147 59 5MB
Norwegian Pages [70]
Personalia
1
Familie
5
Samtalar
8
På skulen
11
Kva er klokka
13
Daglege rutinar
16
Måltid
18
Butikk og klede
20
I nærmiljøet
25
Bustad og møblar
28
Transport og reiser
32
Vêr og årstider
38
Kropp og helse
42
Arbeid og yrke
47
Familie og fritid
50
Alfabetisk ordliste
55
Kort grammatikk
60
Boka er utgjeven med støtte frå Utdanningsdirektoratet.
Forfatter og redaktør: Marie Aalen Layout: Remi Jakobsen
Bearbeidde tekster av tidlegare Anne Grethe Aune forfattarar: Eva Hodneland
Torill Kristin Sjo Engen
Bjørg Sandal
KAPITTEL 1 - PERSONALIA
Kapittel 1. Personalia
Namn: Maria Hansen Adresse: Bryggevegen 4, Øvrevoll Nasjonalitet: Cubansk
Namn: Dino Radic Adresse: Storgata 12 b, Øvrevoll Nasjonalitet: Bosnisk
Maria: Hei, eg heiter Maria. Kva heiter du? Dino: Eg heiter Dino, og eg er frå Bosnia.
Kvar kjem du frå?
Maria: Eg kjem frå Cuba, men eg bur på Øvrevoll no.
Kvar bur du?
Dino: Eg bur òg på Øvrevoll, i Storgata.
KAPITTEL 1 - PERSONALIA
Eg heiter Ahmed Reza.
Eg er frå Teheran i Iran. Eg snakkar farsi.
Eg heiter Gloria.
Eg er frå Manila på Filippinane. Eg snakkar tagalog.
Eg heiter Dino. Eg er frå Sarajevo i Bosnia. Eg snakkar bosnisk.
Eg heiter Maria. Eg er frå Havanna på Cuba. Eg snakkar spansk.
KAPITTEL 1 - PERSONALIA
Robert
Dino:
Svetlana
Dino:
Kven er det?
Ahmed: Det er Robert. Dino:
Kvar kjem han frå?
Er det Gloria?
Ahmed: Nei, det er Svetlana.
Dino:
Kjem ho frå Bosnia?
Ahmed: Han kjem frå England.
Ahmed: Nei, ho kjem frå Russland.
Dino:
Dino:
Kva snakkar han, då?
Ahmed: Han snakkar engelsk.
Spørjeord:
Snakkar ho russisk?
Ahmed: Ja.
Grammatikk
kva kven kvar
KAPITTEL 1 - PERSONALIA
Gloria
Juan
Snakkar du norsk? – Språk Gloria: Heiter du Dino? Juan:
Nei, eg heiter Juan.
Gloria: Snakkar du norsk? Juan:
Litt.
Gloria: Kjem du frå Spania? Juan:
Nei, eg kjem ikkje frå Spania. Eg kjem frå Chile.
Gloria: Bur du i Bergen? Juan:
Nei, eg bur på Øvrevoll.
Grammatikk
Ja/nei-spørsmål startar med verbet.
K A P I T T E L 2 - FA M I L I E
Kapittel 2. Familie
Familien til Marit Marit er frå Stavanger. Ho er lærar i norsk. Ho bur i Storgata 2 på Øvrevoll. Ho er gift med Einar. Dei har 2 barn, ei jente og ein gut. Dei heiter Silje og Sondre. Marit har ein bror. Han heiter Sverre.
Grammatikk
Pronomen: eg du han ho vi de dei
Ho har ei syster. Ho heiter Bjørg.
K A P I T T E L 2 - FA M I L I E
Kor mange? Gloria: Kor mange barn har de, Marit? Marit:
Vi har to barn.
Eg heiter Svetlana. Eg er gift med Arild. Eg har ein son. Han bur i Moskva.
Eg heiter Ahmed. Eg er ikkje gift. Eg har ein bror. Han bur i Canada.
Eg heiter Dino. Eg er skilt. Eg har ei dotter. Ho heiter Una.
Eg heiter Robert. Eg er gift med Sissel. Eg har ikkje barn.
K A P I T T E L 2 - FA M I L I E
Anne Knutsdotter Eg heiter Anne Knutsdotter, Kari er mi mor, og Truls han er min bror. Vi bur oppå ein plass, der som ingen skulle tru at nokon kunne bu. Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen, Steinrøys, Steinrøys, Svelt-i-hel!
Kva språk snakkar du? Turid:
Kva språk snakkar du?
Gunnar: Eg snakkar norsk, engelsk og litt tysk.
Kva språk snakkar du?
Turid:
Eg snakkar norsk, engelsk, spansk og litt finsk.
Gunnar: Du kan mange språk! Er ikkje finsk vanskeleg? Turid:
Det er vanskeleg, men eg lærer. Eg går på kurs.
Anne Knutsdotter av Claus Pavels Riis (1826-1886)
KAPITTEL 3 - SAMTALAR
Kapittel 3. Samtalar
I pausen
Det er onsdag, og Maria er på norskkurs. I pausen sit ho og snakkar med Gloria. Gloria kjem frå Filippinane. Gloria trivst i Noreg. Gloria
Korleis har du det? Gloria: Hei, Maria. Korleis har du det? Maria:
Takk, berre bra.
Gloria: Trivst du i Noreg? Maria:
Ja, eg trivst godt. Maria
Korleis har du det? Takk, berre bra. Og du? Korleis går det? Takk, berre bra. Og med deg? Korleis står det til? Takk, berre bra. Og med deg?
Grammatikk
KAPITTEL 3 - SAMTALAR
Læraren snakkar med Robert Marit:
Kva er etternamnet ditt, Robert?
Robert: Jones. Marit:
Kan du stave det?
Grammatikk
Mannen min Mannen din Kona mi Kona di
Robert: J O N E S. Marit:
Bur du åleine?
Robert: Åleine... eg forstår ikkje. Kva betyr åleine? Marit:
Bur du saman med familien?
Robert: Ja, eg bur saman med kona mi. Marit:
Har de barn?
Robert: Unnskyld, eg forstår ikkje. Kan du gjenta? Marit:
Har de barn? Har de ein baby?
Robert: Nei, vi har ikkje barn.
KAPITTEL 3 - SAMTALAR
Ahmed
Rosalita
Ahmed snakkar med Rosalita Ahmed: Er det mannen din? Rosalita: Ja, han heiter Jose. Ahmed: Kvar er de frå? Rosalita: Vi er frå Mexico. Ahmed: Har de barn? Rosalita: Ja, vi har ein son. Ahmed: Kva heiter han? Rosalita: Han heiter Juanito.
10
K A P I T T E L 4 - PÅ S K U L E N
Kapittel 4. På skulen
På skulen Robert er på norskkurs. Han går til skulen. Han helser på læraren. Robert får ei bok, ei skrivebok, ein blyant, ein penn, eit viskelêr og ein perm av læraren.
Grammatikk Substantiv Substantiv har tre kjønn og ubestemt og bestemt form. Hankjønn: ein skule – skulen Hokjønn: ei bok – boka Inkjekjønn: eit kart – kartet
Ei bok
Ei skrivebok
Ein blyant
Ein penn
Eit viskelêr
Ein perm
11
K A P I T T E L 4 - PÅ S K U L E N
Robert
Marit
Velkommen til skulen Marit:
Velkommen til skulen. Kva heiter du?
Grammatikk
Ikkje
Robert: Eg heiter Robert.
Marit har barn.
Marit:
Robert har ikkje barn.
Vi har ein elev frå USA her. Er du òg frå USA?
Robert: Nei, eg er ikkje frå USA. Eg er frå England. Marit:
Har du kone og barn her òg?
Robert: Eg har kone, men ikkje barn. Marit:
Her har du ei bok, ei skrivebok, ein blyant og
eit viskelêr.
Robert: Takk!
12
KAPITTEL 5 - KVA ER KLOKKA?
Kapittel 5. Kva er klokka?
Klokka eitt = 01.00 Klokka eitt = 13.00
Klokka to = 02.00 Klokka to = 14.00
Klokka tre = 03.00 Klokka tre = 15.00
Klokka fire = 04.00 Klokka fire = 16.00
Klokka fem = 05.00 Klokka fem = 17.00
Klokka seks = 06.00 Klokka seks = 18.00
Klokka sju = 07.00 Klokka sju = 19.00
Klokka åtte = 08.00 Klokka åtte = 20.00
Klokka ni = 09.00 Klokka ni = 21.00
Klokka ti = 10.00 Klokka ti = 22.00
Klokka elleve = 11.00 Klokka elleve = 23.00
Klokka tolv = 12.00 Klokka tolv = 24.00
13
KAPITTEL 5 - KVA ER KLOKKA?
Unnskyld, kva er klokka? Dino:
Unnskyld, veit du kva klokka er?
Ahmed: Dessverre, eg har ikkje klokke. Dino:
OK, det er greitt.
Dino: Unnskyld, kva er klokka? Marit: Ho er halv tre. Dino: Takk.
Dino: Unnskyld, kva er klokka? Marit: Ho er kvart over fem. Dino: Takk.
Dino: Unnskyld, veit du kva klokka er? Marit: Ho er kvart på fire. Dino: Takk skal ha! Marit: Berre hyggeleg!
Dino: Unnskyld, kva er klokka? Marit: Ho er fem på seks. Dino: Takk.
14
KAPITTEL 5 - KVA ER KLOKKA?
Ei veke Ei veke har sju dagar: Måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag. Kva for dag er det i dag? Det er… Og i morgon? Og i går?
15
KAPITTEL 6 - DAGLEGE RUTINAR
Kapittel 6. Daglege rutinar
Marias dag Maria står opp klokka sju. Ho et frukost klokka halv åtte. Klokka åtte går ho til skulen. Ho er på norskkurs frå klokka halv ni til klokka tolv. Ho drikk ein kopp kaffi klokka halv eitt. Klokka to begynner ho å arbeide. Ho arbeider på eit hotell. Ho sluttar på jobben klokka åtte. Klokka halv ni et ho middag. Ho les avisa klokka ni. Klokka elleve går ho i seng.
16
Grammatikk
Verb i infinitiv og presens: å slutte – sluttar å snakke - snakkar
KAPITTEL 6 - DAGLEGE RUTINAR
Maria et middag
Når står du opp? Når står du opp? Når går du til skulen? Når er du på norskkurs? Når begynner du å arbeide? Når sluttar du på jobben? Når et du middag? Når går du i seng?
Maria går til sengs
Grammatikk
Verbet kjem på plass nummer 2: Klokka sju står ho opp. Ho står opp klokka sju. I spørsmål med spørjeord kjem også verbet på plass nummer 2: Når et du middag? Kvar jobbar du?
Tretten, fjorten, femten, seksten, sytten, atten, nitten, tjue, tjueein, tjueto, tjuetre, tjuefire, tjuefem, tjueseks, tjuesju, tjueåtte, tjueni, tretti, førti, femti, seksti, sytti, åtti, nitti, hundre, hundre og ein, to hundre, tusen, to tusen...
17
KAPITTEL 7 - MÅLTID
Kapittel 7. Måltid
Frukost Robert: Vil du ha noko å ete? Svetlana: Eg vil gjerne ha eit glas jus, takk. Robert: Vil du ha ost på brødskiva? Svetlana: Ja, takk. Gjerne ost med paprika. Har du det? Robert: Ja då. Likar du skinke? Svetlana: Nei takk. Men eg vil gjerne ha syltetøy. Robert: Ver så god! Svetlana: Takk!
18
KAPITTEL 7 - MÅLTID
Robert
Svetlana
Kaffi Robert: Vil du ha noko å drikke? Svetlana: Ja takk. Eg vil gjerne ha ein
kopp kaffi.
Robert: Vil du ha mjølk i kaffien? Svetlana: Ja, takk. Eg likar mjølk i
kaffien.
Robert: Vil du ha sukker også? Svetlana: Nei takk. Eg likar ikkje sukker i
kaffien.
19
KAPITTEL 8 - BUTIKK OG KLEDE
Kapittel 8. Butikk og klede
Gul
Raud
Blå
Svart
Kvit
Brun
Oransje
Lilla
Grøn
20
KAPITTEL 8 - BUTIKK OG KLEDE
Ein genser
Ein shorts
Ei jakke
Ei bukse
Ei lue
Eit slips
21
KAPITTEL 8 - BUTIKK OG KLEDE
Kva har du på deg i dag?
Kva har du på deg i dag?
Maria har på seg ei brun jakke,
Gloria har på seg ei grøn jakke, raud
ei blå bukse og brune sko.
genser, grå bukser og svarte sko.
Jakka er brun, buksa er blå og skoa
Jakka er grøn, genseren er raud,
er brune.
buksene er grå og skoa er svarte.
Grammatikk
Adjektiv ubestemt form: Eintal: - ein fin, ny genser - ei fin, ny bukse - eit fint, nytt belte
22
Fleirtal: - fine, nye klede
KAPITTEL 8 - BUTIKK OG KLEDE
I klesbutikken Marit:
Unnskyld, kvar finn eg barneavdelinga?
Dame:
Der borte til høgre.
Marit:
Unnskyld, kan du hjelpe meg?
Dame:
Ja. Ver så god.
Marit:
Eg vil gjerne sjå på jakker.
Dame:
Ja, her ser du nokre.
Marit
Silje står og ser på ein raud genser. Ho likar han, men ho har ikkje pengar. Silje:
Mamma, kan eg få ein ny genser?
Marit:
Kva kostar han?
Silje:
Han er ikkje dyr. Han kostar berre 98 kroner.
Marit:
Ja, han er billig. Du kan få han.
Dame:
Kan eg hjelpe dykk?
Marit:
Vi vil gjerne ha ein genser.
Dame:
Kva storleik?
Marit:
8 -10 år. Kan ho få prøve han?
Dame:
Ja, sjølvsagt. .
Dame:
Passar han?
Marit:
Ja, han passar godt.
Dame:
Vil de ha genseren?
Marit:
Ja, takk.
Grammatikk
Pronomen:
Hankjønn: Der er ein raud genser. Han er fin. Hokjønn: Der er ei blå bukse. Ho er dyr. Inkjekjønn: Der er eit svart skjørt. Det er svart. Fleirtal: Der er nokre fine sko. Dei er svarte.
23
KAPITTEL 8 - BUTIKK OG KLEDE
Marit spør ekspeditrisa Marit:
Unnskyld, kvar finn eg jakker?
Dame:
Der borte til høgre.
Marit:
Takk for hjelpa.
Dame:
Berre hyggeleg.
24
KAPITTEL 9 - I NÆRMILJØET
Kapittel 9. I nærmiljøet
Etter skulen skal Maria gå på arbeid. Gloria skal gå heim. På vegen går ho innom butikken. Ho vil kjøpe kylling til middag. Ho spør ei dame: Gloria:
Har de kylling?
Dame:
Vi har dessverre ikkje meir kylling i dag.
Vi får i morgon.
Gloria: Eg kan få eit halvt kilo kjøttdeig, då. Dame:
Ver så god.
Gloria:
Takk.
Gloria finn mjølk, brød, tomatar og spagetti, og går til
Grammatikk Bestemt – ubestemt form av substantivet. Hankjønn: Ein butikk butikken Hokjønn: Ei kasse - kassa Inkjekjønn: Eit barn - barnet
kassa for å betale. Dame:
Det blir 94 kroner.
Gloria: Ver så god. Dame:
Takk.
25
KAPITTEL 9 - I NÆRMILJØET
Potet
Tomat
Salat
Agurk
Blomkål
Gulrot
Løk
Reddik
Purre
26
KAPITTEL 9 - I NÆRMILJØET
Maria arbeider på eit hotell. Ho kjem heim klokka halv ni. Då er ho svolten og tørst. Svein spør ho: Svein:
Vil du ha middag? Vi har kjøttkaker, poteter og
salat.
Maria:
Ja takk, eg vil gjerne ha kjøttkaker.
Svein:
Kva vil du ha å drikke?
Maria:
Kva har vi?
Svein:
Vi har saft, vatn eller mjølk.
Maria:
Eg vil gjerne ha eit glas saft.
Grammatikk Substantiv, eintal og fleirtal: Hankjønn: Ein salat - salaten - salatar - salatane Hokjønn: Ei kjøttkake - kjøttkaka - kjøttkaker - kjøttkakene Inkjekjønn: Eit glas - glaset - glas - glasa
27
KAPITTEL 10 - BUSTAD OG MØBLAR
Kapittel 10. Bustad og møblar
ein einebustad
Ein tomannsbustad
Eit rekkjehus
Ei blokk
Ei leilegheit
Ei stove
Eit bad
Eit kjøken
Ein gang
28
KAPITTEL 10 - BUSTAD OG MØBLAR
Bustaden min Eg heiter Anne Grethe. Eg er gift og eg har to døtrer. Eg bur i ein einebustad på Jessheim. Eg bur ikkje i sentrum. Huset mitt er grønt. Det har to etasjar. I første etasje er det to soverom, stove, dusj og toalett. I andre etasje er det soverom, stove, kjøken og bad. Vi har ein kjellar og to garasjar.
Grammatikk Eigedomsorda min, din og vår bøyer vi i kjønn og tal. Bilen min Blokka mi Huset mitt Møblane mine
Bilen din Blokka di Huset ditt Møblane dine
Bilen vår Blokka vår Huset vårt Møblane våre
Eigedomsorda hans, hennar og deira bøyer vi ikkje. Stolen hans Senga hans Rommet hans Møblane hans
Stolen hennar Senga hennar Rommet hennar Møblane hennar
Stolen deira Senga deira Rommet deira Møblane deira
29
KAPITTEL 10 - BUSTAD OG MØBLAR
Møblar
Ein stol
Eit bord
Eit skåp
Ei seng
Ein sofa
Ein kommode
Ein krakk
Ei køyseng
30
KAPITTEL 10 - BUSTAD OG MØBLAR
Preposisjonar:
Grammatikk
Under, over, på, i, mellom, bak, framfor, ved sida av
På soverommet Det henger to bilder på veggen over senga. Det ligger noen puter på senga. Det står et nattbord ved siden av senga. Det står en lampe på nattbordet. Det ligger et teppe på gulvet foran senga. Det er ikke noe under senga.
Kva for etasje bur du i? Første Andre Tredje Fjerde Femte Sjette Sjuande Åttande Niande Tiande Ellevte Tolvte
31
KAPITTEL 11 - TRANSPORT OG REISER
Kapittel 11. Transport og reiser
Maria tar bussen
Maria
Maria:
Eg skal til Tønsberg. Kan eg ta denne
bussen då?
Sjåfør:
Ja.
Maria:
Kva kostar det?
Sjåfør:
140 kroner for ein vaksen.
Maria:
Eg vil gjerne ha ein vaksen og eitt barn.
Sjåfør:
Ver så god.
Peikeord:
Grammatikk
Vi bruker den, det og dei for å vise til ting som er langt borte. Kva for ein buss kan eg ta? Den der borte. Kva for ei ferje kan eg ta? Den der borte. Kva for eit tog kan eg ta? Det der borte. Kva for syklar kan vi ta? Dei der borte. Vi bruker denne, dette og desse for å vise til ting som er nær. Kva for ein buss kan eg ta? Denne her. Kva for ei ferje kan eg ta? Denne her. Kva for eit tog kan eg ta? Dette her. Kva for syklar kan vi ta? Desse her.
32
KAPITTEL 11 - TRANSPORT OG REISER
Robert tek toget Robert: Når går første tog til Lillehammer? Dame:
Det går 09.45
Robert: Eg kan få ein tur-retur- billett. Dame:
Ver så god.
Robert: Kva spor går toget frå? Dame: Robert
Frå spor 14.
Robert: Takk skal du ha.
Grammatikk Kva for ein, kva for ei, kva for eit, kva for (nokre) Vi bruker kva for ein, kva for ei og kva for eit saman med hankjønn, hokjønn og inkjekjønn: Kva for ein buss skal du ta? Kva for ei ferje skal du ta? Kva for eit tog skal du ta? Vi bruker kva for (nokre) med fleirtal: Kva for nokre land har du besøkt?
33
KAPITTEL 11 - TRANSPORT OG REISER
Grammatikk
Framtid:
Om ein halv time Om ei veke
Ahmed tek taxi Ahmed: Hallo. Dette er Ahmed Reza.
Kan eg få ein taxi til Storgata 34?
Dame:
Ja, vil du ha taxien med ein gong?
Ahmed: Nei, om ein halv time. Dame:
Greitt. Då kjem ein taxi klokka 14.30.
Ahmed: Fint. Takk skal du ha.
Omar tek fly Omar: Kva kostar ein flybillett til Trondheim tur-retur? Dame: Det er mange ulike prisar. Når skal du reise? Omar: Eg skal reise om ei veke. Det vil seie neste
torsdag den 13.04 og tilbake søndag den 16.04.
Dame: Då kan eg skaffe litt billige billettar, til
kroner 1200 tur-retur.
Omar: Når går flyet? Dame: Det går klokka 10.15 på torsdag og retur
klokka 14.10 på søndag.
Omar: Fint, då tek eg det.
34
KAPITTEL 11 - TRANSPORT OG REISER
Noreg – landsdelar, byar og fylke. Det bur 4 612 700 menneske i Noreg (april 2005). Arealet er ca. 324 000 km2. 25 % av landet er skog, mens 3 % av landet er dyrka mark. 20% av landet ligg meir enn 900 meter over havet, så det er mykje fjell. Noreg har fem landsdelar: Nord-Noreg, Midt-Noreg, Vestlandet, Sørlandet og Austlandet. Oslo ligg på Austlandet. Stavanger og Bergen ligg på Vestlandet. Trondheim ligg i Midt-Noreg, og Tromsø ligg i Nord-Noreg. På Sørlandet finn vi Kristiansand. Landsdelane er delte i fylke. Fylka er delte i kommunar. Det er 19 fylke og om lag 400 kommunar i Noreg.
35
KAPITTEL 11 - TRANSPORT OG REISER
Juan skriv postkort frå Trondheim Trondheim 23.02.07 Kjære Marit! No er eg i Trondheim på besøk hos vennen min. Han bur i sentrum. Det er praktisk. Eg reiste med buss og fly til Trondheim for to dagar sidan. Det regna då eg kom fram. Vennen min henta meg på flyplassen. Vi køyrde inn til byen. På søndag gjekk vi på ein konsert i Nidarosdomen. Det er ei fin, gammal kyrkje. Vi høyrde på Nidarosdomens gutekor. Det var nydeleg musikk. På måndag handla eg gåver til alle heime. Eg kjem heim om to dagar. Beste helsing frå Juan
Grammatikk Preteritum bruker vi ved bestemte tidspunkt i fortid: laurdag kveld, i går, klokka sju osv. Saman med tiduttrykket for – sidan bruker vi alltid preteritum Verbgrupper: 1.
Svake verb har ending i preteritum (fortid): -a, -te, -de, -dde. Eksempel: henta, reiste, køyrde, budde
2.
Sterke verb får inga ending i preteritum og har gjerne vokalskifte: Eksempel: vere - var, gå - gjekk
36
KAPITTEL 11 - TRANSPORT OG REISER
Mellom bakkar og berg Mellom bakkar og berg utmed havet heve* nordmannen fenge* sin heim, der han sjølv heve tuftene grave og sett sjølv sine hus oppå dei. Han såg ut på dei steinete strender; det var ingen, som der hadde bygt. «Lat oss rydja og byggja oss grender, og så eiga me rudningen trygt.» Fram på vinteren stundom han tenkte: Gjev eg var i eit varmare land! Men når vårsol i bakkane blenkte, fekk han hug til si heimlege strand.
*heve = har *fenge = fått
Mellom bakkar og berg av Ivar Andreas Aasen (1813-1896)
37
KAPITTEL 12 - VÊR OG ÅRSTIDER
Kapittel 12. Vêr og årstider
Det regnar
Det er overskya
Sola skin
Det snør
Det blæs
Det er kaldt
38
KAPITTEL 12 - VÊR OG ÅRSTIDER
Vêret skiftar Måndag: Det er fint vêr i dag. Sola skin. Det er varmt. Tysdag: I dag er det litt overskya. Det er kaldt. Onsdag: I dag regnar det ikkje, men det er skodde. Torsdag: Det er surt vêr i dag. Det regnar. Fredag: I dag regnar det mykje. Laurdag: I dag snør det litt. Det er kaldt. Søndag: I dag er det dårleg vêr. Det sluddar.
Grammatikk
Alle setningar må ha subjekt og verb. Når vi ikkje har noko anna subjekt, kan vi bruke det som subjekt. Verbet kjem på plass nr. 2 også når vi startar med eit tidsledd. Då flyttar subjektet etter verbet. Det er fint vêr i dag. I dag er det fint vêr.
39
KAPITTEL 12 - VÊR OG ÅRSTIDER
Ei veke med mykje vêr - preteritum På måndag var det fint vêr. Sola skein og det var varmt. Det likte eg. Tysdag var det litt overskya. Det var kaldt. Onsdag regna det ikkje, men det var skodde. Torsdag var det surt vêr. Det regna.
Fredag regna det mykje. Eg hadde paraply. Laurdag snødde det litt. Det var kaldt, men det var fint å sjå. Søndag var det dårleg vêr. Det sludda. Eg prøvde å gå ut ein tur, men eg blei så våt.
Grammatikk Verbgrupper: Svake verb har ending i preteritum (fortid): -a, -te, -de, -dde. Eksempel: regna, likte, prøvde, snødde Sterke verb får inga ending i preteritum og har gjerne vokalskifte: Eksempel: vere – var.
40
KAPITTEL 12 - VÊR OG ÅRSTIDER
Årstidene I Noreg har vi fire årstider: vinter, vår, sommar og haust. Om vinteren er det ofte kaldt. Om sommaren kan det vere varmt. Om hausten regnar det mykje. Vinter:
desember, januar, februar
Vår:
mars, april, mai
Sommar: juni, juli, august Haust:
september, oktober, november
Grammatikk Vi bruker om når vi snakkar generelt: Om dagen er det lyst. Om natta er det mørkt. Om sommaren er det varmt. Om hausten er det kaldt.
Hu hei! Hu hei! Kor er det vel friskt og lett oppå fjellet, oppå fjellet! Her leikar vinden i kåte sprett oppå fjellet, oppå fjellet! Og foten dansar, og auga ler, og hjarta kveikjande hugnad fær oppå fjellet, oppå fjellet
Hu hei, kor er det vel friskt og lett uppå fjellet av Kristofer Nagel Janson (1841-1917)
41
KAPITTEL 13 - KROPP OG HELSE
Kapittel 13. Kropp og helse
Eit hovud
Ein hals
Ei skulder
Ein arm
Ei hand
Ein fot
Eit bryst
Ein mage
Eit lår
Eit bein
Ein legg
Eit kne
42
KAPITTEL 13 - KROPP OG HELSE
Hovudet
1
1 Eit hår 2 Ei panne
2
3 Eit augnebryn
3
4 Eit auge 5 Ein nase
4
6 Eit kinn
6
5
7 Ein munn 8 Ei hake
7
8
Ein rygg
43
KAPITTEL 13 - KROPP OG HELSE
Dino skal bestille time hos legen Dame:
Øvrevoll legesenter.
Dino:
Hallo, dette er Dino Radic.
Dame:
God dag.
Dino:
Er det muleg å få time hos legen i dag, eller så
snart som muleg?
Dame:
Kva gjeld det?
Dino:
Eg har høg feber, og eg hostar slik at det gjer
vondt i brystet.
Dame:
Når er du fødd?
Dino:
Unnskyld, kva sa du?
Dame:
Når er fødselsdagen din?
Dino:
Tjueandre mai.
Dame:
I kva år?
Dino:
Nitten sytti
Dame:
Tjueandre i femte, nitten sytti.
Dino:
Ja, det stemmer.
Dame:
Det er eigentleg fullt i dag, men eg skal høyre
med legen om du kan komme likevel. Ein
augneblink... Her er eg igjen. Du kan komme
klokka fire i ettermiddag. Går det greitt?
Dino:
Ja, takk skal du ha. Det var fint. Då kjem eg
klokka fire.
44
Grammatikk Når er du fødd? 01.02.1971 Første i andre, nitten syttiein
KAPITTEL 13 - KROPP OG HELSE
Hos legen Legen: Kvar har du vondt? Dino:
Eg har vondt i halsen.
Legen: Gap opp, så skal eg sjå. Dino:
Eg har vondt i brystet òg.
Legen: Kor lenge har du hatt det? Dino:
I ei veke.
Legen: Kle av deg litt, så skal eg lytte..…Pust inn.
No kan du puste ut. Ja, det er ikkje så bra.
Har du feber?
Dino:
Ja, litt.
Legen: No kan du kle på deg, så skal du få ein resept.
Imperativ
Grammatikk
Imperativforma er lik infinitivsforma minus -e: Du skal skrive no. - Skriv no! Du må ikkje ete så mykje. - Ikkje et så mykje! Viss verbet ikkje endar på -e i infinitiv, blir imperativsforma lik infinitiv: Kan du ta av deg? - Ta av deg!
45
KAPITTEL 13 - KROPP OG HELSE
Ordenstal Trettande, fjortande, femtande, sekstande, syttande, attande, nittande, tjuande, tjueførste, tjueandre, tjuetredje, tjuefjerde, tjuefemte, tjuesjette, tjuesjuande, tjueåttande, tjueniande, trettiande, trettiførste
Frukt og grønsaker Kvifor er det viktig å ete mykje frukt og grønsaker? Frukt og grønsaker innheld mange vitaminar, mineral og fiber. Det er noko vi ofte får for lite av. Frukt og grønsaker innheld lite feitt og energi. Det er noko vi ofte får for mykje av.
Sunn mat Sunn mat er viktig for helsa. På Bekkestua Ungdomsskule i Bærum har elevane begynt å lage sunne matpakkar til alle. Før gjekk dei i kiosken og kjøpte brus og bollar. Men no får dei to skiver grovt brød med ost, skinke eller kalkun, frukt og mjølk for 15 kroner i kantina. Det er skuleklassane som sjølv lagar maten på omgang. Katina har og blitt ein sosial møteplass for elevane, og dei fleste synest det er eit godt tilbod. Grovt brød, mjølk og frukt inneheld vitamin, mineral, fibrar og andre næringsstoff kroppen treng for å halde seg frisk og aktiv.
46
KAPITTEL 14 - ARBEID OG YRKE
Kapittel 14. Arbeid og yrke
Ho er lege.
Ho er sjukepleiar.
Han er bonde.
Han er målar.
Han er elektrikar.
Han er vaktmeister.
Han er rørleggjar.
Han er kokk.
Han er ingeniør.
Han er lagerarbeidar.
Ho er IT konsulent.
Han er lærar.
47
KAPITTEL 14 - ARBEID OG YRKE
Kva gjer dei? En bonde jobber på bondegård. En sykepleier hjelper pasienter. En bilmekaniker reparerer biler. En baker lager brød og kaker.. En fysioterapeut hjelper folk med vondt i musklene. En lærer underviser på skolen. En sekretær gjør kontorarbeid. En servitør serverer mat En renholder vasker gulv. En kokk lager mat. En ekspeditør jobber i butikk. En sjåfør kjører bil eller taxi.
Marit er lærar På skulen arbeider det seks lærarar, rektor, vaktmeister og kontorhjelp.
48
KAPITTEL 14 - ARBEID OG YRKE
Har du jobb? Simon: Har du jobb? Fahria: Nei, eg er arbeidsledig. Jobbar du? Simon: Ja, eg er bakar. Eg arbeider i eit bakeri. Fahria: Kva gjorde du før du kom til Noreg? Simon: Eg jobba på ein bilverkstad.
Grammatikk Perfektum og preteritum:
Robert er bilmekanikar Anne:
Kvar kjem du frå?
Robert: Eg kjem frå England. Anne:
Kor lenge har du budd i Noreg?
Vi bruker perfektum om fortid når tidspunktet er ubestemt: Eg har vore i England. Kåre har slutta å røyke.
Robert: Eg har budd i Noreg i to år. Først budde eg i
Drammen, men så trefte eg ei jente frå Øvrevoll.
Vi gifta oss, og så flytta eg hit.
Anne:
Har du jobb?
Robert: Ja, eg arbeider på bilverkstaden på Øvrevoll når
eg ikkje er på norskkurs.
Anne:
Var det vanskeleg å få jobb der?
Robert: Nei, eg har arbeidd som bilmekanikar i mange
Vi bruker preteritum når tidspunktet er bestemt: Eg var i England i 1990. Kåre slutta å røyke for to veker sidan.
år i England.
49
K A P I T T E L 1 5 - FA M I L I E O G F R I T I D
Kapittel 15. Familie og fritid
Alle treng å gjere noko i fritida. Nokre driv med musikk. Dei syng, dansar eller spelar eit instrument. Andre likar idrett. Dei spelar fotball eller basketball, eller dei likar å symje. Andre synest det er morosamt å måle eller fotografere. Nokre likar å gå tur i helga, eller kvar kveld, mens andre likar betre å sjå på TV, spele data, eller berre liggje på sofaen og kvile etter jobben.
50
K A P I T T E L 1 5 - FA M I L I E O G F R I T I D
Dino fortel om då han var barn Då eg var barn, var eg veldig aktiv. Eg likte å gjere mange ting. Eg spelte fotball. Eg sumde, bada og sykla. Eg leikte med vennene mine. Vi dansa. No gjer eg ikkje så mykje. Eg høyrer berre på radio, les avisa og ser på TV. Eg begynner å bli litt tjukk. Eg må begynne å gå på tur.
Grammatikk
Når vi fortel om fortida, må vi bruke preteritum.
51
K A P I T T E L 1 5 - FA M I L I E O G F R I T I D
Familiefest Det er fredag kveld. Barna er i seng, og nettopp no står Turid på kjøkkenet og bakar sjokoladekake. I morgon skal dei ha ein stor fest. Svigerfaren, Martin, fyller 60 år, og dei har invitert slekt og venner. Sonen og svigerdottera til Martin, Nils og Turid, skal ha med seg to kaker til kaffien, og dessutan har dei lova å kjøpe inn drikke-varer. Svigermor, Anna, skal lage hovudretten, og Linda og Magne skal ta med forrett og dessert. Nils gler seg til fødselsdagen. Det kan gå mange år mellom kvar gong heile slekta er samla, men i morgon kjem dei alle saman, både tanter, onklar, syskenbarn og nevøar og nieser. Tante Vera og onkel Svenn kjem heilt frå England. Dei har ikkje vore i Noreg på fire år.
Grammatikk Når vi fortel om noko vi skal gjere i Om nær framtid brukar vi ofte framtida, bruker vi futurum. presens. Futurum lagar vi av hjelpeverbet skal og Eg kjem snart. eit hovudverb i infinitiv. Eg reiser i morgon. Dei skal ha med seg to kaker. Svigermor, Anna, skal lage hovudretten.
52
K A P I T T E L 1 5 - FA M I L I E O G F R I T I D
Når har du fødselsdag? Ahmed:
Når har du fødselsdag?
Svetlana: Tiande i tolvte. Ahmed:
I tolvte?
Svetlana: Ja, tiande desember. Ahmed: Når har du bursdag? Svetlana: Attande i femte. Ahmed:
Attande mai? Då har vi bursdag same dag!
Stranda, 31.august
Invitasjon Laurdag 14. september fyller Martin 60 år. Vi vil gjerne invitere dykk til festen. Festen startar kl. 19.00 og skal vere i samfunnshuset. Gi oss beskjed om de kan komme eller ikkje. Velkommen til 60-årslag!
Helsing Anna og Martin
53
K A P I T T E L 1 5 - FA M I L I E O G F R I T I D
Per Spelmann Per Spelmann han hadde ei einaste ku. Per Spelmann han hadde ei einaste ku. Han bytte bort kua, fekk fela igjen. Han bytte bort kua, fekk fela igjen. Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi. Per Spelmann han spela, og fela ho let. Per Spelmann han spela, og fela ho let. Så gutane dansa, og jentene gret. Så gutane dansa, og jentene gret. Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi. Og om eg vert gamal som stein under bru. Og om eg vert gamal som stein under bru, Så aldri eg byter bort fela for ku. Så aldri eg byter bort fela for ku. Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi.
54
A L FA B E T I S K O R D L I S T E
Alfabetisk ordliste
adresse, ei aktiv andre andlet, eit arbeidsledig arbeidstakar, ein areal, eit arm, ein auge, eit augeblink, ein augebryn, eit avis, ei bad, eit bak bakar, ein bakeri, eit barn, eit bein, eit berre besøk, eit biff, ein bilete, eit billett, ein billig bilmekanikar, ein bilverkstad, ein blokk, ei blomstervase, ein blå bok, ei bokhandel, ein bokhylle, ei bolle, ein bonde, ein bord, eit bosnisk bra bror, ein brun brus, ein bryst, eit brød, eit
bukse, ei buss, ein bustad, ein butikk, ein by, ein cubansk dag, ein dagleg dame, ei de dei deira dersom dessert, ein dessutan dessverre det din dotter, dottera, døtrer, døtrene drikke, ei du dusj, ein dykkar dyr då dårleg eg eigen eigentleg einebustad, ein ekspeditrise, ei ekstra elektrikar, ein engelsk erfaring, ei etasje, ein etter etterpå familie, ein farge, ein farleg feber, ein
55
A L FA B E T I S K O R D L I S T E
feil, ein ferie, ein ferje, ei fest, ein fiber, ein fin fjell, eit fjern flatpakka fly, eit flyplass, ein for forrett, ein fot, ein fotball, ein fram framfor frisk fritid, ei frukost, ein frå full fylke, eit fyr, eit fødselsdag, ein først gale gammal garasje, ein gard, ein genser, ein gift gjerne glas, eit god, betre, best gong, ein grad, ein grov grøn gul gut, ein gutekor, eit gåve, ei hake, ei hals, ein halsinfeksjon, ein halv han hand, ei handledd, eit
56
hans haust, ein hav, eit heil heim helg, ei helse, ei helsing, ei hennar her hjelp, ei ho hos hotell, eit hovud, eit hovudrett, ein hyggeleg hytte, ei høg høgre hår, eit i idrett, ein igjen ikkje ingeniør, ein innom instrument, eit invitasjon, ein jakke, ei jente, ei jobb, ein jus, ein kake, ei kald kalkun, ein kantine, ei kart, eit kilo, eit kinn, eit kiosk, ein kjellar, ein kjær kjærast, ein kjøken, eit kjøleskåp, eit kjøttkake, ei klede, eit klokke, ei kne, eit
A L FA B E T I S K O R D L I S T E
kokk, ein kommode, ein kommune, ein kone, ei konsert, ein kopp, ein kor korleis krakk, ein krit, eit krone, ei kropp, ein kursdeltakar, ein kva kvar kven kvit kylling, ein kyrkje, ei køyseng, ei lager, eit lampe, ei land, eit landsdel, ein lege, ein legesenter, eit leilegheit, ei lenge likevel lilla litt liv, eit lue, ei lærar, ein lærling, ein lår, eit mage, ein majones, ein mange mark, ei mat, ein matpakke, ei med mellom men menneske, eit meter, ein min, mi, mitt, mine mineral, eit mjølk, ei
morgon, ein morosam munn, ein musikk, ein mykje, meir, mest møbel, møbelet, møblar, møblane møteplass, ein målar, ein namn, eit nase, ein nettopp nevø, ein niese, ei noko nokon norsk nummer, eit ny nær næringsstoff, eit ofte og også okle, ei okse, ein olboge, ein om onkel, ein oransje orkan, ein ost, ein over overkropp, ein overskya panne, ei papir, eit paprika, ein pengar perrong, ein personleg plass, ein pledd, eit populær postkort, eit potet, ei praktisk pris, ein på rar ratt, eit
57
A L FA B E T I S K O R D L I S T E
raud rekkjehus, eit rektor, ein resept, ein rett, ein rom, eit rosa russisk rørleggjar, ein saft, ei salat, ein saman seng, ei sentrum, eit shorts, ein side, ei sjukeheim, ein sjukehus, eit sjukepleiar, ein sjø, ein sjølvsagt skinke, ei skive, ei skjorte, ei skodde, ei skog, ein skulder, ei skule, ein skåp, eit slekt, ei slektning, ein slips, eit smør, eit snill sofa, ein sol, ei sommar , ein sosial spagetti, ein spansk spesielt språk, eit start, ein sterk stol, ein stor stove, ei storleik, ein sunn sur
58
svart svolten sykkel, ein syltetøy, eit syskenbarn, eit syster, ei tante, ei tavle, ei teppe, eit tidleg til til høgre for til venstre for tilbake tilbod, eit time, ein toalett, eit tog, eit tomannsbustad, ein tomat, ein tung tur, ein turist, ein tur-retur tørst utanom utland, eit vaksen vaktmeister, ein vanleg varm vatn, eit ved ved sida av veg, ein veke, ei vekkjarklokke, ei venn, ein vêr, eit verdsdel, ein vi viktig vind, ein vindauge, eit vinter, ein vitamin, eit vond vår, vårt, våre vår, ein våt
A L FA B E T I S K O R D L I S T E
yrke, eit øyre, eit å arbeide, -er, -dde, -dd å bake, -ar, -a, -a å begynne, -er - te, -t å bestille, -er, -te, -t å besøkje, -er, -te, -t å betale, -er, -te, -t å bli, blir, blei, blitt å blåse, blæs, bles, blåse å danse, -ar, -a, -a å dra, dreg, drog, drege å drikke, drikk, drakk, drukke å dyrke, -ar, -a, -a å ete, et, åt, ete å feire, -ar, -a, -a å finne, finn, fann, funne å flytte, -ar, -a, -a å foreslå, foreslår, foreslo, foreslått å fortelje, fortel, fortalde, fortalt å fotografere, -er, -te, -t å fylle, -er, -te, -t å føde, -er, -dde, -dd å føretrekkje, føretrekk, føretrakk, føretrukke å få, får, fekk, fått å gifte seg, -ar, -a,-a å gjere, gjer, gjorde, gjort å gå, går, gjekk, gått å handle, -ar, -a, -a å heite, heiter, heitte, heitt å henge, heng, hang, hange å hengje, hengjer, hengde, hengt å hente, -ar, -a, -a å hjelpe, er, -te, -t å høyre, -er, -de, - t å håpe, -ar, -a, -a å innehalde, inneheld, inneheldt, innehalde å intervjue, -ar, -a,-a å invitere, -er, -te, -t å kjøpe, -er, -te, -t å komme, kjem, kom, komme å koste, -ar, -a, -a å kunne, kan, kunne, kunna å kvile, -er, -te, -t å leige, -er, -de, -d å leve, -er, -de, -d å leggje, legg , la, lagt å liggje, ligg, låg, lege å lika, -ar, -a, -a å like, -er, -te, -t
å love, -ar, -a, -a å lytte, -ar, -a, -a å låne, -er, -te, -t å montere, -er, -te, -t å måle, -ar, -a,-a å måtte, må, måtte, måtta å opne, -ar, -a, -a å oppleve, -er, -de, -d å passe, -ar, -a, -a å peike, - ar, -a, -a å prøve, -er, -de, -d å regne, -ar, -a, -a å ringje, - er, - de, -t å riste, -ar, -a, -a å sakne, -ar, -a, -a å samle, -ar, -a, -a å seie, seier, sa, har sagt å sende, -er, -de, -t å skaffe, -ar, -a, -a å skine, skin, skein, skine å skjere, skjer, skar, skore å skjøne, -ar, -a,-a å skrive, skriv, skreiv, skrive å skyte, skyt, skaut, skote å sludde, -ar, -a, -a å snakke, - ar, -a, -a å snø, -r, -dde,-dd å sove, søv, sov, sove å spele, -ar, -a, -a å spørje, spør, spurde, spurt å stave, - ar, -a, -a å stå (opp), står, stod, stått å symje, sym, sumde, sumt å synast, synest, syntest, syntest å syngje, syng, song, sunge å ta, tek, tok, teke å telje, tel, talde, talt å treffe, treffer, trefte, treft å trenge, treng, trong, trunge å trengje, -er, -de, -t å trivast, trivst, treivst, trivest å unnskylde, -er -te, -t å vakne, -ar, -a, - a å vere, er, var, vore å ville, vil, ville, har vilja å vite, veit, visste, har visst å ynskje, -er, -te, -t åleine år, eit årstid, ei
59
KORT GRAMMATIKK
Kort grammatikk
Personlege pronomen Eintal 1. person 2. person 3. person
Kjønn Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn
Fleirtal 1. person 2. person 3. person
Subjektsform eg du han ho det
Objektsform meg deg han henne/ho det
vi de dei
oss dykk dei
Fleirtal Ubestemt gutar jenter hus
Bestemt gutane jentene husa
Substantiv Eintal Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn
Ubestemt ein gut ei jente et hus
Bestemt guten jenta huset
Hankjønnsord – hovudmønster og unntak Ord på -nad og ord som endar på -a Eintal Ubestemt ein gut ein søknad ein sofa
60
Bestemt guten søknaden sofaen
Fleirtal Ubestemt gutar søknader sofaer
Bestemt gutane søknadene sofaene
KORT GRAMMATIKK
Nokre hankjønnssubstantiv bøyer vi som inkjekjønn i fleirtal: Eintal Ubestemt ein sko ein ting
Bestemt skoen tingen
Fleirtal Ubestemt sko ting
Bestemt skoa tinga
Hokjønnsord – hovudmønster og unntak Ord på –ing og nokre vanlege ord bøyer vi som hankjønn i fleirtal: Eintal Ubestemt ei jente løysing ei elv
Bestemt jenta løysinga elva
Fleirtal Ubestemt jenter løysingar elvar
Bestemt jentene løysingane elvane
Fleirtal Ubestemt barn
Bestemt barna
Inkjekjønnsord har få unnatak: Eintal Ubestemt eit barn
Bestemt barnet
Vokalforandring Ein del substantiv får ein annan vokal i fleirtal: Eintal Ubestemt ein bonde ein fot ei tann ei bok
Bestemt bønden foten tanna boka
Fleirtal Ubestemt bønder føter tenner bøker
Bestemt bøndene føttene tennene bøkene
61
KORT GRAMMATIKK
Ein del substantiv forandrar vokal og får i tillegg uregelrett bøying i ubestemt form fleirtal: Eintal Ubestemt ein mann ein bror ein far ei mor ei datter ei tå
Bestemt mannen broren faren mora dattera tåa
Fleirtal Ubestemt menn brødre fedre mødre døtre tær
Bestemt mennene brødrene fedrene mødrene døtrene tærne
Adjektiv Adjektiv blir bøygde i kjønn og tal i samsvar med substantivet dei står til, og dei har ubestemt og bestemt form: Ubestemt form Eintal Fleirtal
Hankjønn ein raud hatt fleire raude hattar
Hokjønn ei raud jakke fleire raude hattar
Inkjekjønn eit raudt eple fleire raude eple
Bestemt form Eintal Fleirtal
Hankjønn den raude hatten dei raude hattane
Hokjønn den raude jakka dei raude jakkene
Inkjekjønn det raude eplet dei raude epla
Adjektiv blir gradbøygde: Positiv fin
Komparativ finare
Superlativ finast
Nokre adjektiv får ein annan vokal i komparativ og superlativ: Positiv få lang stor tung ung
62
Komparativ færre lengre større tyngre yngre
Superlativ færrast lengst størst tyngst yngst
KORT GRAMMATIKK
Nokre adjektiv har ein heilt anna form i komparativ og superlativ: Positiv god gammal liten mange mykje ille vond
Komparativ betre eldre mindre fleire meir verre verre
Superlativ best eldst minst flest mest verst verst
Verb Sterke og svake verb Vi deler verba inn i svake og sterke verb. Dei som har ending i preteritum, kallar vi svake verb. Svake verb Vi deler dei svake verba i fire klasser etter kva ending dei har i preteritum: Klasse 1 (a-verb)
Infinitiv å vente
Presens ventar
Preteritum venta
Perfektum har venta
Klasse 2 (e-verb) -te, -de
å kjøpe å arbeide
kjøper arbeider
kjøpte arbeidde
har kjøpt har arbeidd
Klasse 3 (utan ending å fortelje i presens, med vokalendring i preteritum)
fortel
fortalde
har fortalt
Klasse 4 -dde
bur
budde
har budd
å bu
63
KORT GRAMMATIKK
Sterke verb har ikkje ending i preteritum. Her er nokre av dei: Infinitiv å drikke å ete å finne å gå å komme å lese å sitje å sjå å ta å vere
Presens drikk et finn går kjem les sit ser tek er
Preteritum drakk åt fann gjekk kom las sat såg tok var
Perfektum har drukke har ete har funne har gått (gådd) har komme har lese har sete har sett har teke har vore
Presens skal vil kan må
Preteritum skulle ville kunne måtte
Perfektum har skulla har villa har kunna har måtta
Modale verb: Infinitiv å skulle å ville å kunne å måtte
Eiendomsord Mest vanleg på norsk er at eigedomsordet kjem etter substantivet: Etterstilt (mest brukt) Det er bokhylla mi. Det er huset mitt. Det er stolane mine. Det er bilen din. Det er sekken hans. Det er katten hennar. Det er huset vårt. Det er bilen dykkar. Det er katten deira.
64
Foranstilt Det er mi bokhylle. Det er mitt hus. Det er mine stolar. Det er dine bilar. Det er hans sekk. Det er hennar katt. Det er vårt hus. Det er dykkar bil. Det er deira katt.
KORT GRAMMATIKK
Nokre eigedomsord har bøying: Hankjønn min din sin vår
Hokjønn mi di si vår
Inkjekjønn mitt ditt sitt vårt
Fleirtal mine dine sine våre
Spørreord Kva og kven blir ikkje bøygd, men artikkelen i kva for ein, blir bøygd etter kva substantiv han står til. I fleirtal bruker vi nokre i staden for artikkel. Hankjønn kva (for ein) gut
Hokjønn kva (for ei) jente
Inkjekjønn kva( for eit) barn
Fleirtal kva (for nokre) bøker
Vi bruker kva for ei/ein/eit når vi spør etter noko spesielt, og vil spesifisere noko: Kva for ei bok vil du ha? Kva for ein bil liker du best? Vi kan bruke berre kva dersom vi snakkar om noko som er meir generelt: Kva bok vil du ha? Kva tid kjem flyet?
65
NorskPluss serien omfattar: Nettressurs Spor 2 og Spor 3: Nettressursen er lagt opp i forhold til spor og nivå og dekkjer følgjande mål: • Spor 2:
nivå 1 og nivå 2
• Spor 3:
nivå 1 og nivå 2
• Spor 2 og Spor 3:
nivå 3
Nettressurs Spor 1: • Lyd- og bokstavinnlæringskurs • Ordbank med lese- og lyttetrening nivå 1-2 Arbeidsbøker: • Arbeidsbok 1:
Spor 2 – nivå 1
• Arbeidsbok 2:
Spor 2 – nivå 2
• Arbeidsbok 3:
Spor 3 – nivå 1
• Arbeidsbok 4:
Spor 3 – nivå 2
• Arbeidsbok 5:
Ei felles arbeidsbok for Spor 2 og Spor 3 nivå 3
• Arbeidsbok 6:
Spor 1
Tekstbøker Spor 2 og Spor 3: • Tekstbok 1:
Spor 2 – nivå 1
• Tekstbok 2:
Spor 2 – nivå 2
• Tekstbok 3:
Spor 3 – nivå 1
• Tekstbok 4:
Spor 3 – nivå 2
• Tekstbok 5:
Ei felles Tekstbok for Spor 2 og Spor 3 nivå 3
ÅTVARING Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverkslova. Kopiering i strid med lov kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel. © CyberBook AS - 2007