sau’, staðr m. ‘stad’ og vinr m. ‘ven’. Atter andre kan ha både -s og -ar i genitiv, t.d. og bekkr m. ‘benk’ el. ‘bekk’ og veggr m. ‘vegg’ (begge med j-innskot). § 27.2 I-typar med j-innskot. Dei i-typane som endar på velar konsonant, dvs. -g eller -k, får j-innskot etter regel (19), m.a. bekkr m. ‘benk’ el. ‘bekk’, belgr m. ‘belg’, drengr m. ‘mann’, drykkr m. ‘drikk’, elgr m. ‘elg’, hryggr m. ‘rygg’, leggr m. ‘legg’, sekkr m. ‘sekk’. Dette gjeld også ved stammeutlyd på vokal, bǿr m. ‘hus, gard, by’. Nokre kortstava i-typar med fremre rotvokal får òg j-innskot, m.a. byrr m. ‘vind, bør’, dynr m. ‘drønn’, hylr m. ‘elvehøl’, kylr m. ‘kulde’ og vefr m. ‘vev’.

Substantivisk bøying

51

§ 28 U-klassa (urn. u-stammer). I denne klassa endar dativ eintal på -i med iomlyd, og nominativ fleirtal på -ir. På grunn av i- og u-omlyd blir stamma i desse substantiva realisert med inntil tre ulike rotvokalar.

sg. n. g. d. a.

vǫllr vallar velli vǫll

vall + r° vall + ar vall + i⁺ vall + –°

(18) u-omlyd

pl. n. g. d. a.

vellir valla vǫllum vǫllu

vall + ir⁺ vall + a vall + um vall + u

(13) i-omlyd

(13) i-omlyd (18) u-omlyd

(1) u-omlyd (1) u-omlyd

Ei rekkje ord høyrer heime i u-klassa, mange av dei med rotvokalen a, som vekslar med ǫ i nominativ eintal. Forutan vǫllr m. ‘voll’ er det m.a. áss m. ‘ås, gud’, bǫlkr m. ‘bolk’, bǫllr m. ‘ball’, friðr m. ‘fred’, gǫltr m. ‘galt’, háttr m. ‘måte, slag’, limr m. ‘lem’, litr m. ‘farge’, lǫgr m. ‘væske, sjø’, knǫrr m. ‘knarr, skip’, réttr m. ‘rett’, spánn m. ‘spon’, tigr m. ‘mengd av ti’, þáttr m. ‘tått, stykke’, verðr m. ‘måltid’, viðr m. ‘skog’, vǫndr m. ‘kvist’, vǫrðr m. ‘vakt’, vǫttr m. ‘vott’, vǫxtr m. ‘vokster’ og ǫrn m. ‘ørn’. Merknader || 1. I akkusativ fleirtal kunne den opphavlege endinga -u etter kvart skifte med -i med tilhøyrande i-omlyd. || 2. Substantivet sonr m. ‘son’ har mange sideformer: son(r)/sun(r) – sonar/sunar – søni/syni – son/sun; sønir/synir – sona/suna – sonum/sunum – sonu/sunu/søni/syni.

Ord med avleiingssuffikset -nað manglar vanlegvis u-omlyd i nominativ og akkusativ eintal og har alltid endinga -i i akkusativ fleirtal:

sg. n. g. d. a.

fagnaðr el. fǫgnuðr fagnaðar fagnaði fagnað el. fǫgnuð

fagnað + r/r° fagnað + ar fagnað + i fagnað + –/–°

pl. n. g. d. a.

fagnaðir fagnaða fǫgnuðum fagnaði

fagnað + ir fagnað + a fagnað + um fagnað + i

52

Kap. 4

Ekstra komplisert er bøyinga i ord der rotstavinga er broten, dvs. innleidd med halvvokalen j, t.d. fjǫrðr m. ‘fjord’, mjǫðr m. ‘mjød’, hjǫrtr m. ‘hjort’, skjǫldr m. ‘skjold’. I urnordisk hadde desse orda rotvokalen e (§ 16), men på det norrøne språksteget skal vi rekne at dei hadde rotvokalen a. I så fall kan bøyinga stillast opp på denne måten:

sg. n. g. d. a.

fjǫrðr fjarðar firði fjǫrð

fjarð + r° fjarð + ar fjarð + i⁺ fjarð + –°

(18) u-omlyd

pl. n. g. d. a.

firðir fjarða fjǫrðum fjǫrðu

fjarð + ir⁺ fjarð + a fjarð + um fjarð + u

(13) i-omlyd + (7) j-bortfall

(13) i-omlyd + (7) j-bortfall (18) u-omlyd

(1) u-omlyd (1) u-omlyd

§ 29 R-klassa (urn. rotsubstantiv og r-stammer). Denne klassa er kjenneteikna ved at substantiva i fleirtal har i-omlyd og endinga -r i nominativ og akkusativ. I eintal blir r-typane bøygde som sterke a- eller u-typar. § 29.1 Reine r-typar (urn. rotsubstantiv). Nokre få, men frekvente maskuline substantiv høyrer til denne klassa.

sg. n. g. d. a.

nagl nagls nagli nagl

nagl + r nagl + s nagl + i nagl + –

(2) assimil. + (4) forkort.

sg. n. g. d. a.

negl nagla nǫglum negl

nagl + r⁺ nagl + a nagl + um nagl + r⁺

(17) i-omlyd + (2) + (4) (1) u-omlyd (17) i-omlyd + (2) + (4)

Substantiva nagl m. ‘nagl’ og maðr m. ‘mann’ har eintalsbøying som a-typane, dvs. med genitiv på -s og ingen omlyd i dativ. Det sistnemnde ordet blir bøygd slik: maðr – manns – manni – mann; menn – manna – mǫnnum – menn.

Substantivisk bøying

sg. n. g. d. a.

fótr fótar fǿti fót

fót + r fót + ar fót + i⁺ fót + –

pl. n. g. d. a.

fǿtr fóta fótum fǿtr

fót + r⁺ fót + a fót + um fót + r⁺

53

(17) i-omlyd

(17) i-omlyd (1) u-omlyd (17) i-omlyd

Substantiva fótr m. ‘fot’, fingr m. ‘finger’ og vetr m. ‘vinter’ har eintalsbøying som u-typane, dvs. med genitiv på -ar og i-omlyd i dativ. I dei to siste orda høyrer r til stamma. § 29.2 To slektskapsord (urn. r-stammer). Til r-klassa reknar vi også to ord med avvikande bøying i eintal, faðir m. ‘far’ og bróðir m. ‘bror’. Desse kan få fullstendig samanfall i oblike kasus i eintal, og dei har gjennomført i-omlyd i heile fleirtal.

sg. n. g. d. a.

faðir fǫður feðr/fǫður fǫður

fað + ir fað + ur fað + r⁺/ur fað + ur

(1) u-omlyd (17) i-omlyd / (1) u-omlyd (1) u-omlyd

pl. n. g. d. a.

feðr feðra feðrum feðr

fað + r⁺ fað + ra⁺ fað + rum⁺ fað + r⁺

(17) i-omlyd (17) i-omlyd (17) i-omlyd (17) i-omlyd

Sterke feminine substantiv § 30 Inndeling. Dei sterke feminine substantiva kan delast i tre hovudflokkar, arklassa, ir-klassa og r-klassa. Dei to første klassene skil seg berre med omsyn til endinga i nominativ og akkusativ fleirtal, der ar-typane har -ar, ir-typane -ir. I dei same formene har r-typane i-omlyd og endinga -r. Mange substantiv har vore på vandring mellom dei tre klassene, stort sett slik at ord frå ar-klassa har gått over til ir-klassa eller r-klassa.

54

Kap. 4

§ 31 Ar-klassa (urn. ō-stammer). Felles for alle orda i ar-klassa er at dei har endinga -ar i nominativ og akkusativ fleirtal. § 31.1 Ar₁-typar (urn. reine ō-stammer). Orda i ar₁-klassa har morfologisk uomlyd i heile eintal, bortsett frå i genitiv. Men berre nokre få ord har rotvokalen a, slik at u-omlyden stort sett ikkje blir utløyst.

sg. n. g. d. a.

mǫn manar mǫn mǫn

man + –° man + ar man + –° man + –°

pl. n. g. d. a.

manar mana mǫnum manar

man + ar man + a man + um man + ar

(18) u-omlyd (18) u-omlyd (18) u-omlyd

(1) u-omlyd

Som mǫn f. ‘man, faks’ går m.a. á f. ‘elv’, kleif f. ‘kleiv, bratt bakke’, kví f. ‘kve, inngjerding’, rauf f. ‘hol’ og reim f. ‘reim’. Hokjønnsord med avleiingssuffiksa -ing og -ung høyrer alltid til ar-klassa, t.d. dróttning f. ‘dronning’, fylking f. ‘fylking’ og háttung f. ‘fare’. Desse orda har alltid endinga -u i dativ eintal. Merknader || 1. I tillegg til dei på -ing og -ung kan også nokre andre ar-typar få endinga -u i dativ eintal, t.d. hlið f. ‘side’, laug f. ‘bad, kjelde’ og ull f. ‘ull’. || 2. Enkelte ord har stammeutlyd på -r, m.a. fjǫðr f. ‘fjør’. Her blir r ståande under bøyinga, t.d. fjǫðr – fjaðrar – fjǫðr – fjǫðr. || 3. Mange ar-typar kan også få -ir i nominativ og akkusativ fleirtal, m.a. fǫr f. ‘reise’, gjǫf f. ‘gåve’, leið f. ‘ferd’, sǫk f. ‘sak’ og vél f. ‘knep’.

§ 31.2 Ar₂-typar (urn. ijō-stammer). Ei viktig undergruppe av ar-klassa har sterkt avvikande bøying i eintal. Nominativ endar på -r, noko som elles berre førekjem i maskuline substantiv, og dativ og akkusativ endar på -i. Her brukar vi nemninga ar₂-klassa om desse substantiva, og fører opp ermr f. ‘erme’ som døme:

sg. n. g. d. a.

ermr ermar ermi ermi

erm + r erm + ar erm + i erm + i

pl. n. g. d. a.

ermar erma ermum ermar

erm + ar erm + a erm + um erm + ar

Substantivisk bøying

55

Orda i ar₂-klassa er langstava og har med få unntak i-omlyd. Hit høyrer m.a. eyrr f. ‘sandøyr’, gunnr f. ‘kamp’, gýgr f. ‘jotunkvinne’, heiðr f. ‘hei’, helgr f. ‘helg’, herðr f. ‘skulder’, merr f. ‘hoppe’, mýrr f. ‘myr’, veiðr f. ‘jakt’ og øx f. ‘øks’. § 31.3 Ar-typar med j-innskot (urn. jō-stammer og tre av ijō-stammene). Nokre ar₁-typar har j-innskot og endinga -u i dativ eintal, m.a. ey f. ‘øy’, egg f. ‘egg’ og hel f. ‘hel, dødsrike’. Hit høyrer også mǽr f. ‘møy’, som har bøyinga mǽr (mey) – meyjar – mey(ju) – mey; meyjar – meyja – meyjum – meyjar. Ein del ar₁-typar har j-innskot, men ikkje endinga -u i dativ eintal, m.a. ben f. ‘sår’, dys f. ‘gravhaug’, eng f. ‘eng’, fit f. ‘flat eng ved vatn’, il f. ‘fotsåle’, skyn f. ‘skjøn’ og syn f. ‘nekting’. Blant ar₂-typane er det tre ord som har j-innskot, gýgr f. ‘jotunkvinne’, rýgr f. ‘kvinne’ og ylgr f. ‘houlv’. For alle orda gjeld det at innskotet følgjer regel (19). § 31.4 Ar-typar med v-innskot (urn. wō-stammer). Nokre få ar₁-typar har vinnskot etter regel (20), m.a. ǫr f. ‘pil’, dǫgg f. ‘dogg’ og stǫð f. ‘stø’. Dei kan også få endinga -u i dativ eintal, t.d. ǫru. § 32 Ir-klassa (urn. i-stammer). Også denne klassa har morfologisk u-omlyd i eintal. Men det er få ord som har rotvokalen a, slik at u-omlyden stort sett er fråverande, som t.d. i bǿn f. ‘bøn’. Nominativ og akkusativ fleirtal har som før nemnt endinga -ir.

sg. n. g. d. a.

bǿn bǿnar bǿn bǿn

bǿn + – bǿn + ar bǿn + – bǿn + –

pl. n. g. d. a.

bǿnir bǿna bǿnum bǿnir

bǿn + ir bǿn + a bǿn + um bǿn + ir

Hit høyrer mange av dei einstava feminine substantiva, m.a. ást f. ‘kjærleik’, átt/ǽtt f. ‘ætt’, ferð f. ‘ferd’, hjǫlp f. ‘hjelp’, hlíð f. ‘li’, mjǫðm f. ‘hofte, mjødm’, sátt/sǽtt f. ‘forlik’, sjón/sýn f. ‘syn’, sótt f. ‘sjukdom’ og tíð f. ‘tid’. Til liks med ar-typane kan enkelte ir-typar ha endinga -u i dativ eintal. Dette gjeld mange frekvente ord, m.a. borg f. ‘borg, by’, braut f. ‘veg’, gipt f. ‘gåve’, hurð f. ‘dør, dørblad’, hǫll f. ‘hall’, jǫrð f. ‘jord’, rǫdd f. ‘røyst, stemme’, sól f. ‘sol’, sál f. ‘sjel’, ván f. ‘von, håp’, vist f. ‘opphald, niste’, ǫld f. ‘tidsalder’.

56

Kap. 4

Til ir-typane høyrer også tostava ord av typen skipan f. ‘ordning’. Dei kan få morfologisk u-omlyd i nominativ, dativ og akkusativ eintal, eller dei kan ved analogi få former utan u-omlyd i heile eintal. Bøyinga blir anten skipan – skipanar – skipan – skipan eller skipun – skipanar – skipun – skipun i eintal og skipanir – skipana – skipunum – skipanir i fleirtal. § 33 R-klassa (urn. rotsubstantiv og r-stammer). Denne klassa er kjenneteikna ved at dei i fleirtal har i-omlyd og endinga -r i nominativ og akkusativ fleirtal. I eintal blir dei bøygde som feminine ar- og ir-typar. § 33.1 Reine r-typar (urn. rotsubstantiv). Mange frekvente feminine substantiv høyrer hit. Nokre har rotvokalen a og får u-omlyd i eintal, m.a. strǫnd f. ‘strand’, hǫnd f. ‘hand’ (dat. sg. hendi), stǫng f. ‘stang’, tǫnn f. ‘tann’ og ǫnd f. ‘and’. Resten av r-typane har andre rotvokalar: bót f. ‘bot’, brók f. ‘bukse’, gás f. ‘gås’, kló f. ‘klo’, mús f. ‘mus’, syll f. ‘sville, bjelke’, tá f. ‘tå’ og veit f. ‘grøft’. Berre fleirtal har dyrr f.pl. (også n.pl.) ‘døropning’ og ertr f.pl. ‘erter’.

sg. n. g. d. a.

strǫnd strandar strǫnd strǫnd

strand+ –° strand+ ar strand+ –° strand+ –°

(18) u-omlyd

pl. n. g. d. a.

strendr stranda strǫndum strendr

strand+ r⁺ strand+ a strand+ um strand+ r⁺

(17) i-omlyd

(18) u-omlyd (18) u-omlyd

(1) u-omlyd (17) i-omlyd

Fleire r-typar kan også ha endinga -r i genitiv eintal, til dels med i-omlyd. Hit høyrer m.a. bók f. ‘bok’ (gen. sg. bókar el. bǿkr), grind f. ‘grind’ (gen. sg. grindar el. grindr), mjǫlk f. ‘mjølk’ (gen. sg. mjǫlkr), mǫrk f. ‘vekteininga mark’ (gen. sg. merkr), nátt f. ‘natt’ (gen. sg. náttar el. nǽtr), sǽng f. ‘seng’ (gen. sg. sǽngar el. sǽngr), tǫng f. ‘tang’ (gen. sg. tangar el. tengr), ǫlpt f. ‘svane’ (gen. sg. alptar el. elptr) og ǫrk f. ‘kiste’ (gen. sg. arkar el. erkr). Ein del r-typar viser tilknyting til ir-klassa og har alternativ ending -ir utan iomlyd i nominativ og akkusativ fleirtal, m.a. strǫnd (strendr el. strandir), stǫng (stengr el. stangir), ǫlpt (elptr el. alptir). Til r-klassa reknar vi også tre ord i eigen bås; det er kýr f. ‘ku’ (rot: kú), sýr f. ‘sugge’ (rot: sú) og ǽr f. ‘søye’ (rot: á). Desse skil seg ut ved å ha i-omlyd og endinga -r jamvel i nominativ eintal. Dermed får dei samanfall mellom eintal og

Substantivisk bøying

57

fleirtal i nominativ. Bøyinga blir då kýr – kýr – kú – kú i eintal og kýr – kúa – kúm – kýr i fleirtal, og ǽr – ǽr – á – á i eintal og ǽr – á – ám – ǽr i fleirtal. Merk utslaga av regel (6), *kú + um → kúm i dativ fleirtal og *á + a → á i genitiv fleirtal. § 33.2 Tre slektskapsord (urn. r-stammer). Endeleg reknar vi tre slektskapsord til r-klassa, nemleg móðir f. ‘mor’, dóttir f. ‘dotter’ og systir f. ‘syster’. Desse kan få fullstendig samanfall i oblike kasus i eintal, og dei har i-omlyd i heile fleirtal. I dativ eintal kan dei også få same form som i nominativ og akkusativ fleirtal.

sg. n. g. d. a.

móðir móður mǿðr/móður móður

móð + ir móð + ur móð + r⁺/ur móð + ur

(1) u-omlyd (17) i-omlyd / (1) u-omlyd (1) u-omlyd

pl. n. g. d. a.

mǿðr mǿðra mǿðrum mǿðr

móð + r⁺ móð + ra⁺ móð + rum⁺ móð + r⁺

(17) i-omlyd (17) i-omlyd (17) i-omlyd (17) i-omlyd

Sterke nøytrale substantiv § 34 Inndeling. Det er berre ei klasse av sterke nøytrale substantiv. Her blir nominativ og akkusativ fleirtal danna utan noka bøyingsending (null-ending). Elles er det slektskap med dei maskuline a-typane, bortsett frå at nominativ ikkje har endinga -r og dativ alltid har endinga -i. § 35 Null-typar (urn. a-stammer). Null-typane er kjenneteikna ved fråværet av fleirtalsending, t.d. hús (sg.) ~ hús (pl.). Slik er det framleis i moderne norsk, men i motsetnad til nynorsk har bokmål fleirtalsending i fleirstava substantiv, t.d. hus (sg.) ~ hus (pl.) vs. eple (sg.) ~ epler (pl.). I norrønt blir fleirtal markert med morfologisk u-omlyd, t.d. barn (sg.) ~ bǫrn (pl.) Dette ordet kan framleis ha slik bøying i nynorsk, barn ~ born. § 35.1 Reine null-typar (urn. a-stammer). Hit høyrer fleire substantiv som har rotvokalen a, slik at det oppstår ei veksling mellom a i eintal og ǫ i fleirtal, t.d. barn ~ bǫrn og vatn ~ vǫtn. I ord med annan rotvokal kjem u-omlyden ikkje til uttrykk, som t.d. hús n. ‘hus’, dýr n. ‘dyr’ eller lið .n. ‘flokk, følgje’.

58

Kap. 4

sg. n. g. d. a.

land lands landi land

land + – land + s land + i land + –

pl. n. g. d. a.

lǫnd landa lǫndum lǫnd

land + –° land + a land + um land + –°

(18) u-omlyd (1) u-omlyd (18) u-omlyd

Som land n. ‘land’ blir mange nøytra bøygde, m.a. bak n. ‘rygg’, barn n. ‘barn’, dýr n. ‘dyr’, fjall n. ‘fjell’, goð n. ‘heiden gud’, hús n. ‘hus’, nafn n. ‘namn’, orð n. ‘ord’, tal n. ‘tal’, þak n. ‘tak’ og vatn n. ‘vatn’. Ord med avleiingssuffiksa -al, -an, -ar, -að, -uð og -in høyrer også hit: óðal n. ‘odel’, gaman n. ‘gaman, moro’, sumar n. ‘sommar’, herað n. ‘herad’, hǫfuð n. ‘hovud’ og megin n. ‘styrke’. Merk vokalbortfall etter regel (14), t.d. sumri (dat. sg.) og u-omlyd etter regel (18), sumur (nom. pl.). § 35.2 Null-typar med i-innskot (urn. ija-stammer). Nokre sterke nøytra har stammeutlyd på trykklett i, t.d. kvǽði n. ‘kvede’. Ved kontraksjon etter regel (6) fell denne vokalen bort framfor endingar som byrjar på vokal, t.d. *kvǽði + um → kvǽðum. Elles er bøyinga den same som for dei reine null-typane:

sg. n. g. d. a.

kvǽði kvǽðis kvǽði kvǽði

kvǽði + – kvǽði + s kvǽði + i kvǽði + –

pl. n. g. d. a.

kvǽði kvǽða kvǽðum kvǽði

kvǽði + – kvǽði + a kvǽði + um kvǽði + –

(6) kontraksjon

(6) kontraksjon (6) kontraksjon

Hit høyrer ein del to- eller fleirstava substantiv med fremre rotvokal, m.a. dǿmi n. ‘døme’, enni n. ‘panne’, erfiði n. ‘arbeid’ og erendi n. ‘ærende’. Ettersom orda har fremre rotvokal, blir ikkje u-omlyden utløyst i dativ fleirtal. § 35.3 Null-typar med j-innskot (urn. ja-stammer og ija-stammer på velar konsonant). Ei rekkje ord har j-innskot etter regel (19), m.a. egg n. ‘egg’, fen n. ‘myr’,

Substantivisk bøying

59

flet n. ‘golv’, kyn n. ‘slekt’, men n. ‘smykke’, nef n. ‘nase’, nes n. ‘nes’, net n. ‘nett’, sel n. ‘sel, seter’. Ei særskilt gruppe med velar konsonant, dvs. g og k, får j-innskot, t.d. engi n. ‘eng’, fylki n. ‘flokk, fylke’, merki n. ‘merke’ og ríki n. ‘rike’. Her reknar vi at stamma endar på -i, slik som i typen kvǽði (§ 35.2), men at vokalen fell i samanstøyt med j, t.d. *engi + j + um → engjum. Bøyinga blir dermed engi – engis – engi – engi; engi – engja – engjum – engi. § 35.4 Null-typar med v-innskot (urn. wa-stammer). Hit høyrer m.a. frǽ el. frjó n. ‘frø’, hǫgg n. ‘hogg’, kjǫt n. ‘kjøt’, mjǫl n. ‘mjøl’, smjǫr n. ‘smør’ og ǫl n. ‘øl’. Innskotet skjer i samsvar med regel (20).

Svak bøying Svake maskuline substantiv § 36 Inndeling. Det er to grupper av svake maskuline substantiv, a-klassa og rklassa. Eintalsbøyinga er lik, men r-klassa har gjennomført i-omlyd i fleirtal. Alle substantiv med svak bøying endar på trykklett vokal i heile eintal, forutan at dei jamt over har færre ulike former enn substantiv med sterk bøying. § 37 A-klassa (urn. an-stammer). I eintal endar alle oblike kasus på trykklett -a. Fleirtalsbøyinga er derimot i samsvar med dei sterke maskuline a-typane. § 37.1 Reine a-typar (urn. reine an-stammer). Hit høyrer mange fleirstava substantiv, m.a. granni m. ‘granne, nabo’, bani m. ‘bane, død, drapsmann’, bardagi m. ‘strid’, bogi m. ‘boge’, máni m. ‘måne’, tími m. ‘tid’. Ord med avleiingssuffikset -ar høyrer òg heime her, m.a. dómari m. ‘dommar’, leikari m. ‘gjøglar’ og skapari m. ‘skapar’.

sg. n. g. d. a.

granni granna granna granna

grann + i grann + a grann + a grann + a

pl. n. g. d. a.

grannar granna grǫnnum granna

grann + ar grann + a grann + um grann + a

(1) u-omlyd

60

Kap. 4

Merknader || 1. Nokre innlånte ord frå gammalengelsk, t.d. síra og herra, har endinga -a i heile eintal. || 2. Ordet uxi m. ‘okse’ har desse formene i fleirtal: yxn – yxna – yxnum – yxn. || 3. Eitt ord har maskulin genus (grammatisk kjønn), men feminin sexus (naturleg kjønn), nemleg Skaði prop., kona til vaneguden Njǫrðr (Njord).

§ 37.2 A-typar med j-innskot (urn. jan-stammer). Nokre a-typar har j-innskot etter regel (19), m.a. vili m. ‘vilje’, erfingi m. ‘arving’ og illvirki m. ‘ugjerningsmann’. Her står j i alle former utanom nominativ eintal, t.d. vili – vilja – vilja – vilja; viljar – vilja – viljum – vilja. § 37.3 A-typar med v-innskot (urn. wan-stammer). Nokre ganske få a-typar har v-innskot etter regel (20), m.a. mǫskvi m. ‘maske’ og nǫkkvi m. ‘båt’. § 38 R-klassa (urn. nd-stammer). I denne klassa endar alle oblike kasus i eintal på trykklett -a, men fleirtalsbøyinga følgjer dei sterke r-typane. Dei svake r-typane er opphavleg substantiverte presens partisipp, t.d. elska vb. ‘elske’ → elskandi m. ‘elskar’. Alle orda i denne klassa har stammeutlyd på -nd. Hit høyrer m.a. bóndi el. búandi m. ‘bonde’, dómandi m. ‘dommar’, frǽndi m. ‘frende, ven’ og fjándi m. ‘fiende’. Merk at i-omlyden berre verkar på avleiingssuffikset -and, ikkje på rotstavinga i desse orda. Dermed får dómandi m. fleirtalsforma dómendr (ikkje *dǿmendr) og búandi m. får búendr (ikkje *býendr) i fleirtal. Vi reknar med at fleirstava ord i denne klassa hadde primærtrykk på den første stavinga og sekundærtrykk på den andre, ˈelsk-ˌand-i (jf. § 13).

sg. n. g. d. a.

elskandi elskanda elskanda elskanda

elskand + i elskand + a elskand + a elskand + a

pl. n. g. d. a.

elskendr elskanda elskǫndum elskendr

elskand + r⁺ elskand + a elskand + um elskand + r⁺

(17) i-omlyd (1) u-omlyd (17) i-omlyd

Svake feminine substantiv § 39 Inndeling. Dei svake feminine substantiva fell i to flokkar, ur-klassa og iklassa. Den første klassa er klart den største, medan i-klassa berre omfattar ei mindre gruppe, avleidd av adjektiv, t.d. gleði f. ‘glede’ av glaðr adj. ‘glad’.

Substantivisk bøying

61

§ 40 Ur-klassa (urn. ōn-stammer). Orda i denne klassa har samanfallande endingar i dei tre oblike kasus. U-omlyden gjer stort utslag i ord med rotvokalen a, som t.d. saga f. ‘soge’, men er ikkje synleg i ord med andre rotvokalar. § 40.1 Reine ur-typar (urn. reine ōn-stammer). Hit høyrer m.a. brenna f. ‘brenning’, dúfa f. ‘due’, fjara f. ‘fjøre’, fluga f. ‘fluge’, hrǽzla f. ‘redsle’, kerra f. ‘kjerre’, ótta f. ‘otte, dagrenning’, stjarna f. ‘stjerne’, tunga f. ‘tunge’ og vika f. ‘veke’.

sg. n. g. d. a.

saga sǫgu sǫgu sǫgu

sag + a sag + u sag + u sag + u

pl. n. g. d. a.

sǫgur sagna sǫgum sǫgur

sag + ur sag + na sag + um sag + ur

(1) u-omlyd (1) u-omlyd (1) u-omlyd (1) u-omlyd (1) u-omlyd (1) u-omlyd

Merknader || 1. Ordet kona f. ‘kone, kvinne’ har forma kvenna i genitiv fleirtal. || 2. Nokre få urtypar har maskulin sexus, t.d. mannsnamna Ella og Sturla.

§ 40.2 Ur-typar med j-innskot (urn. jōn-stammer). Ein del ord har gjennomført j-innskot etter regel (19), m.a. brynja f. ‘brynje’, bylgja f. ‘bylgje’, drykkja f. ‘drikk, drikking’, kirkja f. ‘kyrkje’, rekkja f. ‘seng’ og smiðja f. ‘smie’. Dei orda som har stammeutlyd på -g eller -k, får den regelrette endinga -na i genitiv fleirtal, t.d. bylgna av bylgja f. og rekkna av rekkja f. Dei som har stammeutlyd på andre konsonantar, får berre -a i genitiv fleirtal, t.d. brynja av brynja f. og smiðja av smiðja f. § 40.3 Ur-typar med v-innskot (urn. wōn-stammer). Nokre få ord har v-innskot etter regel (20), m.a. vǫlva f. ‘trollkvinne’ og slǫngva f. ‘slynge’. § 41 I-klassa (urn. īn-stammer). Denne klassa omfattar hovudsakleg abstrakte ord som vantar numerusbøying.

sg. n. g. d. a.

speki speki speki speki

spek + i spek + i spek + i spek + i

62

Kap. 4

I denne klassa har jamvel nominativ og dei oblike kasus falle saman, slik at resultatet er ei bøyingsklasse utan bøying. Hit høyrer m.a. blindi f. ‘blindskap’, elli f. ‘alder’, fýsi f. ‘lyst’, gleði f. ‘glede’, mǿði f. ‘trøyttleik’, speki f. ‘visdom’ og ǽvi f. ‘æve’. Enkelte ord knyter seg til andre klasser, m.a. kan frǿði f. ‘kunnskap’ og kristni f. ‘kristendom’ få genitivsendinga -s til liks med nøytrale substantiv av typen kvǽði (§ 35.2). Ordet fiski f. ‘fiske’ har genitivsforma fiskjar.

Svake nøytrale substantiv § 42 Inndeling. Det er berre ei gruppe av svake nøytrale substantiv. Her blir akkusativ (og nominativ) fleirtal danna med endinga -u og tilhøyrande u-omlyd. § 43 U-klassa (urn. an-stammer). Til liks med andre svake substantiv endar heile eintal på trykklett vokal. Fleirtalsbøyinga minner derimot om dei sterke nøytrale substantiva, bortsett frå at -u framleis står i nominativ og akkusativ fleirtal.

sg. n. g. d. a.

hjarta hjarta hjarta hjarta

hjart + a hjart + a hjart + a hjart + a

pl. n. g. d. a.

hjǫrtu hjartna hjǫrtum hjǫrtu

hjart + u hjart + na hjart + um hjart + u

(1) u-omlyd (1) u-omlyd (1) u-omlyd

Til denne bøyingsklassa høyrer berre nokre få ord, mange av dei for kroppsdelar: auga n. ‘auga’, eyra n. ‘øyre’, hjarta n. ‘hjarta’, lunga n. ‘lunge’, nýra n. ‘nyre’ og ǫkla n. ‘okle, ankel’.

Samla oversyn over substantivbøyinga § 44 Skjema. Den tabellariske oppstillinga på neste side gjev eit oversyn over alle substantivklassene, medan fig. 4:1 og 4:2 på sida deretter viser bøyingsendingane i kvar klasse. Her markerer plussteikn morfologisk i-omlyd (regel 17), t.d. negl av nagl, medan morfologisk u-omlyd (regel 18), t.d. lǫnd av land, er markert med ein liten sirkel. Fonologisk u-omlyd (regel 1) er derimot ikkje markert.

Substantivisk bøying

63

Sterk bøying MASKULINE

FEMININE

NØYTRALE

a-klassa [1] reine: armr, aptann nokre j- og v-innskot

ar-klassa [1] ar₁: mǫn nokre j- og v-innskot

null-klassa [1] reine: land nokre j- og v-innskot

[2] i-utlyd: hirðir

[2] ar₂: ermr nokre j-innskot

[2] i-utlyd: kvǽði nokre j-innskot

i-klassa gestr, vinr nokre j-innskot

ir-klassa bǿn, skipan

u-klassa vǫllr, fagnaðr, fjǫrðr r-klassa [1] reine: nagl, fótr

r-klassa [1] reine: strǫnd, kýr

[2] slektskapsord: faðir

[2] slektskapsord: móðir

Svak bøying MASKULINE

FEMININE

NØYTRALE

a-klassa granni nokre j- og v-innskot

ur-klassa saga nokre j- og v-innskot

u-klassa hjarta

r-klassa elskandi

i-klassa speki

64

Kap. 4

Fig. 4:1 og 4:2 Den sterke og den svake substantivbøyinga

5 Gradbøying

Omfang og typologi § 45 Ordklasser og kategoriar. Gradbøyinga omfattar to ordklasser, adjektiv og adverb. I begge ordklassene kan orda bøyast i tre grader, positiv, komparativ og superlativ. Enkelte adjektiv og adverb har berre komparativ- og superlativformer. Adverba blir ikkje bøygde på annan måte enn i grad. I § 52 skal vi sjå at adjektiva også får endingar for bestemtheit (dvs. sterk vs. svak bøying), kasus, numerus og genus. Desse kjem i tillegg til gradbøyingsendingane, og det er derfor praktisk å starte med gradbøyinga. § 46 Hovudtypar. På grunnlag av dei to faktorane stammeskifte og i-omlyd kan vi stille opp tre hovudtypar av gradbøying:

positiv 1 stamme 2 stamme 3 stamme

komparativ

superlativ

stamme + ar stamme + r + i-omlyd ny stamme + r

stamme + ast stamme + st + i-omlyd ny stamme + st

Dei tre adjektiva spakr ‘klok’ (stamme: spak), langr ‘lang’ (stamme: lang) og illr ‘vond’ (stamme: ill og ver) viser korleis nye stammer blir danna i komparativ og superlativ:

positiv 1 spak 2 lang 3 ill

komparativ

superlativ

spak + ar → spakar leng + r → lengr ver + r → verr

spak + ast → spakast leng + st → lengst ver + st → verst

Adverba får ikkje andre endingar enn gradsendingane, som t.d. opt ‘ofte’:

positiv

komparativ

superlativ

1 opt + – → opt

opt + ar → optar

opt + ast → optast

66

Kap. 5

For adjektiva kjem bøyingsendingane for bestemtheit, kasus, numerus og genus i tillegg til dei enkelte stammene. Det er vanleg å stille opp gradbøyinga med bøyingsendingane for sterk nominativ eintal maskulinum. Denne endinga er -r i positiv og superlativ, og -i i komparativ. Paradigmet blir då som følgjer:

positiv 1 spak + r → spakr 2 lang + r → langr 3 ill + r → illr

komparativ

superlativ

spakar + i → spakari lengr + i → lengri verr + i → verri

spakast + r → spakastr lengst + r → lengstr verst + r → verstr

Bøyingstypar § 47 Bøying med -ar og -ast. Dei fleste adjektiv og adverb blir bøygde etter dette mønsteret. Som døme fører vi opp spakr adj. og opt adv.

positiv

komparativ

superlativ

spakr opt

spakari optar

spakastr optast

Som adjektivet spakr går t.d. breiðr adj. ‘brei’, fastr adj. ‘fast’, fullr adj. ‘full’, glaðr adj. ‘glad’, hvass adj. ‘kvass’, jafn adj. ‘jamn’ og sannr adj. ‘sann’. Som adverbet opt går t.d. inn adv. ‘inn’, síð adv. ‘seint’, sjaldan adv. ‘sjeldan’ og víða adv. ‘vide’ (stamme: víð). I komparativ kan endinga -ar bli forlengd til -arr eller (ved analogi frå akkusativ eintal nøytrum i adjektivbøyinga) til -ara, og i superlativ kan -r trengje inn frå komparativ. § 48 Bøying med -r og -st + i-omlyd. Ei mindre gruppe adjektiv og adverb blir bøygde med i-omlyd. Døme er langr ‘lang’ og adverbet fram ‘fram’.

positiv

komparativ

superlativ

langr fram

lengri fremr

lengstr fremst

Ei rekkje adjektiv går som langr. Vokalskiftet er i samsvar med regel (17) morfologisk i-omlyd: u~y o~ø

ungr – yngri – yngstr stórr – stǿrri – stǿrstr

av ungr adj. ‘ung’ av stórr adj. ‘stor’

Gradbøying ǫ~ø a~e á~ǽ

þrǫngr – þrøngri – þrøngstr fagr – fegri – fegrstr smár – smǽrri – smǽstr

67 av þrǫngr adj. ‘trong’ av fagr adj. ‘fager’ av smár adj. ‘liten’

■ Reglar: (5) *smǽ + ri → smǽrri, (4:1) *fagr + r → fagr, *fegr + ri → fegri (-r høyrer til stamma i ordet) I ord med fremre rotvokal blir i-omlyden ikkje utløyst, t.d. ei ~ ei ǿ~ǿ ǽ~ǽ

hreinn – hreinni – hreinstr sǿmr – sǿmri – sǿmstr vǽnn – vǽnni – vǽnstr

av hreinn adj. ‘rein’ av sǿmr adj. ‘sømmeleg’ av vǽnn adj. ‘vakker’

■ Reglar: (2) *hrein + r → hreinn, *vǽn + r → vǽnn; *hrein + ri → hreinni, *vǽn + ri → vǽnni. Nokre adjektiv har blanda bøying, dvs. at dei dannar komparativ etter den eine typen og superlativ etter den andre. Hit høyrer m.a. auðigr adj. ‘rik’, djúpr adj. ‘djup’, fjǫlmennr adj. ‘mannsterk’, nýr adj. ‘ny’, tryggr adj. ‘trygg’, þungr adj. ‘tung’ og vegligr adj. ‘prektig’. Positiv auðigr djúpr fjǫlmennr nýr tryggr þungr vegligr

Komparativ auðigri djúpari el. dýpri fjǫlmennari nýjari el. nýrri tryggvari el. tryggri þungari el. þyngri vegligri

Superlativ auðgastr djúpastr el. dýpstr fjǫlmennstr nýjastr tryggvastr þungastr el. þyngstr vegligastr

■ Reglar: (14) *auðig + astr → auðgastr, (5) *ný + ri → nýrri, (19) ný + j + ari → nýjari § 49 Bøying med stammeskifte. Nokre frekvente adjektiv har stammeskifte: gamall góðr illr lítill margr mikill

ellri betri verri minni fleiri meiri

ellztr beztr verstr minnstr flestr mestr

av gamall adj. ‘gamal’ av góðr adj. ‘god’ av illr adj. ‘vond’ av lítill adj. ‘liten’ av margr adj. ‘mang ein’ av mikill adj. ‘stor’

68

Kap. 5

Også blant adverba førekjem det bøying med stammeskifte: gjarna illa lítt mjǫk vel

heldr verr minnr meir(r) betr

helzt verst minnst mest bezt

av gjarna adv. ‘gjerne’ av illa adv. ‘ille’ av lítt adv. ‘lite’ av mjǫk adv. ‘mykje’ av vel adv. ‘vel, godt’

§ 50 Defekt bøying. Ein del adjektiv har berre komparativ- og superlativformer. Dei uttrykkjer retning i rom eller tid: – – – – – – – – – – – – –

efri ‘seinare’ eptri, aptari ‘bakre’ eystri ‘øystre’ fyrri ‘førre’ hindri ‘seinare’ innri ‘indre’ neðri ‘nedre’ nyrðri ‘nordre’ síðarri ‘seinare’ syðri ‘søre’ vestri ‘vestre’ øfri ‘øvre’ ýtri ‘ytre’

efstr ‘sist’ epztr, aptastr ‘bakerst’ austastr ‘austlegast’ fyrstr ‘først’ hinztr ‘bakerst, sist’ innstr ‘inst’ neztr ‘nedst’ nyrztr ‘nordlegast’ síðastr ‘seinast, sist’ synstr ‘sørlegast’ vestastr ‘vestlegast’ øfstr ‘øvst’ ýztr ‘ytst’

Denne bøyinga førekjem også blant adverba: – – –

fyrr ‘før’ hindar ‘seinare’ nǽr(r) ‘nærmare’

fyrst ‘først’ hinzt ‘sist’ nǽst ‘nærmast’

Komparativ og superlativ blir stort sett danna med -r og -st + i-omlyd i den defekte bøyinga. I mange superlativformer førekjem konsonanten z. I samsvar med § 11.3 er dette ein skrivemåte for dental el. alveolar + s, t.d. ýtstr = ýztr.

6 Adjektivisk bøying

Omfang og typologi § 51 Ordklasser og kategoriar. Den adjektiviske bøyinga omfattar ordklassene adjektiv og determinativ, og dessutan verbpartisippa. Det er fire kategoriar i den adjektiviske bøyinga: bestemtheit (ubestemt, bestemt), kasus (nominativ, genitiv, dativ, akkusativ) numerus (eintal, fleirtal) og genus (maskulinum, femininum, nøytrum). I tillegg kjem det at adjektiva blir bøygde i grad, men denne kategorien er felles for adjektiv og adverb og vart derfor omtalt for seg i § 45–50. Dei ubestemte formene har sterk bøying, t.d. spakr maðr ‘klok mann’. Her står adjektivet spakr utan noko bestemmarledd, dvs. i ubestemt form. Dei bestemte formene har svak bøying, t.d. inn spaki maðr ‘den kloke mannen’. Då står adjektivet med eit bestemmarledd av typen inn / hinn eller sá / þessi (§ 57 og 70). Det same skiljet gjeld i moderne norsk, der ung i ein ung mann har ubestemt (sterk) form og unge i den unge mannen har bestemt (svak) form. Til liks med dei svake substantiva er den svake adjektivbøyinga kjenneteikna av at alle formene i eintal endar på trykklett vokal. I den sterke bøyinga endar dei fleste (men ikkje alle) formene på konsonant.

Sterk bøying Adjektiv § 52 Oversyn. Den sterke adjektivbøyinga omfattar positiv og superlativ. Desse to gradane kan også ha svak bøying, medan komparativ ikkje kan ha anna enn svak bøying. Endingane i superlativ er dei same som i positiv. § 52.1 Typen spakr. Som spakr blir ei rekkje einstava adjektiv bøygde, m.a. blindr adj. ‘blind’, breiðr adj. ‘brei’, fastr adj. ‘fast’, fullr adj. ‘full’, glaðr adj. ‘glad’, góðr adj. ‘god’, heill adj. ‘heil, frisk’, hvass adj. ‘kvass’, jafn adj. ‘jamn’, langr adj. ‘lang’, vǽnn adj. ‘ven, vakker’.

70

Kap. 6

mask.

fem.

nøytr.

m.

f.

n.

sg. n. g. d. a.

spakr spaks spǫkum spakan

spǫk spakrar spakri spaka

spakt spaks spǫku spakt

r s um an

-° rar ri a

t s u t

pl. n. g. d. a.

spakir spakra spǫkum spaka

spakar spakra spǫkum spakar

spǫk spakra spǫkum spǫk

ir ra um a

ar ra um ar

-° ra um -°

■ Reglar: (1) *spak + um → spǫkum, (18) spak → spǫk. Merknader || 1. I enkelte ord høyrer -r til stamma, m.a. fagr adj. ‘fager’ og vitr adj. ‘klok’. Dei får dermed former som fǫgr, fagrt og vitr, vitrt i nominativ eintal. || 2. Adjektivet sannr adj. ‘sann’ har sideforma saðr (jf. maðr m.) og nøytrumsforma satt, danna av saðr, dvs. *sað + t → satt (regel 3).

§ 52.2 Typen gamall. Adjektiv som har avleiingssuffiksa -al/-il/-ul eller -ig/-ug, blir bøygde som gamall, m.a. atall adj. ‘vond’, þagall adj. ‘taus’, gjǫfull adj. ‘gjevmild’, auðigr adj. ‘rik’.

mask.

fem.

nøytr.

m.

f.

n.

sg. n. g. d. a.

gamall gamals gǫmlum gamlan

gǫmul gamallar gamalli gamla

gamalt gamals gǫmlu gamalt

r s um an

-° rar ri a

t s u t

pl. n. g. d. a.

gamlir gamalla gǫmlum gamla

gamlar gamalla gǫmlum gamlar

gǫmul gamalla gǫmlum gǫmul

ir ra um a

ar ra um ar

-° ra um -°

■ Reglar: (1) *gaml + um → gǫmlum, (2) *gamal + r → gamall (14) *gamal + um → *gamlum (→ gǫmlum), *gamalir → gamlir m.fl., (18) gamal → gǫmul. Merknader || 1. Dei to orda lítill adj. ‘liten’ og mikill adj. ‘stor’ går som gamall, bortsett frå at dei har formene lítinn og mikinn i akkusativ eintal maskulinum, og lítit og mikit i nominativ & akkusativ eintal nøytrum (i samsvar med bøyinga av heiðinn i § 52.3). Føre lang konsonantisme blir rotvokalen i lítill forkorta, lítlir → litlir. || 2. Vokalbortfall etter regel (14) førekjem ikkje alltid

Adjektivisk bøying

71

i vesall adj. ‘ussel’, ýmiss adj. ‘ymis, ulik’ og heilagr adj. ‘heilag’. Det siste ordet får diftongforenkling i tillegg, helgan ved sida av heilagan, helgum ved sida av heilǫgum.

§ 52.3 Typen heiðinn. Som heiðinn blir mange tostava adjektiv bøygde, m.a. kristinn adj. ‘kristen’, opinn adj. ‘open’ og rotinn adj. ‘roten’. Dei har endinga -n utan vokalbortfall i akkusativ eintal maskulinum, t.d. heiðin + n → heiðinn.

mask.

fem.

nøytr.

m.

f.

n.

sg. n. g. d. a.

heiðinn

heiðin

heiðit

r



t

heiðins heiðnum heiðinn

heiðinnar heiðinni heiðna

heiðins heiðnu heiðit

s um n

rar ri a

s u t

pl. n. g. d. a.

heiðnir heiðinna heiðnum heiðna

heiðnar heiðinna heiðnum heiðnar

heiðin heiðinna heiðnum heiðin

ir ra um a

ar ra um ar

-° ra um -°

■ Reglar: (2) *heiðin + r → heiðinn, *heiðin + ri → heiðinni, *heiðin + ra → heiðinna, (3 + 4) *heiðin + t → *heiðitt → heiðit, (14) *heiðin + um → heiðnum m.fl. § 52.4 J-innskot (urn. ja- og jō-stammer). J-innskot i samsvar med regel (19) førekjem m.a. i frǽgr adj. ‘vidkjend’, miðr adj. ‘mellomst’, nýr adj. ‘ny’, ríkr adj. ‘mektig’, sekr adj. ‘skuldig’ og sterkr adj. ‘sterk’. Nokre ord kan alternativt ha vinnskot, m.a. hryggr adj. ‘sorgfull’ og myrkr adj. ‘mørk’. § 52.5 V-innskot (urn. wa- og wō-stammer). V-innskot i samsvar med regel (20) førekjem m.a. i døkkr adj. ‘mørk’, fǫlr adj. ‘bleik’, gløggr adj. ‘gløgg’, gǫrr (gørr, gerr) adj. ‘ferdig, gjord’ (jf. gera sv.vb.), hár adj. ‘høg’, kvikr adj. ‘levande’, styggr adj. ‘morsk’ og þrǫngr adj. ‘trong’.

Perfektum partisipp § 53 Partisipp av svake verb. Perfektum partisipp av svake verb blir bøygde etter mønster av spakr i § 52.1, t.d. eyddr av eyða sv.vb., fluttr av flytja sv.vb., fǿrðr av fǿra sv.vb., knýttr av knýta sv.vb., sendr av senda sv.vb., spáðr av spá sv.vb. og varðr av verja sv.vb. ■ Reglar: (1) *kastað + um → kǫstuðum, *herjað + um → herjuðum m.fl., (3 + 4) *kastað + t → *kastatt → kastat, *send + t → *sentt → sent, (4) *flutt + t → flutt.

72

Kap. 6

§ 54 Partisipp av sterke verb. Perfektum partisipp av sterke verb blir bøygde etter mønster av heiðinn i § 52, t.d. bitinn av bíta st.vb, kropinn av krjúpa st.vb. og vaxinn av vaxa st.vb. Her gjeld dei same fonologiske reglane som for heiðinn. ■ Reglar: (2) *kropin + r → kropinn, *kropin + ra → kropinna, (3 + 4) *vaxin + t → *vaxitt → vaxit, (14) *kropin + um → kropnum, *vaxin + ir → vaxnir m.fl.

Determinativ § 55 Oversyn. Determinativa følgjer med få unntak mønsteret for den sterke adjektiviske bøyinga. Unntaka er nokre ord som har pronominell bøying: demonstrativa sá og sjá/þessi, og kvantorane tveir, þrír, fjórir og báðir (jf. § 69–70). § 56 Possessiv. Til denne gruppa høyrer minn det. ‘min’, þinn det. ‘din’, sinn det. ‘sin’, okkarr det. ‘vår, til oss to’, ykkarr det. ‘dykkar, til dykk to’, várr det. ‘vår’ og yðvarr det. ‘dykkar’. Alle har endinga -n i akkusativ eintal maskulinum.

mask.

fem.

nøytr.

m.

f.

n.

sg. n. g. d. a.

minn míns mínum minn

mín minnar minni mína

mitt míns mínu mitt

r s um n

-° rar ri a

t s u t

pl. n. g. d. a.

mínir minna mínum mína

mínar minna mínum mínar

mín minna mínum mín

ir ra um a

ar ra um ar

-° ra um -°

§ 56.1 Minn, þinn, sinn. Dei tre possessiva minn, þinn og sinn skiftar mellom kort og lang rotvokal under bøyinga. Dei blir bøygde etter mønster av adjektivet heiðinn, bortsett frå at det ikkje er grunnlag for vokalbortfall etter regel (14). Opphavleg hadde desse orda lang rotvokal, men føre geminert konsonant vart rotvokalen forkorta, t.d. mínn > minn, mítt > mitt. ■ Reglar: (2) *min + r → minn, *min + rar → minnar m.fl., (3) *min + t → mitt. § 56.2 Várr. Possessivet várr (stamme: vár) blir bøygd som spakr, bortsett frå forma várn i akkusativ eintal maskulinum. Várr har sideformer med stammene ór eller oss føre bøyingsendingar som byrjar på vokal (ór også ved nullending).

Adjektivisk bøying

73

§ 56.3 Yðvarr, okkarr, ykkarr. Dei tre possessiva yðvarr (stamme: yðvar), okkarr (stamme: okkar) og ykkarr (stamme: ykkar) blir bøygde etter mønster av adjektivet gamall, men med kortform i akkusativ eintal maskulinum: yðarn, okkarn, ykkarn. Ved analogi har yðvarr fått former utan v-innskot, t.d. yðarr, yðart. § 57 Demonstrativ. Hit høyrer hinn, inn og enn det. ‘den, hin’. Dei blir bøygde etter mønster av minn, men med kort rotvokal i alle former. Bøyinga av demonstrativa sá og sjá/þessi er å finne i § 70 nedanfor. § 58 Kvantorar. Hit høyrer fleire ord som blir bøygde etter mønster av adjektivet spakr. Det er allr det. ‘all’, hverr det. ‘kven av fleire’, hvárr det. ‘kven av to’ og sumr det. ‘som, noko’. Merk at hverr får j-innskot etter regel (19). Både hverr og hvárr har kortformer i akkusativ eintal maskulinum, hvern og hvárn. § 58.1 Einn. Kvantoren einn blir bøygd etter mønster av adjektivet heiðinn. Dermed blir det utsett for mange konsonantassimilasjonar, t.d. (2) *ein + rar → einnar, *ein + ri → einni og (3) *ein + t → eitt. § 58.2 Annarr. Kvantoren annarr blir bøygd etter mønster av adjektivet gamall. I tillegg får dette ordet overgangen n → ð føre r, t.d. *annarir → *annrir → aðrir. Denne overgangen kjenner vi att frå den sterke maskuline r-typen maðr. § 58.3 Engi. Kvantoren engi det. ‘ingen’ (stamme: eng) blir i hovudsak bøygd som eit adjektiv, men dette ordet har utvikla fleire særeigne former. Det førekjem også med stammene eing og øng (den siste med v-innskot etter regel 20). Her har vi berre ført opp formene med stamma eng.

mask.

fem.

nøytr.

sg. n. g. d. a.

engi enskis engum engan

engi engrar engri enga

ekki enskis engu ekki

pl. n. g. d. a.

engir engra engum enga

engar engra engum engar

engi engra engum engi

§ 58.4 Nǫkkurr. Kvantoren nǫkkurr det. ‘nokon’ (stamme: nǫkkur) blir bøygd etter mønster av adjektivet spakr, bortsett frå at han har kortform i akkusativ ein-

74

Kap. 6

tal maskulinum, nǫkkurn, og bortfall av -r i nominativ & akkusativ eintal nøytrum, nǫkkut. I eldre språk førekjem denne kvantoren også med stamma nakkvar. Sjølv i normaliserte tekstar kan det vere variasjon i bøyinga av dette ordet; det har vore sagt at det berre er i grammatikkane at nǫkkurr blir bøygd regelrett. Den eldre forma nakkvarr viser tydelegare samanhengen med den frasen som truleg ligg til grunn for ordet, *ne-wait-ek-hwarjaʀ ‘ikkje-veit-eg-kva’ (latin nescio quis).

mask.

fem.

nøytr.

sg. n. g. d. a.

nǫkkurr nǫkkurs nǫkkurum nǫkkurn

nǫkkur nǫkkurrar nǫkkurri nǫkkura

nǫkkut nǫkkurs nǫkkuru nǫkkut

pl. n. g. d. a.

nǫkkurir nǫkkurra nǫkkurum nǫkkura

nǫkkurar nǫkkurra nǫkkurum nǫkkurar

nǫkkur nǫkkurra nǫkkurum nǫkkur

Bestemt form av substantivet § 59 Oversyn. Den bestemte forma av substantivet blir danna ved at demonstrativet inn blir lagd til dei bøygde formene av substantivet. I mange former, særleg i fleirtal, blir ordforma modifisert i samsvar med regel (15). § 59.1 Maskuline substantiv. Den bestemte forma blir modifisert etter regel (15) i dativ eintal og i alle former i fleirtal.

sg. n. g. d. a.

hestr hests hesti hest

+ + + +

inn ins inum inn

= = = =

hestrinn hestsins hestinum hestinn

pl. n. g. d. a.

hestar hesta hestum hesta

+ + + +

inir inna inum ina

= = = =

hestarnir hestanna hestunum hestana

(15:1)

(15:2) (15:1) (15:3) (15:1)

Adjektivisk bøying

75

§ 59.2 Feminine substantiv. Den bestemte forma blir modifisert i alle former i fleirtal, også her etter regel (15).

sg. n. g. d. a.

borg borgar borg borg

+ + + +

in innar inni ina

= = = =

borgin borgarinnar borginni borgina

pl. n. g. d. a.

borgir borga borgum borgir

+ + + +

inar inna inum inar

= = = =

borgirnar borganna borgunum borgirnar

(15:2) (15:1) (15:3) (15:2)

§ 59.3 Nøytrale substantiv. Den bestemte forma blir modifisert i dativ eintal og i genitiv og dativ fleirtal.

sg. n. g. d. a.

land lands landi land

+ + + +

it ins inu it

= = = =

landit landsins landinu landit

pl. n. g. d. a.

lǫnd landa lǫndum lǫnd

+ + + +

in inna inum in

= = = =

lǫndin landanna lǫndunum lǫndin

(15:1)

(15:1) (15:3)

Svak bøying § 60 Oversyn over den svake bøyinga. Det er berre to bøyingsklasser i den svake adjektiviske bøyinga. Den eine klassa omfattar adjektiv i positiv og superlativ, forutan nokre få determinativ. Ei anna og endå enklare klasse omfattar presens partisipp og adjektiv i komparativ. § 61 Adjektiv i positiv og superlativ. Som eksempel på bøyinga i positiv fører vi opp spaki av spakr adj. ‘klok’ (stamme: spak). Endingane i superlativ (stamme: spakast) er dei same som i positiv.

76

Kap. 6

mask.

fem.

nøytr.

m.

f.

n.

sg. n. g. d. a.

spaki spaka spaka spaka

spaka spǫku spǫku spǫku

spaka spaka spaka spaka

i a a a

a u u u

a a a a

pl. n. g. d. a.

spǫku spǫku spǫkum spǫku

spǫku spǫku spǫkum spǫku

spǫku spǫku spǫkum spǫku

u u um u

u u um u

u u um u

■ Reglar: (1) *spak + u → spǫku, *spak + um → spǫkum. Adjektiv av typen gamall og heiðinn får vokalbortfall i samsvar med regel (14). Ettersom alle endingane byrjar på vokal, gjeld vokalbortfallet heile paradigmet. § 62 Determinativ. Ordet samr det. ‘same’ kan også ha svak bøying etter mønster av spaki. Dessutan blir ordenstala bøygde etter dette mønsteret. Det gjeld fyrsti det. ‘første’ (som også kan ha sterk bøying, fyrstr), þriði det. ‘tredje’, fjórði det. ‘fjerde’, fim(m)ti det. ‘femte’ osv. Derimot har annarr det. ‘andre’ berre sterk bøying. Sjå § 65 for ei samla framstilling av talordsystemet i norrønt. § 63 Adjektiv i komparativ. Som døme på komparativ fører vi opp spakari av spakr adj. ‘klok’ (stamme: spakar). I komparativ har adjektiva berre svak bøying.

mask.

fem.

nøytr.

m.

f.

n.

sg. n. g. d. a.

spakari spakara spakara spakara

spakari spakari spakari spakari

spakara spakara spakara spakara

i a a a

i i i i

a a a a

pl. n. g. d. a.

spakari spakari spǫkurum spakari

spakari spakari spǫkurum spakari

spakari spakari spǫkurum spakari

i i um i

i i um i

i i um i

■ Reglar: (1) *spakar + um → spǫkurum.

Adjektivisk bøying

77

Adjektiv som i positiv har vokalbortfall etter regel (14), får det også i komparativ, t.d. heiðnari av heiðinn. § 64 Presens partisipp. Bøyingsendingane i presens partisipp er dei same som i komparativ av adjektiva, t.d. gangandi (stamme: gangand-) av ganga st.vb. ‘gå’. § 65 Talordsystemet. Talordsystemet i norrønt omfattar ord frå fleire ordklasser. Av praktiske grunnar skal vi stille opp systemet under eitt med tilvising til dei ulike bøyingstypane. Grunntal

Bøying

Ordenstal

Bøying

1

einn

sterk adjektivisk

2 3 4 5

tveir þrír fjórir fimm

pronominell —"— —"— inga bøying

fyrstr fyrsti annarr þriði fjórði fim(m)ti

sterk adjektivisk svak adjektivisk sterk adjektivisk svak adjektivisk —"— —"—

6 7 8 9 10

sex sjau átta níu tíu

—"— —"— —"— —"— —"—

sétti sjaundi áttandi, átti níundi tíundi

—"— —"— —"— —"— —"—

11 12 13 14 15

ellifu tolf þrettán fjórtán fjǫgurtán fim(m)tán

—"— —"— —"— —"— —"— —"—

ellipti tolfti þrettándi fjórtándi fjǫgurtándi fim(m)tándi

—"— —"— —"— —"— —"— —"—

16 17 18 19 20 21 22 23

sextán sjaut(j)án áttján nítján tuttugu tuttugu ok einn tuttugu ok tveir tuttugu ok þrír

—"— —"— —"— —"— —"—

sextándi sjaut(j)ándi áttjándi nítjándi tuttugundi, -andi tuttugundi ok fyrsti tuttugundi ok annarr tuttugundi ok þriði

—"— —"— —"— —"— —"—

78 30 40 50 60 70 80 90 100 110 120 240 360 1200 2400 3600

Kap. 6 þrír tigir el. þrjátigi fjórir tigir el. fjórutigi fimm tigir el. fim(m)tigi sex tigir el. sextigi sjau tigir el. sjautigi átta tigir el. áttatigi níu tigir el. níutigi

þrítugundi, -andi fertugundi, -andi fim(m)tugundi, -andi sextugundi, -andi sjautugundi, -andi áttatugundi, -andi nítugundi, -andi

tíu tigir (hundrað) ellifu tigir (hundrað ok tíu) hundrað (hundrað ok tuttugu) tvau hundruð þrjú hundruð þúsund tvǽr þúsundir þrjár þúsundir

tigr m. ‘tiar’ hundrað n. ‘(stor)hundre’ þúsund f. ‘tusen’

resten er ikkje kjend —"— —"— —"— —"— —"— —"— —"—

blir bøygd som ein —"— —"—

sterk maskulin u-type sterk nøytral null-type sterk feminin ir-type.

Merk at hundrað som oftast vart brukt i tydinga ‘storhundre’, dvs. 120. Tilsvarande er þúsund anten å forstå som 1000 eller som 1200, ti storhundre. Grunntala på -tigi er ubøyelege (þrjátigi osv.)

7 Pronominell bøying

Omfang og typologi § 66 Ordklasser og kategoriar. Den pronominelle bøyinga førekjem i to ordklasser, pronomen og determinativ. Bøyinga er kjenneteikna av til dels korte former og høg grad av stammeskifte, t.d. vér – vár – oss – oss ‘vi, oss’. Bøyinga omfattar alltid kasus, i nokre tilfelle også genus og/eller numerus.

Pronomen § 67 Personlege pronomen. Dei personlege pronomena ek ‘eg’, vit ‘vi to’, vér ‘vi’, þú ‘du’, it ‘de to’, ér ‘de’, hann ‘han’ og hon ‘ho’ blir berre bøygde i kasus. § 67.1 Personlege pronomen i 1. og 2. person. I 1. og 2. person har dei personlege pronomena total (dualis) i tillegg til ordinært fleirtal (pluralis).

sing.

dual.

plur.

1. person n. g. d. a.

ek mín mér mik

vit okkar ok(k)r ok(k)r

vér vár oss oss

2. person n. g. d. a.

þú þín þér þik

it, þit ykkar yk(k)r yk(k)r

ér, þér yðar, yðvar yðr yðr

§ 67.2 Personlege pronomen i 3. person. I 3. person er dei personlege pronomena kjønnsdelte. Her gjer demonstrativet sá ‘den’ teneste som personleg pronomen i nøytrum (þat) og i heile fleirtal (þeir – þǽr – þau):

80

Kap. 7

mask.

fem.

nøytr.

3. person n. sg. g. d. a.

hann hans honum hann

hon hennar henni hana

þat þess því þat

– sín sér sik

3. person n. pl. g. d. a.

þeir þeir(r)a þeim þá

þǽr þeir(r)a þeim þǽr

þau þeir(r)a þeim þau

– sín sér sik

Til dei personlege pronomena reknar vi også det refleksive pronomenet sín. Det har berre tre former: genitiv sín, dativ sér og akkusativ sik. § 67.3 Enklitiske former. Pronomena ek og þú har enklitiske former, dvs. at dei kan bli dregne saman med eit føregåande verb. Pronomenet ek misser vokalen i samband med enklisen: hafða ek → hafðak em ek → emk

‘eg hadde’ ‘eg er’

av hafa sv.vb. + ek pron. av vera st.vb. + ek pron.

I dei enklitiske formene av þú blir dentalen þ assimilert med føregåande konsonant, og dermed oppstår endingane -tu, -du og -ðu: fórt þú → fórtu kenn þú → kenndu far þú → farðu

‘du fór’ av fara st.vb. + þú pron. ‘kjenn (du)!’ av kenna sv.vb. + þú pron. ‘reis (du)!’ av fara st.vb. + þú pron.

§ 68 Andre pronomen. Pronomena hvat ‘kva’, hvatki ‘kva som helst’, hvatvetna ‘kva som helst’ og vǽttki ‘ingen ting’ blir berre bøygde i kasus. Alle formene må reknast som nøytrum.

sg. n. g. d. a.

hvat hvess hví hvat

hvatki hvesskis hvígi hvatki

hvatvetna hversvetna hvívetna hvatvetna

vǽttki vǽttugis vǽttugi vǽttki

Pronominell bøying

81

Kvantorar § 69 Tveir, báðir, þrír og fjórir. Kvantorane 2, 3 og 4 har ei særeiga bøying, som har klare fellestrekk med den pronominelle bøyinga. Dei blir ikkje bøygde i tal (numerus) ettersom dei har ibuande fleirtal.

n. g. d. a.

n. g. d. a.

n. g. d. a.

n. g. d. a.

mask.

fem.

nøytr.

tveir tveggja tveim tvá

tvǽr tveggja tveim tvǽr

tvau tveggja tveim tvau

mask.

fem.

nøytr.

báðir beggja báðum báða

báðar beggja báðum báðar

bǽði beggja báðum bǽði

mask.

fem.

nøytr.

þrír þriggja þrim(r) þrjá

þrjár þriggja þrim(r) þrjár

þrjú þriggja þrim(r) þrjú

mask.

fem.

nøytr.

fjórir fjǫgurra fjórum fjóra

fjórar fjǫgurra fjórum fjórar

fjǫgur fjǫgurra fjórum fjǫgur

82

Kap. 7

Demonstrativ § 70 Sá og þessi. Bøyinga av sá ‘den’ og þessi ‘desse’ har mange særeigne former, og høg grad av stammeskifte. Morfologisk sett høyrer dei heime i den pronominelle bøyinga, sjølv om dei er determinativ av ordklasse.

mask.

fem.

nøytr.

sg. n. g. d. a.

sá þess þeim þann

sú þeirar þeiri þá

þat þess því þat

pl. n. g. d. a.

þeir þeira þeim þá

þǽr þeira þeim þǽr

þau þeira þeim þau

Formene þeirar, þeiri og þeira kan også ha lang -r, þeirrar, þeirri og þeirra.

mask.

fem.

nøytr.

sg. n. g. d. a.

sjá, þessi þessa þessum, þeima þenna

sjá, þessi þessar, þessarar þessi, þessari þessa

þetta þessa þessu, þvísa þetta

pl. n. g. d. a.

þessir þessa, þessara þessum, þeima þessa

þessar þessa, þessara þessum, þeima þessar

þessi þessa, þessara þessum, þeima þessi

Formene þessarar, þessari og þessara kan også ha lang r, þessarrar, þessarri og þessarra.

8 Verbal bøying

Omfang og typologi § 71 Ordklasser og kategoriar. Den verbale bøyinga i norrønt omfattar berre ordklassa verb. Denne ordklassa har fem bøyingskategoriar, tempus (presens, preteritum), modus (indikativ, konjunktiv, imperativ), diatese (aktiv, medio-passiv), person (1. person, 2. person, 3. person) og numerus (singularis, pluralis). § 72 Finitte og infinitte former. Berre finitte former av verbet kan danne kjernen i eit verbal, som er det obligatoriske leddet i ei norrøn setninga (§ 97). Dei finitte formene er også aleine om å bere kategorien modus. Skiljet mellom finitte og infinitte former er det same i norrønt som i moderne norsk: ▪ Presens (indikativ, konjunktiv og imperativ) og preteritum (indikativ og konjunktiv) er finitte former. ▪ Infinitiv, presens partisipp og perfektum partisipp er infinitte former. Det syntaktiske skiljet mellom finitte og infinitte former svarar til eit reint morfologisk skilje i norrønt: ▪ Dei finitte formene blir bøygde i samsvar med den verbale bøyinga, som er emnet for dette kapitlet. ▪ Presens partisipp følgjer den svake adjektiviske bøyinga (§ 64) og perfektum partisipp den sterke adjektiviske bøyinga (§ 53–54). Med unntak av dei tre verba munu, skulu og vilja er infinitiven ubøygd. I tillegg til den finitte forma inneheld mange verbal ei eller fleire infinitte former, t.d. hefir keypt ‘har kjøpt’, mun sofnat hafa ‘må ha sovna’. § 73 Presens- og preteritumssteg. Frå ein morfologisk synsvinkel kan verbformene delast i to steg, presens- og preteritumssteget, som vist i fig. 8:1. Verba har ulike stammer på dei to stega.

84

Kap. 8

Fig. 8:1 Presens- og preteritumssteget Presensstamma svarar til infinitivsforma med frådrag av endinga -a, eventuelt -ja ved j-innskot eller -va ved v-innskot. Nokre verb har berre ei stamme i preteritum, andre har fleire stammer med vokalskifte, som vist i fig. 8:2.

Fig. 8:2 Stammer på presens- og preteritumssteget Dei verba som berre har éi stamme på preteritumssteget, har alle saman fått tilskot av ein opphavleg dental lyd. Dette suffikset er realisert som ð, d eller t, avhengig av dei lydlege omgjevnadene. Dei to siste lydane er alveolare, men på historisk grunnlag er det vanleg å omtale alle tre som dentalsuffiks. § 74 Svak og sterk bøying. Somme verb dannar preteritum med dentalsuffiks, og dei har berre ei stamme på preteritumssteget, jf. kasta, telja og leysa. Andre verb har ikkje dentalsuffiks, men til gjengjeld har dei alltid vokalskifte på preteritumssteget, jf. krjúpa, sleppa og søkkva. Vi kallar den første typen for svake verb og den andre for sterke. Eit verb har anten svak eller sterk bøying.

Verbal bøying

85

§ 74.1 Svak bøying. Dei svake verba har alltid fleirstava former i preteritum indikativ eintal, t.d. kallaði (av kalla), krafði (av krefja) og leysti (av leysa). Dentalsuffikset kjem til uttrykk som ð etter vokalar og stemte konsonantar (unnateke l, m og n), som d etter l, m og n, og som t etter ustemte konsonantar: kasta – kastaði kemba – kembði fylgja – fylgði

selja – seldi dǿma – dǿmdi sýna – sýndi

knýta – knýtti merkja – merkti leysa – leysti

§ 74.2 Sterk bøying. Dei sterke verba har alltid einstava former i preteritum indikativ eintal, t.d. beit (av bíta), kraup (av krjúpa) og brann (av brenna). Vokalskiftet kjem av avlyd (§ 15) og gjeld både presens- og preteritumssteget. Somme svake verb har også vokalskifte mellom dei to stega, t.d. telja inf. – taldi pret. (av telja sv.vb.), men dette skiftet kjem av omlyd, ikkje avlyd. Den omlydsskapande j i desse verba står framleis på presenssteget, *taljan > telja (§ 17.2). I dei sterke verba er det i tillegg eit vokalskifte innanfor preteritumssteget, t.d. slapp-/slupp/slopp- av sleppa st.vb. § 74.3 Blanda bøying. Nokre verb har trekk frå både den svake og den sterke bøyinga. Dette gjeld dei såkalla preterito-presentiske verba, som dannar presens etter mønster av preteritum i dei sterke verba, og preteritum som dei svake verba. Fleire av dei preterito-presentiske verba er modale hjelpeverb, nemleg munu ‘monne, vilje’, skulu ‘skulle’, mega ‘måtte’ og kunna ‘kunne’. Elles omfattar klassa verba vita ‘vite’, eiga ‘eige’, unna ‘elske’, þurfa ‘trenge’ og muna ‘minnast, hugse’. § 75 Grunnformer. I § 73 såg vi at norrøne verb har ei presensstamme og ei eller fleire preteritumsstammer. Det er vanleg å referere til stammene med bestemte bøyingsformer av verbet, som vi her skal omtale som grunnformer. Oppstilling av grunnformer svarar til den tradisjonelle bøyinga a verbo. § 75.1 Grunnformer av sterke verb. I dei sterke verba skal vi la infinitiv representere presensstamma, medan preteritumsstammene blir representerte av preteritum indikativ eintal (3. person), preteritum indikativ fleirtal (3. person) og supinum. Dette er dei same grunnformene vi sette opp under gjennomgangen av avlyden i § 15. For eit verb som krjúpa ‘krype’ vil grunnformene sjå slik ut: krjúpa – kraup – krupu – kropit I sterke verb blir presens indikativ eintal danna ved morfologisk i-omlyd av presensstamma, og preteritum konjunktiv ved morfologisk i-omlyd av stamma i

86

Kap. 8

preteritum indikativ fleirtal. Dermed kjem det til to nye vokalskifte, men denne gongen som følgje av omlyd, ikkje avlyd. Vi skal føye til dei to omlydde formene i parentes og setje opp i alt seks grunnformer for dei sterke verba: krjúpa – (krýpr) – kraup – krupu – (krypi) – kropit Supinum svarar til nominativ & akkusativ eintal nøytrum av perfektum partisipp. Denne forma blir brukt etter verb som hafa, t.d. hann hefir kropit ‘han har krope’. § 75.2 Grunnformer av svake verb. I dei svake verba er det med få unntak berre to stammer, ei på presenssteget og ei på preteritumssteget. Til liks med dei sterke verba blir presenssteget representert med infinitiv, medan preteritumssteget gjerne blir representert med preteritum indikativ eintal (3. person). Det er altså tilstrekkeleg å setje opp to grunnformer for eit verb som telja ‘telje’: telja – taldi No er det vanleg å ta med supinum også, både fordi nokre verb kan ha ei utvida stamme i perfektum partisipp (preteritum dugði, men supinum dugat av duga ‘duge’) og fordi supinum tener til å illustrere fleire fonologiske reglar, t.d. *kallaðt → kallat, *taldt → talt og *dǿmdt → dǿmt. Preteritum konjunktiv blir i mange høve danna ved morfologisk i-omlyd av stamma i preteritum indikativ og bør førast opp særskilt. Dermed skal vi setje opp fem grunnformer også for dei svake verba: telja – (telr) – taldi – (teldi) – talt Preteritum konjunktiv med i-omlyd førekjem i telja- og dǿma-klassa, men ikkje i kasta-klassa.

Svak bøying § 76 Inndeling. Alle svake verb har dentalsuffiks, men dei kan delast i tre klasser på bakgrunn av bindevokal og vokalskifte mellom presens- og preteritumssteget: 1. Presensstamma blir utvida med bindevokalen a + dentalsuffiks, og rotvokalen er uendra, t.d. pres. kast-, pret. kastað- av kasta. 2. Presensstamma blir utvida med dentalsuffiks utan bindevokal, men rotvokalen skiftar, t.d. pres. tel-, pret. tald- av telja. 3. Presensstamma blir utvida med dentalsuffiks utan bindevokal, og rotvokalen er uendra, t.d. pres. dǿm-, pret. dǿmd- av dǿma.

Verbal bøying

87

I det følgjande skal vi bruke desse kjenneteikna til å dele dei svake verba i tre hovudklasser, og vi brukar verba kasta, telja og dǿma som representantar for kvar si gruppe. Som ei fjerde klasse fører vi opp ein del uregelrette verb.

Kasta-klassa § 77 Kasta-klassa (urn. ō-konjugasjon). Dette er den største av dei svake verbklassene. Då preteritumsstamma er utvida med bindevokalen a i denne klassa, blir dentalsuffikset alltid realisert som ð. § 77.1 Hovudtype. Dei fleste verba i denne klassa blir bøygde som kasta ‘kaste’.

infin.

pres.ind.

pret.ind.

pret.konj.

perf.part.

kasta

(kastar)

kastaði

(kastaði)

kastat

Hit høyrer ei rekkje verb, m.a. banna ‘forby’, elska ‘elske’, freista ‘freiste, prøve’, kalla ‘kalle’, leita ‘leite’, líka ‘like’, skipa ‘ordne’ og þakka ‘takke’. § 77.2 Verb med j- eller v-innskot. Ein del verb har j-innskot etter regel (19), t.d. belja ‘belje, raute’, byrja ‘byrje’, eggja ‘eggje’, gneggja ‘knegge’, herja ‘herje’ og synja ‘nekte’. Nokre få verb har også v-innskot etter regel (20), t.d. bǫlva ‘forbanne’ og stǫðva ‘stoppe, stille’. Desse innskota gjeld både presens- og preteritumssteget:

infin.

pres.ind.

pret.ind.

pret.konj.

perf.part.

eggja bǫlva

(eggjar) (bǫlvar)

eggjaði bǫlvaði

(eggjaði) (bǫlvaði)

eggjat bǫlvat

§ 77.3 Verb med stammeutlyd på vokal. Nokre få verb har stammer som endar på lang, trykktung vokal, og blir dermed utsette for kontraksjon etter regel (6) s. 38. Dette gjeld m.a. fá ‘måle, fargeleggje’, skrá ‘skrive opp’ og spá ‘spå’:

infin.

pres.ind.

pret.ind.

pret.konj.

perf.part.



(fár)

fáði

(fáði)

fátt

■ Reglar: (6) *fá + a → fá, *fá + aði → fáði, (6) + (3) *fáað + t → *fáðt → fátt.

88

Kap. 8

Telja-klassa § 78 Telja-klassa (urn. ja-konjugasjon). Dette er den minste av dei svake verbklassene. Dei aller fleste verba er kortstava med fremre rotvokal, og på presenssteget har dei j-innskot etter regel (19) s. 44. Dette inneber at dei har omlydd rotvokal på presenssteget, men ikkje på preteritumssteget, t.d. telja – taldi, flytja – flutti. I samsvar med reglane i § 74.1 blir dentalsuffikset realisert som ð, d eller t avhengig av føregåande lyd. § 78.1 Hovudtype. Dei fleste verba i denne klassa blir bøygde som telja eller flytja, dvs. med vokalskiftet e ~ a eller y ~ u.

infin.

pres.ind.

pret.ind.

pret.konj.

perf.part.

telja flytja

(telr) (flytr)

taldi flutti

(teldi) (flytti)

talt flutt

Vekslinga e ~ a førekjem m.a. i berja ‘slå’, fremja ‘fremje’, gleðja ‘glede’, krefja ‘krevje’, leggja ‘leggje’, skepja ‘skape’, telja ‘telje’, velja ‘velje’, venja ‘venne’ og verja ‘verje’. Vekslinga y ~ u førekjem m.a. i dynja ‘dundre’, flytja ‘flytte’, smyrja ‘smøre’ og spyrja ‘spørje’. Særskilt må merkast to verb som vekslar mellom ey og á, heyja – háði ‘setje i gang’ og þreyja – þráði ‘lengte’. Opphavleg hadde verba i telja-klassa bindevokalen i i perfektum partisipp, og denne kan framleis stå i mange verb, t.d. berja (barit), fremja (framit), telja (talit). Dette gjeld likevel ikkje verb med rotutlyd på ð eller t, t.d. seðja (satt), flytja (flutt). § 78.2 Verb utan vokalskifte. Nokre verb har same rotvokal både på presenssteget og preteritumssteget. Hit høyrer skilja – skildi ‘skilje’, vilja – vildi ‘vilje’, selja – seldi ‘selje’, setja – setti ‘setje’, flýja – flýði ‘flykte’ og knýja – knýði ‘klemme’. § 78.3 Verb med bindevokalen a. To verb har bindevokalen a i perfektum partisipp, vilja (viljat) ‘vilje’ og hyggja (hugt el. hugat) ‘tenkje’. Det siste verbet har geminert konsonant på presenssteget. Også leggja ‘leggje’ har geminert konsonant på presenssteget, men ikkje bindevokal, leggja – (leggr) – lagði – (legði) – lagt.

Dǿma-klassa § 79 Dǿma-klassa (urn. ija- og ē-konjugasjon). Dette er den nest største av dei svake verbklassene. Her har preteritum ikkje bindevokal, og rotvokalen er den

Verbal bøying

89

same på presens- og preteritumssteget. Dentalsuffikset kjem til uttrykk som ð, d eller t avhengig av føregåande lyd. § 80 Verb med i-omlydd rotvokal (urn. ija-konjugasjon). Ein stor flokk har gjennomført i-omlyd av rotvokalen, t.d. dǿma ‘dømme’, fylgja ‘følgje’ og støkkva ‘breste, springe, støkke’. § 80.1 Hovudtype. Dei fleste av verba med i-omlydd rotvokal går som dǿma.

infin.

pres.ind.

pret.ind.

pret.konj.

perf.part.

dǿma

(dǿmir)

dǿmdi

(dǿmdi)

dǿmt

Hit høyrer m.a. brenna ‘brenne’, erfa ‘arve’, fella ‘felle’, festa ‘feste’, fylla ‘fylle’, fǿra ‘føre’, gleypa ‘sluke’, hefna ‘hemne’, heyra ‘høyre’, hitta ‘treffe’, hvessa ‘kvesse’, kenna ‘kjenne, lære’, leysa ‘løyse’, minna ‘minne’, mǽla ‘tale, seie’, nefna ‘nemne’, senda ‘sende’, sigla ‘sigle’, skíra ‘reinse, døype’, sýna ‘vise’ og virða ‘verdsetje’. § 80.2 Verb med j- og v-innskot. Ikkje så reint få verb har j-innskot etter regel (19) s. 44, t.d. bergja ‘smake’, byggja ‘bu, byggje’, dengja ‘dengje’, fylgja ‘fylgje’, hengja ‘hengje’, merkja ‘merkje’, stengja ‘stengje’, svelgja ‘svelgje’, syrgja ‘sørge’ og telgja ‘telgje’. Andre verb har v-innskot etter regel (20) s. 45, t.d. sløngva ‘slengje’ og støkkva ‘skvette, jage’. Endeleg er det nokre verb som kan ha både j- og vinnskot, t.d. byggja/byggva ‘bu, byggje’, hryggja/hryggva ‘gjere sorgfull’, myrkja/ myrkva ‘gjere mørk’, søkkja/søkkva ‘søkkje’ og styggja/styggva ‘skremme’. Felles for alle verba i denne paragrafen er at dei har stammeutlyd på -g el. -k.

infin.

pres.ind.

pret.ind.

pret.konj.

perf.part.

fylgja støkkva

(fylgir) (støkkvir)

fylgði støkkti

(fylgði) (støkkti)

fylgt støkkt

§ 81 Verb utan i-omlydd rotvokal (urn. ē-konjugasjon). Ein mindre flokk har ikkje i-omlydd rotvokal, og får dermed vokalskifte i preteritum konjunktiv. Dei fleste er kortstava, og for ein stor del er dei intransitive. Dei kan få endinga -i i imperativ eintal, men har elles same endingar som dei andre verba i dǿma-klassa (jf. skjemaet i fig. 8:3, s. 101).

90

Kap. 8

§ 81.1 Hovudtype. Dei fleste verb utan i-omlydd rotvokal går som duga ‘duge’.

infin.

pres.ind.

pret.ind.

pret.konj.

perf.part.

duga

(dugir)

dugði

(dygði)

dugat

Hit høyrer m.a. gá ‘leggje merke til’, gapa ‘gape’, horfa ‘vende om’, ná ‘nå, få’, skorta ‘mangle’, spara ‘spare’, trúa ‘tru’, þola ‘tåle’, þora ‘våge’ og vaka ‘vake’. Ein del av desse verba har også bindevokalen a i perfektum partisipp, duga (dugat), spara (sparat).

Uregelrette verb § 82 Uregelrette svake verb. Til slutt er det nokre verb som typologisk og historisk må reknast til dǿma-klassa, men som har uregelrett bøying, anten på grunn av stammeskifte (sǿkja – sótti) eller vokalskifte (kaupa – keypti). Hit høyrer fleire frekvente verb:

infin.

pres.ind.

pret.ind.

perf.part.

sǿkja þykkja yrkja hafa segja þegja kaupa

(sǿkir) (þykkir) (yrkir) (hefir) (segir) (þegir) (kaupir)

sótti þótti orti hafði sagði þagði keypti

sótt þótt ort haft sagt þagt keypt

‘søkje’ ‘tykkje, synast’ ‘verke, dikte’ ‘ha’ ‘seie’ ‘teie’ ‘kjøpe’

Merknader || 1. Verbet hafa har morfologisk i-omlyd i presens indikativ eintal, altså etter mønster av dei sterke verba: hefi – hefir – hefir. Bøyingsendingane er derimot i samsvar med svake verb (jf. oversynet i § 94). || 2. Verbet gera ‘gjere’ har sideformene gøra og gørva, og ved sida av det regelrette partisippet gert har det gørt og gǫrt (begge med v-innskot, t.d. gørvan og gǫrvan).

Sterk bøying § 83 Inndeling. Det er vanleg å dele dei sterke verba i seks hovudklasser, i samsvar med avlydsrekkjene (§ 15). I tillegg reknar vi med ei sjuande klasse av opphavlege reduplikasjonsverb.

Verbal bøying

91

1. klasse § 84 Vokalskifte. Verba i 1. klasse har vokalskiftet í – ei – i – i. § 84.1 Hovudtype. Dei fleste verba i 1. klasse går som bíta ‘bite’.

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj.

perf.part.

bíta

(bítr)

beit

bitu

(biti)

bitit

Slik går m.a. drífa ‘drive’, grípa ‘gripe’, hníga ‘bøye seg’, líða ‘gå, li’, líta ‘sjå’, míga ‘pisse’, ríða ‘ri’, rísa ‘reise seg’, síga ‘sige’, skína ‘skine’, slíta ‘slite’, sníða ‘skjere’ og stíga ‘stige’. § 84.2 Verb med stammeutlyd på -g. Verb med stammeutlyd på -g kan alternativt ende på vokal i preteritum eintal. Dette gjeld hníga (hné eller hneig), míga (mé el. meig), síga (sé el. seig) og stíga (sté el. steig). § 84.3 Verb med j-og v-innskot. Tre verb har j-innskot på presenssteget, blíkja ‘blinke’, svíkja ‘svike’ og víkja ‘vike’. Dei to siste verba kan også ha v-innskot etter regel (20) s. 45, svíkva og víkva.

2. klasse § 85 Vokalskifte. Verba i 2. klasse har vokalskiftet jú el. jó el. ú – au – u – o. På presenssteget står jú føre f, p, g og k og jó elles (jf. § 15). § 85.1 Hovudtypar. Dei fleste verba i 1. klasse går som krjúpa ‘krype’, brjóta ‘bryte’ eller lúka ‘stengje, betale’.

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj.

perf.part.

krjúpa brjóta lúka

(krýpr) (brýtr) (lýkr)

kraup braut lauk

krupu brutu luku

(krypi) (bryti) (lyki)

kropit brotit lokit

▪ Som krjúpa går m.a. drjúpa ‘dryppe’, fljúga ‘flyge’, ljúga ‘lyge’, rjúfa ‘bryte’, rjúka ‘ryke’, smjúga ‘smyge’ og strjúka ‘stryke’.

92

Kap. 8

▪ Som brjóta går m.a. bjóða ‘by’, fljóta ‘flyte’, frjósa ‘fryse’, gjósa ‘sprute’, gjóta ‘gyte’, hljóta ‘få’, hrjóta ‘snorke’, kjósa ‘velje’, ljósta ‘slå’, njóta ‘nyte’, sjóða ‘syde, koke’, skjóta ‘skyte’ og þjóta ‘dure’. ▪ Som lúka går berre lúta ‘bøye seg’, súga ‘suge’ og súpa ‘supe’. § 85.2 Verb med stammeutlyd på -g. Verb med stammeutlyd på -g kan alternativt ende på vokal i preteritum eintal. Dette gjeld m.a. fljúga (fló el. flaug), ljúga (ló el. laug), smjúga (smó el. smaug) og súga (só el. saug). § 85.3 Frjósa og kjósa. Verba frjósa ‘fryse’ og kjósa ‘velje’ blir bøygde etter mønster av brjóta, men i gammalislandsk kan dei ha sterkt avvikande former i preteritum og perfektum partisipp. I desse preteritumsformene følgjer personbøyinga mønsteret for svake verb (§ 94). Grunnformene er desse:

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj.

perf.part.

frjósa kjósa

(frýss) (kýss)

frøri køri

frøru køru

(frøri) (køri)

frørit kørit

§ 85.4 Flýja og spýja. To verb, flýja ‘flykte’ og spýja ‘spy’, har j-innskot på presenssteget. Formene i perfektum partisipp er ikkje kjende:

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj. perf.part.

flýja spýja

(flýr) (spýr)

flaug el. fló spjó

flugu spjó

(flygi) (spý)

— —

3. klasse § 86 Vokalskifte. Verba i 3. klasse har opphavleg hatt vokalskiftet e – a – u – u. På grunn av fleire lydovergangar førekjem også ja, i, y og ø på presenssteget. I preteritum har rotvokalen a gått til ǫ i verb med v-innskot, og i perfektum partisipp står den opphavlege rotvokalen u framleis føre nasal (like eins i partisippa brugðit og drukkit), men er elles senka til o. § 86.1 Hovudtypar. Dei fleste verba i 3. klasse går som bresta ‘breste’, bjarga ‘berge, hjelpe’, spinna ‘spinne’, slyngva ‘slyngje’ eller søkkva ‘søkke’.

Verbal bøying

93

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj.

perf.part.

bresta bjarga spinna slyngva søkkva

(brestr) (bergr) (spinnr) (slyngr) (søkkr)

brast barg spann slǫng sǫkk

brustu burgu spunnu slungu sukku

(brysti) (byrgi) (spynni) (slyngi) (sykki)

brostit borgit spunnit slungit sokkit

▪ Som bresta går m.a. brenna ‘brenne’, detta ‘dette’, gnella ‘gnelle’, hverfa ‘vende seg’, renna ‘renne’, sleppa ‘sleppe’, svelga ‘svelgje’, svella ‘svelle’, svelta ‘svelte’, þverra ‘minke’, vella ‘koke’, velta ‘velte’, verða ‘verte, bli’ og verpa ‘kaste’. Verbet bregða går som bresta, men har forma brá i preteritum eintal indikativ. ▪ Som bjarga går m.a. gjalda ‘betale’, gjalla ‘gjalle’, hjalpa ‘hjelpe’, skjalfa ‘skjelve’ og skjalla ‘smelle, skjelle’. I desse verba har ja oppstått ved bryting av e (§ 16). ▪ Som spinna går m.a. binda ‘binde’, hrinda ‘støyte’, springa ‘sprekke’, stinga ‘stikke’, svimma ‘symje’ og vinna ‘gjere, arbeide’. Verbet finna ‘finne’ blir bøygd som spinna, men på preteritumssteget kan det veksle mellom nn og nd, finna – (finnr) – fann – fundu – (fyndi) – fundit. Merk at binda, hrinda, springa og stinga får utlydsherding og assimilasjon etter regel (11) + (12) s. 40, t.d. *band → *bant → batt. Verba svimma og vinna får bortfall av v føre runda rotvokal etter regel (8) s. 39. Alle desse verba har fått vokalheving føre nasal, e > i på presenssteget, og på grunn av nasalen har dei halde fast på opphavleg u i perfektum partisipp. ▪ Som slyngva går syngva ‘syngje’, tyggva ‘tyggje’ og þryngva ‘trenge’. Alle verba kan alternativt ha j-innskot, slyngja, syngja, tyggja og þryngja. På presenssteget har dei fått vokalheving føre nasal, e > i, og dernest u-omlyd som følgje av v-innskot, i > y (§ 17.3). Også i preteritum eintal indikativ har u-omlyden gjort seg gjeldande, a > ǫ. I perfektum partisipp har desse verba halde fast på opphavleg u. ▪ Som søkkva går hrøkkva ‘vike’, kløkkva ‘klynke’ og støkkva ‘springe, støkke’. På presenssteget har desse verba fått u-omlyd som følgje av v-innskot, e > ø (jf. § 17.3) U-omlyden gjer seg også gjeldande i preteritum eintal indikativ, a > ǫ. § 86.2 Verb med bortfall av v føre runda vokal. I verb som har v føre rotvokalen, fell denne bort føre runda vokalar etter regel (8) s. 39. Dette gjev nokså ugjennomsiktige former på preteritumssteget:

94

Kap. 8

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj. perf.part.

hverfa svelga svella svelta þverra vella velta verða verpa

(hverfr) (svelgr) (svellr) (sveltr) (þverr) (vellr) (veltr) (verðr) (verpr)

hvarf svalg svall svalt þvarr vall valt varð varp

hurfu sulgu sullu sultu þurru ullu ultu urðu urpu

(hyrfi) (sylgi) (sylli) (sylti) (þyrri) (ylli) (ylti) (yrði) (yrpi)

horfit solgit sollit soltit þorrit ollit oltit orðit orpit

svamm vann

summu unnu

(symmi) (ynni)

summit unnit

svimma (svimmr) vinna (vinnr)

4. klasse § 87 Vokalskifte. Verba i 4. klasse har opphavleg hatt vokalskiftet e – a – á – u. På presenssteget har nokre verb fått rotvokalen o og eitt jamvel i. I perfektum partisipp står den opphavlege rotvokalen u framleis føre nasal (numit av nema), men er elles senka til o. § 87.1 Hovudtype. Dei fire regelrette verba i 4. klasse går som bera ‘bere’.

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj.

perf.part.

bera

(berr)

bar

báru

(bǽri)

borit

Som bera går skera ‘skjere’ og stela ‘stele’. Slik går også nema ‘ta, lære’, bortsett frå at det på grunn av nasalen har halde fast på den opphavlege rotvokalen u i perfektum partisipp, numit. § 87.2 Avvikande bøying. Nokre verb har avvikande vokalisme eller konsonantisme på presens- eller preteritumssteget. Hit høyrer koma ‘kome’, sofa ‘sove’, troða ‘trø’, fela ‘gøyme’, vefa ‘veve’ og svima ‘symje’. Rotvokalismen i koma og sofa kjem truleg av dei eldre formene *kweman og *swefan, der w har runda e til o og deretter falle bort i samsvar med regel (8). Preteritum har alternative former med v i desse verba, t.d. kvámu og sváfu.

Verbal bøying

infin. pres.sg.

pret.sg. pret.pl.

koma

(kemr/kømr) kom

sofa

(sefr/søfr)

svaf

troða fela vefa

(treðr/trøðr) (felr) (vefr)

svima

(svimr)

trað fal vaf óf svam

kvámu kómu sváfu sófu tráðu fálu váfu ófu svámu

95

pret.kj.

perf.part.

(kvǽmi) (kǿmi) (svǽfi) (sǿfi) (trǽði) (fǽli) (vǽfi) (ǿfi) (svǽmi)

komit sofit troðit folgit ofit sumit

5. klasse § 88 Vokalskifte. Verba i 5. klasse har vokalskiftet e – a – á – e. På presenssteget har nokre verb fått j-innskot og rotvokalen i. § 88.1 Hovudtypar. Dei fleste verba i 5. klasse går som gefa ‘gje’ eller biðja ‘be’.

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj.

perf.part.

gefa biðja

(gefr) (biðr)

gaf bað

gáfu báðu

(gǽfi) (bǽði)

gefit beðit

▪ Som gefa går m.a. drepa ‘slå, drepe’, eta ‘ete’, geta ‘få’, kveða ‘kvede, seie’, lesa ‘lese’, meta ‘verdsetje’, reka ‘drive’ og vega ‘løfte, vege, felle’. I preteritum eintal har eta forlenga rotvokal, át, medan vega har stammeutlyd på vokal, vá. ▪ Som biðja går sitja ‘sitje’. § 88.2 Liggja og þiggja. Verba liggja ‘liggje’ og þiggja ‘ta imot’ har stammeutlyd på vokal i preteritum eintal, lá og þá.

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj.

perf.part.

liggja þiggja

(liggr) (þiggr)

lá þá

lágu þágu

(lǽgi) (þǽgi)

legit þegit

96

Kap. 8

§ 88.3 Fregna. Verbet fregna ‘spørje’ har innskot av -n- på presenssteget og har stammeutlyd på vokal i preteritum eintal, frá. Dette verbet har presensforma fregr ved sida av *fregn + r → *fregnn → fregn, etter regel (2 + 4) s. 36–37:

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj.

perf.part.

fregna

(fregn)

frá

frágu

(frǽgi)

fregit

§ 88.4 Vera og sjá. Verbet vera ‘vere’ har avvikande former i heile presens, og sjá ‘sjå’ i preteritum, forutan at dette verbet blir utsett for både kontraksjon, regel (6) s. 38, og trykkforskyving, regel (10) s. 40:

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj.

perf.part.

vera sjá

(er) (sér)

var sá

váru sá

(vǽri) (sǽi)

verit sét

Vi set opp den fulle bøyinga av desse to verba på s. 105 nedanfor. I eldre norrønt kunne vera ha former på -s, m.a. infinitiv (vesa), presens (es) og preteritum eintal (vas). I preteritum fleirtal (váru) og i perfektum partisipp (verit) hadde det derimot former med -r.

6. klasse § 89 Vokalskifte. Verba i 6. klasse har som hovudregel vokalskiftet a – ó – ó – a. På presenssteget har nokre verb j-innskot og rotvokalen e, medan andre får forlenging til á eller ǽ. Fleire verb har også ending på vokal i preteritum eintal, og dei som har stammeutlyd på -g eller -k, får rotvokalen e i perfektum partisipp. § 89.1 Hovudtypar. Dei fleste verba i 6. klasse går som fara ‘fare, reise’.

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj.

perf.part.

fara

(ferr)

fór

fóru

(fǿri)

farit

Slik går m.a. ala ‘ale, føde opp’, gala ‘syngje’, grafa ‘grave’, hlaða ‘lesse’, kala ‘fryse’, skafa ‘skave’, vaða ‘vade’ og vaxa ‘vekse’. Dei to siste verba får bortfall av v i preteritum, *vóð > óð og *vóx > óx, i samsvar med regel (8) s. 39.

Verbal bøying

97

§ 89.2 Standa. Verbet standa ‘stå’ har innskot av -n- på presenssteget:

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj.

perf.part.

standa

(stendr)

stóð

stóðu

(stǿði)

staðit

§ 89.3 Verb med stammeutlyd på -g eller -k. Verb som har stammeutlyd på -g eller -k, får rotvokalen e i perfektum partisipp i samsvar med regel (13) s. 41, t.d. *akit > ekit. Forutan aka ‘ake’ gjeld det skaka ‘skake’ og taka ‘ta’:

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj.

perf.part.

taka

(tekr)

tók

tóku

(tǿki)

tekit

§ 89.4 Verb med rotvokalen e og j-innskot. Nokre verb får j-innskot på presenssteget med tilhøyrande rotvokal e. Slik går hefja ‘heve’, kefja ‘kue, kjøve’, skepja ‘skape’ og sverja ‘sverje’. Dei to verba deyja ‘døy’ og geyja ‘gøy’ får ending på vokal, dó og gó, i preteritum eintal. Verbet sverja får bortfall av v i preteritum, *svór > sór, i samsvar med regel (8) s. 39.

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj.

perf.part.

hefja deyja

(hefr) (deyr)

hóf dó

hófu dó

(hǿfi) (dǿi)

hafit dáit

§ 89.5 Verb med ending på vokal i preteritum eintal. Fire verb har forlenging av a til á på presenssteget og stammeutlyd på vokal i preteritum. Det er flá ‘flå’, klá ‘klø’, slá ‘slå’ og þvá ‘tvette, vaske’. Hit reknar vi også draga ‘dra’ og hlǽja ‘le’. Verbet þvá får ofte bortfall av v i preteritum, *þvó → þó og *þvógu → þógu, i samsvar med regel (8) s. 39. Ved analogi kjem det inn former som þvó og þvógu.

infin.

pres.sg.

pret.sg.

pret.pl.

pret.kj.

perf.part.

flá þvá draga hlǽja

(flǽr) (þvǽr) (dregr) (hlǽr)

fló þó dró hló

flógu þógu drógu hlógu

(flǿgi) (þǿgi) (drǿgi) (hlǿgi)

flegit þvegit dregit hlegit

98

Kap. 8

7. klasse § 90 Reduplikasjon og vokalskifte. I urnordisk reknar vi med at verba i denne klassa danna preteritum ved oppattaking (reduplikasjon) av rotstavinga, slik tilfellet var med enkelte verb i gotisk (ei utdøydd grein av germansk språk), t.d. haita – haíhait ‘heite’ og tēkan – taítōk ‘røre’ og også enkelte verb i latin, t.d. tango – tetigi ‘røre’ og caedo – cecidi ‘felle’. På det norrøne språksteget var denne reduplikasjonsstavinga fallen bort, og dermed er det ikkje lenger grunnlag for å kalle verba redupliserande. Verba i denne klassa har same type av vokalskifte som i 6. klasse, nemleg éin vokal på presenssteget og i perfektum partisipp og ein annan vokal i preteritum. På grunnlag av vokalskiftet deler vi dei i fire klasser, oppkalla etter eit sentralt verb i kvar klasse. § 90.1 A. heita-klassa. Denne klassa har vokalskiftet ei – é – ei.

infin. pres.sg.

pret.sg.

pret.pl. perf.part.

heita leika sveipa

hét lék sveip

hétu léku svipu

(heitir) (leikr) (sveipr)

heitit leikit sveipit

‘heite, love’ ‘leike’ ‘svøpe’

I tydinga ‘heite’ blir heita bøygd etter mønster av dǿma-klassa i presens eintal indikativ, heiti – heitir – heitir. I tydinga ‘love’ blir det bøygd som eit sterkt verb, heit – heitr – heitr (jf. § 94 s. 101). Merk elles dei avvikande formene sveip og svipu. § 90.2 B. auka-klassa. Denne klassa har vokalskiftet au – jó el. jo – au. Verba hǫggva og búa har avvikande vokalisme på presenssteget og i perfektum partisipp.

infin. pres.sg.

pret.sg.

pret.pl. perf.part.

auka ausa hlaupa hǫggva búa

jók jós hljóp hjó bjó

jóku jósu hljópu hjoggu bjoggu

(eykr) (eyss) (hleypr) (høggr) (býr)

aukit ausit hlaupit hǫggvit búit

‘auke’ ‘ause’ ‘springe’ ‘hogge’ ‘bu, byggje’

I preteritum fleirtal kan desse verba få ju el. u i staden for jo el. jó, juku, jusu, hlupu, hjuggu og bjuggu. Dette fører til at preteritum konjunktiv kan dannast både med rotvokalen ý og y i desse verba.

Verbal bøying

99

§ 90.3 C. blanda-klassa. Denne klassa har vokalskiftet a – e – a.

infin. pres. sg. pret. sg. pret. pl. perf. part. blanda fá falda falla ganga halda hanga

(blendr) (fǽr) (feldr) (fellr) (gengr) (heldr) (hangir)

blett fekk felt fell gekk helt hekk

blendu fengu feldu fellu gengu heldu hengu

blandit fengit faldit fallit gengit haldit hangit

‘blande’ ‘få, gje’ ‘ta skaut på’ ‘falle’ ‘gå’ ‘halde’ ‘hange’

I preteritum fleirtal og perfektum partisipp kan fá og ganga også ha rotvokalen i, fingu – fingit og gingu – gingit. Verbet hanga blir bøygd etter mønster av dǿmaklassa i presens eintal indikativ, hangi – hangir – hangir. Merk utslaga i preteritum eintal av regel (11) og (12) s. 40, t.d. *blend → *blent → blett, *feng → *fenk → fekk. § 90.4 D. blása-klassa. Denne klassa har vokalskiftet á – é – á (utanom i blóta).

infin. pres. sg. pret. sg. pret. pl. perf. part. blása gráta láta ráða blóta

(blǽss) (grǽtr) (lǽtr) (rǽðr) (blǿtr)

blés grét lét réð blét

blésu grétu létu réðu blétu

blásit grátit látit ráðit blótit

‘blåse’ ‘gråte’ ‘late’ ‘råde, styre’ ‘blote, ofre’

Blanda bøying § 91 Inndeling. Verb med blanda bøying har innslag både frå den sterke og den svake bøyinga. Den viktigaste gruppa er dei preterito-presentiske verba.

Preterito-presentiske verb § 92 Kjenneteikn. I denne verbklassa blir presens danna som preteritum av dei sterke verba, medan preteritum blir danna med dentalsuffiks, etter mønster av dei svake verba. Dette har gjeve grunnlag for nemninga preterito-presentisk. Klassa omfattar berre ti verb, dei fleste modale hjelpeverb.

100

Kap. 8

I presens får desse verba endingar som preteritum av sterke verb, i preteritum som preteritum av svake verb. Merk elles infinitivsendinga -u i munu og skulu. Verbet munu kan alternativt ha rotvokalen y i presens konjunktiv og preteritum indikativ.

infin. pres. sg. pres. pl. pret. sg. perf. part. vita eiga unna kunna þurfa muna munu skulu mega –

veit á ann kann þarf man mun skal má kná

vitu eigu unnu kunnu þurfu munu munu skulu megu knegu

vissi átti unni kunni þurfti mundi mundi skyldi mátti knátti

vitat átt unt/unnat kunnat þurft munat – – megat/mátt –

‘vite, vende’ ‘eige’ ‘elske’ ‘kunne’ ‘trenge’ ‘minnast’ ‘vilje’ ‘skulle’ ‘måtte’ ‘kunne’

Róa-klassa § 93 Kjenneteikn. Til róa-klassa høyrer fem verb: sá, róa, gróa, snúa og gnúa. Desse verba dannar presens etter mønster av sterke verb, men preteritum blir danna med fleirstavingsform (opphavleg ei reduplikasjonsform). Her får dei også endingar som svake verb.

infin. pres. sg. pret. sg. pret. pl. perf. part. sá róa gróa snúa gnúa

(sǽr) (rǿr) (grǿr) (snýr) (gnýr)

seri reri greri sneri gneri

seru reru greru sneru gneru

sáit róit gróit snúit gnúit

‘så’ ‘ro’ ‘gro’ ‘snu’ ‘gni’

Alle verba kan alternativt ha rotvokalen ø i preteritum, søri – søru osv. Merknad || 1. For seg sjølv står verbet valda ‘valde’. Det har vokalskifte som i 6. klasse, men i preteritum har det stamma oll og endingar som i svake verb: valda – (veldr) – olli – ollu – (ylli) – valdit.

Verbal bøying

101

Bøyingsendingar § 94 Grunnformer og bøyingsendingar. Så langt har dette kapitlet gått gjennom grunnformene i den svake, sterke og blanda verbbøyinga. I tillegg kjem bøyingsendingane, som kan samlast i to relativt enkle skjema, der fig. 8:3 viser endingane i imperativ, fig. 8:4 i indikativ og konjunktiv. Til saman får vi då den fulle verbbøyinga som uttrykkjer kategoriane tempus, modus, numerus og person.

Fig. 8:3 Bøyingsendingane i imperativ.

Fig. 8:4 Bøyingsendingane i indikativ og konjunktiv.

102

Kap. 8

§ 94.1 Stammer og bøyingsendingar. I samsvar med tradisjonen har vi hittil ført opp grunnformene med bøyingsendingar, t.d. kastaði, ikkje kastað-, bitu, ikkje bitosv. For å bruke skjema 8:3 og 8:4 må vi først finne fram til stammene i kvart enkelt verb. Stort sett kan vi følgje den regelen at stamma endar på konsonant, og at bøyingsendingane skal leggjast rett til denne. Unntak er dei verba som har stammeutlyd på vokal, t.d. trúa, der stamma er trú-, eller spá, der stamma er spá-. Vi dreg også frå j og v i dei verba som har j- eller v-innskot, t.d. telja og kløkkva. Svak bøying 1. kasta-klassa 2. telja-klassa 3. dǿma-klassa

presens kastteldǿm-

preteritum kastaðtalddǿmd-

Sterk bøying

presens

preteritum

1. klasse 2. klasse 3. klasse 4. klasse 5. klasse 6. klasse

bítbrjót kløkkberbiðfar-

beitbrautklǫkkbarbaðfór-

bitbrutklukkbárbáðfór-

av kasta sv.vb. av telja sv.vb. av dǿma sv.vb.

av bíta st.vb. av brjóta st.vb. av kløkkva st.vb. av bera st.vb. av biðja st.vb. av fara st.vb.

På dette grunnlaget kan vi no samle trådane og setje opp samla paradigme for verbbøyinga. I fig. 8:5 s. 104 tek vi som døme eitt svakt verb av dǿma-klassa, vaka ‘vake’, og eitt sterkt verb av 2. klasse, brjóta ‘bryte’. Til høgre for kvar form er det to kolonnar, der den første viser rotvokalen og den andre bøyingsendinga. Desse to verba illustrerer grunnmønsteret for verbbøyinga i norrønt. § 94.2 Verb med avvikande bøying. Nokre verb har avvikande bøying. I fig. 8:6 s. 105 set vi opp eit paradigme for to frekvente verb, som lett kan forvekslast i presens konjunktiv, nemleg vera og sjá, begge sterke verb av 5. klasse. Verbet vera har også uregelrette former i presens indikativ. Ein del verb har j- eller v-innskot i samsvar med reglane (19) og (20). I fig. 8:7 s. 106 set vi opp bøyingsformene for telja sv.vb. (telja-klassa), biðja st.vb. (5. kl.), og kløkkva st.vb. (3. kl.) for å vise korleis dette slår ut i praksis. I presens får dei preterito-presentiske verba endingar som sterke verb i preteritum, og i preteritum som svake verb i preteritum. Fig. 8:8 s. 107 viser korleis dette gjer seg gjeldande i verba vita, eiga, skulu og munu. § 95 Særdrag i endingane. For enkelte endingar gjeld det unntak eller fonologiske reglar som ein bør vere merksam på.

Verbal bøying

103

§ 95.1 1. person eintal. Presens: I gammalnorsk kom utlydande -r frå 2. og 3. person inn i 1. person, t.d. ek kasta > ek kastar, ek geri > ek gerir, ek verð > ek verðr, ek em > ek er. Dette skjedde på 1300-talet, unntaksvis på slutten av 1200-talet. Preteritum: I yngre norrønt kan 1. person i svake verb overta endinga -i frå 3. person, t.d. ek kallaða > ek kallaði, ek fǿrða > ek fǿrði. § 95.2 2. person eintal. Preteritum: Føre pronoment þú kan sterke verb misse endinga, t.d. gekkt þú > gekk þú. Dette gjeld også presens i preterito-presentiske verb, som dannar presensformene etter mønster av sterkt preteritum, t.d. skalt þú > skal þú, munt þú > mun þú. Elles er mange fonologiske reglar verksame: 1. Sterke verb med stammeutlyd på vokal får forlenging etter regel (5) s. 38, *sá + t → sátt av sjá, *bjó + t → bjótt av búa. 2. Sterke verb med stammeutlyd på -ð får assimilasjon i samsvar med regel (3) s. 37, *bauð + t → bautt av bjóða, eventuelt med segmentering etter regel (16) s. 42, *bað + t → batt → batst = bazt av biðja. 3. Sterke og preterito-presentiske verb med stammeutlyd på -t får som oftast segmentering etter regel (16) s. 42, *skaut + t → skautst = skauzt av skjóta, veit + t → veitst = veizt av vita, men dei kan også få regelrett form, lét + t → létt av láta, eller same form som i 1. og 3. person, t.d. batt av binda, laust av ljósta. § 95.3 2. og 3. person eintal. Presens: Verb som har stammeutlyd på -s, -l og -n, får assimilasjon etter regel (2) s. 36, t.d. *frýs + r → frýss av frjósa st.vb., *skín + r → skínn av skína st.vb., eventuelt med forkorting etter regel (4) s. 37, *veks + r → *vekss → veks = vex av vaxa st.vb. Merk at denne regelen ikkje er systematisk gjennomført etter kort rotstaving, såleis finst både gelr og gell av gala st.vb. I verbet þykkja fell utlydande -r i 3. person ofte bort føre pronomenet mér, þykkir mér > þykki mér. § 95.4 1. person fleirtal. Presens og preteritum: Utlydande -m kan falle bort føre pronomena vit og vér, t.d. bindum vit > bindu vit, bundum vér > bundu vér. § 95.5 2. person fleirtal. Presens og preteritum: Utlydande -ð kan falle bort føre pronomena it og ér, som til gjengjeld blir utvida til þit og þér, t.d. verðið it > verði þit, munuð it > munu þit, eruð ér > eru þér. Det same gjeld dei likelydande imperativformene, t.d. gangið it > gangi þit, farið it > fari þit. Det er også mange døme på overgangen ð > t i 2. person fleirtal, verðið > verðit, gangið > gangit, munuð > munut.

104

Kap. 8

[1] [2]

Infinitiv

vaka

[1] [2]

a

a

brjóta

jó a

Imperativ

Sg. 2. vak(i) Pl. 1. vǫkum 2. vakið

a a a

(i) um ið

brjót brjótum brjótið

jó jó um jó ið

Pres. ind.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

vaki vakir vakir vǫkum vakið vaka

a a a a a a

i ir ir um ið a

brýt brýtr brýtr brjótum brjótið brjóta

ý ý ý jó jó jó

r r um ið a

Pres. konj.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

vaka vakir vaki vakim vakið vaki

a a a a a a

a ir i im ið i

brjóta brjótir brjóti brjótim brjótið brjóti

jó jó jó jó jó jó

a ir i im ið i

vakandi

a

brjótandi



Pres. part. Pret. ind.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

vakta vaktir vakti vǫktum vǫktuð vǫktu

a a a a a a

a ir i um uð u

braut brauzt braut brutum brutuð brutu

au au au u u u

t um uð u

Pret. konj.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

vekta vektir vekti vektim vektið vekti

e e e e e e

a ir i im ið i

bryta brytir bryti brytim brytið bryti

y y y y y y

a ir i im ið i

vakt

a

brotit

o

Perf. part.

Fig. 8:5 Bøyinga av det svake verbet vaka og det sterke brjóta.

Verbal bøying

Infinitiv

105

vera

sjá

vera

sjá

Imperativ

Sg. 2. Pl. 1. 2.

ver verum verið

sé sjám/sjóm séð

Pres. ind.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

em ert er erum eruð eru

sé sér sér sjám/sjóm séð sjá

Pres. konj.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

sjá sér sé sém séð sé

sjá sér sé sém séð sé

verandi

sjá(a)ndi

Pres. part. Pret. ind.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

var vart var várum váruð váru

sá sátt sá sám sáð sá

Pret. konj.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

vǽra vǽrir vǽri vǽrim vǽrið vǽri

sǽa sǽir sǽi sǽim sǽið sǽi

verit

sét

Perf. part.

Fig. 8:6 Bøyinga av dei sterke verba vera og sjá.

106

Kap. 8

Infinitiv

j-innskot

j-innskot

v-innskot

telja

biðja

kløkkva

Imperativ

Sg. 2. Pl. 1. 2.

tel teljum telið

bið biðjum biðið

kløkk kløkkum kløkkvið

Pres. ind.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

tel telr telr teljum telið telja

bið biðr biðr biðjum biðið biðja

kløkk kløkkr kløkkr kløkkum kløkkvið kløkkva

Pres. konj.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

telja telir teli telim telið teli

biðja biðir biði biðim biðið biði

kløkkva kløkkvir kløkkvi kløkkvim kløkkvið kløkkvi

teljandi

biðjandi

kløkkvandi

Pres. part. Pret. ind.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

talda taldir taldi tǫldum tǫlduð tǫldu

bað batt bað báðum báðuð báðu

klǫkk klǫkkt klǫkk klukkum klukkuð klukku

Pret. konj.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

telda teldir teldi teldim teldið teldi

bǽða bǽðir bǽði bǽðim bǽðið bǽði

klykka klykkir klykki klykkim klykkið klykki

talt/talit

beðit

klokkit

Perf. part.

Fig. 8:7 Bøyinga av verb med j- og v-innskot.

Verbal bøying

Infinitiv

107

vita

eiga

mega

munu

vita

eiga

mega

munu

Imperativ

Sg. 2. vit Pl. 1. vitum 2. vitið

eig eigum eigið

– – –

mun – –

Pres. ind.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

veit veizt veit vitum vituð vitu

á átt á eigum eiguð eigu

má mátt má megum meguð megu

mun munt mun munum munuð munu

Pres. konj.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

vita vitir viti vitim vitið viti

eiga eigir eigi eigim eigið eigi

mega megir megi megim megið megi

muna munir muni munim munið muni

vitandi

eigandi

megandi

munandi

Pres. part. Pret. ind.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

vissa vissir vissi vissum vissuð vissu

átta áttir átti áttum áttuð áttu

mátta máttir mátti máttum máttuð máttu

munda mundir mundi mundum munduð mundu

Pret. konj.

Sg. 1. 2. 3. Pl. 1. 2. 3.

vissa vissir vissi vissim vissið vissi

ǽtta ǽttir ǽtti ǽttim ǽttið ǽtti

mǽtta mǽttir mǽtti mǽttim mǽttið mǽtti

mynda myndir myndi myndim myndið myndi

vitat

átt

mátt/megat



Perf. part.

Fig. 8:8 Bøying av preterito-presentiske verb.

108

Kap. 8

Refleksivbøyinga Infinitiv

telja + sk

= teljask

brjóta + sk

= brjótask

Imperativ

tel + sk teljum + sk telið + sk

= telsk = teljumsk = telizk

brjót + sk brjótum + sk brjótið + sk

= brjózk = brjótumsk = brjótizk

Pres. ind.

teljum + k telr + sk telr + sk teljum + sk telið + sk telja + sk

= teljumk = telsk = telsk = teljumsk = telizk = teljask

brjótum + k brýtr + sk brýtr + sk brjótum + sk brjótið + sk brjóta + sk

= brjótumk = brýzk = brýzk = brjótumsk = brjótizk = brjótask

Pres. konj. teljum + k telir + sk teli + sk telim + sk telið + sk teli + sk

= teljumk = telisk = telisk = telimsk = telizk = telisk

brjótum + k brjótir + sk brjóti + sk brjótim + sk brjótið + sk brjóti + sk

= brjótumk = brjótisk = brjótisk = brjótimsk = brjótizk = brjótisk

Pret. ind.

= tǫldumk = taldisk = taldisk = tǫldumsk = tǫlduzk = tǫldusk

brutum + k brauzt + sk braut + sk brutum + sk brutuð + sk brutu + sk

= brutumk = brauzk = brauzk = brutumsk = brutuzk = brutusk

Pret. konj. teldum + k teldir + sk teldi + sk teldim + sk teldið + sk teldi + sk

= teldumk = teldisk = teldisk = teldimsk = teldizk = teldisk

brytum + k brytir + sk bryti + sk brytim + sk brytið + sk bryti + sk

= brytumk = brytisk = brytisk = brytimsk = brytizk = brytisk

Perf. part.

= talzk

brotit + sk

= brotizk

tǫldum + k taldir + sk taldi + sk tǫldum + sk tǫlduð + sk tǫldu + sk

talt + sk

Fig. 8:9 Refleksivbøyinga.

Verbal bøying

109

§ 96 Refleksiv. Refleksivforma av verbet er eit særkjenne for dei nordiske språka. Ho er oppstått ved ein samanvokster av verbet og pronomenformene mik og sik, som blir reduserte til (m)k og sk. I 1. person eintal blir -k føydd til ei stamme som er identisk med 1. person fleirtal, t.d. kǫstum + k → kǫstumk. I alle dei andre formene blir -sk føydd til eksisterande former, t.d. kasta + sk → kastask, bortsett frå at utlydande -r fell føre -sk, t.d. kastar + sk → kastask. Som vanleg blir dental el. alveolar + s attgjeven med teiknet z, t.d. kastið + sk → kastiðsk = kastizk. Fig. 8:9 viser refleksivformene av telja og brjóta. Med unntak av 1. person eintal er det dei ordinære bøyingsformene som ligg til grunn. Refleksivbøyinga minner såleis strukturelt om bøyinga av substantiva i bestemt form. Merknad || 1. Refleksivforma i 1. person fleirtal kan også ende på -mk, slik at det oppstår samanfall med 1. person eintal: ek finnumk – vér finnumk, av finna st.vb.

9 Valens og rammer

Bakgrunn § 97 Valens. I moderne norsk dannar sambandet av subjekt og finitt verbal kjernen i ei setning. Men til skilnad frå moderne norsk og mange andre språk er ikkje subjektet obligatorisk i norrønt; rignir ‘det regner’ er ei velforma setning. Derfor er det gode grunnar for å seie at kjernen i ei norrøn setning blir danna av det finitte verbalet aleine, dvs. av eit verb som står i ei av dei finitte formene (§ 72).

Fig. 9:1 Døme på setningsstruktur i norrønt Så snaue setningar som rignir ‘det regner’ eller snjóvar ‘det snør’ er høgst uvanlege i norrønt. Som oftast knyter verbalet til seg både nominale og adverbiale ledd. Fig. 9:1 viser korleis setninga Þorsteinn gaf þeim góðar gjafir at skilnaði ‘Torstein gav dei gode gåver då dei skildest’ kan setjast opp som ein “molekylstruktur”. Verbalet gaf står i midten og knyter til seg tre deltakarar, som alle er nominale ledd, nemleg subjektet Þorsteinn, det direkte objektet góðar gjafir og det indirekte objektet þeim. I tillegg kjem adverbialet at skilnaði som fortel om omstenda ved verbalhandlinga, i dette tilfelle tidspunktet. Dette perspektivet har vore utvikla i den såkalla valensgrammatikken, og det kan vere til god hjelp for å forstå den grunnleggjande setningsstrukturen i norrønt.

Valens og rammer

111

Fig. 9:2 Verbtypologi i norrønt Biletleg talt deler verbalet ut bestemte roller til dei nominale ledda, som dermed blir deltakarar i verbalhandlinga. Adverbialet er på si side ein kringståar, dvs. eit ledd som uttrykkjer omstende kring verbalhandlinga, i form av tid, stad og måte. I norrønt kan eit verb knyte til seg ingen, eitt, to eller tre nominale ledd. Med andre ord kan vi stille opp ein typologi over nullverdige, einverdige, toverdige og treverdige verb, som vist i fig. 9:2. Denne eigenskapen til verbalet karakteriserer vi som valens. Vi kan også seie at verbalet dannar ei syntaktisk ramme, som gjev plass til dei ulike nominale deltakarane. § 98 Valens i norrøne ordbøker. Dette perspektivet er i praksis lagt til grunn for verbforklaringane i Norrøn ordbok. Til dei fleste verba er det sett opp rammer med aktuelle nominale og adverbiale utfyllingar i ein forkorta notasjon, av typen: ljósta e-n e-u gefa e-m e-t

slå ein med noko gje ein noko

112

Kap. 9 gefa e-t við e-u segja e-m e-t segja e-t á e-n ljá e-m e-s lofa e-n bjarga e-u

gje noko (i betaling) for noko seie ein noko seie noko på/mot ein låne nokon noko (lov)prise ein berge noko

I desse rammene er einnhverr ‘nokon’ brukt som kasusmarkør: e-m e-u e-n e-t e-s

= = = = =

einhverjum einhverju einhvern eitthvert einhvers

dativmarkør ved personar dativmarkør ved gjenstandar akkusativmarkør ved personar akkusativmarkør ved gjenstandar genitivsmarkør ved personar/gjenstandar

Den syntaktiske ramma ljá e-m e-s inneber altså at verbet ljá kan ta to nominale ledd, det eine i dativ (ein person), det andre i genitiv (i praksis ein gjenstand). Setninga Óláfr lér mér øxar sinnar ‘Olav låner meg øksa si’ viser denne ramma i funksjon. Det indirekte objektet står i dativ, e-m (her: mér), og det direkte objektet i genitiv, e-s (her: øxar sinnar). Subjektet er utelate i oppstillinga, fordi det alltid står i nominativ. § 99 Rammer. Verb, preposisjonar og adjektiv har ein viktig syntaktisk eigenskap til felles: Dei bestemmer kasus i andre ledd. Vi skal bruke termen ramme om dei strukturane som blir danna av desse tre ordklassene. Verbrammene er dei mest kompliserte, og dei står også på det øvste nivået. Desse rammene fastset grunnstrukturen i setninga: subjekt + verbal + objekt. Adjektivrammene og preposisjonsrammene er mindre kompliserte, og dei står på eit lågare nivå; adjektivrammene gjeld hovudsakleg predikativet og preposisjonsrammene hovudsakleg adverbialet.

Verb § 100 Rammer for verbet. Verbrammene fortel kor mange nominale ledd verbet knyter til seg, dvs. subjekt, direkte objekt og indirekte objekt. Enkelte adverbiale ledd inngår også i faste samband med verba, men dei fell utanfor denne oppstillinga. Generelt står adverbiala friare i setninga enn dei nominale ledda. Verbrammene blir oppsette på grunnlag av kasus. Subjektet står alltid i nominativ og det indirekte objektet alltid i dativ, men det direkte objektet kan stå i alle

Valens og rammer

113

tre oblike kasus, akkusativ, genitiv og dativ. Mange verb kan opptre i meir enn ei ramme, som t.d. bera st.vb. ‘bere’, bjóða st.vb. ‘by’, leita sv.vb. ‘leite’ og segja sv.vb. ‘seie’. Dette har særleg samanheng med at enkelte dativledd har ei relativt laus tilknyting til verbalet. I fig. 9:3 er verbrammene oppsette i samsvar med valensen til dei enkelte verba. I denne figuren skal vi merke oss at mange av rammene omfattar subjektlause eller upersonlege konstruksjonar. Slike konstruksjonar er ikkje avgrensa til nullverdige verb, som t.d. daga sv.vb. ‘bli dag’. Utan subjekt opptrer også einverdige verb, t.d. kala st.vb. ‘fryse’ og sýnask sv.vb. ‘synast’, og toverdige verb, t.d. skorta sv.vb. ‘skorte’ og vara sv.vb. ‘vere budd på’. Desse konstruksjonane kjem vi tilbake til i § 135–37.

Fig. 9:3 Verbrammer i norrønt I fig. 9:3 er kvar ramme eksemplifisert med eit verb. Verba er oppførte etter mønster av Norrøn ordbok, altså med bøyingsformer av einnhverr ‘nokon’ som kasusmarkørar. Langt frå alle verbrammer er like frekvente; dei fem vanlegaste er oppførte i halvfeit skrift i figuren.

114

Kap. 9

Nullverdige verb § 101 Verb utan nominale ledd. I denne ramma opptrer verbalet aleine, eventuelt med eitt eller fleire adverbial. ▷ Skrýmir hrýtr ok sefr svá fast at dunar í skóginum. ‘Skryme snorkar og søv så tungt at det dundrar i skogen.’ Den nominallause setninga er her at dunar í skóginum. Hit høyrer verb som daga sv.vb. ‘bli dag’, duna sv.vb. ‘brake’, flǿða sv.vb. ‘fløyme over’, gneista sv.vb. ‘gnistre’, hausta sv.vb. ‘bli haust’, ljóma sv.vb. ‘lyse’, mor(g)na sv.vb. ‘bli morgon’, rigna sv.vb. ‘regne’, snjóva sv.vb. ‘snø’, sumra sv.vb. ‘bli sommar’, vára sv.vb. ‘bli vår’ og vetra sv.vb. ‘bli vinter’. Mange av desse verba er inkoative, dvs. at dei uttrykkjer overgang frå ein tilstand til ein annan. Då er det ikkje alltid mogleg å spesifisere eit subjekt.

Einverdige verb § 102 Allment. Dei aller fleste einverdige verb knyter til seg eit subjekt i nominativ, men ei mindre gruppe har det nominale leddet i akkusativ eller dativ. § 102.1 nom + verbal. I denne svært vanlege ramma tek verbalet eit subjekt i nominativ, men ingen objekt. Desse verba er dermed intransitive. ▷ Miðgarðsormr lifir enn ok liggr í umsjá. ‘Midgardsormen lever enno og ligg i storhavet.’ Hit høyrer m.a. duga sv.vb. ‘duge’, fara st.vb. ‘fare, reise’, ganga st.vb. ‘gå’, horfa sv.vb. ‘vende om’, lifa sv.vb. ‘leve’, liggja st.vb. ‘liggje’, sofa st.vb. ‘sove’, springa st.vb. ‘sprekke’ og mange andre. Fleire av desse verba kan opptre med såkalla indre objekt, dvs. eit objekt som ligg nært opp til verbet i innhald, og som ofte er avleidd av verbet. Dette gjeld objekt som svefn m. ‘søvn’ til sofa, ferð f. og fǫr f. ‘ferd’ til fara, líf n. ‘liv’ til lifa osv. § 102.2 Verbal + akk. Verbalet tek eit objekt i akkusativ, men ikkje noko subjekt. Det er altså tale om ein upersonleg konstruksjon. ▷ Ok mun þik kala ef ek sit svá lengi ok útarliga sem ek em vanr. ‘Og du kjem til å fryse dersom eg sit så langt ute som eg er van til.’ Hit høyrer m.a. fýsa sv.vb. ‘ha hug til’, girna sv.vb. ‘ha lyst på’, hungra sv.vb. ‘svelte’, kala st.vb. ‘fryse’, kosta sv.vb. ‘koste’, langa sv.vb. ‘lengte’, lysta sv.vb. ‘ha lyst til’, minna sv.vb. ‘hugse’, súrna sv.vb. ‘surne’, svimra sv.vb. ‘bli svimmel’, syfja sv.vb. ‘bli søvnig’, tíða sv.vb. ‘ha lyst til’, ugga sv.vb. ‘bli redd’, þrota sv.vb. ‘ta slutt’, þyrsta sv.vb. ‘tørste’, vanta sv.vb. ‘mangle’ og vara sv.vb. ‘vere budd på’. § 102.3 Verbal + dat. Verbalet tek eit (indirekte) objekt i dativ, men ikkje noko subjekt. Også her er det tale om ein upersonleg konstruksjon. ▷ Ekki líkar oss

Valens og rammer

115

fyrr enn þeir brǿðr eru allir drepnir. ‘Vi likar det ikkje før alle brørne er drepne.’ Hit høyrer m.a. hitna sv.vb. ‘bli heit’, líka sv.vb. ‘like, tekkjast’, lítask st.vb. ‘synast’, svala sv.vb. ‘kjøle’, sýnask sv.vb. ‘synast’, þykkja sv.vb. ‘tykkje, synast’ og versna sv.vb. ‘versne, bli verre’.

Toverdige verb § 103 Allment. Fleirtalet av toverdige verb har subjekt i nominativ og objekt i akkusativ, men det er også fleire andre kombinasjonar, med og utan subjekt. § 103.1 nom + verbal + akk. I denne svært vanlege ramma tek verbalet subjekt i nominativ og direkte objekt i akkusativ. ▷ Hrafnkell sendi þá menn ofan eptir dalnum. ‘Ramnkjell sende då menn nedetter dalen.’ Hit høyrer bera st.vb. ‘bere’, binda st.vb. ‘binde’, bíta st.vb. ‘bite’, brjóta st.vb. ‘bryte’, draga st.vb. ‘dra’, dǿma sv.vb. ‘døme’, eiga pp.vb. ‘eige’, eta st.vb. ‘ete’, gleðja sv.vb. ‘gjere glad’, grípa st.vb. ‘gripe’, hǫggva st.vb. ‘hogge’, ljósta st.vb. ‘slå’, sjá st.vb. ‘sjå’, segja sv.vb. ‘seie’, senda sv.vb. ‘sende’, slá st.vb. ‘slå’, spyrja sv.vb. ‘spørje’, telja sv.vb. ‘telje’, yrkja sv.vb. ‘gjere, dikte’ m.m. § 103.2 nom + verbal + dat. Verbalet tek subjekt i nominativ og direkte objekt i dativ. ▷ Þjalfi ok Rǫskva fylgja honum jafnan síðan. ‘Sidan følgjer Tjalve og Roskva honom jamt.’ Hit høyrer m.a. bjarga st.vb. ‘berge’, bregða st.vb. ‘snu, vende’, bǫlva sv.vb. ‘forbanne’, eira sv.vb. ‘skåne’, eyða sv.vb. ‘øyde’, fagna sv.vb. ‘fagne, gle seg’, fylgja sv.vb. ‘følgje’, halda st.vb. ‘halde’, henta sv.vb. ‘hente’, hjalpa st.vb. ‘hjelpe’, líka sv.vb. ‘like’, lítask st.vb. ‘synast’, lúka st.vb. ‘stengje, avslutte’, mǿta sv.vb. ‘møte’, ógna sv.vb. ‘truge’, stjórna sv.vb. ‘styre’, trúa sv.vb. ‘tru’, týna sv.vb. ‘tyne, drepe’, þjóna sv.vb. ‘tene’, þykkja sv.vb. ‘synast’, sýnask sv.vb. ‘synast’, una sv.vb. ‘like, vere nøgd med’, unna pp.vb. ‘elske’ og valda bl.vb. ‘valde’. § 103.3 nom + verbal + gen. Verbalet tek subjekt i nominativ og direkte objekt i genitiv. ▷ Þeir njóta hvárki svefns né matar. ‘Dei nyt verken søvn eller mat.’ Hit høyrer m.a. afla sv.vb. ‘avle, skaffe’, bíða st.vb. ‘bie, vente’, beiða sv.vb. ‘be’, fá st.vb. ‘få, gje’, freista sv.vb. ‘freiste, prøve’, gá sv.vb. ‘ense, leggje merke til’, geyma sv.vb. ‘gøyme’, gǽta sv.vb. ‘gjete’, hefna sv.vb. ‘hemne’, leita sv.vb. ‘leite’, missa sv.vb. ‘miste, tape’, njóta st.vb. ‘nyte’, sakna sv.vb. ‘sakne’, sverja st.vb. ‘sverje’ og vitja sv.vb. ‘vitje, kome på gjesting’. § 103.4 Verbal + akk + akk. Verbalet tek ikkje noko subjekt, men det tek to objekt i akkusativ, eit personobjekt og eit gjenstandsobjekt. ▷ Draum [akk.]

116

Kap. 9

dreymdi mik [akk.] í fyrri nátt. ‘Ein draum drøymde meg førre natta’ dvs. ‘Eg drøymde ein draum førre natta.’ Hit høyrer m.a. dreyma sv.vb. ‘drøyme’, gruna sv.vb. ‘grune på, ha mistanke om’, henda sv.vb. ‘hende’, skorta sv.vb. ‘skorte’ og þrjóta sv.vb. ‘ta slutt’. § 103.5 Verbal + akk + ge n. Verbalet tek ikkje noko subjekt, men det tek to objekt, eit personobjekt i akkusativ og eit gjenstandsobjekt i genitiv. Også dette er ein upersonleg konstruksjon. ▷ Varði engan mann [akk.] þessa verks [gen.] af Þorkatli. ‘Ingen var budd på dette verket av Torkjell.’ Hit høyrer minna sv.vb. ‘minnast, kome i hug’ og vara sv.vb. ‘vere budd på’.

Treverdige verb § 104 Allment. Dei fleste treverdige verb har eitt direkte og eitt indirekte objekt. Men nokre verb har også to direkte objekt, eit personobjekt og eit gjenstandsobjekt. Personobjektet står i akkusativ, medan gjenstandsobjektet kan stå i alle tre oblike kasus, dvs. akkusativ, genitiv eller dativ. § 104.1 nom + verbal + dat + akk. I denne ramma tek verbalet subjekt i nominativ, indirekte objekt i dativ og direkte objekt i akkusativ. ▷ Þeir veittu Vésteini [dat.] umbúnað [akk.], sem siðr var til. ‘Dei stelte til likklede for Vestein, slik skikken var.’ Hit høyrer m.a. bera st.vb. ‘bere’, bjóða st.vb. ‘by’, gefa st.vb. ‘gje’, gera sv.vb. ‘gjere’, kenna sv.vb. ‘lære’, segja sv.vb. ‘seie’, selja sv.vb. ‘selje, gje’, veita sv.vb. ‘gje lov til, la få’ og fleire til. § 104.2 nom + verbal + dat + gen. Verbalet tek subjekt i nominativ, indirekte objekt i dativ og direkte objekt i genitiv. ▷ Hana elskuðu margir ok hon synjaði fám [dat.] síns vilja [gen.] ‘Henne elska mange, og ho nekta få viljen deira’ dvs. ‘ho let dei fleste få viljen sin.’ Hit høyrer m.a. afla sv.vb. ‘avle’, gjalda st.vb. ‘betale’, leita sv.vb. ‘leite’, ljá sv.vb. ‘låne’, synja sv.vb. ‘nekte’ og unna pp.vb. ‘unne’. § 104.3 nom + verbal + dat + dat. Verbalet tek subjekt i nominativ, indirekte objekt i dativ og direkte objekt i dativ. ▷ Hann vildi engum trygðum [dat.] lofa eða heita þeim [dat.]. ‘Han ville ikkje love eller gje dei noka trygd.’ Hit høyrer m.a heita st.vb. ‘love’ og lofa sv.vb. ‘love’. § 104.4 nom + verbal + akk + dat. Verbalet tek subjekt i nominativ og to objekt, eit personobjekt i akkusativ og eit gjenstandsobjekt i dativ. ▷ Nú skal [ek]

Valens og rammer

117

ekki leyna þik [akk.] því [dat.] er mér býr í skapi. ‘No skal eg ikkje løyne for deg det eg har i sinne.’ Relativsetninga er mér býr í skapi står til dativleddet því ‘det’. Hit høyrer m.a. halda st.vb. ‘halde’, leyna sv.vb. ‘gøyme’, nema st.vb. ‘ta, fjerne’ og rǽna sv.vb. ‘rane’. § 104.5 nom + verbal + akk + gen. Verbalet tek subjekt i nominativ og to objekt, eit personobjekt i akkusativ og eit gjenstandsobjekt i genitiv. ▷ Þú fyllir mik [akk.] harms [gen.]. ‘Du fyller meg med sorg.’ Hit høyrer m.a. beiða sv.vb. ‘nøyde, krevje’, biðja st.vb. ‘be’, dylja sv.vb. ‘dølje, gøyme’, eggja sv.vb. ‘eggje, drive’, fylla sv.vb. ‘fylle’, krefja sv.vb. ‘krevje’, minna sv.vb. ‘minne på’ og spyrja sv.vb. ‘spørje’. § 104.6 nom + verbal + akk + akk. Verbalet tek subjekt i nominativ og to objekt i akkusativ, eitt personobjekt og eitt gjenstandsobjekt (i praksis eit indre objekt). ▷ En því nǽst laust þú [nom.] mik [akk.] með hamrinum þrjú hǫgg [akk.]. ‘Og deretter slo du meg tre hogg med hammaren.’ Hit høyrer m.a. hǫggva st.vb. ‘hogge’, ljósta st.vb. ‘slå’ og slá st.vb. ‘slå’.

Adjektiv § 105 Allment. Nokre adjektiv kan ta pronomen- eller substantivfrasar som utfylling. Vi skal kalle denne relasjonen for styring, og markerer såleis at adjektivet er kjernen i desse konstruksjonane og det styrte leddet utfylling. Enkelte adjektiv styrer genitiv, andre dativ, og nokre få, m.a. illr ‘vanskeleg’ og skyldr ‘pliktig til, undergjeven’ kan styre begge kasus, avhengig av innhaldet. § 105.1 Adjektiv + gen. Adjektiv som styrer genitiv er m.a. búinn adj. ‘budd, klar til’, fullr adj. ‘full’, fúss adj. ‘ivrig, huga på’, gamall adj. ‘gammal’, sekr adj. ‘skyldig i’, skyldr adj. ‘pliktig til’, varr adj. ‘merksam på’, verðr adj. ‘verd’ og víss adj. ‘sikker på’. ▷ Hann var þá fimtán vetra gamall. ‘Han var då femten vintrar gammal.’ | En er Erlingr varð þess varr, þá lét hann blása liði sínu ǫllu til skipanna. ‘Men då Erling oppdaga dette, lét han kalle alt folket sitt til skipa.’ § 105.2 Adjektiv + da t. Adjektiv som styrer dativ er m.a. blíðr adj. ‘blid’, feginn adj. ‘glad’, góðr adj. ‘god’, gramr adj. ‘vreid, vond’, grimmr adj. ‘stygg’, hollr adj. ‘trugen, pålitande’, hǽttr adj. ‘farleg’, illr adj. ‘ill, vond’, kǽrr adj. ‘kjær’, líkr adj. ‘lik’, mikill adj. ‘stor’, reiðr adj. ‘sint på’, skyldr adj. ‘undergjeven’, trúr adj. ‘trugen’, þekkr adj. ‘hugleg, kjær’, útrúr adj. ‘utrugen’, úlíkr adj. ‘ulik’. ▷ Þat er ráð mitt at þú sér trúr konungi þínum. ‘Det er mitt råd at du er trugen mot kongen din.’

118

Kap. 9

Preposisjonar § 106 Allment. Preposisjonar kan ta eitt eller fleire ord som utfylling, oftast pronomenfraser, t.d. með yðr ‘med dykk’ og substantivfrasar, t.d. á skipinu ‘på skipet’. Nokre preposisjonar styrer berre ein kasus, medan andre styrer to (eller i eitt tilfelle tre) kasus, avhengig av innhaldet.

Akkusativ § 107 Preposisjon + akk. Nokre preposisjonar styrer alltid eller nesten alltid akkusativ, medan andre gjer det når det er tale om rørsle til staden (allativ) eller i tidsuttrykk. § 107.1 Fyrir útan, umhverfis, gegnum. Preposisjonane fyrir útan ‘utanfor’, umhverfis ‘omkring’ og (í) gegnum ‘gjennom’ styrer alltid akkusativ. ▷ Eptir þetta setjask þeir niðr fyrir útan hauginn ok talask við. ‘Etter dette set dei seg ned utanfor haugen og talar saman.’ | Skip lágu umhverfis skeiðina. ‘Det låg skip omkring båten.’ | Hann hljóp báðum fótum gegnum skipit ok spyrndi við grunni. ‘Han sette begge føtene gjennom båten, og spente mot grunnen.’ § 107.2 Of, um, við. Preposisjonane of ‘over, om’ og um ‘om’ styrer nesten alltid akkusativ, og við ‘ved’ gjer det som oftast. ▷ Skrýmir settisk upp ok strauk of vangann. ‘Skryme sette seg opp og strauk seg over kinnet.’ | Sigvatr orti flokk um fall Erlings. ‘Sigvat gjorde eit kvad om Erlings fall.’ | Kom hann þá við nátt til þeirar konu. ‘Han kom til denne kona om natta.’ § 107.3 Á, í, fyrir, undir, yfir. Preposisjonane á ‘på, i’, í ‘i, på’, fyrir ‘for’, undir ‘under’ og yfir ‘over’ styrer akkusativ når dei uttrykkjer rørsle til staden (allativ). ▷ Þá batt Skrýmir nest þeira allt í einn bagga ok lagði á bak sér. ‘Då batt Skryme all nista deira i ein bylt og la på ryggen sin.’ | Settisk Þórr í dyrrin. ‘Tor sette seg i døropninga.’ | Þórr lét síga brýnnar ofan fyrir augun. ‘Tor lét augnebryna sige ned for augo.’ | Ganga þau þá undir aðra eik. ‘Dei går då inn under ei anna eik.’ | Fór hann út yfir hafit þat it djúpa. ‘Han fór ut over det djupe havet.’ § 107.4 Á, í, eptir, fyrir. Preposisjonane á, í, eptir ‘etter’ og fyrir styrer ofte akkusativ i tidsuttrykk. ▷ En konungr vakti á nátt. ‘Men kongen vakte om natta.’ | Gangið þér þannig í nátt, sem skip bónda eru. ‘Gå dit i natt som skipa til bøndene er.’ | Eptir þat vaknar hann ok fǿrir bú sitt út yfir Rangá í Tungu. ‘Etter dette vaknar han og flyttar bustaden sin over Rangå ut til Tunga.’ | Í óttu fyrir dag stóð hann upp. ‘I otta før det vart dag stod han opp.’

Valens og rammer

119

§ 107.5 Með. Preposisjonen með ‘med’ styrer som oftast dativ, men kan styre akkusativ når det er tale om ein gjenstandsfunksjon snarare enn ein reiskap (då með styrer dativ, § 108.8). ▷ Nú var Loki tekinn griðalauss ok farit með hann í helli nǫkkurn. ‘No vart Loke teken fredlaus, og dei fór med han til ein heller.’

Dativ § 108 Preposisjon + dat. Nokre preposisjonar styrer alltid dativ når det er tale om rørsle frå staden (ablativ) eller nærvære på staden (lokativ). Andre styrer dativ i samband med følgjeskap (sosiativ) eller reiskap (instrumental). § 108.1 Af, frá, ór. Preposisjonane af ‘av’, frá ‘frå’ og ór ‘ut av’ styrer alltid dativ. Dei uttrykkjer rørsle frå staden (ablativ). ▷ Ríðið í brott eykjum þeira af bǿjum! ‘Ri hestane deira bort frå gardane! | Hann varð eigi leystr frá Helju. ‘Han vart ikkje løyst frå Hel.’ | Túmásmessu fyrir jól tók konungr út ór hǫfninni. ‘Tomasmesse før jul la kongen ut av hamna.’ § 108.2 Hjá, nǽr, mót. Preposisjonane hjá ‘hos’, nǽr ‘nær’ og á mót(i) el. í móti el. mót ‘i mot’ styrer også alltid dativ. Dei blir brukte i uttrykk for nærvære på ein stad eller i gjenstandsuttrykk. ▷ En Sigyn kona hans stendr hjá honum. ‘Kona hans Sigyn står hos han.’ | Þá var vant nǽr þrimr tigum ásauðar eina nátt. ‘Då kom det bort nære på tretti søyer ei natt.’ | Sonr þinn fór enga sigrfǫr á mót Óláfi konungi. ‘Sonen din fekk ikkje noka sigersferd mot kong Olav.’ § 108.3 At. Preposisjonen at ‘åt, hos, med’ styrer nesten alltid dativ. Han blir ofte brukt i uttrykk for tid eller stad, der nærværet kan forståast som resultat av rørsle. ▷ En at miðri nátt þá heyrir Þórr at Skrýmir hrýtr ok sefr fast. ‘Midt på natta høyrer Tor at Skryme snorkar og søv tungt.’ | Eina nátt dreymdi hann at maðr kom at honum. ‘Ei natt drøymde hann at det kom ein mann til honom.’ § 108.4 Á, í, fyrir, undir, yfir. Preposisjonane á, í, fyrir, undir og yfir styrer dativ når dei uttrykkjer nærvære på staden (lokativ). ▷ Váru dyrr á enda ok jafnbreiðar skálanum. ‘Der var ei dør for enden, like brei som huset.’ | Þeir fundu afhús til hǿgri handar í miðjum skálanum. ‘Dei fann eit siderom til høgre midt i huset.’ | Hann sá mann standa fyrir rekkjunni. ‘Han såg ein mann stå føre senga.’ | Gekk jǫrðin undir þeim skykkjum ok skalf húsit. ‘Jorda rista under dei og huset skalv.’ | Hvárt munu fuglar nǫkkurir sitja í trénu yfir mér? ‘Skal tru om det sit nokon fuglar i treet over meg?’ § 108.5 Á. Preposisjonen á ‘i, på’ kan styre dativ i tidsuttrykk. ▷ Þat var á dǫgum Haralds konungs hins hárfagra. ‘Det var i dei dagar då Harald Hårfagre var konge.’

120

Kap. 9

§ 108.6 Í. Preposisjonen í styrer dativ når tidsuttrykket står på grensa til staduttrykk, dvs. når det snarare er tale om situasjonen enn tidspunktet. ▷ En í því bili vaknar Skrýmir. ‘Og i den stunda vaknar Skryme.’ § 108.7 Eptir. Preposisjonen eptir ‘etter, langs’ styrer dativ i staduttrykk. ▷ Var þar gott skeið at renna eptir sléttum velli. ‘Det var ei god tevling å kappspringe på den slette vollen.’ § 108.8 Með. Preposisjonen með styrer som oftast dativ. Dette gjeld i uttrykk for følgjeskap (sosiativ), t.d. með henni, og i gjenstandsuttrykk (objektiv), t.d. með mikilli píning. ▷ Komsk hann þá upp á fjallit með henni með mikilli píning. ‘Han kom seg då opp på fjellet med henne med stor møde.’ Vidare styrer með dativ i uttrykk for nærvære på staden (lokativ), t.d. með jǫklunum, og i uttrykk for reiskap (instrumental), t.d. með ruddunni. ▷ Nú ríðr hann upp til jǫkla ok vestr með jǫklunum. ‘No rir han opp til jøklane og vestover langs dei.’ | Þá slá þú hann þat hǫgg sem þú mátt mest með ruddunni. ‘Slå til han det hardaste du kan med klubba.’ § 108.9 Við. Preposisjonen við styrer helst akkusativ (§ 107.2), men i tydinga ‘mot’ og ‘saman med’ styrer han dativ. Dette kan tolkast dels som instrumental (við grunni) og dels som sosiativ (við konu sinni). ▷ Hann hljóp báðum fótum gegnum skipit ok spyrndi við grunni. ‘Han sette begge føtene gjennom båten, og spente mot grunnen.’ | Hann var kvángaðr ok átti tvá sonu við konu sinni. ‘Han var gift og hadde to søner med kona si.’

Genitiv § 109 Preposisjon + gen. To preposisjonar, í milli og til, styrer alltid genitiv, medan ein, án, styrer genitiv, men også akkusativ eller dativ. § 109.1 Í milli, til. Preposisjonane á (el. í) milli (el. millum) ‘mellom’ og til ‘til’ styrer alltid genitiv. ▷ Þeir vildu setja grið í milli konungs ok bónda. ‘Dei ville setje fred mellom kongen og bøndene.’ | Konungr fór þá til bǿjar þess, er Liðsstaðir heita. ‘Kongen fór då til den garden som heiter Listad.’ § 109.2 Án. Preposisjonen án ‘utan’ styrer genitiv eller også akkusativ og dativ. ▷ Hann skyldi þeim manni at bana verða sem honum riði án hans vilja. ‘Han skulle bli den mann til bane som reid på han (dvs. hesten) utan hans vilje.’ Substantivet vili m. har forma vilja i alle tre oblike kasus i eintal (jf § 37.2), så i dette dømet kan vi ikkje avgjere kva for kasus som án styrer.

10 Leddstilling og kongruens

Bakgrunn § 110 Leddstilling. Leddstillinga i norrønt er friare enn i moderne norsk. Mykje av forklaringa ligg i den rike morfologien, som gjer at nominale setningsledd kan plassere seg relativt fritt i setninga utan fare for mistolking. I substantiv og pronomen fortel kasusendingane straks om eit ledd er subjekt eller objekt. Elles er den umarkerte leddstillinga lik i norrønt og moderne norsk: subjekt – verbal – objekt, ofte forkorta til formelen SVO. I dette kapitlet skil vi mellom leddstilling på setningsnivå, dvs. rekkjefølgja av setningsledd som subjekt, verbal, objekt o.l., og leddstilling på frasenivå, dvs. innanfor dei enkelte frasane, t.d substantivfrasar (med substantiv som kjerne), verbfrasar (med verb som kjerne) osv. § 111 Kongruens. Kongruens (samsvarsbøying) i norrønt skil seg ikkje avgjerande frå moderne norsk. Men norrønt har fleire bøyingskategoriar enn moderne norsk, og dermed blir kongruens ein viktigare del av syntaksen. Kongruens tener elles til å definere setningsledd som subjekt og predikativ: Subjektet kongruerer med det finitte verbalet i person og numerus, medan predikativet kongruerer med subjektet og objektet i både kasus og numerus.

Leddstilling på setningsnivå § 112 Finitt verbal. || 1. I den umarkerte leddstillinga SVO står det finitte verbalet som det andre setningsleddet. Dette gjeld både i norrønt og moderne norsk. ▷ Sigyn stendr hjá honum ok heldr mundlaugu undir eitrdropa. ‘Sigyn står attmed honom og held ei skål under eiterdråpane.’ || 2. I moderne norsk blir setningar med det finitte verbalet på første plass tolka som spørjesetningar, t.d. Gjekk ho ut? I norrønt kan det finitte verbalet også stå som det første setningsleddet i vanlege utsegnssetningar. ▷ Gengr hon þá ok slǽr út eitrinu. ‘Då går ho og slår ut eiteret’. || 3. Verbal på første plass i setninga førekjem særleg når subjektet er eit personleg pronomen i 1. eller 2. person. ▷ Sé ek at þér eruð nú felmsfullir. ‘Eg ser at no er

122

Kap. 10

de forskremte.’ || 4. Verbalet står gjerne også på førsteplassen når subjektet er ein infinitiv eller ei leddsetning. ▷ Er sagt at Þór varð bilt einu sinni at slá hann með hamrinum. ‘Det blir sagt at Tor nølte med å slå han med hammaren.’ || 5. I koordinerte setningar kan også verbalet bli sett på førsteplassen. ▷ Var þá sonr Guðbrands hǫndum tekinn, ok gaf Óláfr konungr honum grið. ‘Då vart son åt Gudbrand teken til fange, og kong Olav gav honom grid.’ § 113 Adverbial. || 1. Adverbiale ledd knyter seg ofte tett til verbalet. Det inneber at dei kan plassere seg føre objektet i setninga. ▷ Óðinn lagði á bálit gullhring. ‘Odin la ein gullring på bålet.’ | Hann hafði í hendi kníf. ‘Han hadde ein kniv i handa.’ || 2. Adverbiala kan også plassere seg lenger til høgre i setninga, etter objektet. ▷ Sigyn stendr hjá honum ok heldr mundlaugu undir eitrdropa. § 114 Objekt. || 1. Objektet plasserer seg ofte etter det infinitte verbalet. ▷ En hvárt hefir þú dregit á braut hanzka minn? ‘Skal tru om du har drege bort votten min?’ || 2. Objektet kan også stå føre det infinitte verbalet. ▷ Hefir þú nǫkkura menn hitt í borginni? ‘Har du møtt nokre menn i byen?’ § 115 Tematisering av setningsledd. Både i norrønt og moderne norsk kan vi tematisere setningsledd ved å flytte dei fram i setninga. Det kan sjå ut til at norrønt oftare brukar tematisering enn moderne norsk. § 115.1 Infinitt verbal. ▷ Vita megu þat allir. ‘Det kan alle vite’. | Heyrt hefi ek at þér hafið kvisat í milli yðvar. ‘Eg har nok høyrt at de har kviskra til kvarandre.’ | Fellt hefir hon þá menn er mér hafa litizk eigi ústerkligri en Þórr er. ‘Ho har felt menn som ikkje såg ut til å vere mindre sterke enn Tor.’ § 115.2 Adverbial. ▷ Eigi þarf langt frá því at segja. ‘Det trengst ikkje seiast mykje om dette.’ | Með vélum ferr hann mjǫk. ‘Han fer mykje med lureri.’ § 115.3 Direkte objekt. ▷ Hana elskuðu margir. ‘Mange elska henne.’ | En sjónhverfingar hefi ek gǫrt þér. ‘Eg har gjort synkvervingar for deg.’ § 115.4 Indirekte objekt. ▷ En mér segir svá hugr um at vit munim þurfa at sendask á milli. ‘Noko seier meg at vi treng ha eit teikn å sende oss imellom.’ | Honum leizk mǽrin fǫgr. ‘Han tykte møya var fager.’ § 115.5 Predikativ. ▷ Allmikill er fyrir sér Útgarðaloki. ‘Utgardsloke er mykje for seg.’ | Goðorðsmaðr er hann víst um Þorskafjǫrð ok víðara um Vestfjǫrðu. ‘Han er godordsmann i Torskafjord og vidare omkring i Vestfjordane.’

Leddstilling og kongruens

123

§ 116 Relativsetningar. || 1. Korrelatet til relativsetningane inneheld ofte demonstrativa sá eller þessi. Korrelatet kan stå rett føre relativsetninga, som blir innleidd med er ‘som’. ▷ Vér eigum þann guð er hvern dag má sjá. ‘Vi eig ein gud som vi kan sjå kvar dag.’ | Þá var sent í Jǫtunheima eptir gýgi þeirri er Hyrrokkin hét. ‘Då vart det sendt bod i Jotunheimane etter ei trollkvinne som heitte Hyrrokkin.’ || 2. Det kan òg stå eitt eller fleire ledd mellom korrelatet og relativsetninga. ▷ Ok hafa þeir verr, er á slíkt trúa. ‘Dei har det verre, som trur på slikt.’

Leddstilling på frasenivå § 117 Allment. Substantivfrasen er den mest komplekse av dei norrøne frasane, og det er også den som vik mest av frå moderne norsk. Det er elles eit særtrekk ved norrønt at substantivfrasar (og enkelte andre frasar) kan vere avbrotne eller diskontinuerlege. § 118 Substantivfrasen. Underledd i substantivfrasar plasserer seg relativt fritt i forhold til kjernen. Mange ledd som i moderne norsk berre kan stå føre kjernen, plasserer seg både føre og etter i norrønt. § 118.1 Adjektiv. || 1. Adjektiv i positiv plasserer seg både føre og etter substantivet. ▷ ungr maðr ‘ein ung mann’ | heilagr andi ‘heilag ande’ | hestr hvítr ‘ein kvit hest’ | hraun stórt ‘ein stor steingrunn’ || 2. Adjektiv i komparativ og superlativ står helst føre substantivet. ▷ ríkari maðr ‘mektigare mann’ | inn mesti vinr ‘den beste venen’ | beztr lǽknir ‘den beste lækjaren’. § 118.2 Determinativ. Determinativ plasserer seg ofte etter substantivet. ▷ akarn nǫkkut ‘ei eikenøtt’ | kǫttr minn ‘katten min’ | lið várt ‘hæren vår’. § 118.3 Demonstrativ + adjektiv. Demonstrativ + adjektiv står både føre og etter substantivet. ▷ konan sú hin verri ‘den vonde kona’ | hafit þat it djúpa ‘det djupe havet’ | sá hinn ungi maðr ‘den unge mannen’. § 118.4 Genitiv. Attributiv genitiv plasserer seg helst etter kjernen. ▷ ørgrynni liðs ‘mykje folk’ | fjórir hleifar brauðs ‘fire leivar brød’ | frǽndr ok kunnmenn sveinsins ‘venene og kjenningane til guten’. § 118.5 Pronomen + substantiv. I norrønt kan pronomen i fleirtal + substantiv brukast for å referere til ei større gruppe, slik at gruppa blir karakterisert ved ein typisk eller framståande representant. ▷ þeir Óláfr ‘Olav og mennene hans’ | þeir Erlingr ‘Erling og mennene hans’.

124

Kap. 10

§ 119 Diskontinuerlege frasar. Eit særtrekk ved norrønt er at substantivfrasar kan vere avbrotne av eitt eller fleire andre ledd. Dette gjeld i både hypotagme (adledd + kjerne, t.d. ungir menn ‘unge menn’) og i paratagme (sidestilte ledd, t.d. gamall ok spakr ‘gammal og klok’). § 119.1 Hypotagme. I hypotagme kan kjernen (halvfeit) vere skild frå adledda (kursiv). ▷ En lið várt flýði allt í fyrstunni þegar. ‘Heile hæren vår flydde i førstninga.’ | Trúið á goð várt, er allt hefir ráð yðart í hendi. ‘Tru no på vår gud, som har all makt over dykk i sine hender.’ | Vǽta var á mikil um daginn. ‘Det var mykje væte om dagen.’ § 119.2 Paratagme. || 1. I paratagme kan eitt eller fleire setningsledd plassere seg mellom dei to sideordna ledda. ▷ Þórr fór fram á leið ok þeir félagar ok gekk fram til miðs dags. ‘Tor gav seg i veg med følgjet sitt og gjekk fram til middags.’ || 2. Parataktiske adledd kan vere skilde og plasserte på kvar si side av kjernen. ▷ Var þá allgóðr byrr ok heldr hvass. ‘Det vart ein god, men heller kvass bør.’ | Hann er mikill maðr ok sterkr. ‘Han er ein stor og sterk mann.’ § 119.3 Preposisjonsfrasar. Preposisjonsfrasane er ikkje sjeldan diskontinuerlege, slik at preposisjon (halvfeit) og utfylling (kursiv) er skilde. ▷ En honum varð þar eptir gǫltr ok hafr. ‘Og etter honom vart det ein galt og ein bukk.’ | Þá hugsaði hann fyrir sér hverja vél ǽsir mundu til finna at taka hann í forsinum. ‘Då tenkte han på kva slags reiskap æsene kunne finne på for å fange han i fossen.’ | Eigi sé ek þann mann hér inni er eigi mun lítilrǽði í þykkja at fásk við þik. ‘Eg kan ikkje sjå nokon mann her inne som ikkje ville synast det er for smått å slåst med deg.’

Kongruens § 120 Definisjon. Kongruens inneber at eit ledd opptrer med dei same bøyingskategoriane som eit anna ledd som det er knytt til. § 121 Subjekt og finitt verbal. || 1. Subjektet og det finitte verbalet kongruerer i person og numerus. ▷ Hǫðr [3. pers. sing.] tók [3. pers. sing.] mistiltein ok skaut at Baldri at tilvísun Loka. ‘Hod tok mistelteinen og skaut på Balder, som Loke viste han til.’ || 2. Når verbalet kjem først, kan det stå i eintal, sjølv om subjektet er i fleirtal. ▷ Þar var [sing.] á skipi kona hans ok sonr [plur.]. ‘På skipet var kona hans og sonen.’ || 3. I upersonlege konstruksjonar står verbalet alltid i 3. person eintal. ▷ Vér eigum þann guð er hvern dag má [3. pers. sing.] sjá. ‘Vi eig ein gud som ein (vi) kan sjå kvar dag.’ | Þar fell [sing.] af liði konungs þrjú hundruð manna [plur.]. ‘Der fall tre hundre mann av kongens hær.’

Leddstilling og kongruens

125

§ 122 Subjekt og predikativ. Subjektspredikativet kongruerer med subjektet i kasus, numerus og genus. ▷ Hann [nom. sing. mask.] er mjǫk þyrstr [nom. sing. mask.] ‘Han er svært tørst.’ § 123 Objekt og predikativ. Objektspredikativet kongruerer med objektet i kasus, numerus og genus. ▷ Hann [akk. sing. mask.] reyndum vér sannan vin [akk. sing. mask.] Óláfs konungs. ‘Vi røynde han som ein sann ven av kong Olav.’ § 124 Determinativ og substantiv. Til liks med adjektiva kongruerer determinativa med substantiv i kasus, numerus og genus. ▷ sá maðr ‘den mannen’ | kerling ein ‘ei kjerring’ | kǫttr minn ‘katten min’. § 125 Pronominell referanse. Ved pronominell referanse blir nøytrum fleirtal (þau) brukt når det er tale om personar av begge kjønn. ▷ Hann tók af þeim í sǽtt bǫrn þeira Þjalfa ok Rǫsku, ok fylgja þau honum jafnan síðan. ‘Han tok i bot barna deira, Tjalve og Roskva, og dei følgjer han jamt sidan.’

11 Omformingar

Bakgrunn § 126 Forklaringsmodell. Mange syntaktiske konstruksjonar blir lettare å forstå dersom ein kan tillate seg å framstille dei som avleiingar av underliggjande strukturar. Slike avleiingar blir gjerne kalla transformasjonar, og dei har spela ei stor rolle i enkelte syntaktiske modellar. Her brukar vi nemninga omforming for å framheve at vi skal gjere ein heilt uformell bruk av transformasjonsomgrepet.

Utelating av setningsledd § 127 Allment. Utelating av setningsledd førekjem både i norrønt og i moderne norsk, men omfanget er større i norrønt. Såleis kan objektet utelatast i koordinerte setningar, og ofte står preposisjonar utan utfylling. § 128 Subjekt i imperativsetningar. I norrønt er det ikkje uvanleg at subjektet står i imperativsetningar. ▷ Far þú aptr til fǫður þíns! ‘Far du attende til far din!’ Vel så vanleg er det likevel at subjektet manglar. ▷ Sjám fyrst! ‘La oss først sjå!’ Det første eksemplet talar for at vi bør rekne med eit subjekt i imperativsetningar, også der det manglar “på overflata”. § 129 Subjekt, objekt og verbal i koordinerte setningar. Mange setningsledd kan utelatast i koordinerte setningar, dvs. setningar som er knytte saman med konjunksjonane ok ‘og’, en ‘men, og’ og eða ‘eller’. § 129.1 Subjekt. Subjektet blir ofte utelate (som på moderne norsk). ▷ Síðan fylkti konungr liði sínu ok [hann] reið sjalfr fyrir. ‘Sidan fylkte kongen hæren sin og [han] reid sjølv føre.’ § 129.2 Verbal. Verbalet kan utelatast (noko som skjer i moderne norsk). ▷ En er hann kom til lands, þá gekk hann upp ok með honum [gengu] Loki ok Þjalfi ok

Omformingar

127

Rǫskva. ‘Då han kom til lands, gjekk han opp og med honom [gjekk] Loke, Tjalve og Roskva.’ § 129.3 Objekt. Også objektet kan utelatast (i motsetnad til moderne norsk). ▷ Þjalfi helt á lǽrlegg hafrsins ok [hann]-subjekt braut [hann]-objekt til mergjar. ‘Tjalve heldt på bukkeleggen og [han] braut [den] til mergen.’ § 130 Infinitiv. Infinitiv av rørsleverb kan utelatast når verbalet er modifisert med eit adverb eller ein preposisjon. ▷ Sámr sagðisk vilja [fara] heim aptr. ‘Såm sa at han ville [fare] heim att.’ § 131 Verbet vera. || 1. I koordinerte setningar kan verbet vera ofte utelatast, endå om det ikkje alltid står i den føregåande setninga. ▷ Var grind fyrir borghliðinu ok [var] [hon] lokin aptr. ‘Det var ei grind framfor borgdøra, og ho var stengd.’ | Hefir hann hamar í hendi, ok [er] [hann] mikill vexti ok [er] [hann] holr innan. ‘Han har ein hammar i handa, og han er stor av vekst og hol innvendig.’ || 2. Etter skulu, munu og mega kan infinitiven vera utelatast. Det utelatne verbet kan tolkast både statisk, ‘vere’, og dynamisk, ‘bli’ (jf. § 160). ▷ Nú mun [vera] allskammt til unz hann mun andask. ‘No vil det [vere] stutt tid til han skal døy.’ | En þat kann ek þér segja at þú munt þó fyrr [vera] drepinn en ek. ‘Men det kan eg seie deg at du vil før [bli] drepen enn eg.’ § 132 Utfyllingar i preposisjonsfrasar. I preposisjonsfrasar kan utfyllinga (det leddet som følgjer preposisjonen) utelatast. § 132.1 Utelating i koordinerte setningar. I koordinerte setningar går den utelatne utfyllinga fram av den føregåande setninga, direkte eller indirekte. ▷ Síðan fylkti konungr liði sínu ok reið sjalfr fyrir [því]. ‘Då fylkte kongen hæren sin og reid sjølv føre [han].’ | Þá er þeir hrundu út skipum sínum, þá hljóp þar vatn í [þau] ok fylldi upp, ok máttu eigi á [þau] koma. ‘Då dei skauv ut båtane sine, sprang det vatn i [dei] og fylte dei opp, og dei kunne ikkje kome til [dei].’ | Hann tók hinn mesta uxann, er Himinhrjóðr hét, ok sleit af [honum] hǫfuðit ok fór með [þat] til sjávar. ‘Han tok den største oksen, som heiter Himinrjod, og sleit av [honom] hovudet og fór med [det] til sjøen.’ § 132.2 Utelating med þar som representant. I enkelte tilfelle opptrer det adverbiale þar ‘der’ som ein representant for den utelatne utfyllinga. ▷ Auðun kaupir bjarndýri eitt, ok gaf þar fyrir alla eigu sína. ‘Audun kjøpte ein bjørn, og gav for [denne] alt han åtte.’ | Hringhorni hét skip Baldrs. Hann vildu goðin fram setja ok gera þar á bálfǫr Baldrs. ‘Ringhorne heitte skipet til Balder. Det ville gudane setje fram og gjere bålferda til Balder på [det].’

128

Kap. 11

§ 132.3 Utelating i relativsetningar. Det er også vanleg at utfyllinga vantar i relativsetningar, med di korrelatet i oversetninga representerer utfyllinga. I slike tilfelle kan vi seie at preposisjonen er stranda. Det same fenomenet har vi i moderne norsk. ▷ Ríðið í brott eykjum þeira af bǿjum þar sem þeir eru á (→ bǿjum). ‘Ri hestane deira bort frå dei gardane som dei er på (→ gardane).’ | Hon kastaði þegar keraldinu frá sér er drykkrinn var í (→ keraldinu). ‘Ho kasta snøgt frå seg det kjeraldet som drikken var i (→ kjeraldet).’ § 132.4 Absolutt bruk av preposisjon. I andre tilfelle må vi rekne med at preposisjonen står absolutt, dvs. utan noka utfylling. I analogi med verba kan vi også seie at preposisjonen står intransitivt. ▷ En vǽta var á mikil um daginn. ‘Det var mykje væte om dagen.’ | Þá hljóp at Áslákr Fitjaskalli ok hjó með øxi í hǫfuð Erlingi. ‘Då sprang Aslak Fitjaskalle fram og hogg med øksa i hovudet på Erling.’ | Þá tók konungr til ok fór hǫndum um kverkr sveininum. ‘Då tok kongen og fór med hendene over halsen på sveinen.’

Upersonlege konstruksjonar § 135 Allment. Ovanfor har vi sett at subjektet kan utelatast i imperativsetningar og i koordinerte setningar. Men dette er langt frå dei einaste setningane som manglar subjekt i norrønt. Når subjektet manglar i andre typar av setningar, skal vi ta utgangspunkt i verbet. Dersom verbet kan opptre med subjekt, t.d. merkja ‘merkje’, reknar vi med subjektstryking (§ 136). Dersom verbet normalt ikkje opptrer med subjekt, t.d. daga ‘bli dag’, reknar vi med subjektløyse i streng forstand (§ 137). Begge delar omtaler vi som upersonlege konstruksjonar. § 136 Subjektstryking. || 1. I aktive setningar er det ikkje uvanleg at subjektet blir stroke. ▷ Konungr stakk við honum øxarhyrnunni í kinn honum ok mǽlti: “Merkja skal dróttinsvikann.” ‘Kongen stakk odden på øksa i kinnet hans og sa: “Merkje skal eg kongssvikaren.”’ I dette eksemplet er dróttinsvikann objektet, men kven som er subjektet, seier ikkje setninga noko om. I omsetjing til norsk kan vi her velje eg som subjekt (med referanse til kongen), ein (med allmenn referanse) eller vi kan passivvende setninga (‘kongssvikaren skal merkjast’). Vi skal framstille dette som uttrykk for ei omforming, der X representerer eit uspesifisert subjekt, X skal merkja dróttinsvikann → skal merkja dróttinsvikann. || 2. I prinsippet kan alle fleirverdige verb utsetjast for ei slik omforming. Subjektstrykinga tener til å fokusere på andre trekk enn sjølve subjektsforholdet; det interessante i dømet ovanfor er kven som skal merkjast (dvs. objektet), ikkje kven som utfører merkinga (subjektet). Andre døme: ▷ En þat má sjá at hann er mikill fyrir sér. ‘Og

Omformingar

129

det kan ein sjå at han er mykje til kar.’ | En vér eigum þann guð er hvern dag má sjá. ‘Men vi eig ein gud som vi kan sjå kvar dag.’ || 3. Når subjektet er utelate, plar verbet stå i 3. person eintal indikativ. Dette er den umarkerte forma, dvs. den forma som blir vald når det ikkje står noko eksplisitt subjekt. § 137 Subjektløyse. || 1. I § 100 såg vi at ein del verb ikkje tek subjekt (nedanfor oppsummert i fig. 11:1). Setningar med slike verb er subjektlause i streng forstand. Hit høyrer verb som det nullverdige rigna sv.vb. ‘regne’, det einverdige kala st.vb. ‘fryse’ og det toverdige dreyma sv.vb.‘drøyme’. ▷ Rignir þá allan dag. ‘Då regner det heile dagen.’ | Hann [akk.] kól sem aðra hundtík. ‘Han fraus som ei anna bikkje.’ | Baldr inn góða [akk.] dreymdi drauma stóra ok hǽttiliga [akk.] um líf sitt. ‘Den gode Balder drøymde store og farlege draumar om livet sitt.’ || 2. I moderne norsk har nullverdige verb fått formelt subjekt, rignir > det regner. Ved einverdige og toverdige verb plar derimot personobjektet rykkje opp på subjektplassen, t.d. mik kell > eg frys og mik dreymir draum > eg drøymer ein draum.

Fig. 11:1 Verb som ikkje tek subjekt i norrønt.

Småsetningar § 138 Akkusativ med infinitiv. Akkusativ med infinitiv er ein type småsetning som typisk opptrer etter dei toverdige verba sjá st.vb. ‘sjå’, heyra sv.vb. ‘høyre’, ǽtla sv.vb. ‘etle, meine’, hyggja sv.vb. ‘tenkje, tru’, trúa sv.vb. ‘tru’ og kveða st.vb. ‘seie’. ▷ Opt hefi ek heyrt yðr þat mǽla. ‘Ofte har eg høyrt dykk seie dette.’ I denne setninga står yðr þat mǽla som objekt. Dette er ei småsetning der yðr ‘dykk’ svarar til subjektet, mǽla ‘seie’ til verbalet og þat ‘det’ til objektet. § 138.1 Underliggjande struktur. Vi kan tenkje oss at småsetninga er avleidd av ei underliggjande, fullstendig setning, þér mǽlið þat ‘de seier dette’. Som vist i fig. 11:2 skjer det då to endringar, (1) subjektet blir gjort til objekt og sett i akkusativ,

130

Kap. 11

þér → yðr og (2) det finitte verbalet blir gjort infinitt og sett i infinitiv, mǽlið → mǽla. Nemninga akkusativ med infinitiv byggjer på nett desse to trekka.

Fig. 11:2 Danning av akkusativ med infinitiv § 138.2 Tilsvarande konstruksjonar. Konstruksjonar som svarar til akkusativ med infinitiv finst i mange språk, også i moderne norsk. Men då moderne norsk ikkje har akkusativ (utanom i pronomen), blir konstruksjonen omtalt under andre namn, t.d. objekt + objektsinfinitiv eller neksusobjekt. § 138.3 Utelating av vera. Verbalet vera kan i enkelte tilfelle utelatast. ▷ Trúir þú þann guð [vera] er nú sagðir þú frá? ‘Trur du den [vere] gud som du no har fortalt om?’ dvs. ‘Trur du han er gud, som du no har fortalt om?’ § 139 Akkusativ med infinitiv ved refleksive verbformer. Akkusativ med infinitiv opptrer også i samband med refleksive former av verb som kveða st.vb. ‘seie’ og segja sv.vb. ‘seie’. ▷ Hann kvazk vera vestfirzkr. ‘Han sa seg vere frå Vestfjordane’ dvs. ‘Han sa at han ætta frå Vestfjordane.’ | En Þórr kvezk mundu róa eina hríð. ‘Og Tor seier seg vilje ro ei stund’ dvs. ‘Tor seier at han vil ro ei stund.’ Når det er koreferanse mellom subjektet i oversetninga og subjektet i den underliggjande setninga, skjer det ei refleksivering, hann → sik, og subjektet “forsvinn” i refleksivforma, kvað sik → kvazk. Verbalet blir gjort infinitt, er → vera. § 139.1 Avleiing ved refleksive verbformer. Ved refleksive former blir avleiinga som følgjer: Hann kvað + hann er vestfirzkr → Hann kvað + sik er vestfirzkr → Hann kvazk vera vestfirzkr. | Þórr kveðr + Þórr mun róa eina hríð → Þórr kveðr + sik mundu róa eina hríð → Þórr kvezk mundu róa eina hríð. § 139.2 Preteritum infinitiv. I eksemplet Þórr kvezk mundu róa eina hríð er mundu preteritum infinitiv av munu. Elles er det berre skulu og vilja som har preteritum infinitiv, med formene skyldu og vildu. Denne spesielle infinitiven blir hovudsakleg brukt når verbalet i oversetninga står i preteritum.

12 Kategoriar

Bakgrunn § 140 Uttrykk og innhald. Morfologien gjev eit oversyn over korleis dei enkelte bøyingskategoriane kjem til uttrykk, t.d. at nominativ typisk endar på -r i maskulinum, medan akkusativ er utan ending. Syntaksen tek for seg innhaldet av desse kategoriane, t.d. at nominativ typisk er brukt for subjektet på norrønt, akkusativ for det direkte objektet.

Kasus § 141 Innhald. Kasus uttrykkjer i første rekkje forholdet mellom dei enkelte ledda i ei setning, slik at subjektet står i nominativ, det direkte objektet som oftast i akkusativ (men stundom i dativ eller genitiv) og det indirekte objektet i dativ, t.d. ▷ Mun ek [nom.] bjóða þér [dat.] tvá kosti [akk.]. ‘Eg kan by deg to vilkår.’ Dette omtalar vi som nominal bruk. Kasus kan også uttrykkje ulike omstende ved verbalhandlinga, adverbial bruk, som t.d. at reiskap kan uttrykkjast ved hjelp av dativ. ▷ Skjót at honum vendi þessum! ‘Skyt på honom med denne kvisten!’ Endeleg kan kasus uttrykkje underordning, attributiv bruk. Det siste er eit særkjenne for genitiv, ▷ vað Þórs ‘fiskesnøret til Tor’. § 142 Nominativ. Nominativ har berre nominal bruk. Det er ingen verb eller preposisjonar som styrer nominativ. § 142.1 Nominal bruk || 1. Nominativ er alltid kasus for subjektet. ▷ Gaf Óláfr konungr honum grið. ‘Kong Olav gav honom grid.’ || 2. Nominativ er også kasus for predikativet når det står til subjektet (subjektspredikativ). ▷ Hann [subj.] varð hrǽddr mjǫk [subj.pred.] við ógn þessa. ‘Han vart svært redd ved dette trugsmålet.’ § 143 Akkusativ. Akkusativ har nominal og adverbial bruk. Både verb og preposisjonar kan styre akkusativ.

132

Kap. 12

§ 143.1 Nominal bruk. || 1. Akkusativ er kasus for det direkte objektet. ▷ En í því bili laust Kolbeinn goð þeira. ‘Og i den stunda slo Kolbein til guden deira.’ || 2. Akkusativ er også kasus for predikativet når det står til objektet (objektspredikativ). ▷ Kallar þú þann [obj.] guð [obj.pred.] er þú sér eigi ok engi annarra. ‘Du kallar den for gud, som verken du eller andre kan sjå.’ § 143.2 Adverbial bruk. Uttrykk for tid og i nokon grad stad (“gjennomreist område”) kan stå i akkusativ. ▷ Hann reið níu nǽtr [tid] døkkva dala ok djúpa [stad]. ‘Han reid ni netter gjennom mørke og djupe dalar.’ § 144 Dativ. Dativ har både nominal, adverbial og attributiv bruk. Det er den mest fleirtydige av dei fire kasus i norrønt. Både verb og preposisjonar kan styre dativ. § 144.1 Nominal bruk. || 1. Det indirekte objektet står alltid i dativ. ▷ Þú skalt nú fara á fund konungs þess er þér gaf grið. ‘Du skal no fare til den kongen som gav deg grid.’ || 2. Som oftast står det indirekte objektet i lag med eit direkte objekt. Men det førekjem også at eit indirekte objekt står som einaste objekt. Dette gjeld i samband med verb som blir rekna som intransitive, t.d. vaxa st.vb. ‘vekse’ og fara st.vb. ‘gå, skje’. ▷ Hann spennir sik megingjǫrðum ok óx honum ásmegin. ‘Han spenner styrkebeltet på seg, og då voks åsemakta hans.’ || 3. I samband med enkelte verb er dativ kasus for det direkte objektet (§ 103.2) ▷ Hafa allir hlutir eiða unnit at eira Baldri? ‘Har alle ting svore på at dei skal skåne Balder?’ § 144.2 Adverbial bruk. Dativ kan også uttrykkje måte, reiskap og eigenskap (ofte omtalt som instrumental dativ). ▷ Váru allir klǽddir silki hvítu, ok váru ljósir mjǫk. ‘Alle var kledde i kvit silke, og dei var svært lyse.’ | Þeir fóru fjórum skipum suðr á Mǿri. ‘Dei fór med fire skip sør på Møre.’ § 144.3 Attributiv bruk. || 1. I samband med kroppsdelar som hǫfuð n. ‘hovud’, hǫnd f. ‘hand’, bak n. ‘rygg’ o.l., kan dativ uttrykkje eigedomstilhøve, t.d. hǫnd mér ‘handa for meg’ dvs. ‘handa mi’. Denne typen dativ blir gjerne kalla dativus sympatheticus. ▷ Nú hjóttu Nóreg ór hendi mér. ‘No hogg du Noreg or handa mi.’ || 2. Samanlikningsledd står ofte i dativ, og då utan subjunksjonen en. ▷ Hann var sólu bjartari. ‘Hann var lysare enn sola’. || 3. Dativ kan uttrykkje kva ein eigenskap gjeld eller korleis han viser seg (“henseendens dativ”). ▷ Var sá hafr haltr eptra fǿti. ‘Denne bukken var halt på bakfoten.’ § 145 Genitiv. Genitiv står noko på sida av dei tre andre kasusane fordi han så ofte blir brukt attributivt, dvs. som underordna ledd. ▷ Var þá sonr Guðbrands hǫndum tekinn. ‘Då vart sonen åt Gudbrand teken til fange.’ Her står genitiven Guðbrands attributivt til sonr i subjektet sonr Guðbrands.

Kategoriar

133

§ 145.1 Nominal bruk. Det direkte objektet står i genitiv i samband med nokre verb (§ 103.3). ▷ Hann gáði eigi stundanna. ‘Han ansa ikkje på tida.’ § 145.2 Adverbial bruk. Ein sjeldan gong blir genitiv brukt for å uttrykkje stad eller tid. ▷ Þótti mér fyrra dags ekki mjúkt orð milli ykkar konungs. ‘Eg tykte det var harde ord som fór mellom deg og kongen førre dagen.’ Faste uttrykk av denne typen er m.a. sama dags ‘same dagen’, annars staðar ‘annan stad’, þessa heims ‘i denne verda’, minnar handar ‘for min del’, hvárratveggju handar ‘for begge partar’. § 145.3 Attributiv bruk. I attributiv bruk står genitivsleddet typisk til eit anna substantiv. Dette inneber at genitivsleddet har same funksjon som eit adjektiv, og det viser seg også at denne bruken av genitiv kan erstattast med eit adjektiv eller ei samansetjing. ▷ konungs maðr ‘kongens mann’ ≈ konungligr maðr ‘kongeleg mann’ ≈ konungsmaðr ‘kongsmann’. § 145.3 a Genitiv som uttrykk for samhøyrsle. || 1. Possessiv genitiv (eigedom i vid forstand): sonr Guðbrands ‘son av Gudbrand’, vað Þórs ‘fiskesnøret til Tor’, skemtun Baldrs ‘moroa til Balder’, á dǫgum Haralds konungs hins hárfagra ‘i styringstida til kong Harald Hårfagre’ osv. || 2. Partitiv genitiv (heilskap eller art): inn nezti hlutr trésins ‘den nedste delen av treet’, einn þeira ‘ein av dei’, fjórir hleifar brauðs ‘fire leivar av brødet’, mikill fjǫldi búanda ‘ein stor flokk bønder’, hvat íþrótta ‘kva slags idrettar’, ørgrynni liðs ‘mykje folk’, allra skipa mestr ‘det største av alle skip’, fimm fylki dauðra manna ‘fem fylkingar av døde menn’. § 145.3 b Genitiv som uttrykk for subjekts- og objektsforhold. || 1. Ein særskilt type genitiv er den såkalla subjekts- og objektsgenitiven. Subjektsgenitiv kan forklarast som ei omforming av ei underliggjande setning med subjekt + verbal. Denne setninga blir omforma til ein substantivfrase der verbalet blir kjerne og subjektet ein attributiv genitiv: Skurðgoð falla → fall skurðgoða ‘avgudane fell → fallet til avgudane’. || 2. Objektsgenitiv kan på si side forståast som ei omforming av ei underliggjande setning med verbal + objekt og uspesifisert subjekt. Også her blir setninga omforma til ein substantivfrase med verbalet som kjerne og objektet ein attributiv genitiv: X stjórnar landinu → stjórn landsins ‘X styrer landet → styringa av landet’.

Bestemtheit § 146 Innhald. Bestemtheit er ein kategori som uttrykkjer om referenten i ein frase er allment kjent eller omtalt tidlegare. Kategorien kjem morfologisk til uttrykk både i bøyinga av både substantiv og adjektiv.

134

Kap. 12

§ 146.1 Substantiv. || 1. I ubestemt form har substantivet ikkje artikkel, t.d. maðr kom gangandi ‘ein mann kom gåande’. Den ubestemte forma blir brukt når referenten ikkje er allment kjent eller tidlegare omtalt. ▷ En Sigyn kona hans stendr hjá honum ok heldr mundlaugu undir eitrdropa. ‘Men Sigyn, kona hans, står attmed han og held ei skål under eiterdråpane.’ I staden for artikkel kan determinativet nǫkkurr brukast. ▷ Nú var Loki tekinn griðalauss ok farit með hann í helli nǫkkurn. ‘No vart Loke teken fredlaus, og dei fór med han til ein heller.’ || 2. I bestemt form har substantivet den etterhengde, bestemte artikkelen, t.d. maðrinn bar hárklǽði ‘mannen gjekk i hårklede’. Den bestemte forma blir brukt når substantivet er allment kjent eller tidlegare omtalt. ▷ En þá er full er mundlaugin, þá gengr hon ok slǽr út eitrinu. ‘Når skåla er full, går ho og slår ut eiteret.’ || 3. I tillegg til den bestemte artikkelen i substantivet kan det vere eitt eller fleire demonstrativ. ▷ Hann tók hinn mesta uxann er Himinhrjóðr hét. ‘Han tok den største oksen, som heitte Himinrjod.’ § 146.2 Adjektiv. || 1. I ubestemt form har adjektivet sterk bøying, t.d. ungr maðr ‘(ein) ung mann’ (§ 51). Ubestemt form blir alltid brukt når adjektivet står i predikativ stilling. ▷ Sé ek at þér [subj.] eruð nú felmsfullir [pred.] ‘No ser eg at de er forskremte.’ Like eins har adjektivet ubestemt form dersom det står i attributiv stilling utan demonstrativ. ▷ Gekk hann út of Miðgarð svá sem ungr drengr. ‘Han gjekk ut i Midgard som ein ung mann.’ || 2. I bestemt form har adjektivet svak bøying, t.d. inn ungi maðr ‘den unge mannen’. Då står det som oftast med demonstrativ. ▷ Á engjunum hjá Seineborg samnaðist þá sá hinn mikli mannfjǫldi. ‘På engene attmed Seineborga samlast då den store folkemengda.’

Grad § 147 Innhald. Grad uttrykkjer styrken av ein eigenskap eller eit omstende. Til liks med moderne norsk har norrønt tre gradar: positiv, komparativ og superlativ. § 147.1 Positiv. Positiv er den umarkerte graden, som ikkje inneber noka samanlikning. ▷ Nú em ek reiðr! ‘No er eg sint!’ § 147.2 Komparativ. || 1. Komparativ gjeld den høgare graden, brukt i samanlikning mellom fleire individ, gjenstandar eller forhold. ▷ Fekk hann þar þurrari leið ok lengri. ‘Der fekk han ein tørrare, men lengre veg.’ || 2. Når berre to individ blir samanlikna, blir komparativ også brukt om den høgste graden. ▷ Gísli ok Þorgrímr áttu leik saman, ok verða menn eigi ásáttir hvárr sterkari er. ‘Gisle og Torgrim leika ofte saman, og folk vart ikkje samde om kven som var sterkast.’ § 147.3 Superlativ. || 1. Superlativ blir anten brukt om den høgste graden, relativ

Kategoriar

135

superlativ, eller om ein svært høg grad, absolutt superlativ. Ved relativ superlativ plar adjektivet stå i ubestemt form, dvs. med sterk bøying. ▷ Þjalfi var allra manna fóthvatastr. ‘Tjalve var raskast til beins av alle.’ || 2. Ved absolutt superlativ plar adjektivet stå i bestemt form, dvs. at det har svak bøying. ▷ Sigvatr var inn mesti vinr Erlings. ‘Sigvat var ein svært god ven av Erling.’

Tempus § 148 Innhald. Tempus fortel korleis ei hending er plassert i høve til ytringsaugneblinken. Til liks med moderne norsk har norrønt berre to tempora med eigne bøyingsformer, presens (notid) og preteritum (fortid). Framtid blir uttrykt ved hjelp av samansette former, som oftast med munu + infinitiv. § 148.1 Presens. || 1. Presens er det umarkerte tempus på norrønt. Som oftast blir det brukt om handlingar i notida. ▷ Auðsét er nú at máttr þinn er ekki svá mikill sem vér hugðum. ‘No er det lett å sjå at makta di ikkje er så stor som vi tenkte.’ || 2. Presens kan også brukast i såkalla generiske utsegner, dvs. om ting som gjeld til alle tider (atemporalt). ▷ Maðr er manns gaman. ‘Mann er manns gaman.’ || 3. I enkelte tilfelle kan presens også brukast om framtid. ▷ En er þessi tíðindi verða, þá stendr upp Heimdallr ok blǽss ákafliga í Gjallarhorn. ‘Når dette hender, skal Heimdall stå opp og blåse av all makt i Gjallarhornet.’ || 4. Endeleg kan presens brukast om fortid, såkalla historisk presens. Dette er svært vanleg i norrøn prosa, der presens og preteritum kan veksle om kvarandre. ▷ Þat er upphaf þessa máls at Ǫkuþórr fór [pret.] með hafra sína ok reið ok með honum sá áss er Loki er kallaðr. Koma [pres.] þeir at kveldi til eins búanda ok fá [pres.] þar náttstað. En um kveldit tók [pret.] Þórr hafra sína ok skar [pret.] báða. § 148.2 Preteritum. || 1. Preteritum inneber eintydig at handlinga ligg i fortida, med blikkpunktet i ytringsaugneblinken. ▷ Þá fell konungr niðr ok lá lengi í úviti, ok bar svá mikinn harm at varla loddi lífit í honum. ‘Då fall kongen ned og låg lenge i uvit, og tok det så tungt at det knapt var liv i honom.’ || 2. I konjunktiv er tempusmotsetninga oppheva. I heilsetningar utrykkjer presens konjunktiv primært optativt innhald og preteritum konjunktiv potensialt innhald. Jf. § 152. § 148.3 Framtid. Norrønt har ikkje futurum som eige tempus, men uttrykkjer framtid ved hjelp av munu + infinitiv. Hjelpeverbet munu har eit så generelt innhald at det kan oppfattast som eit reint temporalt hjelpeverb. I omsetjing til moderne norsk må vi leggje inn eit meir spesifikt modalt innhald i slike konstruksjonar, avhengig av samanhengen. ▷ Þórr segir at þeir munu þá sofa ganga. ‘Tor seier at dei vil gå og sove. | Ek á nú norðr leið til fjalla þessa er nú munuð þér sjá

136

Kap. 12

mega. ‘Eg legg no vegen nordover mot dei fjella som de no kan sjå.’ | En nú mun reyna er þeir renna it þriðja skeiðit. ‘Men no skal det vise seg når dei spring det tredje rennet.’

Modus § 149 Innhald. Modus uttrykkjer korleis språkbrukaren stiller seg til påstandsinnhaldet av setninga. Norrønt har tre modi: indikativ, konjunktiv og imperativ. § 150 Indikativ. Indikativ er den umarkerte modus og uttrykkjer faktisitet, dvs. at språkbrukaren går god for påstandsinnhaldet i setninga. ▷ Þat var Miðgarðsormr er liggr um lǫnd ǫll. ‘Det var Midgardsormen, som ligg kringom alle land.’ Indikativ er utan samanlikning den mest brukte modus. § 151 Konjunktiv. || 1. På semantisk grunnlag kan konjunktiv delast i to hovudtypar, optativ og potensial. Den optative konjunktiven melder ei interesse i at påstandsinnhaldet blir oppfylt. Innhaldet kan karakteriserast langs ein akse av typen ønske, bøn, oppmoding, påbod, krav. ▷ Friðr sé þér með ǫllum bǫrnum þínum. ‘Fred vere med deg og alle barna dine.’ || 2. Potensial konjunktiv uttrykkjer ei haldning til sanninga av påstandsinnhaldet. Innhaldet av den potensiale konjunktiv kan karakteriserast langs ein akse av typen tenkjeleg, mogleg, sannsynleg. ▷ Sagði at þá var mið nátt ok enn vǽri mál at sofa. ‘Han sa at det var midt på natta og at enno var det tid til å sove.’ || 3. Felles for alle typar av konjunktiv er det vi kan kalle ikkje-faktisitet. Det ein ønskjer, har ein ikkje for handa, og det ein tvilar på, ligg ikkje føre som noka sikker kjensgjerning. Konjunktiv melder såleis ein allmenn reservasjon til påstandsinnhaldet i setninga. || 4. Skiljet mellom optativ og potensial konjunktiv kjem klarast til uttrykk i heilsetningar. I leddsetningar er konjunktiv ofte styrt av verbalet i oversetninga. Då er innhaldet oftast potensialt. § 152 Konjunktiv i heilsetningar. || 1. I presens har konjunktiv for det meste optativt innhald. ▷ Beri þeir sigr af ǫðrum í dag, er sá guð vill. ‘Måtte den av oss få siger i dag som Gud vil.’ Ønske og krav har eit naturleg framtidsinnhald, og til det føremålet høver presens betre enn preteritum. I enkelte tilfelle står optativ konjunktiv nær imperativ i innhald, og i 2. person fleirtal har desse to modi jamvel same former. || 2. I preteritum har konjunktiv oftast potensialt innhald. Potensial konjunktiv opptrer gjerne i samband med verb som mega, skulu, þykkja, vilja og vera. ▷ Mǽttir þú muna hversu þú vart beiddr til fararinnar. ‘Du vil nok hugse korleis du vart beden om å gå.’

Kategoriar

137

§ 153 Konjunktiv i leddsetningar. Konjunktiv førekjem oftare i leddsetningar enn i heilsetningar. Dette har samanheng med at leddsetningar gjerne uttrykkjer atterhald, vilkår, følgje eller andre innhaldskategoriar som typisk er modale. § 153.1 Nominale at-setningar. || 1. Konjunktiv står ofte når verbalet i oversetninga uttrykkjer vilje, meining, tru, tvil e.l. ▷ Þá hugði hon at hann lǽgi í úviti. ‘Då tenkte ho at han låg i uvit.’ || 2. Konjunktiv blir òg brukt når setninga refererer noko som er sagt. I dette ligg det eit atterhald som konjunktiven er med på å markere. ▷ Hon sagði mér at þú vǽrir bestr lǽknir hér í staðinum. ‘Ho fortalde meg at du var den beste lækjaren her i byen.’ § 153.2 Nominale spørjesetningar. Her førekjem konjunktiv særleg når verbalet i oversetninga uttrykkjer spørsmål, tvil, vurdering o.l. ▷ Þá spyrr konungr son Guðbrands, hvernug goð þeira vǽri gǫrt. ‘Då spør kongen sonen åt Gudbrand korleis guden deira var laga til.’ § 153.3 Relativsetningar. Konjunktiv blir stundom brukt i restriktive relativsetningar, dvs. når relativsetninga avgrensar innhaldet av korrelatet. ▷ Guðbrandr átti son einn, þann er hér sé getit. ‘Gudbrand hadde ein son, som det her blir fortalt om.’ Verbforma sé er konjunktiv av vera (jf. skjemaet s. 105). § 153.4 Adverbiale vilkårssetningar. Dei adverbiale vilkårssetningane blir jamt innleidde med subjunksjonen ef ‘dersom’ eller nema ‘om ikkje, utan at’. Vilkårssetningar i presens har oftast indikativ (det første dømet nedanfor), medan dei plar ha konjunktiv i preteritum (det andre dømet). ▷ En ef ek fylgi þér í brott, þá mun faðir minn jafnan lifa með harm ok hugsótt. ‘Men om eg følgjer med deg, kjem far min til å leve med sorg og hugverk for all tid.’ Konjunktivforma ville her ha vore fylgja. | Konungr myndi eigi gipta hana honum nema hann gǽti borit hana í faðmi sínum upp á fjallit. ‘Kongen ville ikkje gifte henne bort til honom utan at han greidde å bere henne opp på fjellet i famnen sin.’ § 153.5 Adverbiale samanlikningssetningar. Ved samanlikning ligg det ofte eit moment av reservasjon, fordi dei to samanlikningsledda aldri er heilt identiske. Desse setningane blir typisk innleidde med subjunksjonen sem. ▷ Hann var svá kyrr sem hann vǽri grafinn niðr. ‘Han var så still som han var graven ned.’ § 153.6 Adverbiale vedgåingssetningar. I setningar som er innleidde med subjunksjonen þó at (þótt) ‘om, dersom, sjølv om’ står det alltid konjunktiv. ▷ Einarr hyggr at Hrafnkell mundi eigi vita þótt hann riði hestinum. ‘Einar tenkte at Ramnkjell ikkje ville få vite det om han reid hesten.’ § 153.7 Adverbiale følgjesetningar. Følgjesetningar har eit element av uvisse, som kjem til uttrykk i konjunktivforma. Subjunksjonen er typisk svá at. ▷ Engan

138

Kap. 12

knút fekk hann leyst ok engan álarendann hreyft svá at þá vǽri lausari en áðr. ‘Ingen knute fekk han løyst opp og ikkje fekk han rikka på ein reimende, slik at dei vart lausare enn før.’ § 154 Imperativ. Imperativ finst berre i 1. person fleirtal og i 2. person eintal & fleirtal. Innhaldet av imperativ spenner frå mild oppmoding til strengt påbod. ▷ Haf þú þat sem ek hefi haft áðr. ‘Ta du det som eg har hatt før.’ | Gangið þér þannig í nátt sem skip bónda eru, ok borið raufar á ǫllum. ‘Gå dit i natt som skipa til bøndene er, og bor hol i alle saman.’ § 154.1 1. person fleirtal. I den mildare tolkinga har imperativ eit innhald som ligg nær opp til oppmodande konjunktiv. Dette gjeld alltid i 1. person fleirtal. ▷ Stǫndum upp ok gǫngum vestr yfir ána til móts við þessa menn! ‘La oss stå opp og gå vest over elva til møtes med desse mennene!’ § 154.2 2. person eintal. I 2. person har imperativ som oftast eit strengare innhald. Det er ikkje uvanleg at subjektet står i imperativsetningar, ofte i enklitisk form. ▷ Gakk þú til Óláfs konungs. ‘Gå til kong Olav.’ | Þá láttu (dvs. lát þú) hann nú svá gera, at veðr sé skýjat í morgin. ‘La han då gjere slik at vêret blir skya i morgon.’ § 154.3. 2. person fleirtal. I 2. person fleirtal har formene i imperativ og presens (indikativ og konjunktiv) falle saman, utanom ved verba vera, vita og eiga, men ut frå samanhengen er det sjeldan vanskeleg å skilje; i imperativ manglar anten subjektet eller det står rett etter verbet. ▷ Ríðið [manglar subjekt] í brott eykjum þeira af bǿjum! ‘Ri hestane deira bort frå gardane!’

Aspekt § 155 Perfektum. Perfektum uttrykkjer at ei handling har skjedd eller er avslutta innan ei bestemt tid. Perfektum blir uttrykt med hafa + perfektum partisipp. § 155.1 Perfektum og tempus. || 1. Når hafa står i presens, fell avgrensinga saman med ytringsaugneblinken. ▷ Eða hvárt hefir Þórr ekki þessa hefnt? ‘Har ikkje Tor teke hemn for dette?’ || 2. Med preteritum av hafa gjeld avgrensinga eit punkt i fortida. ▷ Sýndisk nú ǫllum sem Loki hefði látit leikinn. ‘Alle såg no at Loke hadde tapt tevlinga.’ § 155.2 Perfektum med hafa og vera. || 1. Ved intransitive rørsleverb som koma ‘kome’ og ganga ‘gå’ kan perfektum uttrykkjast med hafa + perfektum partisipp. ▷ Veiztu nǫkkut til fara Gísla, eða hvárt hefir hann hér nǫkkut komit? ‘Veit du

Kategoriar

139

noko om kvar Gisle er, eller har han kan hende kome hit?’ || 2. Perfektum kan også uttrykkjast med vera + perfektum partisipp ved desse verba. I så fall kongruerer partisippet med subjektet. ▷ Þá er Bǫrkr kominn í skotfǿri, er þau eru komin at landi. ‘Då er Bork komen på skothald, når dei er komne til lands.’ || 3. Med vera-perfektum blir resultatet av handlinga framheva, dvs. tilstanden, medan hafa-perfektum framhevar handlinga sjølv. På denne bakgrunnen er det vanleg å skilje mellom handlings- og tilstandsperfektum. § 156 Supinum. Etter hafa er perfektum partisipp i dei fleste tilfelle ubøygd og går inn som ein del av verbalet. Denne partisippforma, som gjerne blir kalla supinum, svarar til nominativ & akkusativ eintal nøytrum (jf. § 75.1). ▷ Hann hefir haft kveisu mikla í fǿtinum síðan hann kom á þingit. ‘Han har hatt ein stor svull på foten sidan han kom på tinget.’

Diatese § 157 Innhald. Diatese uttrykkjer kva for rolle verbet deler ut til subjektet i setninga. I norrønt skil vi mellom tre former for diatese, aktiv, mediopassiv og passiv. Aktiv og mediopassiv blir uttrykt med eigne bøyingsformer, medan passiv oftast blir uttrykt med samansette verbformer (perifrastisk). § 158 Aktiv. Aktiv form av verbet inneber typisk at subjektet er den som handlar (agens), medan eit eventuelt objekt er den som handlinga er retta mot eller går ut over (patiens). ▷ Hann lagði gullhring á bálit. ‘Han la ein gullring på bålet.’ § 159 Mediopassiv. Mediopassiv form av verbet inneber typisk at subjektet både er den som handlar og den som handlinga er retta mot. Mediopassiv blir uttrykt med refleksive former, som har vakse fram av aktive former + pronomena mik eller sik. ▷ Hann lagðisk í rekkju. ‘Han la seg til sengs.’ (Jf. § 96.) Vi reknar med fire ulike bruksmåtar av mediopassiv på norrønt: refleksiv, resiprok, inkoativ og passiv. Kvart verb har vanlegvis berre ein av desse bruksmåtane, t.d. slik at leggjask ‘leggje seg’ har refleksivt innhald, mǿtask ‘møtast, møte kvarandre’ resiprokt og gerask ‘bli gjort, skje’ inkoativt. § 159.1 Refleksivt innhald. Når mediopassiv har refleksivt innhald, vender verbalhandlinga seg mot subjektet sjølv. ▷ En þá er konungr stóð upp, þá herklǽddisk hann. ‘Då kongen stod opp, tok han på seg hærkleda.’ § 159.2 Resiprokt innhald. Resiprokt innhald inneber at dei personane (eller

140

Kap. 12

gjenstandane) som subjektet viser til, påverkar kvarandre gjensidig. Subjektet står i fleirtal. ▷ Ok skildusk þeir vinir, sem fyrr váru úvinir. ‘Og dei skildest som vener, som før var uvener.’ § 159.3 Inkoativt innhald. Inkoativt innhald inneber at subjektet trer inn i ein ny tilstand. I omsetjing til moderne norsk kan vi mange gonger få dette fram ved å leggje til verbet bli, t.d. gerask ‘bli gjort, skje’, mǿðask ‘bli trøytt, trøtne’. ▷ Sem mǽrin kenndi at hann mǿddisk, þá mǽlti hon: “Unnasti,” kvað hon, “drekk drykk þinn, því at ek kenni at þú mǿðisk.” ‘Då møya kjende at han trøtna, sa ho: “Kjæraste”, sa ho, “drikk drikken din, for eg kjenner at du trøtnar.”’ § 159.4 Passivt innhald. Passivt innhald inneber at subjektet blir utsett for ein påverknad utanfrå, nemnd eller unemnd. ▷ Á hans dǫgum bygðisk Ísland. ‘I hans tid vart Island busett.’ | Jésús kristr fǿddisk af heilagri mey Maríu. ‘Jesus Kristus vart fødd av den heilage møya Maria.’ Grensa mellom inkoativ og passiv bruk kan av og til vere vanskeleg å dra. I det første dømet ovanfor har verbet også eit inkoativt innhald. Det andre dømet, som har uttrykt agens, ber tydeleg preg av eit latinsk førelegg. § 160 Passiv. Passiv inneber at subjektet typisk får rolla som patiens, medan agens vanlegvis ikkje kjem til uttrykk. Vi reknar med at passive setningar kan avleiast av underliggjande aktive setningar, t.d. Heilǫg mǽr María fǿddi Jésúm krist → Jésús kristr fǿddisk af heilagri mey Maríu. Sjå § 31.3 om bøyinga av mǽr f. ‘møy’. § 160.1 Vera-passiv. Norrønt uttrykkjer passiv hovudsakleg med vera + perfektum partisipp. ▷ Hann er lagðr á bálit. ‘Han er lagd på bålet’. Denne konstruksjonen kan gjevast to fortolkingar, ei statisk og ei dynamisk. Etter den statiske fortolkinga uttrykkjer konstruksjonen ein tilstand, ‘han ligg på bålet’. Etter den dynamiske tolkinga representerer konstruksjonen ei handling, ‘han blir lagd på bålet’. Det er den siste tolkinga som representerer passiv. § 160.2 Verða-passiv. Stundom blir passiv uttrykt med verða + perfektum partisipp. Slike konstruksjonar kan berre fortolkast dynamisk. ▷ Hversu megu synir hans, þeir er getnir verða í útlegð, njóta þeira gjafa? ‘Korleis kan sønene hans, som blir fødde i utlegd, nyte desse gåvene?’ § 160.3 Refleksiv form. I enkelte tilfelle kan passiv uttrykkjast med refleksivforma (jf. § 159.4 ovanfor). ▷ Hér dǿmask opt góðir af illum. ‘Her blir ofte gode [menneske] dømde av vonde.’

Ordliste

I denne lista blir teiknet ▸ brukt for å vise til eit anna oppslagsord. ablativ opphavleg ein kasus i det indoeuropeiske grunnspråket (og framleis i latin), som uttrykkjer rørsle frå ein bestemt stad; har gått inn i ▸ dativ i norrønt, t.d. frá landi ‘frå land’ absolutt stilling preposisjonar som står utan noka utfylling, står absolutt, jf. moderne norsk blir du med [meg el. oss]? adledd ledd som er underordna ein ▸ kjerne, t.d. spakar i spakar konur ‘kloke kvinner’ adjektivfrase ▸ frase adjektiv (ordklasse) ord som uttrykkjer eigenskapar, t.d. gamall i inn gamli maðr ‘den gamle mannen’ adverb (ordklasse) ord som uttrykkjer omstende, i form av tid, stad og måte, t.d skjótt i ganga skjótt ‘gå snøgt’ eller modifiserer andre ledd, t.d. mjǫk i mjǫk þyrstr ‘svært tørst’ adverbial setningsledd som typisk uttrykkjer tid, stad eller måte, og som modifiserer eit anna ledd i setninga, som oftast verbalet; kan vere adverb, preposisjonsfrase, leddsetning m.m. adverbial bruk om setningsledd som fungerer som adverbial, t.d. når dativ blir brukt om måte, þeir fóru fjórum skipum ‘dei fór med fire skip’ adverbiale leddsetningar setningar som inngår som ledd i ei anna setning og som fungerer som eit adverbial, t.d.

setningar innleidde med subjunksjonar som ef, þó at, svá at affiks samlenemning for ordelement som plasserer seg føre rota i ordet (▸ prefiks) eller etter rota (▸ suffiks) agens den som utfører ei handling, som regel ▸ subjekt i setninga akkusativ kasus som typisk blir brukt for det direkte objektet i setninga (▸ nominal bruk), kan også uttrykkje tid og gjennomreist område (▸ adverbial bruk) akkusativ med infinitiv ein setningsliknande konstruksjon der det subjektsliknande leddet står i akkusativ og verbet i infinitiv, t.d. hestinn standa i hann sá hestinn standa þar ‘han såg hesten stå der’ aktiv verbform som inneber at handlinga i setninga typisk spring ut frå subjektet, t.d. hann sló hestinn ‘hann slo hesten’, og ikkje rettar seg mot subjektet, t.d. hestrinn varð sleginn ‘hesten vart slått’, som er ▸ passiv allativ uttrykk for rørsle til staden, eigen ▸ kasus i enkelte språk, m.a. finsk; motsett av ▸ ablativ, t.d. undir aðra eik i þeir ganga undir aðra eik ‘dei går inn under ei anna eik’ alveolar lyd som blir danna med tungespissen mot tannkammen (lat. alveoli), dvs. området rett bak

142

Ordliste

tennene; t og d er ofte alveolare, men kan også vere ▸ dentale a-omlyd ▸ omlyd approksimant lyd som blir danna med så lita innsnevring at det ikkje er nokon høyrande friksjon; omfattar både ▸ vokalar og ▸ sonorantar artikulasjonsmåte den måten ein lyd blir danna på, t.d. ved fullt lukke (▸ plosiv), tydeleg innsnevring (▸ frikativ), lita eller svært lita innsnevring (▸ approksimant), osv. artikulasjonsstad den staden i munnhola der ein lyd blir danna ved ei innsnevring, som oftast ved hjelp av tunga, men også ved hjelp av leppene og andre organ i munnhola aspekt verbkategori som uttrykkjer tidskonturen til handlinga, t.d. om ho er avslutta (perfektum) eller ikkje assimilasjon påverknad av ein lyd på ein annan slik at den andre lyden blir likare eller heilt lik den første, anten progressiv, dvs. framover i ordet (hreinr → hreinn) eller regressiv, dvs. bakover i ordet (góðt → gótt) asyllabisk som ikkje dannar stavingskjerne, t.d. halvvokalen j i mjǫk, der vokalen ǫ er kjernen attributiv bruk underordning av ledd, der det underordna leddet modifiserer det overordna leddet, t.d. forholdet mellom eit ▸ adjektiv og eit ▸ substantiv, ungir menn ‘unge menn’, eller mellom ▸ genitiv og ein annan ▸ kasus, t.d. konungs maðr ‘kongens mann’ a verbo bøying av verb i ▸ grunnformer, t.d. bíta – beit – bitu – bitit avleiing danning av nye ord, t.d. vinr – vinligr – úvinr ‘ven – venleg – uven; til skilnad frå ▸ samansetjing som er danning av nye ord gjennom samanføying av ei eller fleire stammer, vin + gjǫf = vingjǫf ‘venegåve’

avleiingsaffiks ordelement som plasserer seg anten føre rota i ordet, t.d. ú- i úvinr ‘uven’, eller etter rota i ordet t.d. -lig- i vinligr ‘venleg’; i begge tilfelle er affikset med på å skape eit nytt ord avlyd skifte mellom to, tre eller fire vokalar i det same ordet, særleg i bøyinga av dei sterke verba, men også brukt i ordlaging; går tilbake til det indoeuropeiske grunnspråket avlydsrekkje vokalskifte som framfor alt kjem til uttrykk i dei sterke verba, og som framleis er synleg i dei moderne germanske språka bestemtheit bøyingskategori som uttrykkjer om ordet refererer til noko som er kjent i talesituasjonen, bestemt form, eller til noko som er ukjent eller tilfeldig, ubestemt form bilabial lyd som blir danna ved innsnevring av over- og underleppene, t.d. b i moderne norsk ball og w i engelsk water bindevokal vokal som blir skoten inn mellom stamme og ending, t.d. a i preteritum av kasta-klassa, kast-a-ði bøying endring av ei ordform gjennom tillegg av endingar og/eller skifte av rotvokalen for å uttrykkje grammatiske kategoriar som t.d. ▸ kasus og ▸ numerus i den substantiviske bøyinga eller ▸ tempus og ▸ modus i verbbøyinga; jf. også ▸ ordlaging bøyingsending eit ▸ suffiks som blir lagt til ▸ stamma av ordet for å uttrykkje ein eller fleire grammatiske kategoriar bryting overgangen frå kort, trykksterk e i rotstavinga til ja (eller jǫ ved uomlyd), t.d. *bergan > bjarga (og vidare *bjargum > bjǫrgum) dativ kasus som typisk blir brukt for det indirekte objektet (▸ nominal bruk), men som også kan brukast for reiskap,

Ordliste måte m.m. (▸ adverbial bruk) og til å modifisere eit anna ledd (▸ attributiv bruk), t.d. ▸ dativus sympatheticus dativus sympatheticus dativ brukt ved kroppsdelar, der dativleddet uttrykkjer eigedomstilhøve, t.d. hǫnd mér ‘handa mi’ (eig. ‘handa for meg’) defekt bøying ord som manglar ei eller fleire former, t.d. adjektiv utan positiv eller verb utan infinitiv demonstrativ ▸ determinativ dental lyd som blir danna med tungespissen mot tennene dentalsuffiks eit ▸ suffiks som plasserer seg føre tal- og personendinga i svake verb, realisert som ð, d eller t avhengig av føregåande lyd, t.d. kastaði, taldi, keypti determinativ ordklasse for ord som typisk står som bestemmarledd, kan vere possessiv (eigedomstilhøve), t.d. þinn i þinn hestr, kvantor (mengd eller omfang), t.d. allir i allir menn, eller demonstrativ (utpeiking), t.d. hinn i hinn maðr diakron som ser språk (el. andre fenomen) i eit historisk perspektiv med vekt på å forklare endringar over tid; motsett ▸ synkron diatese verbkategori som uttrykkjer kva for rolle subjektet har, t.d. den som utfører ei handling, ▸ aktiv, den som både utfører ei handling og som handlinga rettar seg mot, ▸ mediopassiv, og den som handlinga er retta mot, ▸ passiv diftong to vokalar som til saman dannar kjernen i ei staving, t.d. ei i steinn ‘stein’; motsett ▸ monoftong diskontinuerleg frase frase der eitt eller fleire andre ledd kjem imellom, t.d. mikill maðr ok sterkr ‘ein stor mann og sterk’ der mikill ... ok sterkr er den diskontinuerlege frasen

143

distribusjon fordeling, særleg brukt om lydar i ulike stillingar (f er ustemt i framlyd, elles stemt) dualis total, t.d. vit ‘vi to’, førekjem berre i 1. og 2. person av dei personlege pronomena, ▸ numerus einverdig ramme for verb som tek eitt nominalt ledd, som oftast eit subjekt endingsvokal vokal i bøyingsendingar; ettersom trykket normalt fell på rotstavinga, er endingsvokalane trykklette enklise etterhenging av eit frittståande ledd, t.d. verb + pronomen, em ek > emk ‘eg er’ finitt verbal verb som står i presens, preteritum eller imperativ finitt verbform verbform som knyter handlinga til eit bestemt tidspunkt, i norrønt presens og preteritum, dessutan imperativ fonem minste tydingsskiljande eining i språket, t.d. á og ó (slik at sál ‘sjel’ og sól ‘sol’ får ulik tyding); i eit ▸ ortofont språk svarar det eitt skriftteikn (bokstav) til kvart fonem fonematisk som byggjer på fonemet fonemskrift skrift som gjev att fonema i språket, ofte notert mellom skråstrekar, t.d. /so:l/ for sól ‘sol’ i skriftspråket (lengd blir vist med kolon) fonologi (lydlære) lære om dei lydane som er brukte i eit bestemt språk, og korleis dei kan kombinerast med kvarandre fonologisk regel regel som uttrykkjer korleis lydar blir påverka av andre lydar, typisk når ei stamme og ei bøyingsending støyter saman, t.d. ▸ assimilasjonen i aptan+r → aptann

144

Ordliste

framlyd den første lyden i ordet, t.d. g i gata frase eitt eller fleire ord som dannar ein heilskap, oppkalla etter kjernen i frasen: substantivfrase (t.d. inn gamli maðr), verbfrase (hefir keypt), preposisjonsfrase (frá landi), pronomenfrase osv. fremjing framskyving av ein lyd, t.d. når u (ein bakre, høg vokal) går til y (ein fremre, høg vokal) ved i-omlyd frikativ lyd som blir danna med tydeleg innsnevring, t.d. f, þ, ð, s, men utan at det er fullt lukke, ▸ plosiv geminat lang konsonant, i norrønt (og moderne norsk) uttrykt ved dobbelskriving (jf. latin gemini ‘tvillingar’) geminering forlenging av konsonant genitiv kasus som oftast blir brukt for å markere underordning (▸ attributiv bruk), t.d. possessiv, hestr Óðins ‘Odins hest’, men som også kan brukast for det direkte objektet (▸ nominal bruk), hann gáði eigi stundanna ‘han ansa ikkje tida’ genus (pl. genus el. genera) klasse av substantiv med same type av bøying: maskulin, karl ‘mann’; feminin, kona ‘kone’; eller nøytrum, barn ‘barn’; ofte, men ikkje alltid, er det samanheng mellom grammatiske kjønn (genus) og naturleg kjønn (sexus) germanske språk språkfamilie som omfattar m.a. dei nordiske språka, engelsk og tysk gjenstandsobjekt ▸ objekt grafem dei enkelte einingane i eit skriftsystem, t.d. runer i runealfabetet eller bokstavar i det latinske alfabetet grunnform (av verb) sentrale former av verbet som med tilføying av endingar for person og tal dannar den fullstendige verbbøyinga; ofte er opp-

stilling av grunnformene kalla bøying a verbo, t.d. bíta – beit – bitu – bitit halvvokal vokal utanfor stavingskjernen, som j i hjá ‘hos’ eller v i vita ‘vite’ heilsetning setning som ikkje er del av ei anna setning, men står sjølvstendig; kan vere ei enkelt setning, hann kemr ‘han kjem’ eller ha ei eller fleire leddsetningar, hann sagði at hann vildi koma ‘han sa at han ville kome’, der at hann vildi koma er ei ▸ leddsetning hiatus vokalsamanstøyt, t.d. mellom é og ú i véum (ordet hiatus har sjølv eit døme på hiatus mellom i og a) hypotagme underordning av ledd, t.d. ungir menn ‘unge menn’, der eitt eller fleire ▸ adledd, ungir, er underordna ein ▸ kjerne, menn; kjernen i hypotagmet kan stå for heilskapen, men det kan ikkje adleddet imperativ ▸ modus indoeuropeiske språk ein stor språkfamilie som m.a. omfattar dei germanske, romanske og slaviske språka; går tilbake til eit felles indoeuropeisk grunnspråk infinitiv nemneform av verbet, kan opptre med infinitivsmerket at, t.d. hann bauð þeim at taka við kristni ‘han baud dei å ta mot kristendommen’; infinitiv er brukt som oppslagsform for verbet i dei fleste ordbøker infinitt verbform verbformer som ikkje knyter handlinga til eit bestemt tidspunkt, i norrønt infinitiv, og presens og perfektum partisipp inkoativt verb verb som uttrykkjer at noko tek til, eller at det er overgang frå ein tilstand til ein annan, t.d. roðna ‘raudne, bli raud’ innlyd lyd som ikkje er ▸ framlyd eller ▸ utlyd, t.d. f i hafa ‘ha’

Ordliste instrumental opphavleg ein kasus i ▸ indoeuropeisk, som uttrykte den reiskapen eller det midlet som vart brukt; har gått inn i ▸ dativ i norrønt intervokalisk mellom to vokalar, t.d. v i frǽvum av frǽr ‘grøderik’ intransitiv som ikkje tek objekt, brukt om verb og stundom om preposisjonar; intransitive verb er ▸ einverdige, men dei kan stundom ta indre ▸ objekt; jf. også ▸ absolutt stilling i-omlyd ▸ omlyd j-innskot innskot av halvvokalen j føre a og u i enkelte norrøne ord kasus (pl. kasus) grammatisk kategori som ved ▸ nominal bruk uttrykkjer kva for rolle eit ledd har i setninga, slik at subjektet står i nominativ, det direkte objektet i akkusativ osv.; norrønt har fire kasus, ▸ nominativ, ▸ akkusativ, ▸ dativ og ▸ genitiv kasusmarkør forkorta former av einnhverr brukt i norrøne ordbøker for å vise kva for kasus som verb og andre ordklasser styrer, t.d. e-t = eitthvert = akkusativ, e-m = einhverjum = dativ; gefa e-m e-t seier at verbet gefa tek eit objekt i dativ og eit i akkusativ kjerne overleddet i ein frase, t.d. konur i spakar konur; jf. ▸ adledd og ▸ hypotagme komparativ ein høgare grad, ved jamføring i adjektiv eller adverb, t.d. inn yngri maðr ‘den yngre mannen’ kongruens samsvarsbøying, dvs. at eit ledd kopierer trekk frå eit anna ledd, t.d. at eit adjektiv kongruerer i ▸ kasus, ▸ numerus og ▸ genus med eit substantiv; ungir [nom. plur. mask.] menn [nom. plur. mask.] konjugasjon verbbøying, brukt om verbklasser i urnordisk (og andre språk); i motsetnad til deklinasjon (substantivbøying)

145

konjunksjon (ordklasse) ord som knyter saman ord eller setningar, i norrønt ok ‘og’, en ‘men, og’, eða ‘eller’, jf. ▸ subjunksjon konjunktiv ▸ modus konsonant ein lyd som i norrønt ikkje kan stå i stavingskjernen og som er mindre ▸ sonor enn ein ▸ vokal konsonantisme konsonantsystem; eigenskapar ved konsontane i eit språk konsonantsamband samband av to eller fleire konsonantar, t.d. sp og kr i spakr eller rðr i harðr kontraksjon samandraging av ein eller fleire lydar, t.d. aptani → aptni av aptann ‘aftan’, hestuminum → hestunum av hestr ‘hest’ koordinert setning setningar som er knytte saman med ▸ konjunksjonar som ok, en, eða korrelat det leddet som subjunksjonen er el. sem i ei ▸ relativsetning viser til, t.d. konungs þess i þú skalt nú fara á fund konungs þess er þér gaf grið ‘du skal no fare til den kongen som gav deg grid’ kvantor ▸ determinativ labial lyd som blir danna ved hjelp av leppene, t.d. p og f, kan vere anten ▸ bilabial og ▸ labiodental labiodental lyd som blir danna ved at overtennene kjem i kontakt med underleppa, slik tilfellet er med v i moderne norsk (og v i engelsk very, til skilnad frå den bilabiale w i water) lateral lyd som blir danna ved at lufta strøymer på begge sider av lukket eller innsnevringa, som t.d. l, der tunga blir lagt mot tennene og lufta har fri passasje på begge sider leddsetning setning som er del av ei anna setning, jf. ▸ heilsetning likvid nemning for laterale lydar som l og rullelydar som r; likvidane er dei mest sonore av ▸ konsonantane i norrønt

146

Ordliste

lokativ opphavleg ein kasus i ▸ indoeuropeisk, som uttrykte staden for noko; har gått inn i ▸ dativ i norrønt og fleire andre språk lydskrift skriftsystem som gjev att uttalen, t.d. IPA-lydskrifta (The International Phonetic Alphabet), vanlegvis attgjeve i hakeparentesar mediopassiv verbform som typisk inneber at subjektet fyller både agensog patiensrolla, som i dei norrøne refleksivformene, hann settisk ‘han sette seg’ der subjektet handlar (▸ agens) og der handlinga er retta mot subjektet sjølv (▸ patiens); jf. ▸ aktiv og ▸ passiv metrikk verselære, viktig for norrøn grammatikk fordi fleire av versemåla var stavingsteljande og dermed fortel om stavingsstrukturen i norrønt (slik som skilnaden mellom korte og lange stavingar) modale hjelpeverb verb som modifiserer eit anna verb og fortel om korleis subjektet i setninga stiller seg til verbhandlinga, i norrønt verb som munu, mega, vilja, kunna m.fl. modus (pl. modus el. modi) verbkategori som uttrykkjer korleis språkbrukaren stiller seg til påstandsinnhaldet i setninga; indikativ om det som faktisk er tilfelle, imperativ om det blir kravd eller påbode, konjunktiv om det som er ønskjeleg eller sannsynleg monoftong enkeltståande vokal, til skilnad frå ▸ diftong morfologi (formlære) oversyn over korleis ord blir danna og bøygde i eit språk, som regel med fokus på bøyingslæra morfologisk regel regel som uttrykkjer lydlege forhold mellom ulike former av ord, men utan at dette kan forklarast på synkront grunnlag, t.d.

vekslinga mellom a og ǫ i barn (sg.) ~ bǫrn (pl.) – i si tid kunne ein fonologisk regel forklare dette skiftet, fordi det var ein -u i fleirtalsforma som gav grunnlag for ▸ omlyd, *barnu > bǫrn, men då den trykklette -u fall bort ved ▸ synkope, vart regelen ikkje lenger fonologisk, men morfologisk nasal lyd som blir uttalt gjennom nasen og med lukke i munnen, framfor alt m og n; i eldre norrønt var det etter alt å dømme nasale vokalar (som t.d. i fransk), men det ser ikkje ut til å ha vore tilfelle på 1200-talet og seinare; desse vart uttalte utan lukke i munnen nominal setningsledd som typisk uttrykkjer deltakarane i verbhandlinga: ▸subjekt, ▸ predikativ og ▸ objekt nominal bruk setningsledd som fungerer som nominalt ledd, t.d. når genitiv blir brukt i det direkte objektet, þeir leituðu hans ‘dei leita etter han’ nominale leddsetningar setningar som inngår som ledd i ei anna setning og som fyller plassen til eit nominal (subjekt eller objekt), t.d. at-setningar nominativ kasus som typisk blir brukt for subjektet i setninga og subjektspredikativet, fungerer som oppslagsform i ordbøkene normalisert ortografi ▸ ortografi norrønt felles vestnordisk språkform, ofte delt i eldre norrønt ca. 700–1050 og yngre norrønt ca. 1050–1350; i den yngre perioden er det vanleg å skilje mellom (gammal)islandsk og (gammal)norsk som dei to viktigaste greinene av norrønt språk nøytralisering oppheving av ei lydleg motsetning, t.d. mellom den stemte g og den ustemte k føre ein ustemt lyd, sagt → sakt nullverdig ramme for verb som ikkje tek noko nominalt ledd, dvs. verken

Ordliste subjekt eller objekt, t.d. rignir ‘det regner’ numerus (pl. numerus el. numeri) kategori som uttrykkjer mengd, eintal (singularis) eller fleirtal (pluralis); i personlege pronomen førekjem også total (dualis) objekt utfylling til eit verb; objektet er eit setningsledd som typisk viser til den som handlinga er retta mot eller går utover, det kan vere indirekte (og står då alltid i dativ) eller direkte (og står då som oftast i akkusativ, men kan også stå i genitiv eller jamvel dativ); eit skilje kan også gjerast mellom gjenstands- og personobjekt, avhengig av om objektet typisk er ein gjenstand eller ein person; eit indre objekt er eit objekt som har nær slektskap med verbet og som kan vere styrt av verb som elles er ▸ intransitive, t.d. fǫr ‘ferd’ i fara fǫr ‘fare ei ferd’; ei ▸ utfylling til ein preposisjon kan også kallast objekt, t.d. henni i hann fór með henni ‘han reiste med henne’ objektiv gjenstandsorientert, som t.d. når með styrer akkusativ snarare enn dativ, hann fór með uxahǫfuðit til sjávar ‘han fór med oksehovudet til sjøen’ objektspredikativ ▸ predikativ oblik kasus alle kasus utanom nominativ obstruent lyd som inneber fullt lukke (plosiv) eller delvis lukke (frikativ) for luftstraumen omforming endring av ei setningsform til ei anna, nærliggjande form, t.d. frå at-setning til akkusativ med infinitiv, t.d. hann sá at maðr [nom.] kom [pret.] gangandi > hann sá mann [akk.] koma [inf.] gangandi ‘han såg ein mann kome gåande’ omlyd assimilasjon som inneber at ein vokal eller halvvokal gjer ein vokal lenger framme i ordet likare seg; ved

147

a-omlyd blir vokalen senka, *hulta > holt; ved i-omlyd blir vokalen fremja, *bókiʀ > bǿkr; ved u-omlyd blir vokalen runda, *vatnu > vǫtn optativ som uttrykkjer at noko er ønskeleg, eit typisk innhald (ved sida av ▸ potensial) i ▸ konjunktiv, t.d. troll hafi þik ‘måtte trolla ta deg’ ordlaging endring av eit ord slik at det blir danna eit nytt ord, anten innanfor same ordklassa, vinr m. → úvinr m. ‘ven → uven’, eller ved at det blir danna eit nytt ord i ei anna ordklasse, vinr m. → vinligr adj. ‘ven → venleg’; jf. ▸ bøying ortofon attgjeving av skrift slik at det så langt råd svarar eitt teikn til kvar lyd, slik som i moderne norsk vaier og sørvis snarare enn wire og service ortografi stavemåte, dvs. reglar for attgjeving av tale i skrift, t.d. at lang vokal blir markert med aksent i norrønt, bátr m. ‘båt’, men lang konsonant med dobbelskriving, kalla vb. ‘kalle’; unormalisert ortografi er den ortografien ein finn i handskriftene, normalisert ortografi den regulerte ortografien som ein finn i grammatikkar (m.a. denne boka), ordbøker og mange tekstutgåver oversetning den delen av ei ▸ heilsetning som ikkje er ei ▸ leddsetning eller ▸ småsetning, t.d. opt hefi ek heyrt i opt hefi ek heyrt yðr þat mǽla ‘ofte har eg høyrt dykk seie det’ palatal lyd som blir danna gjennom kontakt mellom tungeryggen og den harde ganen (palatum durum), t.d. kj [ç] i moderne norsk kjele, jf. ▸ velar palatalisering framskuving av ein lyd, t.d. o (bakre vokal) → ø (fremre vokal), ein av overgangane under i-omlyden (▸ omlyd)

148

Ordliste

paradigme oppstilling av bøyingsformene av eit ord, til mønster for bøyinga av tilsvarande ord paratagme sideordning av ledd, t.d. konungr ok bǿndr ‘konge og bønder’, typisk med konjunksjonen ok, der kvart av ledda kan stå for heilskapen utan at setninga blir skipla partisipp infinitt verbform, anten presens partisipp om igangverande handling (gangandi ‘gåande’) eller perfektum partisipp om avslutta handling (gengit ‘gått’) passiv verbform som inneber at handlinga i setninga typisk rettar seg mot subjektet, t.d. hestrinn varð sleginn ‘hesten vart slått’, der subjektet hestrinn er ▸ patiens; jf. ▸ aktiv og ▸ mediopassiv patiens den som handlinga går ut over, som regel ▸ objekt i setninga perfektum ▸ aspekt pergament skinn, som oftast frå kalvar, som var glatta og innsett med krit til bruk som skrivemateriale perifrastisk verb verbal som er danna av meir enn eitt verb, t.d. hefir tekit ‘har teke’, mun ganga ‘vil gå’ person grammatisk kategori som uttrykkjer den talande (1. person), den tiltalte (2. person) eller den omtalte (3. person), særleg viktig i verbbøyinga, men førekjem også som kategori i pronomensystemet personobjekt ▸ objekt plosiv (lukkelyd) lyd med fullt stenge av luftstraumen t.d. p, t, k positiv grunnform i bøying av adjektiv og adverb, uttrykkjer ikkje noka form for samanlikning, t.d. spakr ‘klok’, jf. ▸ komparativ og ▸ superlativ possessiv ▸ determinativ potensial som uttrykkjer at noko er mogleg eller sannsynleg, eit typisk

innhald (ved sida av ▸ optativ) i ▸ konjunktiv, t.d. enn vǽri mál at sofa ‘det var enno tid til å sove’ predikativ setningsledd som kongruerer med eit subjekt (subjektspredikativ), hestr var hvítr ‘hesten var kvit’, der hvítr [nom.] er predikativ til subjektet hestr [nom.] eller med eit objekt (objektspredikativ), t.d. hann kallaði Ólaf helgan ‘hann kalla Olav heilag’ der helgan [akk.] er predikativ til objektet Ólaf [akk.]; det er alltid ▸ kongruens mellom predikativet og det leddet det står til prefiks ordelement som plasserer seg føre rota i ordet, t.d. ú i úvinr ‘uven’, yfir i yfirganga ‘overgå’ preposisjon (ordklasse) ord som uttrykkjer relasjonar i tid og rom og som typisk styrer substantiv eller pronomen, t.d. á og hjá i Hákon jarl var á veizlu hjá honum ‘Håkon jarl var i gjestebod hos han’ preposisjonsfrase ▸ frase presens tempus som hovudsakleg blir brukt om notid, men som også kan også brukast om fortid (historisk presens) eller framtid (når samanhengen gjer det klart) presenssteg presens av verb og dei formene som er danna på same måten, dvs. infinitiv, imperativ, presens og presens partisipp preterito-presentisk gruppe av verb som dannar presens etter mønster av preteritum i sterke verb, og preteritum ved hjelp av ▸ dentalsuffiks (som i svake verb) preteritum tempus brukt om det som ligg i fortida preteritumssteg preteritum av verb og dei formene som er danna på same måten, dvs. preteritum, preteritum infinitiv og perfektum partisipp

Ordliste progressiv assimilasjon ▸ assimilasjon pronomen (ordklasse) ord som typisk står i staden for andre ord, pro nomen, t.d. hann og hon reduplikasjonsverb verb som dannar preteritum ved å ta opp att ein del av stamma, kjent frå m.a. latin, tango – tetigi ‘røre’; i norrønt er det berre dei fem verba i róa-klassa som viser tydelege spor av reduplikasjon, t.d. róa – reri, men på grunnlag av det austgermanske språket gotisk (kjent i ei bibelomsetjing frå 300-talet) reknar vi med at urnordisk hadde reduplikasjonsverb refleksiv som viser tilbake på subjektet, t.d. i refleksivforma hann settisk niðr ‘han sette seg ned’, jf. ▸ resiprok regressiv assimilasjon ▸ assimilasjon relativsetning underordna setning som har ein utfyllande funksjon som minner om adjektiv, typisk knytt til eit overordna substantiv med subjunksjonen er ‘som’ eller også sem ‘som’ resiprok gjensidig, t.d. i refleksivforma þeir mǿttusk ‘dei møtte kvarandre’, til skilnad frå det reint refleksive hann settisk niðr ‘han sette seg ned’ rot den delen av ordet som ikkje er ▸ bøyingsending eller ▸ avleiingsaffiks og som dermed er den minst foranderlege delen av ordet rotvokal vokal som står i rota av ordet, t.d. dei vokalane som skifter som følgje av ▸ avlyd rullelyd lyd som blir danna ved at tunga slår eitt eller fleire slag, jf. ▸ tapp og ▸ trill runding spissing av leppene ved somme vokalar, jf. skilnaden mellom den urunda vokalen e og den tilsvarande runda vokalen ø; dei bakre vokalane i norrønt er alle runda, dvs. u, ú, o, ó, ǫ og á

149

samansetjing danning av ei ny ▸ stamme ved å setje saman ei eller fleire stammer, t.d. tré + ǫr → tréǫr ‘trepil’; det første leddet står ikkje sjeldan i genitiv, Bacchus var náttdrykkjumaðr ‘Bacchus var ein nattdrikkemann’, der drykkju er genitiv av drykkja f. ‘drikke’ scriptio continua samanhengande skrift, dvs. skrift utan markering av ordmellomrom, førekjem i mange runeinnskrifter, men ikkje i dei relativt unge norrøne handskriftene i det latinske alfabetet segmentering innskot av ein ny lyd, t.d. s i tt, skautt → skautst (skrive skauzt med z = ts), også brukt om innskotet av j i ▸ bryting, *bergan → bjarga senking lågning av vokalar, særleg frå høg til mellomhøg, t.d. u > o som følgje av a-omlyden, *hulta > holt (▸ omlyd) sexus naturleg kjønn, til skilnad frå grammatisk kjønn, ▸ genus; i nokre tilfelle er det ein motsetnad mellom dei to, t.d. Skaði som er ei gudinne (åsynje), og såleis med feminin sexus, men der genus er maskulin (svak maskulin a-type) småsetning konstruksjon som ikkje oppfyller minstekrava til ei setning, men som har setningsliknande karakter, t.d. ▸ akkusativ med infinitiv sonor klangfør; vokalar er alltid sonore, og nokre av konsonantane er også relativt sonore, t.d. l og r, medan andre ikkje er sonore i det heile, t.d. p og t sonorant klangfør konsonant, omfattar i norrønt både ▸ nasal og ▸ likvid sosiativ uttrykk for at nokon har følgje; preposisjonen með styrer dativ i sosiativ bruk, t.d. hann fór með henni ‘han reiste med henne’ stamme den delen av ordet som ikkje omfattar bøyingsendinga; stamma kan falle saman med rota, t.d. vin i vinr m.

150

Ordliste

‘ven’, men kan også omfatte ei rot og eitt eller fleire avleiingsaffiks, t.d. vinsemd ‘venskap’ (her er det inga bøyingsending) stammeutlyd sluttlyden i ei stamme, t.d. -n i stamma vin- i ordet vinsemd staving del av eit ord som skil seg ut ved å ha ein sonoritetstopp (sjå ▸ sonor) og som i norrønt har ein vokal i kjernen; stavinga har ein stavingsframlyd, t.d. sp i spakr, ein stavingskjerne, t.d. a i maðr, og ein stavingsutlyd, t.d. st i haust; berre stavingskjernen er obligatorisk, jf. t.d. í og á stemt lyd som blir danna med vibrasjon av stemmebanda, t.d. b, d, g; motsett ▸ ustemt sterk bøying bøying som er kjenneteikna ved relativt mange former; i substantiv og adjektiv endar minst ei av formene i eintal på konsonant, t.d. hestr – hests og spakr – spaks, og i verba er preteritum eintal alltid einstava, t.d. braut ‘braut’; motsett ▸ svak bøying styring eigenskap ved verb, adjektiv og preposisjonar, som inneber at dei m.a. bestemmer kasus i det styrte leddet; styring (også kalla reksjon) er ei form for underordning, medan ▸ kongruens snarare er ei form for sideordning subjekt setningsledd som typisk viser til den som set i gang handlinga, eller som er gjenstand for omtale; står alltid i ▸ nominativ og har ▸ kongruens med det finitte verbalet (dvs. har same ▸ person og ▸ numerus) subjektlaus om setning som manglar subjekt, anten fordi subjektet er utelate, eller fordi verbet ikkje tillèt noko subjekt; jf. ▸ upersonleg konstruksjon subjektspredikativ ▸ predikativ subjektstryking stryking av subjektet fordi det ikkje blir rekna som interessant og kan forståast ut frå

samanhengen, eller fordi det står i koordinerte setningar subjunksjon (ordklasse) ord som innleier leddsetningar, i norrønt t.d. at ‘at’, ef ‘dersom’, þó at ‘endå, endå om’, jf. ▸ konjunksjon substantiv (ordklasse) ord som typisk viser til gjenstandar eller forhold, t.d. sól ‘sol’, sǫk ‘sak’ suffiks ordelement som plassererer seg etter rota i ordet, både i form av avleiingssuffiks (-ug- i blóðugr) og bøyingsendingar (-r i blóðugr) superlativ den høgste graden, anten relativ superlativ (den aller høgste graden) eller absolutt superlativ (ein svært høg grad) supinum den forma verbet har etter hafa, t.d. tekit i hann hefir tekit bókina, dvs. nominativ/akkusativ eintal nøytrum av perfektum partisipp svak bøying bøying som er kjenneteikna ved relativt få former; i substantiv og adjektiv endar dei svake formene alltid på vokal i heile eintal, t.d. granni – granna og spaki – spaka, og i verba er preteritum alltid fleirstava, t.d. bygði ‘bygde’; motsett ▸ sterk bøying syllabisk som dannar stavingskjerne, t.d. vokalen ǫ i mjǫk ‘mykje, svært’, motsett ▸ asyllabisk symmetrisk system system der det er like mange einingar på den eine sida som den andre, t.d. eit vokalsystem med like mange fremre som bakre vokalar synkope vokalbortfall, t.d. frå urnordisk gastiʀ til norrønt gestr m. ‘gjest’, der den trykklette i vart synkopert (kutta bort) synkopetid den språkhistoriske perioden ca. 500–700, då urnordisk gjekk gjennom ei større forenkling og miste mange trykklette vokalar ved synkope (vokalbortfall)

Ordliste synkron som ser språk (el. andre fenomen) i eit samtidig perspektiv med vekt på å forklare språksystemet på eit bestemt tidspunkt, det vere seg i eldre eller nyare tid; motsett ▸ diakron syntaks (setningslære) læra om korleis ord blir samanføydde til større heilskapar, og om kva som er innhaldet i bøyingskategoriane tal ▸ numerus tapp rullelyd som blir danna ved eit enkelt slag av tunga, jf. ▸ trill tematisering framflytting av ledd i setninga slik at det kjem i sterkare fokus tempus (pl. tempus el. tempora) verbkategori som knyter ytringa til tidsaksen, anten ved å uttrykkje at ho har skjedd i fortida, ▸ preteritum, eller ved at ho skjer i notida (i ytringsaugneblinken), ▸ presens toverdig ramme for verb som tek to nominale ledd, som oftast eit subjekt og eit objekt transitiv som tek objekt, brukt om verb og stundom om preposisjonar treverdig ramme for verb som tek tre nominale ledd, som oftast eit subjekt og to objekt trill rullelyd som blir danna ved fleire slag av tunga, jf. ▸ tapp trykk fokusering på delar av eit ord eller ei setning gjennom ein kontrast i tonegang og artikulatorisk styrke; i norrønt fell trykket normalt på den første stavinga i ordet; i avleiingar og samansetjingar kan ein også få sekundærtrykk, t.d. -heill i jafnheill trykkforskyving forskyving av trykket frå ei staving til ei anna eller frå ein del av stavinga til ein annan del, slik som i overgangen *séa → sjá, der trykket i utgangspunktet ligg på é, men når trykket forskyv seg bakover i ordet,

151 går é over til halvvokalen j og den påfølgjande vokalen får trykk og lengd, a → á

unormalisert ortografi ▸ ortografi u-omlyd ▸ omlyd upersonleg konstruksjon konstruksjon utan ▸ subjekt, anten fordi subjektet er stroke eller fordi verbet ikkje tek subjekt; jf. ▸ subjektlaus urnordisk den eldste forma av nordisk språk, etter at det hadde skilt seg frå det felles germanske språket, som oftast brukt om perioden ca. 200– 700; yngre urnordisk, ca. 500–700, er også omtalt som ▸ synkopetida ustemt lyd som blir danna utan vibrasjon av stemmebanda, t.d. p, t, k; motsett ▸ stemt utfylling etterstilt adledd, t.d. objekt til verb, hringinn i brjóta hringinn ‘bryte ringen’, eller objekt til preposisjonar, t.d. borðit i yfir borðit ‘ved bordet’ (det er ikkje så vanleg å snakke om objekt til preposisjonar, men ei slik nemning får fram fellestrekk med verba) utlyd lyd som står i slutten av ordet, t.d. t i braut; sjå også ▸ stammeutlyd utlydsherding overgang frå stemt til ustemt i utlyd, t.d. gald → galt av gjalda vb. ‘gjelde’, også kalla desonorisering uvular lyd som blir danna gjennom kontakt mellom tungeryggen og drøvelen (uvula), t.d. skarre-r, [ʁ] valens samband mellom eller innanfor setningsledd, hovudsakleg forholdet mellom verbalet og dei nominale ledda (subjekt og objekt); grunnlag for klassifikasjon av verba på grunnlag av kor mange ledd dei knyter til seg velar lyd som blir danna gjennom kontakt mellom tungeryggen og den mjuke ganen (velum el. palatum molle),

152

Ordliste

området mellom den harde ganen (palatum durum) og drøvelen (uvula); i norrønt gjeld det både g og k, jf. ▸ palatal verb (ordklasse) ord som typisk uttrykkjer handlingar eller tilstandar, t.d. ganga ‘gå’ og vera ‘vere’ verbal setningsledd som dannar kjernen i setninga, og som inneheld eitt eller fleire verb v-innskot innskot av halvvokalen v føre a og i i enkelte norrøne ord vokal ein lyd som i norrønt er aleine om å kunne stå i stavingskjernen, og som

er meir klangfør (sonor) enn ein ▸ konsonant vokalheving løfting av ein låg eller mellomhøg vokal til ei mellomhøg eller høg stilling, t.d. hevinga av e til i i *fjerði → firði av fjǫrðr m. ‘fjord’ etter regel (7) s. 39 vokalisme vokalsystem; eigenskapar ved vokalane i eit språk vokalskifte endring av rotvokalen i ulike bøyingsformer av eit ord, anten på grunn av ▸ omlyd (t.d. bók ~ bǿkr) eller ▸ avlyd (fara ~ fór)

Ordregister

á f. 38, 54 á prep. 118, 119 á (el. í) milli prep. 120 á mót(i) prep. 119 af prep. 119 afla sv.vb. 115, 116 aka st.vb. 97 akr m. 49 ala st.vb. 96 aldr m. 49 allr det. 73 án prep. 120 angr m. 49 annarr det. 73, 76, 77 aptann m. 33, 34, 41, 49 aptari adj. 68 aptastr adj. 68 armr m. 26, 29, 30, 41, 42, 47, 48 áss m. 51 ást f. 55 at prep. 119 at sbj. 137 atall adj. 70 átt f. 55 átta det. 77 áttandi det. 77 áttatigi det. 78 áttatugundi det. 78 átti det. 77 áttján det. 77 áttjándi det. 77

auðigr adj. 41, 67, 70 auga n. 62 auka st.vb. 43, 98 ausa st.vb. 98 austastr adj. 68 báðir det. 72, 81 bak n. 58, 132 bani m. 59 banna sv.vb. 87 bardagi m. 59 barn n. 42, 57, 58 bátr m. 48 beiða sv.vb. 115, 117 bekkr m. 44, 50 belgr m. 50 belja sv.vb. 87 ben f. 55 bera st.vb. 94, 102, 113, 115, 116 bergja sv.vb. 89 berja sv.vb. 88 bíða st.vb. 115 biðja st.vb. 44, 95, 102, 103, 106, 117 binda st.vb. 40, 93, 103, 115 biskup m. 49 bíta st.vb. 17, 72, 85, 91, 102, 115 bjarga st.vb. 25, 92, 93, 112, 115

bjóða st.vb. 37, 92, 103, 113, 116 blanda st.vb. 99 blár adj. 38, 42 blása st.vb. 99 blíðr adj. 37, 117 blíkja st.vb. 91 blinda sv.vb. 37 blindi f. 62 blindr adj. 37, 40, 69 blómstr m. 49 blóta st.vb. 99 bogi m. 24, 59 bók f. 28, 29, 43, 56 bóndi el. búandi m. 60 bóndi m. 43, 60 borg f. 55, 75 bót f. 56 brá f. 38 braut f. 55 bregða st.vb. 93, 115 breiðr adj. 66, 69 brenna f. 61 brenna st.vb. 85, 93 brenna sv.vb. 89 bresta st.vb. 92, 93 breyta sv.vb. 28 brjóta st.vb. 13, 21, 27, 39, 43, 91, 92, 102, 104, 108, 109, 115 bróðir m. 53 brók f. 56

154 brynja f. 61 búa st.vb. 98, 103 búandi m. 60 búinn adj. 117 bulr m. 50 byggja sv.vb. 38, 89 byggva sv.vb. 89 bylgja f. 61 byrja sv.vb. 87 byrr m. 50 bǿn f. 42, 55 bǿta sv.vb. 28 bǫlkr m. 41, 51 bǫllr m. 51 bǫlva sv.vb. 87, 115 daga sv.vb. 113, 114 dagr m. 48 dengja sv.vb. 89 detta st.vb. 93 deyja st.vb. 97 djúpr adj. 67 djǫfull m. 49 dómandi m. 60 dómari m. 59 dóttir f. 57 draga st.vb. 41, 97, 115 drasill m. 41 drengr m. 44, 50 drepa st.vb. 95 dreyma sv.vb. 116, 129 drífa st.vb. 91 drjúpa st.vb. 91 dróttinn m. 41 dróttning f. 54 drykkja f. 61 drykkr m. 50 dúfa f. 61 duga sv.vb. 43, 86, 90, 114 duna sv.vb. 114 dvergr m. 48 dylja sv.vb. 117 dynr m. 36, 50 dýr n. 57, 58

Ordregister dyrr f.pl. 56 dys f. 55 døkkr adj. 71 dǿma sv.vb. 85, 86, 88, 89, 102, 115 dǿmi n. 58 dǫgg f. 55 ef sbj. 137 efri adj. 68 efstr adj. 68 egg f. 55 egg n. 58 eggja sv.vb. 87, 117 eiga pp.vb. 85, 100, 107, 115 einn det. 73, 77 einnhverr det. 112, 113 eira sv.vb. 115 ek pron. 25, 79, 80, 103 elgr m. 50 elli f. 62 ellifu det. 77 ellipti det. 77 elska sv.vb. 60, 87 elskandi m. 60 eng f. 55 engi det. 73 engi n. 59 enn det. 73 enni n. 58 eptir prep. 118, 120 eptri adj. 68 epztr adj. 68 ér pron. 79, 103 erendi n. 58 erfa sv.vb. 89 erfiði n. 58 erfingi m. 60 ermr f. 54 ertr f.pl. 56 eta st.vb. 95, 115 ey f. 44, 55 eyða sv.vb. 71, 115 eyra n. 62

eyrr f. 55 eystri adj. 68 fá st.vb. 99, 115 fá sv.vb. 87 faðir m. 18, 53 fagna sv.vb. 115 fagnaðr m. 41, 51 fagr adj. 37, 43, 67, 70 falda st.vb. 99 falla st.vb. 99 fár adj. 43 fara st.vb. 20, 80, 96, 102, 114 fastr adj. 66, 69 fé n. 38 feginn adj. 41, 117 fela st.vb. 94, 95 fella sv.vb. 21, 38, 89 fen n. 58 ferð f. 55, 114 fertugundi det. 78 festa sv.vb. 89 fim(m)tán det. 77 fim(m)tándi det. 77 fim(m)ti det. 76, 77 fim(m)tigi det. 78 fim(m)tugundi det. 78 fimm det. 77 fingr m. 53 finna st.vb. 93 fiski f. 62 fiskr m. 48 fit f. 55 fjall n. 44, 58 fjándi m. 60 fjara f. 61 fjórði det. 76, 77 fjórir det. 72, 77, 81 fjórtán det. 77 fjórtándi det. 77 fjórutigi det. 78 fjǫðr f. 54 fjǫgurtán det. 77 fjǫgurtándi det. 77

Ordregister fjǫlmennr adj. 67 fjǫrðr m. 25, 39, 41, 43, 52 flýja sv.vb. 88 flýja st.vb. 92 flá st.vb. 97 flet n. 44, 59 fljóta st.vb. 92 fljúga st.vb. 91, 92 fluga f. 61 flytja sv.vb. 28, 71, 88 flǿða sv.vb. 114 fótr m. 43, 53 frá prep. 119 fram adv. 66 fregna st.vb. 96 freista sv.vb. 87, 115 friðr m. 51 frjósa st.vb. 36, 92, 103 frjó n. 59 frǽ n. 59 frǽgr adj. 71 frǽndi m. 60 frǽr adj. 39, 45 frǿði f. 62 fullr adj. 66, 69, 117 fundr m. 28, 50 fúss adj. 117 fylgja sv.vb. 85, 89, 115 fylki n. 59 fylking f. 54 fylla sv.vb. 89, 117 fyrir útan prep. 118 fyrir prep. 118, 119 fyrr adv. 68 fyrri adj. 68 fyrst adv. 68 fyrsti det. 76, 77 fyrstr det. 68, 76, 77 fýsa sv.vb. 114 fýsi f. 62 fǿða sv.vb. 37, 38 fǿra sv.vb. 71, 89 fǫlr adj. 71 fǫr f. 54, 114, 147

gá sv.vb. 90, 115 gala st.vb. 96, 103 gamall adj. 30, 41, 44, 67, 70, 73, 76, 117 gaman n. 58 ganga st.vb. 40, 77, 99, 114, 138 gapa sv.vb. 90 gás f. 56 gefa st.vb. 17, 20, 23, 95, 110–112, 116, 145 gefandi m. 36 gegnum prep. 118 gera sv.vb. 29, 71, 90, 116 gerask sv.vb. 139, 140, 144 gestr m. 18, 28, 34, 42, 47, 48, 50, 150 geta st.vb. 95 geyja st.vb. 97 geyma sv.vb. 115 gipt f. 55 girna sv.vb. 114 gjalda st.vb. 35, 40, 93, 116, 151 gjalla st.vb. 93 gjarna adv. 68 gjósa st.vb. 92 gjóta st.vb. 92 gjǫf f. 31, 54, 142 gjǫfull adj. 41, 70 glaðr adj. 60, 66, 69 gleði f. 60, 62 gleðja sv.vb. 88, 115 gleypa sv.vb. 89 gløggr adj. 71 gneggja sv.vb. 87 gneista sv.vb. 114 gnella st.vb. 93 gnúa bl.vb. 100 goð n. 58 góðr adj. 67, 69, 117 grafa st.vb. 28, 96 gramr adj. 117

155 granni m. 47, 59, 150 gráta st.vb. 99 grimmr adj. 117 grind f. 56 grípa st.vb. 91, 115 gróa bl.vb. 100 gruna sv.vb. 116 grǿnn adj. 36 gunnr f. 55 gýgr f. 55 gyrða sv.vb. 37 gǽta sv.vb. 115 gǫltr m. 51 gǫrr (gørr, gerr) adj. 71 hafa sv.vb. 20, 80, 86, 90, 138, 139, 144, 150 hafr m. 49 halda st.vb. 13, 21, 99, 115, 117 Halfdan prop. 49 hamarr m. 41, 49 hamr m. 50 hanga st.vb. 41, 99 hann pron. 79, 80 hár adj. 71 háttr m. 41, 51 háttung f. 54 hausta sv.vb. 114 hefja st.vb. 97 hefna sv.vb. 89, 115 heiðinn adj. 41, 70–73, 76, 77 heiðr f. 55 heilagr adj. 71 heill adj. 19, 69 heimr m. 48 heita st.vb. 98, 116 hel f. 55 helgr f. 55 hellir m. 50 henda sv.vb. 116 hengja sv.vb. 89 henta sv.vb. 115 herðr f. 55

156 herað n. 41, 58 herja sv.vb. 71, 87 herra m. 60 hersir m. 39, 50 hestr m. 31–34, 42, 47, 48, 74, 149 heyja sv.vb. 88 heyra sv.vb. 89, 129 himinn m. 49 hindar adv. 68 hindri adj. 68 hinn det. 69, 73, 123, 134, 143 hinzt adv. 68 hinztr adj. 68 hirðir m. 39, 49 hitna sv.vb. 115 hitta sv.vb. 89 hjá prep. 119 hjalpa st.vb. 25, 93, 115 hjarta n. 25, 62 hjǫlp f. 55 hjǫrtr m. 52 hlaða st.vb. 96 hlaupa st.vb. 98 hlið f. 54 hljóta st.vb. 92 hlutr m. 50 hlǽja st.vb. 97 hníga st.vb. 91 hollr adj. 117 holt n. 27, 147, 149 hon pron. 79, 80 horfa sv.vb. 90, 114 horn n. 27 hreinn adj. 67, 142 hrinda st.vb. 93 hrjóta st.vb. 92 hryggja sv.vb. 89 hryggr adj. 71 hryggr m. 50 hryggva sv.vb. 89 hrǽzla f. 61 hrøkkva st.vb. 93 hugr m. 50

Ordregister hundrað n. 78 hungra sv.vb. 114 hurð f. 55 hús n. 57, 58 hvárr det. 73 hvass adj. 36, 66, 69 hvat pron. 80 hvatki pron. 80 hvatvetna pron. 80 hverfa st.vb. 93, 94 hverr det. 73 hvessa sv.vb. 38, 89 hyggja sv.vb. 88, 129 hylr m. 50 hýsa sv.vb. 28 hǽttr adj. 117 hǫfuð n. 41, 58, 132 hǫgg n. 45, 59 hǫggva st.vb. 98, 115, 117 hǫll f. 55 hǫnd f. 42, 56, 132 í prep. 118–120 í gegnum prep. 118 í móti prep. 119 il f. 55 illa adv. 68 illr adj. 65–67, 117 illvirki m. 60 inn adv. 66 inn det. 72–75 innri adj. 68 innstr adj. 68 it pron. 79, 103 jafn adj. 25, 66, 69 jafngǫfugr adj. 41 jǫfurr m. 41, 49 jǫrð f. 25, 55 jǫtunn m. 41, 49 kala st.vb. 96, 113, 114, 129 kalfr m. 48 kalla sv.vb. 36, 37, 85, 87

kasta sv.vb. 30, 71, 84– 87, 102, 103, 109, 142 kaupa sv.vb. 90 kaupangr m. 48 kefja st.vb. 97 kemba sv.vb. 85 kenna sv.vb. 18, 21, 38, 80, 89, 116 kerra f. 61 ketill m. 41 kippa sv.vb. 37 kirkja f. 61 kjósa st.vb. 92 kjǫt n. 59 klá st.vb. 97 kleif f. 54 kló f. 56 kløkkva st.vb. 93, 102, 106 knýja sv.vb. 88 knýta sv.vb. 71, 85 knǫrr m. 51 koma st.vb. 40, 43, 94, 95, 138 kona f. 61 konungr m. 48 kosta sv.vb. 114 krefja sv.vb. 85, 88, 117 kristinn adj. 40, 71 kristni f. 62 krjúpa st.vb. 23, 39, 41, 43, 72, 84–86, 91 kunna pp.vb. 85, 100, 146 kveða st.vb. 13, 95, 129, 130 kví f. 54 kvikr adj. 71 kvǽði n. 39, 58, 59, 62 kylr m. 36, 50 kyn n. 59 kýr f. 56, 57 kǽrleikr m. 48 kǽrr adj. 117 kǫttr m. 38

Ordregister lakr adj. 20 land n. 29, 35, 36, 40, 58, 75 langa sv.vb. 114 langr adj. 42, 43, 65, 66, 69 láta st.vb. 43, 99, 103 laug f. 54 lax m. 13, 21, 36, 37 leggja sv.vb. 20, 88 leggjask sv.vb. 139 leggr m. 50 leið f. 54 leiðangr m. 49 leika st.vb. 98 leikari m. 59 leikr m. 48 leita sv.vb. 87, 113, 115, 116 lesa st.vb. 95 leyna sv.vb. 117 leysa sv.vb. 84, 85, 89 lið n. 57 líða st.vb. 91 líf n. 114 lifa sv.vb. 114 liggja st.vb. 38, 95, 114 líka sv.vb. 87, 115 líkr adj. 117 limr m. 51 líta st.vb. 91 lítask st.vb. 115 lítill adj. 67, 70 litr m. 51 lítt adv. 68 ljá sv.vb. 112, 116 ljóma sv.vb. 114 ljósta st.vb. 92, 103, 111, 115, 117 ljúga st.vb. 91, 92 lofa sv.vb. 112, 116 lúka st.vb. 43, 91, 92, 115 lunga n. 62 lúta st.vb. 92 lýðr m. 50

lykill m. 41 lysta sv.vb. 114 lǽknir m. 50 lǫgr m. 51 maðr m. 23, 36, 38, 52, 70, 73 Magnús prop. 49 mál n. 29, 30 máni m. 59 margr adj. 39, 67 matr m. 50 með prep. 119, 120 mega pp.vb. 85, 100, 107, 127, 136 megin n. 58 men n. 59 merki n. 59 merkja sv.vb. 85, 89, 128 merr f. 55 meta st.vb. 95 miðr adj. 44, 71 míga st.vb. 91 mik pron. 79, 109, 139 mikill adj. 67, 70, 117 minn det. 72 minna sv.vb. 89, 114, 116, 117 missa sv.vb. 115 mjǫðm f. 55 mjǫðr m. 52 mjǫk adv. 68 mjǫl n. 59 mjǫlk f. 56 móðir f. 57 mór m. 36, 38, 49 mor(g)na sv.vb. 114 morginn m. 49 morgunn m. 49 muna pp.vb. 85, 100 munr m. 27, 50 munu pp.vb. 83, 85, 100, 102, 103, 107, 127, 130, 135, 146 mús f. 43, 56

157 myrkja sv.vb. 89 myrkr adj. 71 myrkva sv.vb. 89 mýrr f. 55 mǽla sv.vb. 89 mǽr f. 55, 140 mǿðask sv.vb. 140 mǿði f. 62 mǿta sv.vb. 115 mǿtask sv.vb. 139 mǫn f. 48, 54 mǫrk f. 56 mǫskvi m. 60 ná sv.vb. 90 nafn n. 58 nagl m. 36, 37, 52 nátt f. 56 neðri adj. 68 nef n. 59 nefna sv.vb. 89 nema st.vb. 37, 94, 117 nes n. 59 net n. 59 neztr adj. 68 nítján det. 77 nítjándi det. 77 nítugundi det. 78 níu det. 77 níundi det. 77 níutigi det. 78 njóta st.vb. 92, 115 nyrðri adj. 68 nýr adj. 38, 67, 71 nýra n. 62 nyrztr adj. 68 nǽr(r) adv. 68 nǽr prep. 119 nǽst adv. 68 nǫkkurr det. 73, 74, 134 nǫkkvi m. 38, 60 óðal n. 58 of prep. 118 ógna sv.vb. 115

158 okkarr det. 72, 73 opinn adj. 37, 71, 72 opt adv. 65, 66 ór prep. 119 orð n. 58 ormr m. 48 ótta f. 61 prestr m. 48 ráða st.vb. 99 rauf f. 54 reiðr adj. 117 reim f. 54 reka st.vb. 95 rekkja f. 61 renna st.vb. 93 réttr m. 51 ríða st.vb. 91 rigna sv.vb. 111, 114, 129 ríki n. 59 ríkr adj. 71 rísa st.vb. 91 rjúfa st.vb. 91 rjúka st.vb. 91 róa st.vb. 100, 148 rotinn adj. 71 rýgr f. 55 rǽna sv.vb. 40, 117 rǫdd f. 55 sá det. 69, 72, 73, 82, 100, 123 saga f. 20, 36, 42, 61 sakna sv.vb. 115 sál f. 55 salr m. 50 samr det. 76 sannr adj. 36, 66, 70 sár n. 29 sátt f. 55 sauðr m. 18, 50 seðja sv.vb. 88 segja sv.vb. 90, 112, 113, 115, 116, 130

Ordregister sekkr m. 50 sekr adj. 71, 117 sel n. 59 selja sv.vb. 85, 88, 116 senda sv.vb. 37, 71, 89, 115 setja sv.vb. 88 sétti det. 77 sex det. 77 sextán det. 77 sextándi det. 77 sextigi det. 78 sextugundi det. 78 síð adv. 66 síðarri adj. 68 síðastr adj. 68 síga st.vb. 91 sigla sv.vb. 89 sik pron. 80, 109, 130, 139 sín pron. 80 sinn det. 72 síra m. 60 sitja sv.vb. 95 sjá det. 72, 73, 82 sjá st.vb. 38, 40, 96, 102, 103, 105, 115, 129 sjaldan adv. 41, 66 sjau det. 77 sjaundi det. 77 sjaut(j)án det. 77 sjaut(j)ándi det. 77 sjautigi det. 78 sjautugundi det. 78 sjóða st.vb. 92 sjón f. 55 skafa st.vb. 96 skaka st.vb. 97 skammr adj. 38 skapari m. 59 skepja st.vb. 88, 97 skera st.vb. 94 skilja sv.vb. 88 skína st.vb. 91, 103 skipa sv.vb. 87

skipan f. 56 skipta sv.vb. 37 skíra sv.vb. 89 Skírnir prop. 50 skjalfa st.vb. 93 skjalla st.vb. 93 skjóta st.vb. 42, 92, 103 skjǫldr m. 25, 52 skorta sv.vb. 90, 113, 116 skrá sv.vb. 87 skulu pp.vb. 83, 85, 100, 102, 127, 130, 136 skyldr adj. 117 skyn f. 55 slá st.vb. 97, 115, 117 sleppa st.vb. 84, 85, 93 slíta st.vb. 91 slyngja sv.vb. 93 slyngva sv.vb. 92, 93 sløngva sv.vb. 89 slǫngva f. 61 smár adj. 67 smiðja f. 61 smjúga st.vb. 91, 92 smjǫr n. 45, 59 smyrja sv.vb. 88 sníða st.vb. 91 snjór m. 50 snjóva sv.vb. 110, 114 snúa bl.vb. 100 sofa st.vb. 28, 94, 95, 114 sól f. 55 sonr m. 51 sótt f, 55 spýja st.vb. 92 spá sv.vb. 71, 87, 102 spakr adj. 36, 44, 65, 66, 69–73, 75, 76 spánn m. 51 spara sv.vb. 90 speki f. 61, 62 spinna st.vb. 92, 93 springa st.vb. 40, 93, 114 spyrja sv.vb. 88, 115, 117 staðr m. 50

Ordregister standa st.vb. 97 stef n. 44, 45 stela st.vb. 94 stengja sv.vb. 89 sterkr adj. 71 stig n. 45 stíga st.vb. 91 stinga st.vb. 93 stjarna f. 61 stjórna sv.vb. 115 støkkva st.vb. 89, 93 stóll m. 36 stórr adj. 66 strjúka st.vb. 91 strǫnd f. 56 Sturla prop. 61 styggja sv.vb. 89 styggr adj. 38, 71 styggva sv.vb. 89 stǫð f. 55 stǫðva sv.vb. 87 stǫng f. 56 súga st.vb. 92 sumar n. 41, 58 sumr det. 73 sumra sv.vb. 114 súpa st.vb. 28, 29, 42, 92 súrna sv.vb. 114 svá at sbj. 137 svala sv.vb. 115 svanr m. 36, 50 svefn m. 114 sveipa st.vb. 98 svelga st.vb. 93, 94 svella st.vb. 93, 94 svelta st.vb. 93, 94 sverja st.vb. 39, 97, 115 Sverrir prop. 50 svíkja st.vb. 91 svíkva st.vb. 91 svima st.vb. 94, 95 svimma st.vb. 93, 94 svimra sv.vb. 114 syðri adj. 68 syfja sv.vb. 114

syll f. 56 sýn f. 55 sýna sv.vb. 85, 89 sýnask sv.vb. 113, 115 syngja st.vb. 93 syngva st.vb. 29, 93 synja sv.vb. 87, 116 synztr adj. 68 sýr f. 56 syrgja sv.vb. 89 sýsla sv.vb. 39 systir f. 57 sǽng f. 56 sǽr m. 45, 50 sǽra sv.vb. 28 sǽtt f. 55 sǿkja sv.vb. 90 søkkva st.vb. 38, 45, 84, 89, 92, 93 sǿmr adj. 67 sǫk f. 42, 44, 54 sǫngr m. 45, 50 tá f. 56 taka st.vb. 41, 97 tal n. 58 telgja sv.vb. 89 telja, 84–88, 102, 106, 108, 109, 115 tíð f. 55 tíða sv.vb. 114 tigr m. 51, 78 til prep. 120 tími m. 59 tíu det. 77 tíundi det. 77 tolf det. 77 tolfti det. 77 tré n. 38, 40, 42, 149 tréǫr f. 149 troða st.vb. 94, 95 trúa sv.vb. 90, 102, 115, 129 trúr adj. 38, 117 tryggr adj. 67

159 tunga f. 61 tuttugu det. 77 tuttugundi det. 77 tveir det. 72, 77, 81 tyggja sv.vb. 93 tyggva sv.vb. 93 týna sv.vb. 115 tǫng f. 56 tǫnn f. 56 þagall adj. 70 þak n. 58 þakka sv.vb. 87 þar adv. 127 þáttr m. 51 þegja, sv.vb. 90 þekkja sv.vb. 37 þekkr adj. 117 þér pron. 79, 103 þessi det. 69, 72, 73, 82, 123 þiggja st.vb. 95 þinn det. 72, 143 þistill m. 41, 49 þit pron. 79, 103 þjóna sv.vb. 115 þjóta st.vb. 92 þó at (þótt) sbj. 137 þola sv.vb. 90 þora sv.vb. 90 þrettán det. 77 þrettándi det. 77 þreyja sv.vb. 88 þriði det. 76, 77 þrír det. 72, 77, 81 þrítugundi det. 78 þrjátigi det. 78 þrjóta sv.vb. 116 þrǫngr adj. 43, 67, 71 þrota sv.vb. 114 þryngja sv.vb. 93 þryngva sv.vb. 93 þú pron. 18, 79, 80, 103 þumall m. 49 þungr adj. 67

160 þurfa pp.vb. 85, 100 þúsund f. 78 þvá st.vb. 39, 97 þverra st.vb. 93, 94 þykkja sv.vb. 38, 90, 103, 115, 136

þyrsta sv.vb. 114

ugga sv.vb. 114 ulfr m. 48 úlíkr adj. 117 ull f. 54 um prep. 118 umhverfis prep. 118 una sv.vb. 115 undir prep. 118, 119 ungr adj. 20, 66, 134 unna pp.vb. 85, 100, 115, 116 útrúr adj. 117 úvinligr adj. 31, 32 uxi m. 60 vaða st.vb. 96 vagn m. 36, 37 vaka sv.vb. 90, 102, 104 valda bl.vb. 100, 115 ván f. 55 vanta sv.vb. 114 vara sv.vb. 113, 114, 116 vára sv.vb. 114 vargr m. 48 varr adj. 117 várr det. 72 vatn n. 39, 44, 57, 58 vaxa st.vb. 41, 72, 96, 103, 132 vé n. 40 vefa st.vb. 94, 95 vefr m. 50 vega st.vb. 14, 27, 95 veggr m. 50

Ordregister vegligr adj. 67 veiðr f. 55 veit f. 56 veita sv.vb. 116 vel adv. 68 vél f. 54 velja sv.vb. 88 vella st.vb. 93, 94 velta st.vb. 93, 94 venja sv.vb. 88 vér pron. 79, 103 vera st.vb. 80, 96, 102, 105, 127, 130, 136– 140 verða st.vb. 39, 93, 94, 140 verðr adj. 117 verðr m. 51 verja sv.vb. 71, 88 verpa st.vb. 93, 94 versna sv.vb. 115 vesall adj. 71 vestastr adj. 68 vestri adj. 68 vetr m. 53 vetra sv.vb. 114 við prep. 118, 120 víða adv. 66 viðr m. 51 vika f. 61 víkingr m. 48 víkja st.vb. 91 víkva st.vb. 91 vili m. 44, 60 vilja sv.vb. 36, 83, 88, 130, 136 vingjǫf f. 31, 32, 142 vinna st.vb. 93, 94 vinr m. 31, 32, 50, 63, 147 vinsemd f. 31, 149 virða sv.vb. 89

víss adj. 117 vist f. 55 vit pron. 79, 103 vita pp.vb. 42, 85, 100, 102, 103, 107 vitja sv.vb. 115 vitr adj. 70 vǽnn adj. 67, 69 vǽttki pron. 80 vǫllr m. 36, 41, 44, 47, 51 vǫlva f. 39, 45, 61 vǫndr m. 51 vǫrðr m. 51 vǫttr m. 51 vǫxtr m. 51 yðvarr det. 72, 73 yfir prep. 118, 119 ykkarr det. 72, 73 ylgr f. 55 ýmiss adj. 71 yrkja sv.vb. 90, 115 ýtri adj. 68 ýztr adj. 68 ǽr f. 56, 57 ǽtla sv.vb. 129 ǽtt f. 55 ǽvi f. 62 øfri adj. 68 øfstr adj. 68 øx f. 21, 55 ǫkla n. 62 ǫl n. 45, 59 ǫld f. 55 ǫlpt f. 56 ǫnd f. 56 ǫr f. 55, 149 ǫrk f. 56 ǫrn m. 51